Fylkesmannen I Sogn Og Fjordane 2/13

Fylkesmannen I Sogn Og Fjordane 2/13

Sakshandsamar: Anne Eli Wangen Vår dato Vår referanse Telefon: 57643165 22.06.2018 2018/600- 733.1 E-post: [email protected] Dykkar dato Dykkar referanse Gulen kommune v/ rådmannen 5966 Eivindvik Rapport frå tilsyn med Gulen kommunes helse- og omsorgstenester til heimebuande eldre Fylkesmannen gjennomførte tilsyn med Gulen kommune frå 14.05.2018 til 15.05.2018. Vi undersøkte om kommunens helse- og omsorgstenester til personar over 65 år som bur i eigen eller leigd bustad vert utført i samsvar med krava i helselovgjevinga. Tema for tilsynet var kommunens tiltak for å førebyggje og behandle underernæring, og heimesjukepleietenester til personar over 65 år som har vedtak om hjelp til å administrere legemiddel. Tilsynet vart gjennomført som del av årets planlagde tilsyn initiert av Fylkesmannen. Fylkesmannen peiker på følgjande: Kommunen sikrar ikkje at identifisering av ernæringsmessig risiko og underernæring hjå tenestemottakarar i heimetenestene vert gjort på ein systematisk måte. Dette er brot på: Helse og omsorgstenestelova § 3-1 jf. § 4-1 Forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse og omsorgstenesta §§ 6-9 Manglar ved leiingas styring kan føre til at ikkje alle tenestemottakarar i ernæringsmessig risiko og underernærte vert identifiserte og fanga opp og at dei dermed ikkje får den nødvendige undersøkinga, behandlinga og oppfølginga som dei har behov for til rett tid. Fylkesmannen ventar at kommunen innan 15. august 2018 utarbeider ein framdriftsplan for arbeidet med å rette opp lovbrotet, og at lovbrotet er retta opp innan 01. desember 2018. Telefon 57 64 30 00 Besøksadresse Postadresse Organisasjonsnummer N-974 763 907 Hovudkontor: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger Hovudkontor: Njøsavegen, 2 6863 Leikanger Nettstad fylkesmannen.no/sfj Landbruksavdelinga: Fjellvegen 11, 6800 Førde Landbruksavdelinga: Postboks 14, 6801 Førde E-post [email protected] FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 2/13 Innhald 1. Tilsynets tema og omfang 3 2. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet 3 3. Framstilling av faktagrunnlaget 6 4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag 9 5. Fylkesmannens konklusjon 10 6. Oppfølging av påpeikte lovbrot 11 Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet 12 FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 3/13 1. Tilsynets tema og omfang I dette kapittelet skildrar vi kva som vart undersøkt i tilsynet. Målgruppe for tilsynet var personar over 65 år som bur i eigen eigd eller leigd bustad. Tilsynet omfatta to tema. Det første handla om kommunens tiltak for å førebyggje og behandle underernæring. Det andre tema handla om heimesjukepleietenester til personar over 65 år med vedtak om hjelp til å administrere legemiddel. Fylkesmannen undersøkte om kommunen gjennom systematisk styring og leiing sikrar at personar i målgruppa får forsvarlege helse- og omsorgstenester. Under tema kommunens tiltak for å førebyggje og behandle underernæring undersøkte vi om kommunen sikrar: identifisering av ernæringsmessig risiko og av underernæring oppfølging av tenestemottakarar for å førebyggje og behandle underernæring Under tema kommunens tiltak til personar over 65 år som får hjelp til administrasjon av legemiddel undersøkte vi om kommunen sikrar: oppdatert oversikt over tenestemottakars legemiddelbruk samarbeid med og informasjon til fastlegar og spesialisthelsetenesta om legemiddelbruk (samstemming av legemiddellister) Tilsynet var avgrensa til kommunens heimetenester, som heimesjukepleie, praktisk bistand og matombringing til brukarar med ernæringsrisiko/ ernæringsproblem. Tilsynet omfatta ikkje fastlegane eller spesialisthelsetenesta, utføring av tenestene eller gjennomføring av ernæringsbehandling, enkeltgruppers spesielle ernæringsbehov, etiske spørsmål kring ernæring, krav til pasientsamtykke, eller bruk av tvang etter pasient- og brukarrettslova kapittel 4A. 2. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn med kommunale helse- og omsorgstenester, jf. helsetilsynslova § 2 og helse- og omsorgstenestelova § 12-3. Tilsyn er ein kontroll av om kommunens verksemd er i samsvar med bestemte krav i lov- og forskrift. Nedanfor gjer vi greie for relevant regelverk som vart lagt til grunn i tilsynet. Forsvarlegkravet Kommunen skal sikre nødvendige helse- og omsorgstenester til personer som oppheld seg i kommunen, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-1. Etter helse- og omsorgstenestelova § 4-1 skal «Helse- og omsorgstjenester som tilbys eller ytes etter loven her skal være forsvarlige». Forsvarleg verksemd inneber å følgje lovkrav og faglege normer. Kva som er forsvarleg verksemd må avgjerast konkret i kvart tilfelle ut i frå anerkjent fagkunnskap, faglege retningsliner og allmenngyldige samfunnsetiske normer. Kravet endrar seg i takt med utviklinga av fagkunnskap. Nasjonale faglege retningslinjer, rundskriv og faglege rettleiarar gjev uttrykk for fagleg god praksis og det myndigheitene meiner er i samsvar med krav i lovgjevinga. Sjølv om retningslinjene ikkje er rettsleg bindande, vil dei vere normerande og retningsgjevande for kva som til vanleg er å rekne som fagleg god praksis. Avvik frå retningslinjene bør grunngjevast. Helsedirektoratet har utarbeidd FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 4/13 nasjonale faglege retningslinjer for førebygging og behandling av underernæring (IS-1580). Desse retningslinjene uttrykker god praksis på området og utgjer såleis kjernen i forsvarlegkravet. Grunnleggande behov Kvalitetsforskrifta skal bidra til å sikre at personar som mottek helse- og omsorgstenester frå kommunen får ivareteke sine grunnleggande behov. Med grunnleggande behov nemner forskrifta mellom anna fysiologiske behov, som tilstrekkeleg ernæring, (mat og drikke), variert helsefremmande kosthald, rimeleg valfridom når det gjeld mat, tilpassa hjelp ved måltid og nok tid og ro til å ete. Etter forskrifta § 3 skal kommunen ha skriftlege prosedyrar som søker å sikre at tenestemottakarane får dei tenestene dei har behov for og krav på. Kommunen må sikre at tenestemottakarar vert kartlagt for ernæringsmessig risiko ved vedtak om tildeling av heimesjukepleie og deretter jamleg kvar månad eller etter eit anna individuelt opplegg som er fagleg grunngjeve. Kartlegginga skal gjennomførast på ein systematisk måte, gjerne ved bruk av eigna kartleggingsverktøy. Resultatet av kartlegginga skal vurderast av kvalifisert helsepersonell. Tenestemottakarens ernæringsstatus skal identifiserast. Tenestemottakarar som er identifiserte til å vere i ernæringsmessig risiko eller er underernærte skal følgjast opp med relevante og individuelt tilpassa tiltak. Kommunen skal også fange opp endringar i behov hjå tenestemottakarane. Avgjerder om vidare utgreiingar, iverksetting og oppfølging av individuelle og målretta tiltak skal utførast av kvalifisert helsepersonell. Dei kommunale helse- og omsorgstenestene skal legge til rette for ei eldreomsorg som sikrar den enkelte tenestemottakar eit verdig og så langt som mogleg meiningsfullt liv i samsvar med sine individeulle behov, jf. verdigheitsforskrifta § 2. Tenestetilbodet skal innrettast i respekt for den enkelte sin sjølvråderett, eigenverd og livsførsel og sikre at medisinske behov vert ivaretekne. Mellom anna skal omsynet til eit variert og tilstrekkeleg kosthald og tilpassa hjelp ved måltid ivaretakst, jf. forskrifta § 3. Samarbeid og samhandling Kommunen skal legge til rette for samhandling mellom ulike deltenester i kommunen og med andre tenesteytarar der dette er nødvendig for å kunne tilby forsvarlege tenester, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-4. Dette betyr at kommunen må sikre at tenestemottakarar som kun får praktisk bistand vert fanga opp dersom dei er i ernæringsmessig risiko eller er underernærte. Kommunen må difor ha rutinar som sikrar samarbeid og kommunikasjon mellom heimesjukepleietenesta og personell som yter praktisk bistand. Rutinar må vere kjende og verte brukt av alle tilsette. Personell som yter praktisk bistand må ha fått nødvendig opplæring om tema. Det kan vere ulike medisinske årsaker til at tenestemottakarar er i ernæringsmessig risiko eller er underernærte. Til dømes kan fleire kroniske sjukdommar og/eller legemiddelbruk medverke til nedsett matlyst og kvalme, som igjen kan føre til at ein ikkje får tilstrekkeleg ernæring. Kommunen må sikre at heimebuande tenestemottakarar får nødvendig undersøking og behandling av fastlegen. Ansvarleg leiar må sikre at den enkelte som er i ernæringsmessig risiko eller er underernært får nødvendig legetilsyn dersom fastlegen ikkje alt er kjend med problemstillinga og følgjer opp pasienten. Dette er regulert i forskrift om lovbestemt sykepleietjeneste i kommunens helsetjeneste § 4 og kvalitetsforskrifta § 3 som krev at kommunen må ha skriftlege prosedyrar som søker å sikre nødvendig medisinsk undersøking og behandling. Brukarmedverknad FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 5/13 Pasient- og brukarrettslova regulerer pasient, brukar og pårørande sine rettar. Pasient og brukar har etter lova rett til nødvendige helse- og omsorgstenester frå kommunen. Dei har også rett til eit verdig tenestetilbod, jf. § 2-1 a. Pasient eller brukar har rett til medverknad, jf. § 3-1. Pasienten skal ha den informasjonen som er nødvendig for å få innsikt i helsetilstanden sin og innhaldet i helsehjelpa, jf. § 3-2. Hovudregelen for å kunne yte helsehjelp er pasientsamtykke, jf. § 4-1. Kommunen må gjennom styringa si legge til rette for at tenestemottakarane får høve til å medverke ved gjennomføringa av helse- og omsorgstenestene og legge til rette for at pasienten gjev informert samtykke. Dokumentasjon og journalføring Kommunen må ha eit pasientjournalsystem

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    13 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us