99604555 Nore Og Uvdal

99604555 Nore Og Uvdal

Martin Lindal Drammen 05.07.20 Bråtan 11 3022 Drammen e-post:[email protected] ​ tlf: 99604555 Nore og Uvdal kommune. Søre Åsen hyttegrend. Naturvernforbundet i Buskerud har tidlegare ikkje hatt innspel på denne saka. Det er beklageleg, men håpar likevel at vårt innspel nå kan bli del av saken vidare. Planen gjeld eigedom gnr.116. bnr.2 i Tunhovd. Tiltakshavar ønskjer å bygge 120-160 fritidsbustader og eit alpinanlegg. Planområdet ligg i eit LNF-område. Området er på 274 dekar, der 211 dekar kjem fra kommunen. Naturvernforbundet er generelt skeptisk til stadig nye hytteområder i bygdenorge. Det kjem stadig nye rapportar om tap av biologisk mangfold. Det gjeld alle deler av flora og fauna. Nedbygging av areal er ein av grunnane til dette tapet. Når det gjeld planen - Søre åsen har naturvernforbundet i Buskerud følgjande kommentarer: ● Området er eit LNF- område. Så store planar som dette må vera ein del av kommuneplanarbeidet, ikkje dispensasjon etter innfallsprinsippet. Området er heller ikkje regulert til spridd bebyggelse. ● Området ligg i ei randsone til eit større urørt naturområde med mykje gammal skog. Det meste av denne vil bli hogd. Det har negative konsekvensar for lokalklima og dyreliv i område.Spelplass for tiur kan bli skadelidande. ● Utbygginga vil føre til auka biltrafikk, og auka utslepp. Området ligg langt fra eksisterande infrastruktur. ● Utbygginga vil påverke trekvegar for elg og hjort negativt. ● Bratt terreng vil føre til store skjemmande skjeringar, og fare for erosjon i etterkant. ● Fugl med tilknyning til fjell og bjørkebeltet har hatt relativ stor nedgang av bestand.Ei utbygging her vil forsterke dette. Naturvernforbundet ber om at denne planen ikkje blir realisert. Etter vår oppfatning ber heile prosjektet preg av dårleg planlegging. Det er ikkje eit resultat av kommuneplanarbeidet, men eit resultat av ytre press fra private interesser som klarer å påverke lokalpolitikarane. Med helsing naturvernforbundet i Buskerud - Martin Lindal - styreleiar. .

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    2 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us