Kommuneplanen – samfunnsdelen Oppsummering frå Bygdemøte på Hafslo 28.01.2012 Om lag 54 frammøtte. Innspel frå gruppearbeid og diskusjon: 1. Tre oppgåver / tiltak som er viktige for heile Luster? Etablera felles forum for næringsliv – reiseliv for heile kommunen for å «dra linjene». Føremål er auka aktivitet. Føresetnad for økonomisk støtte frå kommunen er deltaking i forumet. Ikkje kommunesamanslåing – men samarbeid for å kunna dra nytte av den regionale arbeidsmarknaden med statlege arbeidsplassar i Sogndal/Leikanger Lustrabussen – buss til felles aktivitetar innad i Luster for ungdom og eldre, turistar osv. Bustadbygging – viktig å ha valmuligheiter – må alltid vera ledige tomter – rimelege tomter FV 55 i Luster viktig for lokalbefolkninga og turistar Cruisebåt – manglar infrastruktur i Skjolden for å ta mot 4000 passasjerar på einskilddagar. Kommunen må bidra til utvikling. Læra av Flåm jfr diskusjonane der – Kva er bra / kva er mindre bra Reiseliv – gjennomgangstrafikk – kva legg den att? Må skapa meir aktivitet Utvikla Luster som jordbrukskommune – problem med attgroing langs Hafslovatnet / sørsida Auka fokus på eksisterande næringsliv Statlege arbeidsplassar i andre kommunar enn Leikanger Fiberbygging - viktig for både næringsliv og private Jordbruket viktig for kulturlandskapet – ope landskap Skisenteret – utvikla sumaraktivitetar – langrennsløyper – hyttebygging – samarbeida med idrettslaga Samla Luster meir gjennom «Lustraidentitet» - ein felles ungdsomsskule i Gaupne – alternativ meir felles aktivitetar mellom skulane - Samling av ungdommen - Meir samarbeid mellom idrettslaga Viktig med støtteordningar til næringslivet Meir samarbeid i turistnæringa Styrka arbeidet med spreidd busetnad – tomter i heile kommunen Interkommunalt samarbeid er viktig Sognefjellstunellen Utvikla/ leggja til rette for «fyrtårna» Moane, Heggmyrane (sumar-vintertilbod), naturområde 2. Tre oppgåver / tiltak som er viktige for Hafslo, Veitastrond og Solvorn? Tilgjengelege tomter på Veitastrond, Hafslo og Solvorn Viktig med gjennomgangsbustader / utleigebustader – av variabel storleik – lite leigemuligheiter på Hafslo Auka aktivitet for folk i alle aldrar i sentrumsområdet på Hafslo m.a. kafe Nyskaping i landbruket for å letta overgangen for yngre generasjon Eldre generasjon bønder må verta meir positiv for å skapa optimisme hjå dei yngre Godt skuletilbod – skule – barnehage Utvikla Heggmyrane med heilårsaktivitetar – grense for kor mykje frivillig arbeid einskildpersonar kan utføra. Heggmyrane – prosjektleiar for å utvikla området vidare. Organisera grunneigarar og framføra infrastruktur. Byggeklare tomter – må kunna velgja mellom område og opplegg som gjer at ungdommen lettar får innpass på bustadmarknaden Betra parkeringssituasjonen ved kyrkja Kloakkanlegg Kalhagen – Moane Sogn Skisenter – kommunal prosjektleiar Billagstomta – utnytting til butikk og husvære Bustadbygging i sentrum Nye skulen må ha aktivitetstilbod og planleggast for ungdom/born – innandørs skytebane – hall for idrettsaktivitetar Sykkelveg til Moane Utnytta Hafslovatnet betre kommersielt – stort potensiale - lite aktivitet - t.d. fiske, båtuleige Klargjera byggefeltet Beheim 2 Utvikla Billagstomta til næringsføremål – husvære i skråninga over Vektleggja Hafslo som eit heilskapleg bustadområde – ungdomsskule er ein del av dette Vidareutvikla ungdomsklubben «HAUK» Leggja til rette Langholmen Turveg Hafslovatnet – og tur/gangvegar på HAfslo Tilretteleggja for småbedrifter Spørsmål – kommentarar som elles vart teke opp: Saknar større deltaking av damer på møtet – på tide med nyrekruttering til bygdemøta – få inn den yngre generasjonen Barnehagen – spørsmål om nybygg til ein felles barnehage – kontra ombygging – kva gjev beste resultatet? VA-anlegg på Heggmyrane: jfr Sogndal sin medverknad i Hollekve «Vegtarmar» Hafslo – Gaupne (fv 55 og kommunale vegar) for å byggja saman bygdene og betra tilhøvet for spreidd bustadbygging Rasteplass i Osen for å sjå Hafslo-bygda Luster er «god nabo» - gjev mykje til nabokommunen Spørsmål om forskotering av Gullringen og tilbakebetaling Hafsloelevane bør få bada like mykje som Gaupne-elevane. Kostand med transport for Hafslo-skulen og ekstra badevaktpersonale frå skulen Skisenteret / Lustrabadet – samarbeid om rabattsystem for båe anlegga. Kan kommunen bidra til dette? Skisenteret peikar på at det er ulike vilkår for skisenteret og badet. Viktig med samarbeid. Gaupne 29.01.2013 Torunn Løne Vinje Ref. .
Details
-
File Typepdf
-
Upload Time-
-
Content LanguagesEnglish
-
Upload UserAnonymous/Not logged-in
-
File Pages2 Page
-
File Size-