ADRESSELISTE Høyring Av Verneforskrift for Ullensvang

ADRESSELISTE Høyring Av Verneforskrift for Ullensvang

Sakshandsamar, innvalstelefon Vår dato Vår referanse Jørgen Aarø, 55 57 20 46 05.03.2014 2011/9661 432.0 Dykkar dato Dykkar referanse ADRESSELISTE Høyring av verneforskrift for Ullensvang naturreservat Verneforskrift, vernekart og forvaltingsplan for Ullensvang naturreservat vert no sendt på lokal og sentral høyring. Det føreslåtte verneområdet har hatt arbeidstittelen Lofthus naturreservat, men namnet er endra etter innspel frå den lokale høyringa i 2012. Området er føreslått verna for å ta vare på eit skogområde med variert vegetasjon og som har ein tydelig gradient gjennom fleire vegetasjonssonar frå fjord til fjell. Området er typisk for indre strok av Hardanger. Frist for innspel er 4. mai 2014. Fylkesmannen i Hordaland gjer framlegg om vern av prestegardsskogen til Ullensvang prestegard i Ullensvang herad. Området er eigd av Opplysningsvesenets fond, som har tilbydd aktuelle eigedomar med verdfulle naturkvaltetar til verneføremål. Satsing på skogvern er ein del av Noreg sitt bidrag til det internasjonale målet om å stanse tap av biologisk mangfald. I 2012 var framlegg om vern av Lofthus naturreservat til høyring lokalt. Basert på tilbakemeldingane vi fekk inn då har vi gjort endringar i verneforskrifta og endra namnet på verneområdet til Ullensvang naturreservat. I tillegg har vi skrive utkast til forvaltingsplan for området som tek til å gjelde når verneprosessen er avslutta. På bakgrunn av desse endringane sender vi forslaget på ny høyring både lokalt og sentralt. Vi ønskjer innspel til vernereglane, vernekartet og forvaltingsplanen. Frist for innspel er 4. mai 2014. Vegetasjonen varierer frå fjord til fjell Føremålet med vernet er å ta vare på eit område med naturkvalitetar som er typiske for indre strok av Hardanger. Den nedre delen har vore administrativt freda av Statskog sidan 1971, og har rik og frodig lauvskog med innslag av edellauvskog. Oppover i lia dominerer osp og bjørk, medan fjellbjørkeskog og fattig lyngvegetasjon tar over opp mot snaufjellet. Verneforma er naturreservat Målet er at heile økosystemet og dei økologiske prosessane i området skal vernast. Aktuell verneform er difor naturreservat etter § 34 jf. § 37 bokstavar b og c i naturmangfaldlova, vern av område som representerer ein bestemt type natur og område med særlig verdi for biologisk mangfald. Naturreservat er den strengaste verneforma vi har og vil gjere at alle tiltak som kan Statens hus E-post: Miljøvern- og klimaavdelinga Kaigaten 9, 5020 Bergen [email protected] Postboks 7310, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Internett: Org.nr: 974760665 Telefaks: 55 57 28 51 www.fylkesmannen.no/hordaland føre til endringar i naturmiljøet blir forbode. Vanleg ferdsel til fots, jakt og plukking av bær og matsopp blir ikkje påverka av vernet. I tillegg er det gjort unnatak for nokre aktivitetar som vi vurderer at ikkje strir mot verneføremålet. Etter den lokale høyringa i 2012 fekk vi inn ein del innspel med relevans for utforminga av vernereglane, og vi har forsøkt å innarbeide desse i det nye forslaget der det har vore mogleg. Forvaltingsplanen Ein forvaltingsplan skal fungere utdjupande og presiserande i høve til verneforskrifta. I Ullensvang naturreservat er det fleire tema som krev grundigare omtale enn det som er mogleg i vernereglane og desse er omtalt i forvaltingsplanen. Dette gjeld både friluftsliv, landbruksdrift og handtering av treslag som ikkje er stadeigne. Etter eit eventuelt vernevedtak for området blir innspel til forvaltingsplanen handsama. Planen blir eigengodkjent av Fylkesmannen. Innspel til høyringa Vi ber kommunen om at verneplandokumenta vert lagt ut til offentleg ettersyn på ein lett tilgjengeleg stad. Saka blir òg kunngjort i Hardanger Folkeblad, Bergens Tidende og på Fylkesmannen i Hordaland sine nettsider. Innspel kan sendast inn via skjema på Fylkesmannen i Hordaland sin nettside: http://www.fylkesmannen.no/hordaland. Dei kan òg sendast pr. brev til Miljøvern- og klimaavdelinga, postboks 7310, 5020 Bergen, eller pr. e-post til [email protected]. Merk brevet med referansenummer 11/9661. Frist for innspel er 4. mai 2014. Med helsing Magnus Johan Steinsvåg e.f. Jørgen Aarø rådgjevar rådgjevar Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. 2 Adresseliste Namn Adresse/e-post P. nr. Poststad Bergen og omland friluftsråd Hellebakken 45 5039 BERGEN Bergen turlag [email protected] Bioforsk vest Ullensvang 5781 LOFTHUS Forsvaret Postboks 800 Postmottak 2617 LILLEHAMMER Forum for Natur og Friluftsliv i Hordaland v/ Bergen Turlag [email protected] Hardanger folkehøgskule [email protected] Hardangervidda villreinnemnd 3630 RØDBERG Hordaland bonde- og småbrukarlag 5701 VOSS Hordaland bonde- og småbrukarlag Ullensvang [email protected] Hordaland bondelag [email protected] Hordaland fylkeskommune [email protected] Hotell Ullensvang [email protected] John Ove Rørnes 5781 LOFTHUS Miljødirektoratet [email protected] Naturvernforbundet [email protected] Naturvernforbundet i Hordaland [email protected] NOF Hordaland [email protected] Norges jeger og fiskerforbund [email protected] Norges jeger og fiskerforbund Hordaland Tverrgaten 4/6 5017 BERGEN Norges miljøvernforbund 5806 BERGEN Norges skogeierforbund [email protected] Norsk bonde- og småbrukarlag [email protected] Norsk botanisk forening [email protected] Norsk botanisk forening Vestlandsavdelingen [email protected] Norsk ornitologisk forening [email protected] Norsk villreinsenter sør [email protected] Norsk zoologisk forening [email protected] Norskog [email protected] Norges vassdrags- og Energidirektorat [email protected] NVE regionkontor vest [email protected] Opplysningsvesenets fond [email protected] SABIMA [email protected] Statens landbruksforvaltning [email protected] Statskog SF [email protected] Ullensvang herad [email protected] Universitetet i Bergen [email protected] Vestskog BA 5736 GRANVIN WWF [email protected] 3.

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    3 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us