Regional Plan Med Tema Knytt Til Vasskraftutbygging Sogn Og Fjordane

Regional Plan Med Tema Knytt Til Vasskraftutbygging Sogn Og Fjordane

Vedteken av fylkestinget 11.12.2012 Regional plan med tema knytt til vasskraftutbygging 1 BAKGRUNN OG INNLEIING ....................................................................................... 2 1.1 STATUS FOR PLANEN .................................................................................................... 2 1.2 PLANOMRÅDE.............................................................................................................. 3 1.1 HANDSAMING AV VASSKRAFTSAKER. .......................................................................... 3 1.2 POSITIVE SAMFUNNSVERKNADER AV VASSKRAFTUTBYGGING ...................................... 5 1.3 INNGREP I SAMBAND MED SMÅ VASSKRAFTVERK ......................................................... 8 1.4 ORGANISERING OG PLANPROSESS................................................................................ 9 1.5 METODE ...................................................................................................................... 9 1.6 FORKORTINGAR, SYMBOLFORKLARING, ORD OG UTTRYKK ....................................... 11 2 FAKTADEL – GENERELT OM FAGTEMA ............................................................. 13 2.1 LANDSKAP................................................................................................................. 13 2.2 BIOLOGISK MANGFALD.............................................................................................. 18 2.3 INNGREPSFRIE NATUROMRÅDE .................................................................................. 24 2.4 FISK OG FISKE ........................................................................................................... 28 2.5 KULTURMINNE OG –MILJØ ........................................................................................ 31 2.6 FRILUFTSLIV .............................................................................................................. 36 2.7 REISELIV .................................................................................................................... 38 2.8 EKSISTERANDE/KLARERT UTBYGGING...................................................................... 41 3 FAKTADEL – OM DELOMRÅDE .............................................................................. 43 3.1 SELJE-BREMANGERLANDET ...................................................................................... 43 3.2 FLORA-BREMANGER .................................................................................................. 46 3.3 DALSFJORDEN ........................................................................................................... 50 3.4 SOGNESJØEN ............................................................................................................. 53 3.5 DAVIK-NORDFJORDEID ............................................................................................ 56 3.6 BREKKE-HØYANGER ................................................................................................. 59 3.7 BALESTRAND/VIK-LEIKANGER/SOGNDAL ............................................................... 63 3.8 GLOPPEN OG STRYN .................................................................................................. 67 3.9 JØLSTRA ..................................................................................................................... 72 3.10 LUSTER OG ÅRDAL .................................................................................................... 75 3.11 LÆRDAL OG AURLAND .............................................................................................. 80 4 POLITISK DEL OG RETNINGSLINER FOR VASSKRAFTUTBYGGING ......... 85 4.1 STATLEGE RETNINGSLINER FOR VASSKRAFTUTBYGGING ........................................... 85 4.2 VURDERING OG KONSEKVENSUTGREIING AV FYLKESKOMMUNALE RETNINGSLINER . 91 4.3 FYLKESKOMMUNALE RETNINGSLINER FOR VASSKRAFTUTBYGGING .......................... 96 4.4 INNSPEL TIL STATLEGE POLITIKK OG RAMMEVILKÅR MV. .......................................... 98 5 REFERANSELISTE ...................................................................................................... 99 6 VEDLEGG – EIGNE DOKUMENT ......................................................................... 105 1 1 Bakgrunn og innleiing Regjeringa fastsette, i 2006, eit nytt samla mål på 30 TWh i auka fornybar energiproduksjon og energieffektivisering innan 2016 (med 2001 som utgangspunkt). Utbygging av små vasskraftverk vil medverke til oppnå målsetjinga. I tillegg kan slik utbygging vere svært positivt for lokal næringsutvikling, busetjing og landbruksdrift. Regjeringa har, i Soria Moria-erklæringa, sagt den vil ”at fylkeskommunene, i samarbeid med berørte fagetater, skal utarbeide fylkesvise planer for bygging av småkraftverk, som sikrer at ikke naturmangfold, friluftsliv eller store landskapsverdier går tapt” (s. 53). Olje – og energidepartementet (OED, 2007) har utforma ein eigen rettleiar for utarbeiding av regionale planar for små vasskraftverk.Planen er utforma med utgangspunkt i denne og er såleis spesielt innretta i høve til små vasskraftverk, men både faktadelen og den politiske delen vil likevel kunne vere relevant i høve til vasskraftprosjekt generelt. I 2003 gjennomførde NVE ei landsomfattande kartlegging av potensialet for små kraftverk (Jensen 2004). Sogn og Fjordane hadde, i denne kartlegginga, 789 prosjekt (utanom Samla plan) med ein spesifikk utbyggingspris på under 3 kr/kWh. Potensiell produksjonen frå desse prosjekta vart estimert til 4 TWh. Gjeldande fylkesplan (Sogn og Fjordane fylkeskommune 2004) og fylkesdelplan for arealbruk (Sogn og Fjordane fylkeskommune 2000) viser ynskje om å leggje til rette for vidare vasskraftutbygging. Forvaltinga av dei rike vasskraftressursane og fordelinga av avkastninga av energiproduksjonen er viktig for utviklinga i fylket. Fylkesutvalet gjorde våren 2007 vedtak om at det skulle utarbeidast ein fylkesdelplan med tema knytt til vasskraftutbygging (sak nr. 0043/07). Planprogram vart vedteke i fylkesutvalet 21.04.2008 (sak nr. 44/08). Følgjande mål vart då sett: ”Målet med planarbeidet er å samle kunnskap om viktige regionale og nasjonale verdiar i mulege utbyggingsområde, for deretter å fastsette retningsliner som sikrar at desse verdiane vert teke omsyn til, ved handsaming av utbyggingstiltak etter vassdragslovgjevinga og plan og bygningslova. Planarbeidet skal også på eit overordna nivå synleggjere dei positive verknadene av vasskraftutbygging. Aktuelle retningsliner skal medverke til å minimalisere uheldige konsekvensar av vasskraftkraftutbygging, slik som tap av naturmangfald, friluftsområde, kulturminne og landskapsverdiar”. 1.1 Status for planen Regional plan med tema knytt til vasskraftutbygg er utarbeidd i samsvar med Plan og bygningslova sine reglar, §§ 8-1 – 8-5. Planen tek ikkje stilling til konkrete utbyggingsprosjekt, og som før må ein søkje om konsesjon, eventuelt fritak for konsesjon og deretter løyve etter plan- og bygningslova som byggesak for dei ulike prosjekta (sjå kap. 1.1, nedanfor). Den skal heller ikkje angje konkrete område for verken utbygging eller vern. Godkjende regionale planar vert lagt til grunn for fylkeskommunal verksemd og skal vere retningsgjevande for kommunal og statleg verksemd i regionen. Planen vil ikkje kunne binde statlege etatar til å fråvike statlege retningsliner. Med heimel i plan- og bygningslova, § 8-2, vert fylkespolitiske retningsliner gjort gjeldande for planlegging og forvalting på kommunalt, fylkeskommunalt og regionalt statleg nivå. Motstrid med vedtekne fylkespolitiske retningsliner kan gje grunnlag for motsegn i konkrete plansaker. 2 1.2 Planområde Det er spesielle forskrifter /rutinar for forvalting av verna område/vassdrag (Sjå Sivertsen 2008), noko som gjer det naturleg å halde desse områda utanfor planområdet. Planen gjeld difor heile Sogn og Fjordane med unnatak av verna område/vassdrag. Figur 2.1.2, nedanfor, gjev ei oversikt over verna område i Sogn og Fjordane. Figur 1.2.1 Vern i Sogn og Fjordane Planområdet er delt inn i delområde for å lette presentasjon av data på kart og i tekst, sjå kart på neste side. 1.1 Handsaming av vasskraftsaker. Søknader om utbygging av kraftverk eller andre typar vassdragsanlegg skal som hovudregel handsamast etter vassdragslovgjevinga av NVE. Søknader skal utaformast anten som konsesjonssøknad eller som melding for vurdering av konsesjonsplikt. Frå og med 01.01. 2010 skal fylkeskommunen fatte vedtak om konsesjon for mini- og mikrokraftverk opp til 1 MW utanfor verna vassdrag. NVE skal handsame konsesjonssøknader for kraftverk større enn 1MW og alle søknader som gjeld verna vassdrag. For utfyllande informasjon om handsaming av vasskraftsaker sjå også www.nve.no 1.1.1 Melding NVE vurderer, på bakgrunn av meldingar om utbygging/tiltak, om det er naudsynt med konsesjon etter vassressurslova § 8. Fylkeskommunen har høve til uttale seg til meldingane, før NVE tek si avgjerd. Det som vert vurdert er om tiltaket medfører slike skader eller ulemper for ålmenne interesser at det tilseier at tiltakshavar må søkje konsesjon. 3 Figur 1.2.2 Delområde 4 Vedtak om konsesjonsfritak er likevel ikkje eit løyve til bygging, men ei spesifisering av den vidare sakshandsaminga. Dersom ein finn at tiltaket/utbygginga kan gjennomførast utan konsesjon etter vassressurslova, skal saka handsamast vidare etter plan- og bygningslova av den aktuelle kommunen. Kommunen skal fyrst vurdere utbygginga i høve til gjeldande arealplan for det aktuelle området, og fastsetje om det må lagast reguleringsplan for utbyggingsområdet

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    105 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us