1. Sunnmørsfylket i farne tider 09.09.2019 1 Sunnmørsfylket i farne tider Ein innledning til kapittelet om gamle ætter i min ættesoge. Eg har delt inn kapittelet om «Gamle ætter» i 2 bolker; Del 1. Sunnmørsfylket i farne tider Del 2. Herrene ( og kvinnene ) til Giske 1264 – 1582 I dette kapittel presenter jeg 1. Sunnmørsfylket i farne tider. Dette vil forklare mye om det som kommer fram i mine ættesoge, om skikker og hvordan samfunnet var dengang og utviklinga framover i århundrene. «Hvis du vil øke ditt samfunds tarv, gi fedres minner din sønn i arv». Eg kommer av to foreldre som ætter fra alle dei store ættene dithen at eg finner mine blodslinjer frå alle dei store ættene som gjør at min ættesoge fevner så breidt. Derved vil mors og fars ætt tangere kvarandre dithen at eg finner fars ætt i mors ætt, og vica versa. Eg har her samlet gamle nedtegninger fra kilder som eg har nedtegnet i ein kronologisk rekkefølge slik at man kan følge historiane om mine Stamfedre – og Stammødre fra farne tider og fram til i dag. Det er av disse min ættesoge er skrevet fra og om. Når det gjelder min Stamtavle og nedtegninger om mine ætter, sjå under avsnitt Stamtavle. 2 INNHOLDSFORTEGNELSE: Innholdsfortegnelsen nevner dei enkelte kapittel eg har gjengitt, og som er samla i ein kronologisk rekkefølge, slik at du ved å følge innholdet frametter. Jeg har valgt ikke å bruke sidetall, kun i kapittel, slik at jeg ved revisjoner slipper å bruke tid på sidetall. Innholdet er delt inn i disse avsnitt: Steinalderen Bronsealderen Jernalderen Utvandring Busetjing, samfunn, rettskipnad og gudsdyrking Vikingtida Harald Hårfagre vert konge Ragnvald Mørejarl Utvandring til Island Mørejarlane og jarletida Landforsvaret Vitar eller vardar på Sunnmøre frå den fyrste tida Slag i Haram Tidenskofte. Slaget i Hjørungavåg Den kristne tida tek til Torfinn Kåreson på Haram Arnesønene, Møre - Karl og Hellig - Olav Giske ætta til Nikolaus Kuvung Blindheims ætta Borgarkrigs tida Nikolaus Kuvung, Pål Flida, Peter Pålson og Nikolaus av Giske 1. Nikolaus Pålson Kuvung 2. Pål Nikolausson Flida 3. Peter Pålson av Giske 4. Nikolaus Peterson til Giske Sunnmørsætter 950 – 1240 3 Lover og rettskipnad, kongemakt og folkestyre i Haralds ætta si tid 965 – 1319 Den katolske kyrkjeskipnaden hjå oss Bispevitas og gudsteneste på Sunnmøre i erkesbiskop Aslak Bolts tid Prestegjelda og kyrkjene på Sunnmøre før reformasjonen Skipreideskipnaden – brevbrot og skattelister i 1520 åra Skattemanntal for Trondheim ( Nidaros ) erkebispedøme og Bergen erkebispedøme i 1520 Sunnmøres styresmenn i lensherredstida 1409 – 1661 Styringsskipnaden og dei øvste styresmenn i Norge frå reforamasjonen til 1661 4 Steinalderen ca. 6000 f. Kr. Landet vårt har ikkje i alle tider hatt same grensene og same storleiken som nå. Det har stundom vore større og stundom mindre. Grensene har vorte flytt – jamvel den som havet set. Geologien lærer at havbotnen utanfor Sunnmøre for tusenvis av år sidan låg omlag 200 meter høgre enn no, og derfor rakk landet heilt ut til Storegga i den tida. Men så kom der istid då isen la seg mange hundrede meter tjukk over heile landet og trykte det ned til det låg mange meter lavere enn no. Havet braut på og tina isen etterkvart som landet seig. Somme stader grov det mykje land ut, og grov jamvel djupe hol i fjellsidene, som til dømes Rønstadhelleren, Skjonghelleren, Hamsundhelleren, Dollsteinhelleren og mange fleire. Verlaget vart varmere, og isen tina meir og meir. Landet tok atter til å stige. I tidbolker då landet korkje steig eller seig, laga havet dei grusrimane ( rima, rimma, remma ) vi finn, særlig ute på øyane ( Nordøyane ). Somme stader er det 3 rimar. Den nederste vart laga i steinalderen. I denne rima finn ein enda tang og tare. Det er bevis på at det ikkje er mange tusen år sidan dei blei laga. Somme stader ligg ho på myr av dei grunner at landet steig eller sank. Det skifta med tørre og våte tidsbolker. Myrene vart laga i våte tidsbolker. I dei tørre vaks det skog, og myrane minka. Men når det vart våtere verlag døydde skogen. I djupe myrer finn ein ofte 3 lag med røter med ein halv meter myr i mellom. Dei to øverste rotlaga er fururøter. Det må være minst 2 tusen år sidan furuskogen på Sunnmørs øyane tok til å døy ut, etter den tid har det ikkje vakse furuskog nedenfor nedste rima. Geologer fortel at frå 2000 f. Kr. til 500 f. Kr. var det godt verlag for furuskogen på Sunnmørs øyane, og at det må være i den tida han vaks best. Sjøen stod da om lag 8 meter høgere enn no, og derfor kunne det ikkje vekse skog på øyer og strender som no ikkje rekk over dette høgdemålet. Det var især i den tida at folk kom og bosatte seg her i landet, men kvar dei kom fra og og kva folkerase dei var av, er uvisst. Et innvandringsteori frå dengangs eksperter, og deira «innvandringsteorier» kom det først en arktisk folkerase, eller lappiske nordfrå, og lang tid etter kom det en arisk folkerase sørfra. Alle disse brukte våpen og redskap av stein, bein og tre, og derfor kallest den tida for steinalderen. Men det var stor skilnad på folkerasen. Så var det også stor skildnad på redskap og våpen, og derfor kalla dei den første delen av denne tida for arktisk steinalder, eller eldre steinalder. I motsetning til den tida som ariske eller indoeuropeiske folkeslag hadde bosatt seg her i landet, også kalt den yngre steinalder. Disse hadde slipte steinøkser med skafthol i, kniver og økser av flint, fiskeongler og fiskegarn og andre redskaper som vitner om ein høgere kultur enn hos dei arktiske eller lappiske folkeslaga som først bodde her i landet, men som ikkje kunne bo i land lenger sør. 5 Ved å samanlikne steinalderfunn frå den norske arktiske steinalder med steinalderfunn lenger sørpå, viser det seg at det er av samme slag. Dei ariske folkeslaga som var visselig dei første som bosatte seg her i landet, og dei kom frå land lenger sør. Dei levde av veiding og fiske. Jorddyrking og husdyrhold var ukjende næringsgreiner. Hunden var einaste husdyret deira. Dei bodde oftast i bergholer og i små hytter av stein og torv. Det er dei som trur at det bodde slike folk på Sunnmørs øyane alt i den paleolitiske steinalder, men dette er ikkje bevist. Frå den eldre og yngre steinalder finnes det mange bevis i frå mestepartene av bygdene på Sunnmøre. Ein rekner at den eldre steinalder tok til omkring 6000 år før vår tidsrekning tok til ( 6000 f. Kr. ). På den tid var det folk på Sunnmøre, men heile folketalet var i steinalderen høgst nokre hundre mennesker. Det var ennå lite skog her, så folk nyttet tarestilker til brennved. Dei var primitive folk i alt og eit. Dei brukte skinn til klær, og maten åt dei oftast rå. Noe samfunn var det ikkje tale om endå, ikkje lovar heller. Vi veit ikkje kva åndsnivå dei låg på, ei heller om eventuell religion eller gudstru. Men det faktum at dette folket klarte å komme seg fram nordetter til øyane på Sunnmøre, og der lage seg hus, innbu, ambod, båtar, fiskevegn, våpen og mangt anna tyder på at dei både hadde godt vit. Dette viser dei våpen og redskap vi finn etter dei. Den eldre og yngre steinalder varte nokre tusen år. Folketalet i Mellom-Europa hadde i denne tiden vakse mykje, og nye oppfinningar og kulturframsteg gjorde folket der sterkare i kampen for tilværet. Folkevandringar tok då til, ikkje i store skreidar, men i små flokker på nokre få huslyder. Nokre av disse nådde fram til Sunnmøres strender og fann seg bostader her. Dei hadde med seg husdyr og tok til å dyrke jorda her. Av funn av flintsigd kan dette tyde på kornavling. Dei hadde slipte knivar og økser og andre våpen av stein, som var polerte. Nå kunne dei svinge sine langskafta økser i krig, hogge tre, lage hus og større båter lettere enn før. Denne tida vert kalla den yngre steinalderen. Frå denne tida er der mange funn som stadfestar dette her. Eg går ikkje inn på det her. Med klede var det smått stell både i eldre og yngre steinalder. Maten var omframt fisk og kjøt, og bær, røter og skjell. Villdyr eller skogdyr kan det ikkje ha vore mye av, men derimot fugl og fisk. Dette var vel grunnen til at folk bodde på holmer som Sandøy og Ona m.v., likesom skogrike øyar og strender lenger sør. Der er funne myrpåler, tjukke som kornstaur, ein halv meter lange og kveste i enden. Slike myrpåler finn ein helst ved tjern eller ved nedste rima. Steinalderfunna på Sunnmøre er så mange at det vil ta for stor plass å nemne dei her, eg har bare nevnt litt om dette, og dei folka som bodde her for årtusener siden. 6 Bronsealderen 1800 f. Kr – 500 f. Kr. Når eg nevner bronsealderen vil ein gjerne tenke at i den tida slapp ein å lage seg redskap og våpen av stein, for nå var det berre å smi seg det ein trong av bronse. Dette er i såfall eit feilsyn ! Steinkulturen held seg gjennom heile bronsealderen, og som ein derfor kan rekne som ei serskild tid av steinalderen. Av bronse laga dei helst barberknivar, vakre kar og prydsaker som berre rikfolk eigde, og dessuten økser og sverd, men dette var sjeldsynte ting, allvisst så langt attende som omkring år 1000 f. Kr. Etter år 1000 f. Kr. kan ein nok snakke om ein bronsekultur hos oss, men alt tyder på at det var berre stormennene eller høvdingene som hadde råd til slikt.
Details
-
File Typepdf
-
Upload Time-
-
Content LanguagesEnglish
-
Upload UserAnonymous/Not logged-in
-
File Pages142 Page
-
File Size-