No Kjem SFE-Millionane Sogn Og Fjordane Energi (SFE) Betalar Ut 120 Millionar I Utbyte Til Eigarane Sine

No Kjem SFE-Millionane Sogn Og Fjordane Energi (SFE) Betalar Ut 120 Millionar I Utbyte Til Eigarane Sine

Pressemelding frå Sogn og Fjordane Energi tysdag 25. august No kjem SFE-millionane Sogn og Fjordane Energi (SFE) betalar ut 120 millionar i utbyte til eigarane sine. Det vart i år knytt stor spenning til utbyteutbetaling i kraftbransjen ettersom COVID- pandemien sette mykje på vent tidlegare i år. - Normalt tek SFE-styret stilling til utbetaling av utbyte i mars når fjorårets resultat vert lagt fram, men i år valde SFE og fleire energiselskap å avvente avgjerda om utbyte. Årsaka var usikre tider som følgje av COVID-pandemien som nettopp hadde inntreft, seier Johannes Rauboti. I dagens styremøte beslutta SFE-styret at utbytet skulle betalast ut. Historisk høgt utbyte Johannes Rauboti berømmer eigarane av selskapet for å tenkje langsiktig: - Vi har solide og langsiktige eigarar i ryggen. Når eigarane mottek eit så stort utbyte, er det ein god premie til våre offentlege eigarar som over fleire år har sikra selskapet kapital til å vekse og utvikle seg. Utbytet er det største ordinære utbytet frå SFE nokon gong. Tre kraftverk under bygging SFE er i ein fase med høg aktivitet, med både Østerbø kraftverk i Høyanger kommune, Jølstra kraftverk i Sunnfjord kommune og Lutelandet vindkraftverk i Fjaler kommune under bygging. - Eg er stolt over at vi i ei tid med høge investeringar og låge kraftprisar kan halde fram med å betale store utbyte til eigarane våre, seier konsernsjefen. Pressemelding frå Sogn og Fjordane Energi tysdag 25. august Faktaboks: Sogn og Fjordane Energi (SFE) er eigd av Sogn og Fjordane Holding, BKK og kommunane Kinn, Stad, Sunnfjord, Askvoll, Gloppen og Bremanger. Vestland Fylkeskommune eig 20% av Sogn og Fjordane Holding medan kommunene i gamle Sogn og Fjordane eig dei resterande 80%. Utbyte pr aksjonær: Aksjonærar Sogn og Fjordane Holding AS 59 287 616 BKK AS 44 067 385 Kinn kommune 5 554 871 Gloppen kommune 4 136 740 Bremanger kommune 2 956 617 Askvoll kommune 1 769 722 Stad kommune 1 886 476 Sunnfjord kommune 92 173 Sum utbyte 119 751 599 Kontaktperson: Konsernsjef Johannes Rauboti Tlf 916 45 264 [email protected] .

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    2 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us