Detaljregulering for gnr. 64, bnr. 1 og 2 m.fl Eitrheim i Odda kommune PlanID 1228_2016006 Planomtale med konsekvensutgreiing Plandokument til offentleg ettersyn: 14.03.2019 Oppdatert plandokument til vedtak: 19.08.2019 Innhald 1 INNLEIING ................................................................................................................................................. 2 1.1 FØREMÅL MED PLANARBEIDET .................................................................................................................................... 2 1.2 LOKALISERING OG AVGRENSING AV PLANOMRÅDET ......................................................................................................... 2 1.3 SKILDRING AV GJELDANDE PLANSTATUS ........................................................................................................................ 4 2 PLANPROSESSEN ...................................................................................................................................... 6 2.1 PLANPROSESSEN, MEDVERKNAD ................................................................................................................................. 6 2.2 VURDERING ETTER FORSKRIFT OM KONSEKVENSUTGREIINGAR ........................................................................................... 7 3 SKILDRING AV PLANFRAMLEGGET ......................................................................................................... 8 3.1 AREALFØREMÅL ....................................................................................................................................................... 8 3.2 AREALFØREMÅL BARNEHAGE, BBH OG SAMFERDSELSANLEGG, O_S .................................................................................. 9 3.3 AREALFØREMÅL NÆRMILJØANLEGG, BNA OG FRIOMRÅDE, GF ...................................................................................... 10 3.4 AREALFØREMÅL FORRETNING/KONTOR, BKB .............................................................................................................. 13 3.5 SAMFERDSLEANLEGG .............................................................................................................................................. 14 3.6 OMSYNSSONER ..................................................................................................................................................... 15 3.7 REKKEFØLGJEKRAV ................................................................................................................................................. 17 3.8 TEKNISK INFRASTRUKTUR OG ANDRE FORHOLD ............................................................................................................. 19 4 KONSEKVENSUTGREIING ....................................................................................................................... 22 4.1 FRILUFTSLIV, FOLKEHELSE OG BARN- OG UNGES INTERESSER............................................................................................ 23 4.2 NÆRINGSUTVIKLING OG ATTRAKTIVE SENTER ............................................................................................................... 27 4.3 LANDSKAP OG ESTETIKK ........................................................................................................................................... 31 4.4 NATURMANGFALD ................................................................................................................................................. 36 4.5 KULTURMINNE OG KULTURMILJØ .............................................................................................................................. 39 4.6 TRAFIKKSITUASJON ................................................................................................................................................. 41 5 OPPSUMMERING .................................................................................................................................... 45 6 VEDLEGG .................................................................................................................................................. 47 1 1 Innleiing 1.1 Føremål med planarbeidet Hovudføremålet med planen er å leggje til rette for ei utvikling av nytt næringsareal i Eitrheimsvågen. Nye næringsareal er ei prioritert oppgåve for kommunen i det pågåande arbeidet med ny arealdel til kommune- planen. Det vil òg vere eit tema for ny kommuneplan for Ullensvang kommune. Planområdet er i dag regulert i ei rekkje eldre reguleringsplanar, som vil bli oppheva med denne planen. Eit anna hovudføremål er å legga til rette for meir areal til eksisterande barnehage, som er ein sentral del av det tett integrerte forholdet mellom bustad og næring i området. Det er naudsynt med meir areal like vest for barnehagen, for å kunne gjere endringar eller tilpassingar til bygningsmassen og uteområdet i framtida. Ein ønskjer òg å legge til rette for ei betre utnytting av grøntstruktur, då areal avsett til friområde er mindre nytta til dette føremålet i dag. Lokalisering Eitrheimsvågen, Odda Gjeldande planstatus Regulert område; Friområde, barnehage, tekniske anlegg Planområdets storleik 34,7 dekar Tiltakshavarar Odda kommune og Odda Invest AS Plankonsulent ABO Plan & Arkitektur Stord AS Hovudføremål med ny plan Næringsareal, barnehage og friområde/nærmiljøanlegg Aktuelle problemstillingar Trafikktryggleik, ras- og skredfare, grunnforhold, forureining Folkehelse, barn og unge, næringsutvikling og attraktive senter, landskap og estetikk Krav om konsekvensutgreiing Ja Varsel om oppstart 15.11.2016 Vedtak planprogram 21.11.2018 1. gangshandsaming 27.03.2019 1. gangshøyring 01.04 til 16.05.2019 1.2 Lokalisering og avgrensing av planområdet Bakgrunnen for det varsla planarbeidet var å regulere område for næring, barnehage, friområde og bustadområde. Reguleringsplanane på Eitrheim er utdaterte og treng oppdatering av kart og føresegner. Kommunen har vurdert og komme fram til at bustadområda vert teke ut av planforslaget, og at planområdet er redusert til å omfatte friområde, barnehage og næringsområdet. Endringa har bakgrunn i at tilhøva utanfor den nye plangrensa er dels avklara i enkeltvis byggesaker, merknader til oppstartsvarselet og at kommunen vurderer det som mest hensiktsmessig å utarbeide ein samla plan for heile bustadområde på Eitrheim. Det nye planområdet er om lag 35 dekar stort, og følgjande eigedomar ligg innanfor planområdet: gnr/bnr. 64/86, 236, 237, 271, 288, samt deler av 64/1 og ukjent gnr/bnr. langs Eitrheimsvegen for å sikre areal for sikt frå kryss. 2 Figur 1 Lokalisering av planområdet. Figur 2 Venstre: Planavgrensing som varsla ved oppstart og i planprogram. Høgre: Ny plangrense i planframlegget. 3 1.3 Skildring av gjeldande planstatus 1.3.1 Gjeldande kommuneplan I kommuneplanens arealdel er arealet avsett til idrettsanlegg, offentleg bygning og bustader. Føresegnene og retningslinjer for kommuneplanen gir at tidlegare vedtekne kommunedel-, regulerings-, og bebyggelsesplanar framleis skal gjelde. Figur 3 Utsnitt gjeldande kommuneplan 1.3.2 Gjeldande reguleringsplanar Området er regulert frå før, i ei rekkje eldre reguleringsplanar. Hovuddelen av området er regulert i Eitrheims- neset reguleringsendring, planID 1993005. Aktuelle eigedomar er avsett til Friområde (park, turveg, leikeplass, idrett), og offentleg barnehage. Arealet like sør for planområdet er avsett til industri, forretning, lager og kontor. I tillegg omfattar planområdet eit areal som er regulert til offentleg friområde i Eitrheim sør, reguleringsendring (planID 1993004) og veg i Eitrheim sør (planID 1987007). Dei tekniske anlegga (veg, fortau m.m.) er omfatta av Eitrheimsneset reguleringsendring, PlanID 199306. Vidare går ein liten del av planområdet i nord inn på areal avsett til fortau/bustad i reguleringsplan for Eitrheim, planID 1974002, samt veg/felles leikeareal i Eitrheim sør, planID 1979001. Plangrensa er lagt i føremålsgrensa anna veggrunn i eksisterande reguleringsplan for fv550. Den nye reguleringsplanen vil erstatte delar av dei eldre reguleringsplanane som er innanfor planområdet. 4 Figur 4 Utsnitt gjeldande reguleringsplanar i området 1.3.3 Overordna føringar Kommunen si planlegging må henga saman med dei lovene, forskriftene, føresegnene og retningslinjene som gjeld for kommunal planlegging og verksemd. Ein føresett at desse er ivaretekne under planprosessen, og av dei mest sentrale kan desse nemnast: - Meld. St. 33 (2012 – 2013) Klimatilpasning i Norge - Meld. St. 35 (2012–2013) Framtid med fotfeste - Kulturminnepolitikken - Meld. St. 18 (2015–2016) Friluftsliv — Natur som kilde til helse og livskvalitet - St.meld. nr. 29 (1996-1997) Regional planlegging og arealpolitikk - Retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging (T-1442) - Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging, kgl. res. 12.6.15 - Statlige planretningslinjer for samordnet bolig-, areal- og transportplanlegging, kgl.res. 26.9.14 - Statlige planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsonen langs sjøen, kgl. res. 25.3.11 - Statlig planretningslinje for klima- og energiplanlegging i kommunene - Rikspolitiske retningslinjer for å styrke barn og unges interesser i planleggingen, kr. pr.res. 4.9.09 - NVEs retningslinjer nr. 2/2011, Flaum og skredfare i arealplanar, revidert 22.05.14. - Rundskriv, T-2/08- Miljøverndepartementet, Om barn og planlegging. - Handlingsplan Norge universelt utformet 2025 - Meld. St. 33 (2016–2017) Melding til Stortinget, Nasjonal transportplan 2019 – 2029 5 Regionale
Details
-
File Typepdf
-
Upload Time-
-
Content LanguagesEnglish
-
Upload UserAnonymous/Not logged-in
-
File Pages48 Page
-
File Size-