Årsmelding 2016

Årsmelding 2016

ÅRSMELDING 2016 God stemning med ståande lunsj om bord: Brennsnut servert i brød. Bildet er frå arbeidsbåtcruiset med Mørebenken 15. august 2016. Frå venstre Helge Orten, Oskar Grimstad, Rigmor Andersen Eide, Fredric Holen Bjørdal og Elisabeth Røbekk Nørve. Pål Farstad var også med, men er ikkje med på bildet. Foto Staale Wattø, Sunnmørsposten. Friluftsrådet er eit interkommunalt samarbeidsorgan for kommunane; Giske Haram Norddal Skodje Stordal Sula Vestnes Ørskog Ålesund Årsmelding 2016 Innhald: Side 3-8 1. Styret og administrasjonen sitt arbeid Side 9 2. Sikring av område til friluftsliv Side 10 -13 3. Drift og skjøtsel av friluftsområde og tilrettelegging for friluftsliv Side 14 - 18 4. Aktivitetsarbeid Side 19 - 20 5. Økonomi – rekneskap Side 21- 24 Oversikt over område og eigedelar Side 25 -28 Vedtekter Forord Friluftsrådet har hatt eit svært aktivt år i 2016. Deltakinga i turregistreringskonkurransen Stikk UT! vart meir enn dobla frå året før, og etableringa av Stikk UT!-bedrift vart også ein suksess. Arbeidet med etablering av Skjergardsteneste i Møre og Romsdal i regi av friluftsråda i fylket førte til at Stortinget har løyvd 5 mill. kroner på statsbudsjettet for 2017 til ei utviding av tenesta til nye område. Føresetnaden er lokale initiativ og forpliktande medfinansiering. Dette er eit viktig første steg. Frå Stiftelsen Kjell Holm fekk vi kr. 50 000 i bidrag til ny motor i arbeidsbåten og Sparebanken Møre har gitt eit bidrag på kr. 100 000 over to år til Stikk UT!. Vi avslutta 2016 med å ta imot ei gåve på kr. 600 000 kroner frå Gjensidigestiftelsen til ei etterlengta fornying og utviding av kajakkbasen vår. Vebjørn Krogsæter - Haram Mariann Barstad - Sula Styreleiar Nestleiar Janet Roelofs - Ørskog Birger Honningsvåg – Giske Styremedlem Styremedlem Tore Johan Øvstebø – Ålesund Modolf Hareide - Skodje Styremedlem Styremedlem Palma Flåen Øvrebust – Stordal Solveig Linge Stakkestad – Norddal Styremedlem Styremedlem Aud Sissel Suoranta – Vestnes Styremedlem Framsidebildet: Frå «Arbeidsbåtcruiset» med medlemmane på Mørebenken 15. august. Foto: Staale Wattø, Sunnmørsposten. 1 Årsmelding 2016 Arbeidet til styret og administrasjonen i 2016 Styret Styret for perioden 1.1.2016 til 31.12.2016 har vore: Kommune 1.1.- 09.3.2016 Verv 10.3.-31.12.2016 Verv Haram Vebjørn Krogsæter Styreleiar Vebjørn Krogsæter Styreleiar Ewa Hildre Varamedlem Ewa Hildre Varamedlem Giske Birger Honningsvåg Styremedlem Birger Honningsvåg Styremedlem Marit G. Alnes Varamedlem Sheila Alnes Varamedlem Norddal Merete L. Rønneberg Styremedlem Solveig Linge Styremedlem Kristin G. Sandnes Varamedlem Stakkestad Ole Henrik Uri Varamedlem Skodje May Britt Grindvik Nestleiar Modolf Hareide Nestleiar Edmund Hoffseide Varamedlem Geir Ove Leite Varamedlem Stordal Palma Flåen Øvrebust Styremedlem Palma Flåen Øvrebust Styremedlem Hildegunn L. Berli Varamedlem Frode Færøy Varamedlem Sula Mariann Barstad Styremedlem Mariann Barstad Styremedlem Anita Solevåg Varamedlem Stine M. Lerheim Varamedlem Vestnes Aud Sissel Suoranta Styremedlem Aud Sissel Suoranta Styremedlem Geir Inge Lien Varamedlem Geir Inge Lien Varamedlem Ørskog Terje Osvik Styremedlem Janet Roelofs Styremedlem Arne Abelseth Varamedlem Hallgeir Bjørdal Varamedlem Ålesund Tore Johan Øvstebø Styremedlem Tore Johan Øvstebø Styremedlem Jarle Hauge Steffenssen Varamedlem Jarle Hauge Steffenssen Varamedlem Det nye styret etter årsmøtet 9. mars 2016. Frå venstre: Janet Roelofs, Ørskog, Vebjørn Krogsæter, Haram, Solveig Linge Stakkestad, Norddal, Palma Øvrebust, Stordal, Birger Honningsvåg, Giske, Mariann Barstad, Sula, og Modolf Hareide, Skodje. Tore Johan Øvstebø, Ålesund, og Aud Sissel Suoranta, Vestnes, var ikkje til stades då bildet vart tatt. 2 Årsmelding 2016 Arbeidsutvalet i 2016 har bestått av Vebjørn Krogsæter, Mariann Barstad og Janet Roelofs, som har gjennomført lønsforhandlingar med dei tilsette. Styret – handsaming av saker i 2016 Styret har hatt 5 møte i løpet av året. Det siste møtet i desember vart utsett til starten av januar p.g.a. høgt fråfall. I alt har styret handsama 46 saker, til dømes: Rekneskap, budsjett, årsmelding og arbeidsprogram m/revisjon av budsjett. Skifte av namn til Sunnmøre friluftsråd (vedtatt av årsmøtet) Utviding av stillinga til dagleg leiar til 100 % Medlemskontingent for 2016 (vedtatt av årsmøtet) Overtaking av bruer i Stordal Finansiering av ny motor i arbeidsbåten Årsmøte 2016 Årsmøtet vart halde i Vestnes frivilligsentral onsdag 9. mars 2016 med 20 røysteføre delegatar. Alle medlemskommunane var representerte. Der var ingen saker utanom dei ordinære årsmøtesakene, jfr. vedtektene. Terje Osvik, May Britt Grindvik og Merete Løvoll Rønneberg gjekk ut av styret, medan Janet Roelofs, Modolf Hareide og Solveig Linge Stakkestad kom inn som styremedlemmar frå Ørskog, Skodje og Norddal. 3 Årsmelding 2016 Før sjølve årsmøtet var det omvising i Kråkvika friluftsområde med Finn Arne Roaldsnes og Odd Jarle Talberg som engasjerte turleiarar. Servering av varm brennsnut i gapahuken smakte godt etterpå, før det var på tide å gå til Frivilligsentralen til årmøtet starta kl. 18. Odd Jarle Talberg helsa årsmøtedeltakarane velkomne på vegne av Vestnes kommune. 4 Årsmelding 2016 Tilsette og engasjerte: Friluftsrådet har i 2016 hatt følgjande fast tilsette: May Britt Haukås, dagleg leiar i 80% stilling frå 1.1. til 1.5. og 100% stilling frå 1.5. Geir Haugli, rådgjevar i 50% stilling Christer Lundberg Nes, fagleiar aktivitet i 100% stilling Pål Henry Høyberg, driftsleiar i 100% stilling . I tillegg har friluftsrådet hatt fleire personar engasjerte på timebasis både innan drift, tilrettelegging og aktivitet. Også tilsette i medlemskommunane, frivillige lag og organisasjonar har vore gode medhjelparar gjennom året. Malin Ytterhaug Giske (bildet) har vore med oss store delar av året både som engasjert på timebasis og som frivillig. Møte, representasjonsoppgåver mm. Gjennom heile året er friluftsrådet med på ei rad møter, kurs, konferansar mm. i samband med arbeidet vårt. Dette gjeld både lokalt i medlemskommunane, på fylkesnivå og nasjonalt. Friluftsrådet er medlem i Friluftsrådenes Landsforbund (FL) og med i Forum for Natur og Friluftsliv i Møre og Romsdal (FNF). I tillegg er vi med i God Helse-samarbeidet i Møre og Romsdal fylkeskommune. 5 Årsmelding 2016 Uttaler, innspel, medieomtale, informasjonsarbeid mm. Uttaler og innspel Friluftsrådet har uttalt seg i fleire enkeltsaker både åleine og saman med FNF og ÅST i løpet av året. Nokre døme er konflikten mellom friluftslivsinteressene og Langevågsbåten i Sula, sjikanøs stengsel av ein sti til Hatlaåsen i Ålesund, krav om betaling for bruk av skiløyper, informasjon om krav til bålplassar (Norddal) m.fl. Vi har også vore aktivt med i arbeidet med registrering og verdsetting av friluftsområde i Giske kommune og skilt/løypeplan på Alnes. Medieomtale Christer Lundberg Nes og Pål Henry Høyberg ved Lillevatnet i Spjelkavik. Bildet er frå artikkelen til Sunnmørsposten om dei nye turkortpermane. Foto Nils Harald Ånstad. I 2016 har Sunnmøre friluftsråd vore svært synleg i media, både i aviser, radio, nett og TV. Særleg har Stikk UT! ført til stor interesse frå media, men også mange av aktivitetane og driftsarbeidet vårt har blitt omtalt. Vi har fleire gonger vore gjestar i TV- og radiosendingane til NRK Møre og Romsdal, og både dei, Sunnmørsposten, Nytt i Uka og alle lokalavisene har hatt ei rad reportasjar om arbeidet vårt. Vi opplever at aktivitetane til friluftsrådet blir oppfatta som positivt og godt stoff og at redaksjonane gjerne lagar oppslag om det vi jobbar med. Bilde frå reportasjar i NRK Møre og Romsdal om Stikk UT!. Foto Synnøve Hole og Magnus Gamlem. 6 Årsmelding 2016 Informasjon Nettsidene og Facebook er viktige informasjonskanalar i tillegg til andre media. Gjennom året har friluftsrådet jamt og trutt publisert små og store innlegg og fått god utteljing for det. På nettsida hadde vi over 350 000 besøk i 2016 og på Facebook har vi no vel 2500 følgjarar. Mange av innlegga blir i tillegg delt vidare slik at dei mest populære når endå fleire tusen lesarar. I 2016 har vi også prøvd annonser på Facebook for fleire av kursa og aktivitetane våre i tillegg til tradisjonelle avisannonser. Dette har fungert godt og er noko vi vil halde fram med. Dei nye nettsidene vi etablerte i 2015 er ei god hjelp i informasjonsarbeidet. Særleg Stikk UT! fører til mykje besøk på sida, men også vêr, flo og fjøre og utlån frå utstyrsbasen. Med den nye skjemafunksjonen har utlånet blitt enklare og meir oversiktleg både for aktivitetsleiar og brukarane. Vi får også tilbakemeldingar frå folk som brukar nettsidene for å få tips og inspirasjon til turar. Skjergardsteneste Gjennom heile året har friluftsrådet arbeidd for å få etablert skjergardsteneste i Møre og Romsdal. I mai heldt dagleg leiar ein presentasjon for Kultur- og folkehelseutvalet i fylket, som samrøystes vedtok å arbeide for å få dette til. Fylket arrangerte så studietur til Bergen og omland friluftsråd der vi fekk informasjon om korleis arbeidet er organisert i Vestkystparken, og seinare var det temamøte i Molde der mange aktørar var inviterte for å drøfte behovet for skjergardsteneste i fylket. Dagleg leiar heldt også der ein presentasjon. Seinare løyvde Kultur- og folkehelseutvalet 100 000 kroner til eit forprosjekt som skal vurdere korleis ei slik teneste kan organiserast i Møre og Romsdal. Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal ønskjer å drifte skjergardstenesta i fylket saman med Sunnmøre friluftsråd. Samstundes har også Friluftsrådenes landsforbund (FL) gjennom heile året jobba mot sentrale

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    28 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us