RÅDSMEDLEMMENE INNKALLING TIL RÅDSMØTE Dato: Torsdag 30.03.2017 Klokka 09.00 – 12.00 Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus Møteplanen i Hardangerrådet godkjent 15.09.2016 gjeld som møteinnkalling. Agenda: 09.00 – 11.00 Sakshandsaming 11.00 – 12.00 Orientering frå Statens vegvesen og Hordaland fylkeskommune om: - Vegruter og visningsmål på fylkesvegnettet. - Endring av vegnummer på deler av fylkesvegnettet 12.00 – 13.00 Lunsj 13.00 – 15.00 Årsmøte Hardangerrådet IKS Saker til handsaming: HR-sak 07/17 Saker innmeldte ved starten av møtet. Vert tatt opp under sak 61/16. HR-sak 08/17 Meldingar HR-sak 09/17 Uttale frå Hardangerrådet til Regional Transportplan for Hordaland HR-sak 10/17 Søknad om støtte til fotoprosjekt. HR-sak 11/17 Orientering om viktige politiske saker i kvar kommune og i Hordaland fylkeskommune – Orientering ved kvar ordførar. HR-sak 12/17 Orienterings- og drøftingssaker Forfall må meldast Hardangerrådet v/Trude Rinaldo tlf 53 67 14 50 Varamedlemmene møter etter særskild innkalling. Kinsarvik 23. mars 2017 Jon Larsgard/s Jostein Eitrheim Rådsordførar Dagleg leiar Møtedato 30.03.2017 Saksansvarleg Trude Rinaldo HR-sak 08/17 Meldingar Melding 1 Informasjon om vedtak av regional planstrategi 2016-2020 til høyringsorgana frå Hfk av 17.1.2017 Melding 2 Tilbakemelding frå etablerar «Bukken AS» av 01.02.2017 Melding 3 Uttale frå HU om helsesøster på skulane i Hardanger Melding 4 Avslag på søknad om etablerartilskot etableraropplæring frå Hfk 10.02.2017 Melding 5 Uttale frå HU om Ambulanse og responstid i Hardanger, sendt til Helse Fonna, Helse Bergen og Helse Vest 16.03.2017 Melding 6 Uttale frå HU om Akuttkirurgi i Odda sendt Helse Fonna og Helse Vest 16.03.2017 Møtedato 30.03.2017 Saksansvarleg Jostein Eitrheim HR-sak 09/17 Høyringsuttale frå Hardangerrådet vedr. Regional Transportplan Hordaland 2018 - 2029 Saksvedlegg: Høyringsdokument http://www.hordaland.no/globalassets/for-hfk/plan-og-planarbeid/regionale-planar-under- arbeid/regional-transportplan/rtp-2018-2029_planforslag.pdf Høyringsbrev Planforslag Saksutgreiing: Hardangerrådet er på same måte som kommunane i Hardanger oppmoda om å senda høyringsuttale til planforslag Regional Transportplan Hordaland 2018 – 2029. Høyringsfrist er 7. april. Så langt dagleg leiar kjenner til har ingen kommunar/herad fatta vedtak om kommunal uttale og det opnar for at ein i dette møtet kan vedta nokre fellespunkt som gjeld heile regionen og som kan takast inn i kvar kommune/herad sin uttale Dagleg leiar presenterer i møtet dei tema i planen som har størst innverknad for Hardangerregionen. Saksvurdering: Framlegg til vedtak: Saka vert lagt fram utan forslag til vedtak. SAMFERDSELSAVDELINGA Transportplanseksjonen - SAMF AVD Sjå adresseliste Dato: 24.02.2017 Vår ref.: 2015/10633-29 Saksbehandlar: marerik Dykkar ref.: Regional transportplan Hordaland 2018-2029 Høyring av planforslag Planforslag til Regional transportplan Hordaland (RTP) 2018-2029 er no på høyring, jamfør vedtak i fylkesutvalet 23. februar 2017. Vi inviterer kommunar, statlege etatar, organisasjonar og andre interesserte til å komme med innspel til utvikling av transportsektoren i Hordaland. Høyringa er open for alle. Innhald Regional transportplan Hordaland 2018-2029 er ei rullering av Regional transportplan Hordaland 2013-2024 og er ein langsiktig regional strategiplan for utvikling av transportsektoren i Hordaland. Planen inneheld mål til alle relevante delar av transportsystemet, samt strategiar, overordna prioriteringar og tiltak som viser korleis måla skal følgjast opp. Planen legg grunnlag for fylkeskommunen sine prioriteringar gjennom handlingsprogram og budsjettvedtak, samstundes som den skal gje innspel og føringar til prosessar som gjeld Hordaland, men som ligg utanfor fylkeskommunen sitt direkte ansvarsområde. Handlingsprogram for RTP omhandlar aktuelle utgreiings- og utviklingsoppgåver, omtalt om tiltak, og er vedlegg i planforslaget. I tillegg vert det utarbeida eit eige investeringsprogram for fylkesvegnettet, som skal på høyring hausten 2017. Prioritering av konkrete prosjekt, basert på føringar i RTP, vert presentert i investeringsprogram for fylkesvegnettet. Om tilhøve til Regional areal- og transportplan for Bergensområdet Regional areal- og transportplan for Bergensområdet (RATP) er sendt ut på ei avgrensa høyring i perioden 20. februar til 1. april 2017. Informasjon om planarbeidet er tilgjengeleg på våre heimesider: www.hordaland.no. Kap. 7 i RTP, Transport i Bergensområdet, og kap. 4.3 i RATP, Regionalt transportsystem, er utarbeida som eit felles kapittel for desse to planane. Eventuelle endringar, som følgje av høyringa, skal koordinerast fram mot endeleg vedtak av begge planane i fylkestinget i juni 2017. Særskilte tema og spørsmål i høyringa Med endring i opplegg for og utforming av handlingsprogram og investeringsprogram, vert det lagt opp til eit skilje mellom strategiske diskusjonar og prioritering av konkrete prosjekt. Planforslaget er i all hovudsak eit overordna strategisk dokument. Fylkeskommunen ønskjer i særleg grad innspel på mål, strategiar, overordna prioriteringar og tiltak. Praktisk informasjon På våre heimesider, www.hordaland.no/transportplan, er det oppretta ei eiga høyringsside med informasjon om planforslaget og dei ulike måtane ein kan sende høyringsinnspel på. Her er det òg mogleg å laste ned elektronisk versjon av planforslaget. Me ber høyringspartane om å sende høyringsinnspel elektronisk på e- post til [email protected]. Alle høyringsinnspel må merkast 2015/10633. Hordaland fylkeskommune Agnes Mowinckels gate 5 Tlf: 55 23 90 00 Foretaksnr. NO 938 626 367 mva. SAMFERDSELSAVDELINGA PB 7900 e-post: [email protected] Kontonr. 5201 06 74239 5020 Bergen www.hordaland.no Side 2/2 Høyringsfrist er 7. april 2017, med sikte på endeleg vedtak av planen i fylkestinget i juni 2017. Kontaktperson: Marte Hagen Eriksrud, tlf. 55239075, [email protected]. Thorbjørn Aarethun Leiar Marte Hagen Eriksrud Rådgjevar Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Vedlegg 1 Adresseliste Hordaland fylkeskommune Agnes Mowinckels gate 5 Tlf: 55 23 90 00 Foretaksnr. NO 938 626 367 mva. PB 7900 e-post: [email protected] Kontonr. [xxxx xx xxxxxx] 5020 Bergen www.hordaland.no Møtedato 30.03.2017 Saksansvarleg Jostein Eitrheim HR-sak 10/17 Søknad om støtte til fotoprosjekt Saksvedlegg: Budsjett: feltarbeid, utstilling og bokutgivelse Presentasjon Odda kommune CV Luca Berti Saksutgreiing: Hardangerrådet v/ leiar i Hardanger Kulturråd har mottatt slik søknad frå Luca Berti: Hej Lisbeth! Tak for telefonsamtale. Jeg har fået din kontakt fra Else Marie Sandal ved Odda Kommune. Som sagt er mit navn Luca Berti, jeg er en kunst fotograf bosat i København. Jeg skriver til dig pga mit foto projekt “Hardenger i det 21. Hundreåret”. Projektet er en kunstnerisk, etno- historisk dokumentation af kultur landskab, traditionelle arkitektur og mennesker i hverdags omgivelser i alle de kommuner i Hardanger. Jeg var allerede i Odda Kommune til at fotografere i sidste september 2016 i anledning til en foredrag som jeg havde på Sentralbadet Litteraturhus. Projektet er tænkt som en fotografisk cykelrejse igennem de 7 kommuner i Hardanger. I 2017 planlægger jeg to 14 dage rejser, den første i slutningen af april og en anden i slutningen af juni. Alle billeder er taget med en gammeldags storformat kamera som bruger s/h plader i den samme stil af den brugt af Knud Knudsen for mere end hundred år siden. Målet af projektet er en udstilling samt en fotobog i 2017/2018. Udstillingen ville kunne tage plads i hver kommune i Hardanger i løbet af 2017/18. NVIM har allerede sagt ja til en udstilling i deres lokaler i Tyssedal og Else Marie Sandal er også interesseret at få udstillingen på biblioteket i Odda. Ang økonomien har jeg fået støtte fra Fritt-Ord til bogudgivelsen. Men det er desværre ikke nok til at gennemføre projektet. Så er jeg nu i gang med at prøve at finde mulige støtte kilder. Tænkte på at tage kontakt med alle kommuner i Hardanger og Hardangerrådet til at høre om de ville kunne være interesseret at komme ind med noget. Samarbejdpartner ville kunne få i retur adgang til billederne til deres foto arkiver og digitale media, mulighed til at få udstillingen i deres kommune, og selv bøgerne som de kunne få solgt. På denne måde ville så kommunen/samarbejdpartneren få pengene tilbage og faktisk tjene penge med salget. Jeg kommer lige med en eksempel: hvis kommunen ville støtte projektet med at købe i forvejen 100 eks af bogen a' 200,- NKr og ville bagefter sælge bogen for en "ærlig" pris a’ 350,- NKr ville kommunen få tilbage 35.000,- NKr. Evt ville man kunne bruge bogen som repræsentative gave fra kommunen til kunde. Tror du at Hardengerrådet kunne være interesseret at støtte et sådant projekt? Vedhæftet en pdf med billederne fra min rejse i Odda Kommune, min cv, press, link til NRK tv reportage om projektet og budgettet for fotografering, udstilling og bogudgivelse. Jeg er til rådighed for eventuelle spørgsmål! Ser frem til at høre fra dig. Bedste hilsner, Luca Saksvurdering: Luca Berti har planar om å foto-dokumentera kulturlandskap, arkitektur og menneske i alle dei 7 Hardangerkommunane. Alle bilete vert tekne i svart-kvitt og med gamaldags storformat- kamera. Regionrådet vert beden om å vurdera støtte til prosjektet Framlegg til vedtak: Saka vert framlagt utan forslag til vedtak. Budsjett feltarbejde, udstilling og bogudgivelse: Hardanger i det 21. hundreåret Utgifter delt over prosjektets faser og poster Fase 1: Reise og feltarbeide Kalkulert for 30 dager i 2017 Rejser til Hardanger fra København t/r( kalkulert for
Details
-
File Typepdf
-
Upload Time-
-
Content LanguagesEnglish
-
Upload UserAnonymous/Not logged-in
-
File Pages71 Page
-
File Size-