Møteprotokoll Utval: Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen Møtestad: Teams Dato: 15.03.2021 Tidspunkt: 12:00 – 14:00 Følgjande faste medlemar møtte: Navn Funksjon Representerer Leif Solemsli Leder VANG Marit Sletten Nestleder LOM Kjersti Bjørnstad Medlem IFK Harald Sve Bjørndal Medlem VÅGÅ Ivar Kvalen Medlem LUSTER Hilmar Høl Medlem ÅRDAL Følgjande medlemar hadde meldt fråfall: Navn Funksjon Representerer Trude Brosvik Medlem VLFK Følgjande varamedlemar møtte: Navn Møtte for Representerer Merknader Møtekollisjon for Trude Brosvik vart oppdaga så seint at det ikkje var tid til å kalle inn vararepresentanten. Frå administrasjonen møtte: Navn Stilling Kari Sveen Nasjonalparkforvaltar Eldrid Nedrelo Nasjonalparkforvaltar Rigmor Solem Statens naturoppsyn Underskrift: Vi stadfestar med underskriftene våre at det som er ført på dei sidene vi har signert i møteboka, er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Leif Solemsli (sign.) Hilmar Høl (sign.) ______________________ ______________________ _______________________ Saksliste Utvalgs- Innhold Lukket Arkiv- saksnr saksnr ST 9/2021 Godkjenning av sakliste og innkalling ST 10/2021 Referatsaker RS Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen - 2021/2959 Årsrapport 2020 RS Oversendelse av rapport - Evaluering av 2021/2839 forvaltningsordning for nasjonalparker og andre større verneområder RS Dialogmøte, faglig vurdering av mulige 2021/2840 nasjonalparkområder ST 11/2021 Delegerte vedtak 1/2021 Delegert vedtak - Dispensasjon - Jotunheimen 2021/1061 nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde - 2021 - 2025 - Bruk av snøskuter og helikopter i samband med buføring av sauer og for frakt av varer og utstyr i samband med gjeting av sauer - Utladalen Sameige 2/2021 Delegert vedtak - Utladalen landskapsvernområde - 2021/1112 Dispensasjon - 2021 - 2025 - Bruk av helikopter for transport av kjøt i samband med jakt - Utladalen Sameige 3/2021 Delegert vedtak - Jotunheimen NP - Motorferdsel - 2021/747 Scooterløyve for beredskap i samband med filminnspeling på Gjende 4/2021 Delegert vedtak - Jotunheimen NP og Utladalen 2021/2510 LVO - motorferdsel 2021-2025 - snødekt mark - Vang Energiverk 5/2021 Delegert vedtak - Jotunheimen NP og Utladalen 2021/2477 LVO - Avslag på søknad om dispensasjon - 2021 - Bruk av drone i forbindelse med TV-program - Nordisk Film TV AS ST 12/2021 Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen - 2020/12154 Tiltaksmidlar 2021 - Prioritering ST 13/2021 Eventuelt ST 9/2021 Godkjenning av sakliste og innkalling Saksprotokoll i Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen - 15.03.2021 Vedtak Ingen merknad til innkalling og dagsorden. Styret fekk ettersendt e-post med orientering om aktuelle punkt for diskusjon under Eventuelt i forkant av styremøtet, den 12.03.21. Hilmar Høl vart vald til å signere protokollen saman med styreleiar. ST 10/2021 Referatsaker Saksprotokoll i Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen - 15.03.2021 Vedtak Nasjonalparkstyret tek referatsakene til orientering. Årsrapportar frå SNO og nasjonalparkstyret er tilgjengelege på nasjonalparkstyret sine heimesider: http://www.nasjonalparkstyre.no/Jotunheimen/Planar/Arsmelding/ Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen - Årsrapport 2020 2021/2959 Oversendelse av rapport - Evaluering av forvaltningsordning for nasjonalparker og andre større verneområder 2021/2839 Dialogmøte, faglig vurdering av mulige nasjonalparkområder 2021/2840 ST 11/2021 Delegerte vedtak Saksprotokoll i Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen - 15.03.2021 Vedtak Nasjonalparkstyret tek delegerte vedtak til orientering. 1/2021 Delegert vedtak - Dispensasjon - Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde - 2021 - 2025 - Bruk av snøskuter og helikopter i samband med buføring av sauer og for frakt av varer g utstyr i samband med gjeting av sauer - Utladalen Sameige 2021/1061 2/2021 Delegert vedtak - Utladalen landskapsvernområde - Dispensasjon - 2021 - 2025 - Bruk av helikopter for transport av kjøt i samband med jakt - Utladalen Sameige 2021/1112 3/2021 Delegert vedtak - Jotunheimen NP - Motorferdsel - Scooterløyve for beredskap i samband med filminnspeling på Gjende 2021/747 4/2021 Delegert vedtak - Jotunheimen NP og Utladalen LVO - motorferdsel 2021-2025 - snødekt mark - Vang Energiverk 2021/2510 5/2021 Delegert vedtak - Jotunheimen NP og Utladalen LVO - Avslag på søknad om dispensasjon - 2021 - Bruk av drone i forbindelse med TV-program - Nordisk Film TV AS 2021/2477 ST 12/2021 Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen - Tiltaksmidlar 2021 - Prioritering Innstilling frå forvaltar Saksprotokoll i Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen - 15.03.2021 Vedtak Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen registrerer at tildelt løyving til tiltak for tilrettelegging ligg på 58 % av innmeldt behov/søknad, medan tildeling av skjøtselsmidlar er fullt i samsvar med søknaden. Det kan verta behov for å søke om tilleggsmidlar til tiltak dersom det blir opna for dette i løpet av året. Jotunheimen er eit svært trafikkert område med stort behov for informasjon og stiskjøtsel for å førebyggje og reparere erosjonsskader. 1. Nasjonalparkstyret tek til orientering løyvingane til drift av styre og til arbeidet med forvaltningsplan/besøksstrategi, skjøtselsplan og evaluering av ordning med el-sykkel. Drift av Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen kr. 300 000 Arbeid med forvaltningsplan / besøksstrategi kr. 100 000 Skjøtselsplan Utladalen, sluttføring/godkjenning kr. 50.000 Evaluering av forskriftsendring for el-sykkel kr. 385.000 Sum løyving under post 14.20.21 kr. 835.000 2. Drift av sekretariatet inngår i budsjettramme for Statsforvaltarane i Innlandet og Vestland. Nasjonalparkstyret legg til grunn av løyvingane til sekretariat med ein forvaltar hos Statsforvaltaren i Innlandet og ein forvaltar hos Statsforvaltaren i Vestland blir tilpassa det behovet ein har for å kunne følgje opp arbeidet med kunnskapsbasert forvaltning av verneområda. Styret finn det uheldig dersom budsjettet ikkje gjev rom for å følgje opp med nødvendige synfaringar og deltaking på møte og samlingar som krev reiser. Budsjettet må ta høgde for at deltaking på landsdekkande fagsamlingar av og til vil krevje flyreiser og ekstra overnattingar – dette gjeld særleg for stillinga plassert på vestsida. 3. Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen prioriterer tiltaksmidlane for 2021 som er løyvd i bestillingsdialogen med økonomiansvar hos forvaltninga slik: A. Vedlikehald av stinettet i Jotunheimen og Utladalen. 290.000 Vedlikehald og førebyggande tiltak på utsette strekningar 100.000 Oppgradering av stien frå Vetti og opp på Vettismorki 100.000 Kanalisering/sikring av Besseggenstigen ved Bandet, helikoptertransport 70.000 Vedlikehald og mindre tiltak mot erosjon; m.a. stien mot Vettisfossen 20.000 B. Informasjon/tilrettelegging – jf. besøksstrategi / forvaltningsplan 1.335.000 Utsiktsplattform Vettisfossen, detaljprosjektering og eventuell oppstart 1.000.000 Fullføring rundt påbegynte tiltak på innfallsportane 180.000 - Utladalen/Hjelle, terrengarbeid rundt nye tavler - Spiterstulen – trykk av tavle og arbeid med montering - Leirvassbu – trykk av tavle, montering og terrengarbeid - Utkikkspunkt Sognefjellet, reparasjon og revegetering Utsiktspunkt Sognefjellet med namn på fjelltoppar 100.000 Brosjyre dyre- og planteliv 50.000 Vedlikehald etablerte tiltak 5.000 Forvaltarane har fullmakt til å gjera mindre interne omprioriteringar mellom tiltak dersom det blir meir eller mindre forbruk enn stipulert. Styret blir orientert i påfølgande møte. 4. Prioritering av skjøtselsmidlar forvalta av SNO Jotunheimen: Slått på Skåri, Avdalen og Vetti (heimre Utladalen) 260.000 Styrt beite på Skåri, Avdalen og Vetti (heimre Utladalen) 170.000 Styving/rising av alm og lind i heimre Utladalen 90.000 Krattrydding/vedlikehald kulturlandskap Øvre Utladalen 30.000 Styrt beiting (storfe) i Gjendebuområdet 70.000 Kratt og skogrydding / vedlikehald kulturlandskap Gjendebuområdet 10.000 Styrt beite ved Gjendebu (geit) 20.000 Slått av kve ved Gjendebu for ivaretaking av biologisk mangfald 25.000 Blir gjennomført annakvart år – sist utført 2019 Sum 675.000 SNO og forvaltarane har fullmakt til å gjera mindre interne omprioriteringar ved behov. 5. Plassering av dei tildelte ferdselsteljarane (eco-counter) blir prioritert slik: 1) Teljing ved Vetti mot Vettismorki i Utladalen. 2) Ved Ekrehytta, i stien til Fanaråken / Utladalen 3) Knutshøe, for å få oppdaterte tal same år som ny kartlegging 4) Vesleløyfte, Besseggenstien for kontinuerleg teljing over coronaperioden 5) Ny teljing mot Galdhøpiggen frå Visdalen Teljar nr. 1 vil gje tal på før-etter situasjon med tilrettelegging av nytt utsiktspunkt på Vettisfossen. Vekselvis plassering annakvart år ved øvre og nedre stigen vil kunne skilje mellom kor mange som går inn under fossen og til toppen. Teljing på Besseggen-stien kan vera ein føresetnad for å kunne få vurdert Besseggen som nasjonal turiststi, og teljar nr. 4 utplasserast på same plass som i 2017-20. ST 13/2021 Eventuelt Saksprotokoll i Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen - 15.03.2021 Vedtak Saker som vart gjennomgått for orientering og diskusjon under eventuelt: 1. Ulovleg dronefilming i Hurrungane Nasjonalparkforvaltninga har ved e-post frå ein privatperson fått tips om ulovleg droneflyging i Hurrungane, Jotunheimen nasjonalpark. Filmen viser lange sekvensar med dronefilming over Storen. Tilsvarande sak med utlegging av ulovlege dronefilmar på nett vart i fjor meldt til politiet. Vedkomande vart bøtelagt for brot på verneforskrifta.
Details
-
File Typepdf
-
Upload Time-
-
Content LanguagesEnglish
-
Upload UserAnonymous/Not logged-in
-
File Pages7 Page
-
File Size-