skik SOGN OG FJORDANE DISTRIKTSHØGSKULE, Avdeling for landskapsokologi Kulturlandskap og kulturmarkstypar i Gulen kommune Turid Helle -~ ¶~! - ~.. ~ - ~. ~ I ~ SamarbeidsgruppaiSogn og Fjordane KULTURLAN DS KAP I Fylkeskultursjefen F~ikesradmannen~pianavdeIinga SOGN OG FJORDANE Fylkesnannen-Miljovernavdelinga Sogn og Fjordane distriktshogskule Bruk og vern. Rapport nr. 1 7 REFERAT Helle, T. 1991: Kulturlandskap og kulturmarkstypar i Gulen kommune. Kulturlandskap i Sogn og Fjordane, bruk og vern. Rapport 17. Sogn og Fjordane distriktshogskule. Avdeling for landskapsøkologi. Gulen kommune har eit variert utval av kulturlandskap og kutturmarkstypar. Dette skuldast mellom anna topografiske variasjonar i kommunen, samt vekslingar i berggrunn, klima og vegetasjon. Utnyttinga av naturgrunnlaget og driftsformene i landbruket er tilpassa både kyst- og innland. Ved utveljing av typeområde er det lagt vekt på å sikre ei geografisk spreling, samt presentere område med høgt biologisk mangfald. Områda er også vurderte med tanke på kulturhistorisk/-etnologisk verneverdi, visuell verknad i landskapet og i høve til friluftsliv og reiseliv. I Gulen er 17 typeområde presenterte. Fem av desse representerer heilskaplege gards- og husmannsmilje, medan to er knytte til stelsmilje. Del andre områda omfattar kulturmarkstypar som slåtteenger, hagemarker, lyngheier, torvmyrar og beitemarker. Kvart typeområde er skildra med omsyn til karaktertrekk, historisk bakgrunn, tilstand og eigna bruk. Naudsynte skjetselstiltak for å bevare typen er skissert. Detaljerte skjøtselsplanar særleg for dei heilskaplege kulturlandskapsmiljea bør utarbeidast. Val av forvaltningsmodell for dei ulike områda vil i stor grad vere avhengig av politiske avgjerdsler og prioriteringar både nasjonalt, fylkeskommunalt, kommunalt og lokalt. Tund Helle, Sogn og Fjordane distriktshøgskule, Postboks 39, 5801 Sogndal. ABSTRACT Helle, T. 1991: Cultural landscape in Gulen municipality. Cultural landscape in Sogn og Fjordane, maintenance and conservation. Report no. 17. Sogn og Fjordane College. Department of landscape ecology. There is a wide range of different cultural landscapes in Gulen municipality, especially types related to the coastal climate. The diversity is a result of topographic variations within the municipality, a diversity of geological and climatic conditions, and differences in vegetation. The explotation of natural resources and agricultural methods are well adapted to the landforms. The topography in the region changes from a steep coastline in the west, to the fjordregions in the east. The type areas have been selected to ensure geographical dispersion, and to show a diversity of scientifically interesting biotops with a high diversity. The areas have also been evaluated from a historical/etnological point of view and in relation to recreational values. Seventeen type areas of cultural landscapes and human-influenced vegetation types in Gulen municipality are described in detail. These represent farm environments and mountain dairy farms including valuable buildings, stonewalls etc. Other areas include various types of hay meadows, pastures and heat-lands formerly used for fodder production and peat-mires. For each type area, important characteristics are described in addition to historical background and information of land use today. Desirable forms of development and necessary management to maintain the quality of the areas are also described. DetaIled management plans should be drawn up. The choice of management model for the different areas will depend on political decisions and priorities at the national, regional and local levels. Tund Helle, Sogn og Fjordane College, Box 39, N-5801 Sogndal. FØREORD Rapporten omfattar inventenngar og vurderingar av 17 utvalde kulturlandskap og kulturmarkstypar i Gulen kommune, Sogn og Fjordane fylke. Rapporten fylgjer som nr. 17 i ein serie frå prosjektet ‘Kulturlandskap i Sogn og Fjordane, bruk og vern’. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Fylkeskultursjefen, Fylkeslandbrukssjefen, Fylkesrådmannen - Planavdelinga, Fylkesmannen - Miljøvernavdelinga og Sogn og Fjordane distriktshegskule. Vedrerande drift og vedlikehald av tradisjonelle og verdfulle kulturlandskap og kulturmarkstypar kan det søkjast om tilskot frå Statens forhandlingsutval til drift som kan stimulere til å halde i hevd driftsformer eller element og areal som har kulturhistorisk verdi. For å få tildelt slike tilskot er kravet at det vert utarbeidd detaljerte skjøtsels- og driftsplanar for kulturmarkstypane og kulturlandskapet. Slike planar vert m.a. utarbeidde av Sogn og Fjordane distriktshøgskule, avdeling for landskapsekologi. Sogn og Fjordane distriktshøgskule ved fyrsteamanuensis lngvild Austad har det faglege ansvaret for prosjektet “Kulturlandskap i Sogn og Fjordane, bruk og vern”. Takk til gardbrukarar og alle andre som har gjeve opplysingar om typeområda. Takk også til Gulen kommune for positivt samarbeid. Der ikkje anna er nemnt er det nytta eige fotomateriale. Framsidebiletet syner kulturlandskapet på Hule. Sogndal, desember 1991. Turid Helle. INNHALD 1. INNLEIING 1.1 Problemstilling 6 1.2 Målsetjing 6 1.3Avgrensing 6 1.4 Kulturlandskapet i Sogn og Fjordane 7 1.5 Kulturmarkstypar i Sogn og Fjordane 8 2. PRESENTASJON AV GULEN KOMMUNE 2.1 Lokalisering og nænngsgrunnlag 12 2.2 Klima 14 2.3 Naturtilheve 14 3. KULTURHISTORIE 3.1 Gulatinget 17 3.2 Tettstaden Eivindvik 17 3.3 Skjerjehamn - “et Skyds Skiftested” 18 3.4 “Den Trondhjemske postvei” 20 3.5 Byrknesøy - ei fiskarbygd 20 3.6 Tunet Molde - stein på stein 21 3.7 Bergens Træskofabrik, meller og sagbruk 23 3.8 Brekkestranda 23 4. PLANARBEID 4.1 Verna område 24 4.2 Naturvern og friluftsliv 24 4.3 Kulturminne 25 4.4 Kommuneplanar 27 5. SÆRTREKK VED LANDSKAPET 5.1 Landskapstrekk 28 5.2 Kulturhistonsk bruk av landskapet 28 5.3 Kulturlandskapet 31 6. TYPEOMRADA 6.1 Hille, øybruk 35 6.2 Randal, heilskapleg kulturlandskap 39 6.3 Brekka - Fivelsdal, jordnetteng/husmannsplass 44 6.4 Merkesdal, beitemark/myrslått 47 6.5 Glenja, lynghei/hagemark med furu 51 6.6 Hamreskorane - Slengesolkletten, open beitemark 54 6.7 Nyset, heilskapleg kulturlandskap 58 6.8 Svaberg, jordnetteng 62 6.9 Eivindvik, jordnøtteng 65 6.10 Kyrkeyna - Rutletangane, heilskapleg kulturlandskap 69 6.11 Steintåna, hagemark 74 6.12 Hamneneset, beita strandeng 77 6.13 l-Iauglandsstelen, sommarstel 80 6.14 Verlonene og Roll-lonene, myrslåtteeng 84 6.15 Steinsdalen, hagemark med furu/stelar 87 6.16 lnstefjord, open beitemark/hagemark 92 6.17 Bakkane - Asheim, utslåttarhagemark 96 7. SAMANDRAG 99 LITTERATUR 103 1. INNLEIING 1.1 PROBLEMSTILLING Sogn og Fjordane er eit fylke der natur- og kulturtilheva har medverka til å oppretthalde tradisjonelle driftsformer i landbruket. Samstundes er det eit fylke rikt på verneverdige bygningsmiljø og einskildbygningar. I fylket finst det framleis eldre kulturmarkstypar med særskilde verdiar knytte til seg. Nokre avspeglar landbruks- og kulturhistone, andre er viktige leveområde for planter og dyr. Kulturlandskapet er og ettertrakta opplevings- og turområde veleigna til friluftsliv. I tillegg er del ofte attraktive reiselivsmål. Eldre kulturlandskap og kulturmarkstypar er idag sterkt pressa og i ferd med å forsvinne frå omgjevadane våre, både gjennom attgroing, stans eller endring av tradisjonelle driftsformer, eller ved omfattande inngrep. Vi står såleis i ferd med å misse viktige referanseområde, samt vegetasjonsøkologisk- og kultur- historisk dokumentasjonsmateriale. Ressursane som ligg i kulturlandskapet har fram til i dag yore lite påakta. 1.2 MALSETJING Eit viktig mål med prosjektet er å få fram heilskapen I kulturlandskapet der m.a. fornminne, bygningar, tekniske anlegg (som td. vegar, vatningsveiter og steingardar) og kulturpåverka vegetasjon utdjupar og forsterkar kvarandre. Målet er i fyrste rekkje å registrere interessante kulturlandskapselement i del einskilde kommunane i fylket og synleggjere dei ressursane som ligg i kultur- landskapet. I neste omgang vonar ein at ein i nokre modellområde kan prøve ut metodar for å utnytte kulturlandskapet positivt i høve til landbruk, reiseliv, kuIturmi nnevern, rekreasjon-Ifriluftsliv/helse/nærmilje, undervisning og forsking. Målsetjinga er å sikre elt representativt utval av kulturlandskap og kultur- markstypar i kvar kommune. Dette kan best gjerast ved også å sikre og oppretthalde tradisjonelle driftsformer, evt. skissere alternative forvaltnings- og bruksformer. 1.3 AVGRENSINGAR Innanfor dei oppsette tids- og budsjettrammene for prosjektet er det ikkje rom for detaljerte registreringar og kartlegging av samtlege interessante kulturland- skap og kulturmarkstypar i kvar kommune. Ein tek likevel sikte på å finne fram til eit representativt utval som både har geografisk spreiing i kommunen og som også fangar opp ulike typar av heilskaplege kulturlandskap og kultur- markstypar. 6 Registreringsarbeidet byggjer på ei vegetasjonsøkologisk, kulturhistorisk og landskapsestetisk vurdering. 1.4 KULTURLANDSKAPET I SOGN OG FJORDANE I fylgje Austad & Hauge (1989) kan kulturlandskapet i Sogn og Fjordane delast opp i fire hovudeiningar: 1. Kystkulturlandskapet. Dette er helst eit trebart landskap dominert av Iyngheiar, strandenger, torvmyrar og beitemark. Landskapet er i fyrste rekkje prega av fiske, men avspeglar og jordbruk og handel. Dome på heilskaplege kulturlandskap knytt til kystkulturen er m.a. rorbumlljo, fyrvær, fiskevær, handels- og gjest-gjevarstadar og kombinasjonsbruk (jord- bruk og fiske). Av kulturmarkstypar finst m.a. lyngheiar, torvmyrar, slåtte- myrar,
Details
-
File Typepdf
-
Upload Time-
-
Content LanguagesEnglish
-
Upload UserAnonymous/Not logged-in
-
File Pages98 Page
-
File Size-