Ny Rettskriving for 2000-Talet

Ny Rettskriving for 2000-Talet

Ny rettskriving for 2000-talet Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet «Det går mangt eit menneske og ser seg fritt ikring for Ivar Aasens skuld.» Tarjei Vesaas Rettskrivingsnemnda for nynorsk Språkrådet Høyringsframlegg, januar 2011 1 Forord Måndag 5. januar 2010 skreiv Språkrådet i ei pressemelding: «Styret i Språkrådet har oppnemnt ei rettskrivingsnemnd som skal laga ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer. (…) Målet er å etablera ei norm som gjer det lettare å vera nynorskbrukar, som er tydeleg for alle som bruker nynorsk som sidemål, og som er stabil over tid. Norma skal vera lett å bruka uavhengig av formell utdanning og språkkompetanse, heiter det i vedtaket frå styret.» Arbeidet er ei oppfølging av St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk, der eitt av dei prioriterte tiltaka er «å setja i gang arbeidet med å førebu ein revisjon av rettskrivingssystemet i nynorsk». Her er nemnda sitt framlegg til ny rettskriving, og vi ber alle som har meiningar om framlegget, om å levere sine innspel innan fredag 25. februar kl. 12.00. Alle innspel må vere skriftlege og helst sendast som vedlegg til e-post. Utgreiingane om kvart emne har fått slik struktur: 1. Status i dag 2. Framlegg til ny rettskriving 3. Normhistorikk 4. Skriftspråkleg tradisjon og praksis 5. Talemålsgrunnlag 6. Vurdering Det er sjølvsagt høve til å kommentere alle framlegga i innstillinga, men nemnda ber særleg om synspunkt på punkta som er lista opp nedanfor: • Berre -leg, ikkje -lig (endeleg, ikkje endelig). • Berre -stilling, ikkje -stelling (framstilling, ikkje framstelling). • Valfri j i verb som leggje/legge og søkje/søke og svake hokjønnsord som bryggje/brygge og enkje/enke. • Former med diftong blir eineformer i ord som drøyme, høyre og køyre. Nemnda har særleg fått innvendingar mot å stryke forma kjøre. • Former som i dag har hovudform med dobbel konsonant og klammeform med enkel, skal i dei fleste tilfelle berre ha forma med dobbel konsonant i den nye rettskrivinga (ramme, danne). • Valfri samsvarbøying i perfektum partisipp av svake verb (Dei er presenterte/presentert). Obligatorisk samsvarbøying i perfektum partisipp av sterke verb (Dei er frosne). Her har nemnda både fått framlegg om å stryke samsvarbøying i sterke verb og framlegg om å innføre full samsvarbøying også i svake verb. • Dykk som subjektsform vert jamstilt med de. Her har nemnda òg fått innspel om å velje dialektformer som dokke(r), dåkke(r) eller dokk. • I nokre høgfrekvente ord gjer nemnda framlegg om å stryke dei jamstelte formene skole og mye, saman med klammeformene [noe(n)] og [bare]. Vi har både fått kraftige innvendingar mot å stryke mykje brukte former, og samstundes fått mange oppmodingar om å stryke nettopp desse. • Kløyvd infinitiv (vera/tenkje) går ut av rettskrivinga. Dette er kanskje det framlegget som har skapt mest diskusjon til no. 2 • I-mål (sola [soli] (bunden form eintal), husa [husi] (bunden form fleirtal)) går ut av den offisielle norma. Målet om å sikre ei norm for heile landet, ikkje berre for dei nynorske kjerneområda, tilseier at vi burde halde på mange av tilnærmingsformene, sjølv om dei er mindre brukte i skriftleg nynorsk. Nemnda har i fleire høve likevel gjort eit anna val, nemleg å vere atterhalden med å gi dei status som jamstilte former i den offisielle rettskrivinga, for å demme opp for praksisen til mange offentlege etatar og læremiddelprodusentar med å velje dei mest bokmålsnære formene. Vi ser fram til eit godt ordskifte og vonar på hjelp til å kome fram til den best mogelege rettskrivinga for framtida. Grete Riise (leiar) Unn Røyneland (nestleiar) Åse Wetås Tore Elias Hoel Ragnhild Bjørge Svend Arne Vee Karin Magnetun Aud Søyland (sekretær) 3 Innhald Forord .................................................................................................................................................................. 2 Samandrag.......................................................................................................................................................... 7 1 Ei norm for 2000-talet ............................................................................................................................ 19 1.1 Bakgrunnen for arbeidet med ei ny norm ............................................................................... 19 1.1.1 Mandat .......................................................................................................................................... 20 1.1.2 Samansetjinga av rettskrivingsnemnda ........................................................................... 21 1.1.3 Dialog og innspel ....................................................................................................................... 22 1.2 Den historiske utviklinga ............................................................................................................... 23 1901–1917 ............................................................................................................................................. 24 1917–1938 ............................................................................................................................................. 24 1938–1959 ............................................................................................................................................. 25 1959–1996 ............................................................................................................................................. 25 1996–2002 ............................................................................................................................................. 26 1.3 Normomgrepet .................................................................................................................................. 26 1.3.1 Kven lagar me norma for? ..................................................................................................... 26 1.3.2 Korleis blir ei norm til? ........................................................................................................... 27 1.3.3 Kven er normagentane? ......................................................................................................... 28 1.4 Valfridom ............................................................................................................................................. 29 1.4.1 Bakgrunnen for valfridom i rettskrivinga ....................................................................... 29 1.4.2 Ideologiske retningar .............................................................................................................. 29 1.4.3 Ulike brukargrupper og brukarønske ............................................................................... 30 1.4.4 Korleis er den faktiske variasjonen? ................................................................................. 30 1.5 Hierarkiet i rettskrivinga ............................................................................................................... 31 1.6 Retningslinjer for arbeidet i nemnda ........................................................................................ 32 1.6.1 Prinsipp for arbeidet ............................................................................................................... 32 1.6.2 Valfrie former eller eineformer? ......................................................................................... 33 1.6.3 Prinsipp om to oppslagsord .................................................................................................. 33 1.7 Kjelder ................................................................................................................................................... 34 1.7.1 Innstillinga Nynorskrettskrivinga ....................................................................................... 34 1.7.2 Det nynorske tekstkorpuset ................................................................................................. 35 1.7.3. Andre kjelder ............................................................................................................................. 35 1.8 Disposisjon i innstillinga ................................................................................................................ 36 4 2 Lydverket ..................................................................................................................................................... 37 2.1 Vokalisme ............................................................................................................................................. 37 2.1.1 Variasjon mellom to vokalar................................................................................................. 37 2.1.2 Diftong eller monoftong ......................................................................................................... 48 2.2 Konsonantisme .................................................................................................................................. 52 2.2.1 Enkel eller dobbel konsonant .............................................................................................. 52 2.2.2 Annan konsonantvariasjon ................................................................................................... 58 2.3 Former med og utan j etter g og k .............................................................................................. 61 2.3.1 J-en er valfri i dagens rettskriving .....................................................................................

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    202 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us