Der Nokon Ville Bu Innhald

Der Nokon Ville Bu Innhald

Lundanes Der nokon ville bu Innhald 1 - Frå istid til grøne lier. Om istid og steinalder. Side 4. 2 – Jegerfolket blir bønder. Dei første bøndene på Lundanes. Livet på 1600-talet og fram til 1800-talet. Side 5. 3 – Gjørva-folket tek over. Oldefar Peder kjem til Lundanes 1861. Litt om hus, reinhald, matstell, gudstru og naturkrefter. Side 7. 4 – Vindkast og pågangsmot. Vinden tek løa. Men bestefar bygger og bygger. Side 11. 5 - Som dagane går. Arbeidet på ein strandgard kring 1900. På tun, sæter og slåtteteig. Brunosten blir snacks. Løypestrengen ei smart oppfinning, men fråflytting likevel. Side 13. 6 – Tante Inga Karoline. Frå mjølkekrakk til skulepult. Side 22. 7 – Ordforklaring. Om eldre ord og vendingar. Side 23. Dette oljemålerier av Thor Brekke syner Lundanes-tunet i 1920 åra, etter at bestefar hadde flytt. FORORD Dette heftet er skrive med særleg tanke på yngre folk i dag med røter til Lundanes. Stoffet er til ein viss grad sjølvopplevt. Elles er det for det meste munnlege overleveringar frå slekt og kjenningar. Eg har kjent eller høyrt om dei fleste som levde på strandgardane langs Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden frå tida til besteforeldra mine og fram til etterkomarane deira måtte flytte frå gardane. Det eg har fått vite gjennom desse har eg prøvt å flette inn i ein lokal samanheng. Vidare har eg prøvt å gje nokre glimt som syner samanhengen mellom lokale hendingar og påverknaden utanfrå. Særleg når det gjeld eldre slekter, har eg hatt stor nytte av dei to bygdebøkene for Sunnylven og Geiranger. Vidare må eg ta med bøkene til Sakarias Ansok, ” Far etter folk ”, ” Eld som slokna ” og ” Menneske vi møtte ”. Lokale, skriftlege kjelder er også minneboka til Martinus Syltevik og ” Øydebruk i Sunnylven og Geiranger ” av Jørgen Gjerding. Av andre historiske kjelder må nemnast ” Det norske folks liv og historie ” og ” Norgeshistorie ” frå Aschehoug , ” Sæterbruket i Noreg ” av Lars Reinton og ” Norsk historie ” av Berge Furre. Bildet frå framsida er henta frå boka ” Fjordfolket ” av Arild Flydal. Fotograf er Finn Loftesnes. Stor takk til desse to. Særleg interesserte kan notere seg at på det tilsvarande bildet i boka til Flydal er råsa til sætra i Robbedal teikna inn. Andre bilde i dette heftet, der ikkje anna er nemnt, er tekne av forfatta- ren eller andre i familien hans. Særskild takk til Stian Lundanes som har redigert tekst og bilde. Det finst berre eit avgrensa opplag av heftet. Dei som får heftet, kan gjere slekt og venner merksame på at ”Lundanes, der nokon ville bu” kan hentast på: www.lundanes.com/lundaneshefte.pdf Oddvin Lundanes 3 1-FRÅ IS TIL GRØNE LIER Garden Lundanes ligg i Sunnylvsfjorden der Geiranger- På Halsen er det lettare å kome til med utgravingar, fjorden tar til. I dag står berre tuftene att. Dei siste fast- men området er dyrka i nyare tid, og far etter fjerne buande flytte frå staden i 1922. Til den tid hadde garden tider kan vere øydelagde eller rydda bort. Som fantasi- vore driven med nokre avbrot i hundrevis av år, kanskje full amatør i faget har eg sett for meg at dei rundvorne var det gardsdrift her heilt frå den tida då veidefolket fekk steinane i muren kring Halsen ein gong i tida var veg- seg husdyr, og jakt og fiske vart meir attåtnæring. ger i primitive bustader. Det som finst av sikre opplysningar finst først i kyrkjebø- Dei første menneska kom kanskje padlande inn fjorden ker, jordbøker og rettsprotokollar. Derfor blir det meste i små båtar laga av skinn. Dei kunne også kome ned av det vi veit om namngjevne personar og hendingar frå nomadelivet på fjellet. I så fall kan det finnast avgrensa til tida etter år 1600. gamle bustader høgre opp enn på Halsen. Eg har leita etter helleristingar fleire stader, men utan hell. Isen kverv som dogg for sol Flintfunn fortel at det har budd folk på denne staden for meir enn 11 000 år sidan. 20 000 år tilbake i tida var meir enn heile Norden dekt av is. For om lag 15 000 år sidan kom det ei klimaendring med sterk smelting.1 000 år seinare var kysten vår isfri lengst sør.1 000 år etter denne tid var det også isfritt langs Mørekysten. Vi veit at på det meste var isen i Europa 2- 3000 meter tjukk. Sola var nok i det heite hjørnet på denne tida det tok til å smelte. Det som kom til syne etter smeltinga var ein fjord som hadde vorte til gjennom millionar av år. Steinkorna mellom grunnfjellet og det tunge islaget verka som eit sandpapir når isen smelta og kom i siget mot det som skulle bli kysten. Vitskapen reknar med at det har skjedd 40 slike skureprosessar i veksling mellom oppising og nedsmelting. Dei første som kom til fjorden og skulle finne seg ein buplass, hadde ikkje mange val. Ser vi på dei bratte fjellsidene, og tek med at fjorden låg 66 meter høgre enn i dag, var det ikkje mange andre stader å klore seg fast enn på Nesehalsen. Dei fleste flintfunna er gjorde her i ei røys med mindre steinar på skråninga mot Geirangerfjorden. Då området vart dyrka for over hundre år sidan, hamna dei minste steinane i røysa og dei største i steingarden som går kring heile neset, og er grensa for det området som Inga Lundanes kjøpte i 1960-åra. Eit steinkast ovan- for Halsen er det ein stor heller der mykje av overhenget har rasa ut og dekker området nedanfor. I same høgda lenger innover mot Matvik er det to liknande heller. Det kan også sjå ut som det har vore ein stor heller på nord- sida av Halsen der det store raset i si tid tok ut Det trengst eit nokså omfattande utgravingsarbeid for å finne restar etter steinaldersfolket der området er dekt av store steinblokker som har rasa frå uthenga på hellerane. 4 2 – JEGERFOLKET BLIR BØNDER Rasmus var først Den første brukaren på Lundanes, som vi kjenner ved har drukke i seg skuleluft i 20 år, kan rekne seg mellom namn, heitte Rasmus. Årstalet var 1603. Segna seier at martyrane ”, hermde dei etter Ole. Den vesle karen, 161 husa stod på Halsen på den tida. 20 år seinare låg garden cm på sokkelesten, mangla ikkje mot. Han hadde tru på øyde. Det er ikkje kome fram noko forklaring på korfor at kunnskapen kunne bankast inn, men folk syntest det garden låg øyde på denne tida. I 1645 er det ein som hei- gjekk for vidt når bankinga skjedde på blanke messingen. ter Anders som driv garden. På same tid er plassen Lun- Elles heldt Ole seg godt orientert i tida. I 1832 søkte han danessæter nemnd. Der bur Oluf med ”quinde og pike”. Selskapet for Norges Vel om å få tilsendt tobakksfrø og Denne buplassen er det same som Robben, som seinare rettleiing om dyrkingsmåten. Han fekk både frø og rettle- vart nytta som vår- og haustsæter for Lundanes og Mat- ing, men to år seinare måtte han melde frå at freistnaden vik.Tuftene synest framleis. Det var brønn her, han er no var mislykka. attgrodd. Derimot er det ein vel forseggjord brønn lenger oppe, Hjellebrønnen, som framleis er ei god vasskjelde. Son til Ole, Carl O. Lundenes, vart lærar og klokkar i Geiranger. Han var ein mild og omgjengeleg kar, var Går vi ut frå segna, har husa på Lundanes blitt flytte ned aktiv i kristeleg arbeid , særleg innan misjonsarbeid. mot fjorden på eit tidspunkt då gjødsla ikkje blei nytta. Dessutan fekk han folk til å undre seg då han sette meiar Dette fekk dei sveitte for i seinare generasjonar. Natur- på robåten og ville sigle på sjøisen. Det gjekk visst fort gjødsla blei etter kvart ein viktig ressurs, og det er lite nok, men problemet var å styre farkosten. smart å frakte den oppoverbakke. I Gudbrandsdal kan vi framleis sjå at dei i si tid gjorde det motsette, flytte husa Ein vinterdag i 1850 kom presten Rasmus Dometius frå øvst på bøen. Geiranger og skulle attende til prestegarden i Norddal. Det var mykje snø i fjella, og presten ottast for skred. Han Naturen tek, naturen gjev bad rorskarane legge til lands på Lundanes. Skulehaldar Ole dreiv med famnved. Det er grunn til å tru at heimebøen i den første tida var større enn no. Det gjekk eit steinras, truleg heilt på slutten Samtalen mellom Ole og presten er eit døme på det pre- av 1700-talet . I ein takstprotokoll frå 1816 er det nemnt sten og vitskapsmannen Hans Strøm skriv om i ei skild- at svora tok ut buråsa og naustet ved sjøen. Buråsa må ring av Sunnmøre på midten av 1700-talet. Han hevda vere den same som den halvt attgrodde råsa på nordsida m.a. at inne i fjordane fanst restar av heidensk tenkemåte. av steingarden. Den store og ustabile ura som ligg her Folk meinte at lagnaden hadde fastsett alt på førehand. i dag dekker over det som var ein del av heimebøen. ” Når et Menneske omkommer paa Søen, da de gemen- Naustet som er nemnt, må truleg hatt plass i den vesle lig tilskriver det en Lagna eller Beskikkelse; og den som vika utanfor der naustet står i dag. Det sistnemnde er saaledes er beskikked at døe, siges at være feig”, skriv reist av bestefar, Ole Karl, kring 1900, og er delvis skote Hans Strøm. inn i fjellet. Det nemnde raset er nok forklaringa på at då oldefar Peder kom til garden, var naustplassen lenger sør, Presten spør og spør om ver og fonnfåre. der naturen hadde lagt ting vel til rette. Det var berre å la -Hvad med Halvrofonnen? spør Dometius.

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    25 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us