Årsmelding Frå Styret 2010

Årsmelding Frå Styret 2010

Stryn Fotball Årsmelding 2017 Glede - Engasjement - Gode opplevingar Årsmelding frå styret 2017 Styret Styret i Stryn Fotball hadde følgjande samansetnad i 2017: Styreleiar Torstein Tvinnereim Nestleiar/kvalitetsklubbansvarlig Evy M. Rossetvik Styremedlem/økonomiansvarlig Ivar Paulsen Styremedlem/arrangementsansvarlig Bente Frøholm Styremedlem/sportsleg leiar Are Njøten Valnemnd: Brynjar Flo (leiar) Anders Maurset Halvard Bøe Marthe Rekdal Organisasjon og leiing i Stryn Fotball Styret Styreleiar Torstein Tvinnereim Økonomi og Sportsutvalet Arrangementsutvalet Nestleiar Organisasjonsutvalet Kvalitetsklubbansvarleg Are Njøten Bente Frøholm Ivar Paulsen Evy M. Rossetvik Alle i styret er leiar for kvart sitt utval, unntatt styreleiar og nestleiar/kvalitetsklubbansvarleg. Dei forskjellige utvala har vore sett saman slik: Økonomi- og organisasjonsutvalet Leiar Ivar Paulsen Medlem Organisasjonsutvikling Medlem Rune Sandbakk Ivar Paulsen Knut Henning Hjellbakk Hovudkasserar/lotteri John Os (Tilsett) Sportsutvalet Leiar Are Njøten Sportsansvarleg Senior Sportsansvarleg Medlem Sportsansvarleg Damer Dommaransvarleg Aldersbestemt Per Ole Tenden Roy Veamyhr Guttorm Sæbø Olav Næss Roar Haugstveit Arrangementsutvalet Leiar Ansvarleg kamparrangement Bente Frøholm Ansvarleg Medlem Ansvarleg Kiosk Medlem Medlem arrangement Jarl-Even Eide Bente Bjerkenås Kjell Anders Vaage Hege Myklebust Evy M. Rossetvik Pettersen Medlem Medlem Kamilla Rake Edel Rekdal Inkluderingsutvalet Leiar John Os Medlem Medlem Medlem Joanna Wach Siv Otterdal Bøe Heidi Anita Aarset Stryn Fotball har også eit eige Fair Play-utval med fokus på Stryn Fotball som ein Fair Play-klubb: Fair Play-Utvalet Leiar Martin Hopland Medlem Medlem Hilde Konstali-Lødemel Nella Katrin Flo Tonning Tilsette i Stryn Fotball: Stryn Fotball hadde i 2017 3 tilsette: John Os som daglig leiar (100%) Johann Sigurdsson som herretrenar med nokre tilleggsoppgåver innanfor sportslig utvikling Martin Knutsen Dolvik som Trenerrettleiar jenter, spelarutviklar og Assistentrenar herrelag. Stillingsfunksjonen som Trenerrettlear jenter er delvis finansiert gjennom støtte frå NFF Sogn og Fjordane. Arbeid i styret og utvala: Styret har i 2017 hatt 10 styremøter. I tillegg til styret har også dagleg leiar deltatt på styremøta. Av saker og prosjekt som styret/utvala har jobba med i 2017 kan spesielt nemnast: Kick-Off Aldersbestemt: For tredje år på rad gjennomførte Stryn Fotball Kick Off for Aldersbestemt fotball. I 2017 vart det bestemt at Kick-off kun skulle omfatte barnefotballen (6-12 år). Dette vart gjort for å få ein best mogleg opplevelse for dei yngste spelarane og foreldra deira. Alle laga gjennomførte trening med sine trenarar og faddarar frå herre- og damelaga, og alle fekk frukt etter treninga. Det var også gjennomført foreldremøte for foreldra til dei nye 6-åringane. Avslutning Aldersbestemt: Det er også blitt tradisjon i klubben med felles avslutning for dei aldersbestemte laga våre. Dette foregjekk i Strynehallen og samla spelarar, trenarar, lagleiarar, foreldre og besteforeldre til ei triveleg stund. Her var det utdeling av diplomar, pokalar og utmerkingar til spelarar, trenarar og lagleiarar i tillegg til leikar og servering av frukt og kaffi. Årets beste lag på merketaking 2017: Gutar/jenter 6 år Fair Play-prisar: Stryn Fotball har faste utdelingar av Fair Play prisar i løpet av sesongen. Medlemmar sender inn kandidatar til Fair Play-utvalet som deler ut prisane på Kretsligakampar 4 gonger i året. Også i 2017 vart det delt ut Fair Play-prisar og følgande kunne motta velfortjent pokal denne sesongen: Jens Aarnes Kleppe, Miguel Bravo, Sigve Heggdal Aabrekk, Oliver Kirkeeide Næss og Hedda Belden Ulen. Alje me’-turnering: Alje me’-turneringa til Stryn Fotball vart arrangert for andre gong 30.september 2017. Til saman 12 lag frå Stryn, Volda, Ulsteinvik og Skei var påmelde til turneringa. Bakgrunnen for Alje mè-turneringa er at ein ynskjer å gje alle som er glade i fotball ei turnering. Her deltar vennegjengar, bedriftslag, grendalag osv, og innsatsen og vinnarinnstinktet er minst like stort som i andre turneringar. Finalen i år vart spelt mellom Bøagjengen og Ytreeide og Co og det var Bøagjengen som til slutt stakk av med sigeren i årets turnering. Vinnar Alje mè – turneringa 2017: Bøagjengen Kunstgrasdekke på Stryn Stadion: Våren 2017 starta arbeidet med å legge kunstgras på Stryn Stadion. Bana vart flytta nokre meter lenger nord, og med god hjelp frå dugnadsvillige stryningar var den nye kunstgrasbana klar til bruk i starten av juni. Det var G11 som fekk æra av å spele den fyrste kampen på bana når dei møtte Sandane 9.juni. Med stor aktivitet og mange lag som skal trene og spele kampar, var det stort behov for nytt kuntstgrasdekke på Stadion. Det har har vore utfordrande å få avvikla treningar og kampar, i og med at ein ikkje har kunne nytta grasbana i så stor grad som ein har kunne ynskje. Med det nye dekke på plass vil laga få betre treningsforhold samtidig som dei fleste kampane til laga våre vil bli spelt på Stryn Stadion, som vil gje ei flott ramme rundt kampane også i aldersbestemt fotball. Streaming av kampar: Stryn Fotball starta i 2017 opp eit samarbeid med Radio Stryn om streaming av kampar. Ein gjekk i fellesskap til innkjøp av nødvendig utstyr og 2017 vart nytta til å prøve og feile litt i forholde til mulighetane ved streaming. Samtlege Kretsligakampar, både heime- og bortekampar, vart streama og sendt live på internett. Ein erfarte at systemet ikkje alltid fungerte optimalt, og i enkelte kampar fungerte streaminga dårleg. Ein fekk imidlertid løyst dei problema, og mot slutten av sesongen var bildekvaliteten på sendingane veldig bra, slik at ein ynskjer å fortsette med og utvikle dette i 2018. Messecafeen: Vi takka ja til å overta drifta av Cafeen i Strynehallen under Strynemessa, og har inngått ein 3-års avtale med Stryn Aktivitetsselskap v/Jørn Sønsterudbråten om dette. Dette er eit krevande arrangement, med mykje planlegging og dugnasinnsats. Veldig mange stilte på og hjalp til i cafeen, med matlaging, rigging og opprydding. Fluor-Lux bidro med dekorering og vi fekk veldig mykje skryt og gode tilbakemeldingar på cafeen vår. Overskotet fyrste året var på kr 35.000, og etter kvart som ein lærer litt om dette, ser ein potensiale i å tene enda meir på Messecafeen. Trenerrettleiar jentefotballen: Stryn Fotball var ein av 3 klubbar i NFF Sogn og Fjordane som fekk støtte frå Kretsen til eit nytt prosjekt for å styrke jentefotballen i fylket. Klubbane ansatte ein person i rolla som Trenerrettleiar jenter og fekk tildelt midlar frå Kretsen til lønnsutgifter. I Stryn fekk Martin Knutsen Dolvik denne jobben med ansvar for rettleiing og utvikling av trenarar og spelarar på jentesida i klubben vår. Etter eit år ser vi at dette prosjektet er nyttig og utviklande, og spesielt i ungdomsfotballen har vi sett gode resultat av arbeidet. Dolvik har imidlertid fått seg ny jobb i Bergen og Katrin Oppheim har overtatt denne stillinga i Stryn frå 2018. I tillegg til desse sakene har styret og utvala også arbeidd med: Økonomiutvalet: - økonomistyring/budsjett - sponsoravtalar - utvikling av organisasjonen - støttefunksjon mot arrangement Sportsleg utval: - tilrettelegging av den daglige fotballaktiviteten på alle nivå - trenarkurs - 3v3-turneringar for dei minste borna Arrangementsutvalet: - Flo Aktiv - kiosk/kioskvogn - arrangement av: - heimekampar i Kretsligaen og 5. divisjon herrar og 3.divisjon damer - Kongleriket miniputt-turnering - Proff-veka - Coerver fotballskule Vi har også delteke på eksterne møter som: - Terminlistemøter - Fair Play Kick Off - Kick-Off Kongleriket Miniputt turnering - Møter ang Arena Stryn - Kretstinget i Førde - Møter vedr Trenerutvikler jenter Prisar og utmerkingar på Kretstinget: Stryn stilte med 6 representantar på Kretstinget i Førde 24.-25.november. Særs kjekt var det då at Stryn Fotball gjorde seg meget godt bemerka med mange prisar og utmerkelsar til både klubb, trenarar og spelarar. Her er ein oversikt over dei prisane vi fekk: - Arrangementsprisen for Kretsligaen 2017 - Årets Fair Play-klubb 2017 - Årets trenar aldersbestemt – Are Njøten - Blå diplom – Guttorm Sæbø, Halvard Bøe, Hallvard Skrede, Arnt Magne Fredheim - Beste klubb merketaking - Årets Firda-stjerne – Mads Wie - KM-pokalar til - Jenter 15/17 – 11ar - Gutar 15/17 – 9ar - Gutar 13/14 – 11ar Nella Katrin Flo Tonning og Hilde Konstali-Lødemel har mottat Fair Play prisen på vegne av klubben Mangfaldet i prisar visar at det blir jobba godt på mange områder i klubben. Arrangementsprisen og Fair Play prisen viser at vi har ein organisasjon som fungerer godt, og prisen for Årets trenar og KM- pokalane viser også at vi er konkurransedyktige også på den sportslege delen av klubbdrifta. Sportsutvalet Stryn fotball jobbar godt og langsiktig med å tilrettelegge for best mogleg sportsleg tilbod. Vi har jente- og gutelag i alle klasser fra 6 år og oppover. I år hadde vi for første gong i historia 2 11èr jente lag påmeldt i jenteserien (15-17 år)! Vi baserar oss på foreldretrenarar og lagleiarar som alle gjer ein kjempeviktig og god jobb i klubben. Vi har i år hatt Martin Knutsen Dolvik som trenar- og spelarutviklar, som har vært med å på å heve det sportslege tilbodett og lagt føringer for korleis vi skal vidareutvikle prosjektet han har starta på gjennom kretsen. Stryn fotball vart i 2016 kvalitetsklubb og dette har medført at vi har utdanna og utvikla både leiarar og trenarar i klubben ved at dei har gjennomgått kurs ( barnefotballkvelden, ungdomsfotballkvelden, c-linsens). Vi har fått ein levande sportsplan som er grunnmuren i kva retning vi ynskjer den sportslige utvikling og satsning skal gå. Vi har hatt 3 trenerforum i 2017 og vi har eit levande og kompetent trenermiljø. På årets evaluering av sesongen møtte 26 trenarar til ei fagleg evaluering og sosial samling. I år brukte vi evalueringsskjema ut til spelarar og foreldre, og nærare 200 gav tilbakemeldinger som vi vil bruke vidare i planlegging. Vi jobber med å få fleire trenarar på feltet pr lag, for å auke kvaliteten på alle treningar. Vi har også i år hatt laurdagstreningar frå april til oktober med 15-60 spelarar på trening. Her har treneroppgåvene rullert på laga. Sportsutvalet har også arrangert 3 mot 3 turneringer på stadion.

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    46 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us