Planstrategi for Alver kommune 2020-2023 1 1 Innleiing Kommunal planstrategi er eit verktøy for politisk prioritering av planinnsatsen, for å sikre ei ressurseffektiv og målretta planlegging. Planstrategien skal vedtakast av kommunestyret seinast eit år etter at det nye kommunestyret er konstituert. I tråd med Kommunal- og moderniseringsdepartementet si (KMD) tilråding har dei tre kommunane som blir Alver kommune frå 1.1.2020 vedteke å samordna planbehovet med heimel i PBL. § 9-1, før ny kommune formelt trer i kraft. Regjeringa legg kvart fjerde år fram nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging. Dei nasjonale forventningane skal fylgjast opp i fylkeskommunen og kommunane sitt arbeid med planstrategi og planer, og vert lagt til grunn for statlege myndigheter si medverknad i planlegginga. Regjeringa har bestemt at FN sine 17 berekraftmål, som Norge har slutta seg til, skal vere det politiske hovudsporet for å ta tak i vår tid sine største utfordringar. Det er difor viktig at berekraftmåla blir ein del av grunnlaget for samfunns- og arealplanlegginga. 2 Alver kommune 2.1 Mål og visjonar for Alver Alver kommune skal vera ein heilskapleg samfunnsutviklar og byggja fellesskap i ein region med sterk vekst og utvikling ( Intensjonsavtalen). 2.1.1 Verdiar, mål og prinsipp Følgjande er lagt til grunn i intensjonsavtalen for Alver kommune. • Me skal byggja ein ny kommune. • Alle kommunar er likeverdige partar. • Me skal ha respekt for kvarandre sine tradisjonar, kulturar og sterke eigenskapar i noverande organisasjon. • Me skal ta med oss beste praksis frå kommunane inn i den nye kommunen. • Me skal byggja vidare på felles identitet og kultur. • Me skal involvere innbyggjarar, tilsette og næringsliv. • Me skal ha likeverdige tenester i heile kommunen. • Me skal vidareføra lokal tenesteproduksjon der brukarane bur. 2 • Me skal ha innbyggjarrettleiing i alle rådhusa. • Me skal digitalisera dialogen med innbyggjarane. • Me skal leggja stor vekt på næringsutvikling og arbeidsplassutvikling 2.2 Planlegging som verktøy for heilskapleg og berekraftig utvikling Kommunal planlegging er eit verktøy for å få ein berekraftig, brukarorientert, effektiv og resultatorientert offentleg sektor. Kommunal planlegging er og eit verktøy for å styrkje samfunnsutviklarrolla i kommunane. I 2015 vedtok FNs generalforsamling 2030-agendaen for berekraftig utvikling. Agendaen har 17 utviklingsmål for å fremje sosial, miljømessig og økonomisk berekraft. FNs berekraftmål er verden sin felles arbeidsplan, mellom anna for å sikre sosial rettferd, god helse og stanse tap av naturmangfald og klimaendringar. Måla skal vise veg mot ei berekraftig utvikling på kort og lang sikt. Kommunar har ein sentral rolle i å realisere berekraftmåla i Noreg. Dei er nærmast innbyggjarane, lokale bedrifter og organisasjonar. Kommunane er ansvarlege for mykje av den sosiale og fysiske infrastrukturen som påverkar levekåra og utviklingsmoglegheitene til folk. I Alver har berekraftmåla vore ein del av arbeidet med utfordringsnotatet og vil vere ein del av dei overordna planane som planstrategien tilrår. 3 Plansystem og planarbeid i Alver I Alver kommune skal planer vere eit godt styringsverktøy. Kva planer som blir prioritert vert vist i planstrategien. Planstrategien omtaler korleis plansystemet for Alver skal vere bygd opp med definisjonar av plantypar, omtale av rutinar, organisering og medverknadstrategi for planarbeid. Det er eit potensiale for å utvikle betre system, struktur og ein konsistent bruk av ulike planomgrep for samfunnsplanlegginga på tema- og sektornivå. Vi har og sett dette behovet i organiseringa av arbeidet med overordna planer i Alver. Tenesteområde plan og analyse skal ha ansvar for å prosjektstyre og samordne fag og temaplanar. 3.1.1 Planlegging som del av kommunen sitt styringssystem Figuren nedanfor gjev ei oversikt over planane som inngår i kommunane sitt plan- og styringssystem: 3 3.1.2 Definisjonar av plantypar Kommuneplanen Kommuneplanen sin samfunnsdel skal ta stilling til langsiktige samfunnsdel utfordringar, mål og strategiar for kommunesamfunnet som heilskap, og som organisasjon. Samfunnsdelen gjev føringar for underordna planar i alle sektorar i kommunen. Kommuneplanen arealdel Kommuneplanen sin arealdel omfattar heile kommunen. Den er juridisk bindande og styrer den langsiktige arealutviklinga. Arealdelen skal sikre at arealbruken i kommunen bidreg til å bygge opp under mål og strategiar i samfunnsdelen. Kommuneplanen sitt Kommuneplanen sin handlingsdel er plan for gjennomføring av handlingsplan kommuneplanen sin samfunnsdel, kommunedelplaner og eventuelt andre planer. Handlingsdelen skal vise kva kommunen vil prioritere dei fire neste budsjettåra for å nå kommuneplanen sine mål. 4 Økonomiplan Økonomiplanen skal omfatte heile kommunens virksomhet og gje realistisk oversikt over sannsynlige inntekter, forventa utgifter og prioriterte oppgåver. Økonomiplanen skal omfatte minst ein 4-års periode, og vert revidert kvart år. Årsbudsjett Årsbudsjett er ein bindande plan for kommunen sine midlar og bruk av disse i budsjettåret. Årsbudsjettet skal konkretisere økonomiplanen og gjeld heile kommunen . I Alver vil vi samla kommuneplanen sin handlingsdel, 4- årig økonomiplan og årsbudsjett i eit dokument. Kommuneloven forsterkar koplinga mellom kommuneplanen samfunnsdel og økonomiplan. Handlingsprogrammet vise korleis vi skal følgje opp kommuneplanen. I tillegg inneheld handlingsprogrammet eit plan- og utredningsprogram. Denne skal følgje opp planstrategien med endeleg prioritering av når planoppgåvene skal gjennomførast med tildeling av ressursar. Kommunedelplanar Kommunedelplaner (KDP) kan utarbeidast for bestemte områder (areal), tema eller virksomhetsområder. Dei skal følgje opp utvalte mål i kommuneplanen sin samfunnsdel eller konkretisere arealbruken for eit avgrensa geografisk område. KDP har same juridiske status som kommuneplanen . Reguleringsplan Reguleringsplan er ein arealplan for eit avgrensa område. Planen består av eit arealkart med tilhøyrande føresegn som seier noko om bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Reguleringsplan kan utformast som områderegulering eller detaljregulering: Områderegulering er ein kommunal reguleringsplan som brukast der det er krav om slik plan i kommuneplanen, eller kommunen finner at det er behov for å gje meir detaljerte områdevise avklaringar av arealbruken. Områderegulering utarbeidast som regel av kommunen. Detaljregulering er ein detaljert reguleringsplan for eit avgrensa område, og er ofte knytt til konkrete utbyggingsprosjekter. Både kommunen og private kan utarbeida detaljregulering. Verksemdplaner Verksemdsplaner er eit arbeidsverktøy for verksemdsleiar og tilsette. Dei er ein del av kommunen sitt styringssystem og skal med handlingsprogrammet forankre kommuneplanen sine strategiar og mål. 5 3.2 Organisering av planarbeid Planarbeid i Alver skal organiserast som prosjekt. Planarbeidet skal følgje ein bestillingsrutine som viser kva plantype, styringsprosess og ansvarsliner som skal gjelde for planarbeidet. Det vert utarbeida ein prosjektomtale der mandat, organisering og ressursbruk blir avklart. Det skal og avklarast korleis planane skal følgjast opp etter vedtak. 3.3 Medverknad Samfunnsplaner betyr noko for innbyggjarane sine liv. Det skal vere rom for dialog og medverknad, og opne avgjerdsprosessar, slik skaper vi gode lokalsamfunn. Meland ungdomsråd deltek i planverkstad. 3.3.1 Strategi som skal leggjast til grunn for kommunen sitt planarbeid: • Auka bruk av digitale verktøy i planlegginga • I innbyggjarportalen skal for Alver skal alle planer gjerast tilgjengelig så snart dei er vedteke 6 • Det skal vere system for å følgje planer i prosess digitalt • Det skal leggast tilrette for tidlig involvering i kommunen sine planprosesser • Barn og unge sine stemmer skal ha eit særlig fokus • Vi vil bruke Innovative og kreative medvirkningsmetoder i arbeidet med kommunen sine overordna styringsdokument og planarbeid • Kommunen skal prøve ut ulike arenaer for samskaping i samarbeid med frivillige, organisasjoner og andre aktører 3.4 Planstatus i Radøy, Meland og Lindås Kommuneplanen sin areal del Når kommunar slår seg sammen vil den enkelte kommune sine arealplaner gjelde som før sammenslåinga. Gjeldande arealdeler vil i realiteten bli tre kommunedelplanar i den nye kommunen. Planen vil gjelde det samme arealet som før, den vil være rettslig bindende og styrearealdisponeringa på same måte som før sammenslåingen. Alle tre kommunane har vedteke kommuneplanen sin arealdel i 2019. • Kommuneplan for Lindås, vedteke 15.10.19. • Kommunedelplan Knarvik - Alversund med Alverstraumen vedteke 15.10.19 • Kommuneplan for Meland temarullering, vedteke 16.10.19 • Kommuneplan for Radøy, tema rullering vedteke 20.06.19 7 4 Alver kommune sine utfordringsbilete I nasjonale forventningar til lokal og regional planlegging peikar regjeringen på at vi står overfor fire store utfordringar: • Å skape eit berekraftig velferdssamfunn • Å skape eit økologisk berekraftig samfunn • Å skape eit sosialt berekraftig samfunn • Å skape eit trygt samfunn for alle 8 4.1 Utviklingstrekk i Alver 01.01.2020 er Radøy, Lindås og Meland kommunar blitt Alver kommune. Som ein stor kommune, både geografisk og i folketal, står Alver kommune ovanfor nye utfordringar og moglegheiter. Det er utarbeida eit mogeligheit og utfordringsnotat som tek utgangspunkt i nasjonal og regional statistikk. Målet er å skape eit bilete av den nye kommunen, kva status er, har vore og kva utfordringar og moglegheiter ein ser framover. Ved bruk
Details
-
File Typepdf
-
Upload Time-
-
Content LanguagesEnglish
-
Upload UserAnonymous/Not logged-in
-
File Pages27 Page
-
File Size-