Driftsleiar Til Region Nordhordland Helsehus

Driftsleiar Til Region Nordhordland Helsehus

Nordhordland Utviklingsselskap IKS Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy Driftsleiar til Region Nordhordland Helsehus Region Nordhordland Helsehus er under oppføring i Knarvik, og skal stå ferdig i slutten av 2020. Bygget er på omlag 16 200 m2 BTA, fordelt på 6 etasjar og parkeringsanlegg og teknisk areal i underetasjar. Bygginga av helsehuset er det største helsepolitiske samarbeidstiltaket i regionen, og skal husa både primær- og spesialisthelsetenester. Dei største leigetakarane i bygget er Alver kommune, Helse Bergen HF og Hordaland fylkeskommune, fylkestannlegen. Som driftsleiar vil du få ansvar for drift og vedlikehald av bygget herunder tekniske anlegg med tilhøyrande serviceavtalar, og andre avtalar som regulerer drifta av bygget. Arbeidsoppgåver . Dagleg ansvar for FDV-system og oppfølging av dette inkludert teknisk utstyr, ventilasjon, varme, kjøling, SD- anlegg, alarmanlegg/adgangskontroll, heis, og avtalar innan reinhald, service m.v. Implementera og optimalisera driftsrutinar og -prosessar . Utarbeida og fylgja opp internkontroll, HMS, brannrutinar m.v. Kontakt med leietakarar, naboar, kundar og relevante offentlege styresmakter . Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga Kvalifikasjonar . Høgare teknisk utdanning på bachelor- eller masternivå innan relevant fagområde; VVS, elektro, bygg, m.v. Fagbrev, meisterbrev eller teknisk fagskule kombinert med relevant jobberfaring kan kompensera for manglande høgare utdanning . Relevant erfaring frå eigedomsdrift / drift og forvaltning av større bygg . Økonomisk forståing herunder erfaring frå budsjettering og kostnadskontroll . Det vil vera ein fordel med kjennskap til drift av tekniske anlegg, brannvern, SD-anlegg, bygningsinformasjonsmodellering (BIM) og vår valte løysing for å handtera data, dRofus Personlege eigenskapar . Serviceinnstilt, kundeorientert og løysingsorientert haldning med gode samarbeidsevner og tydeleg kommunikasjon . Strukturert, initiativrik og engasjert med stor arbeidskapasitet . God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Språk er norsk Tilsetjing vil vera snarast mogeleg slik at du kan fylgja resten av byggjeprosjektet tett. Du vil ha ei sentral rolle med å forma innhaldet i stillinga i dialog med dagleg leiar. Du vert tilsett i Nordhordland Utviklingsselskap IKS, i eit kjekt og operativt arbeidsmiljø. Selskapet har fleksibel arbeidstid og gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i KLP. Løn etter avtale. Du finn meir informasjon om Nordhordland Utviklingsselskap IKS og Region Nordhordland Helsehus på vår heimeside; www.regionnordhordland.no Har du spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med dagleg leiar og prosjektleiar for Region Nordhordland Helsehus, Rune Heradstveit, mobil 907 53 459 eller på e-post [email protected] Søknadsfrist er 20. september 2019 og skal sendast til [email protected] Nordhordland Utviklingsselskap IKS, Kvassnesvegen 23, 5914 Isdalstø e-post: [email protected] / www.regionnordhordland.no .

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    1 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us