Arne Garborg Dagbok 1905–1923 Band 2

Arne Garborg Dagbok 1905–1923 Band 2

Arne Garborg Dagbok 1905–1923 Band 2: 25. juni 1907 - 27. december 1909 Aschehoug Kristiania 1925 Førebels elektronisk utgåve desember 2002 ved Nynorsk kultursentrum www.aasentunet.no Føreord Arne Garborgs dagbøker frå 1905 til 1923 vart redigerte og utgjevne av Hulda Garborg i seks band 1924–1927. I 2000 vart denne bokutgåva digitalisert (skanna og korrekturlesen) av Dokumentasjonsprosjektet ved Universitetet i Oslo, og det er desse filene som her er gjorde tilgjengelege. Det er gjort overslag som tyder på at Hulda Garborg utelet kring 25% av den opphavlege dagboksteksten til Garborg då ho gav ut dagbøkene, og dei utelatne delane er heller ikkje med i denne utgåva. Ein del tekniske kodar er framleis synlege i teksten. Det gjeld hovudsakleg markering av sideinndeling og fotnotar. Vi har late dette stå slik at det skal vere samsvar mellom bokutgåva og denne elektroniske utgåva. Det er dessutan brukt manuelt lineskift i teksten, og det er ikkje lagt vekt på utforminga i denne elektroniske utgåva. Nynorsk kultursentrum har likevel valt å gjere dagbøkene tilgjengeleg i ei førebels elektronisk utgåve, til glede for forskarar og andre spesielt interesserte som her får eit langt betre høve til å søkje og finne fram i dagbøkene. Nynorsk kultursentrum, desember 2002 Oddmund L. Hoel Band 2 25. juni 1907 - 27. december 1909 Knudaheibakken 25. 6. 1907. I Dag tek det 8de Knudahei-Aare mitt til. I RegnvÍr køyrde eg fraa Bryne – det hev vori ein serskilt kald og regnfull Vaar, og Folk tek til aa ræddast for at dei ikkje skal faa Torv- turk; men paa Jordi stend det so fint no, at dei ventar Krunaar – og hadde Skur etter Skur til eg kom upp-imot Tunheim; daa heldt det upp, og letna sidan meir og meir, til dess det no, ut imot Kvelden, er heiltupp blankt (aa kalle for). Gjev det kunde spyriast, at eg ein Gong kom med godt Vér til Jæren! Grønt og vent stend det all Stad; og Mossige- Lidine er reint Skog no, venare og venare for kvart Aar. Sjølve det vesle Eikjerunne-Kratle i Tjensvollbakkane hev teki til aa vekse; skulde Eiki vinne seg upp att sjølv? – – Eg venta ikkje blide Augo paa Jæren denne Gongen, daa eg hev vist meg rang i Trui att. Men det gjekk betre enn eg hadda venta; eg raaka fleire kjende (og halvkjende, eller ukjende som eg burde ha kjent) enn eg plar gjera (det var Jønsok-"Marken" dvs. Marknad); og dei var berre snilde og huglege. Og i Godlag. Det er vel mykje det at det ser so godt ut til Aars, i det heile er Tidine no gode paa Jæren. Paa Sandnes var eg inn-um hjaa Mor. Ho hev vori sengfast heile Vinteren og er det helst en- <side nr=2> no – ho kjenner seg for veik til aa sitja uppe noko større – og ho ventar paa aa faa "sleppa", 75 Aar gamal som ho no er, og aaleine med den gamle dauvhøyrde Mannen sin, han Jonnas, um ho aldri so mykje er Mor til 9 Born. Men ho er seigare enn ho trur; og naar eg spaar at ho vert 90 Aar, som alt Folk vart fyrr, so smiler ho, endaa ho tykkjer at det vart lengi aa vente. Men han Jonas, som vel er yvi 80, og som ikkje lenger høyrer eit Ord, men skynar henne like- vel, han flyg der so lett som ein Gutunge og steller for henne, og synest reint vera sæl at han kann gjera noko til Gagns. Det er det gode gamle jærske Folkeliv midt paa Sandnes. – Knudahei-huse hev skift Ham i Aar: bytt Torvtòka med ei Tòka av denne nye Pannesteinen som ligg so mykje stødare enn den gamle; og so vert den betre enn Torve. Det viser seg, at med alt Regne i Vaar hev Huse vori fulltett, og glad er eg; so hev eg ikkje lenger alle desse "Dròpane" aa tenkje paa og slaast med. Sjølv- sagt er ikkje Arbeide heilt ferdugt – Nordman- nen vert aldrig heilt ferdug med ein Gong – men naar Huse stend, so fær det heller gange som det kann med Skudane til so lengi. Ein Gong jamnar det seg vel med alt. Og no sét eg meg til med Goethe. Men Buje hev eg alt møtt, og Sauene med sine spræke Lomb gjeng og beiter ikring Stovo; det er betre Poesi det, skulde eg tru. Og Arbeid som er betre enn Vers-Retting hev eg au: i Sømar skal eg verta ferdig med den Veido eg tok paa med ifjor; og naar den er ferdug, kann eg taka til med aa "stedla paa Joro mi"; det er Tre eg vil setja. Eg vil plante ein Lund. Og i den Lunden vil eg ein Gong reise meg ein Haug; i den vert eg lagd naar eg er ferdug; der "bur" eg daa sidan og er Skogvord for Jæren? ? <side nr=3> Knhb. 28. 6. 07. Etter eit Par graavorne Dagar, med ein Regn- skvett ender og daa, og jamn Smaa-Uling fraa Sud, vaknar eg no til ein Jær-Dag av dei venaste: Sol; mjukt blaa Himil med lette graakvite Skyir; stilt; Lande i lindt grønbrune Lìtir rolegt ned-yvi mot frisk Havblaaning ut-under Kvelven. Og eg ser og skynar, at denne vesle Heimen er det venaste paa Jordi for meg. Godt er det aa liva slike Stundir. Eg kjenner, at med alt som eg kann hava aa segja paa baade det eine og det andre: glad, sæl er eg yvi aa vera til. Takk have dei gaatefulle Livsmagtir, – som sjølve maa vita kva eg er til fyri! – Og so ut paa Veitegraving; det er for godt eit VÍr til aa sitja inne med "Faust" no. Knhb. 30. 6. 07. Nordvest-Vind; helder kaldt; elles fint. Er no ferdug med 2000 Vers av Faust; men eg bør drive paa ei Stund til, – endaa Arctander meiner at han ikkje treng Hjelp stort lenger. Det er elles sant: han kjem seg; Arbeide gjeng no mykje lettare. Kveld. Tok meg ein Sving ned-yvi i Dag: um Mos- sige – Nyvegen ned-under Garborgsaasen – Vegen sør-yvi Fóren (alle Forane no uppdyrka) og upp-yvi "Marki hans Sven" (gamalt) – og heim-att yvi Bakkane. Hjaa han Ola (gamalt: Ingjebrett) Mossige var eg inne. Mange Framande; millom deim ei Dame som song (godt), han Ola sjølv er ikkje lite musikalsk (spelar Horn i Hognestad-Kvartetten, som Politiken elles no hev gjort um Lag Ende <side nr=4> paa), gilde, fine, heilt ut jær-norske Folk, baade han og Kone (Dotter av Hans Hognestad). Mossigelunden er vaksin svært fint til no. Paa Garborg (Andriss-Parten; "Risabakkjen" vaar) veks det like eins godt til med Tre, men mest paa RÌsa, der den gamle Skogen tek seg meir og meir upp att, og tøygjer seg nord-yvi der det fyrr var Utslaattir (heilt fram-mot Risabakken vaar mest). Samstundes er Jordbruke tydeleg i Uppgang; det ser eg ikkje minst paa alle dei Fjos- og Lødubygningane som vert upsette etter den gode nye Maaten; Jæren kjem seg. Hypo- tekbankjødane eig vel det meste av ‘n no; men Folk vinn seg framyvi; det er visst mange som sìt godt i det. Og smaatt um senn vert meir og meir Jord uppbròti. I Sumar vert eg ferdug med Veitegravingi mi her; til næste Aar fær eg til med Treplanting. Raun, Bjørk, Osp, eit Par Eikir til aa freiste med, ein heil litin Lund skal vekse upp um Stogo mi her; – og so vil eg freiste paa, um eg kann vinne lenger. – Enno hev eg ikkje høyrt noko fraa La- braaten; men no maa snart Brev vera ventande. Hit fær eg vel ikkje Folke mitt, fyrr Bergensbana vert farande, d. e. 1909? eller 1911? 1913? ? – Det gjeng ikkje fort med noko av det Staten hev under Hendar; berre Millionane, dei rullar ––– Brev fraa Hulda Garborg. Hvalstad, Søndag 7/7 1907. Kjære Garborg! Takk og øre for Brev idag! Jeg begyndte at vente nu. Deiligt at du har Sol og er arbeids- fro! Glæder mig særlig og storlig over at "Fred- <side nr=5> Fortsættelsen" er dukket op! Bibelhistorie er bra men alligevel. – Og Plantningerne – ah, du skal se, at efterhvert faar du slet ikke Brug for at dø hverken i 1 9 1 1 eller senere; det blir mer og mer som det er Moro at rusle med, og tilsist kommer du til at faa Brug for nogle flere Liv istedetfor at studere paa, hvordan du skal faa Ende paa det ene. Vi gaar og snakker om hvor Moro det skulde vært at rusle over alle Fjeld og overraske dig i Opvasken en Dag; men se, den Lyst faar vi styre. Iovermorgen drager Tuf- ten og Jørgen Wentzel.<fmark ind="1)"> De morer og hygger sig allerede saa paa Forhaand, at det er rent rørende. Tuften arbeider og plystrer fornøiet hele Dagen. Han har virkelig faat sammen igjen Rørene i Kjæl- deren saa det hele fungerer. Jeg var lidt skep- tisk i mit stille Sind, da han begyndte, for Rør- læggerarbeide er fælt vanskeligt og indviklet. Nu er ogsaa næsten alle Poteterne hyppet. Stikkels- bærene sylter vi om nogle Dage; men her er saa vedvarende koldt og regnfuldt, at det nok ikke nytter at vente paa Morellerne alligevel. Jeg er ræd, at det da ingen Reise blev af. Og nu skal det alligevel bli godt at faa komme bort fra Skrivebordet nogle Dage. Jeg er endnu ikke færdig; men det lakker da mod Enden. Og saa er det vel blit fyldigere og saa godt som jeg kan gjøre det<fmark ind="2)">. "Samlaget" har ifølge Brev fra Gjelsvik be- stemt sig til at ta Bresteson.

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    185 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us