Os, Fusa og Samnanger kommunar Interkommunal næringsarealplan . www.asplanviak.no 1 Dokumentinformasjon Oppdragsgjevarr: Oppdrag: Os, Fusa og Samnanger kommunar Rapporttittel: Interkommunal næringsarealplan Utgåve / dato: versjon 2, september 2015 Arkivreferanse: Arkiv-ID Oppdrag: 537471-01 - Interkommunal næringsplan for Os, Fusa og Samnanger Oppdragsleder: May Britt Hernes Fag: Analyse og utredning Tema: Oppdrag:Forretningsområde1, Oppdrag:Forretningsområde2 Skrevet av: Steinar Onarheim, Rune Fanastølen Tuft, May Britt Hernes Kvalitetskontroll: Øyvind Sundfjord Asplan Viak AS Revidert Os kommune, 10.09.2015 Asplan Viak AS 2 Føreord Asplan Viak AS har vore engasjert av Os, Fusa og Samnanger kommunar for å utarbeide eit forslag til ein interkommunal næringsarealplan for dei tre kommunane i Bjørnefjordregionen. Planen skal vere eit felles dokument for dei tre kommunane og fylgjast opp i dei respektive arealdelane til kommuneplanane. Den interkommunale planen omfattar forutan omtale, strategiske temakart med tilhøyrande retningsliner. Asle Andaas, Os kommune har vore kontaktperson for kommunane i oppdraget. Oppdragsleiar hos Asplan Viak har vore May Britt Hernes. Viktige medarbeidarar og fagansvarlege har vore: Øyvind Sundfjord, Rune Fanastølen Tuft og Steinar Onarheim Bergen, 05.06.2015 00:00:00 May Britt Hernes Øyvind Sundfjord Oppdragsleiar Kvalitetssikrar Asplan Viak AS 3 Innhald 1. INNLEIING ............................................................................................................................................ 4 1.1 FØREMÅLET MED PLANARBEIDET ...................................................................................................... 4 1.2 NÆRARE OM INTERKOMMUNAL NÆRINGSAREALPLAN ......................................................................... 4 1.3 PROSESSEN .................................................................................................................................... 5 1.4 OVERORDNA FØRINGAR OG RAMMER SOM HAR VORE SÆRS VIKTIG FOR PLANFRAMLEGGET : ................ 6 2. DAGENS SITUASJON OG BEHOV .................................................................................................... 7 2.1 DAGENS SITUASJON ........................................................................................................................ 7 2.2 BEHOV ........................................................................................................................................... 9 2.3 FORTETTINGSPOTENSIAL I EKSISTERANDE NÆRINGSOMRÅDE .......................................................... 15 2.4 REGIONEN SITT KONKURRANSEFORTRINN ....................................................................................... 17 2.5 BJØRNEFJORDREGIONEN SI SATSING I BERGENSREGIONEN ............................................................. 17 3. LOKALISERING AV NÆRINGSAREAL I FRAMTIDA ..................................................................... 19 3.1 HOVUDPRINSIPP FOR LOKALISERING AV NÆRINGSAREAL ................................................................. 20 3.2 ANNA INFRASTRUKTUR ........................................................................................................................ 30 BREIBAND ................................................................................................................................................. 30 LOKALISERING AV ARBEIDSPLASSINTENSIVE VERKSEMDER . ......................................................................... 36 4. TEMAKART MED RETNINGSLINER ................................................................................................ 38 5. VISJON, MÅL OG RETNINGSLINER ................................................................................................ 40 Asplan Viak AS 4 1. INNLEIING Denne planen er ein interkommunal næringsarealplan utarbeidd av kommunane Os, Fusa og Samnanger. Til saman utgjer dei tre kommunane Bjørnefjordregionen. Bjørnefjordregionen er ikkje eit formalisert samarbeidsorgan, men ved å samarbeida om denne planen ønskjer kommunane å sjå på næringsareal på tvers av administrative grenser for betre å kunne stette behovet til næringslivet. Hordaland Fylkeskommune (2014) og BRB-Business Region Bergen (2009 og 2012) sine utgreiinga viser at det er for lite næringsareal i Bergensregionen, særskilt i høve arealkrevjande næring 1. Randkommunane til Bergen må, i tillegg til å dekke lokal etterspurnad etter areal til bustadføremål og næringsareal, òg dekke noko av den regionale etterspurnaden. BRB har oppfordra regionane rundt Bergen til å utarbeide næringsarealplanar. Bjørnefjordregionen er fyrst ute i denne samanheng og har fått skjønsmidlar til å utarbeide planen. Denne næringsarealplanen er ein tematisk plan, med strategiske temakart og retningsliner som kommunane skal innarbeide i framtidige kommuneplanar. 1.1 Føremålet med planarbeidet Føremålet med planarbeidet er å utvikle og styrke grunnlaget for eit variert næringsliv i Bjørnefjordregionen. Kommunane ønskjer å vere i førekant av utviklinga, slik at regionen til ei kvar tid har eit variert tomtetilbod til ulike typar næringsaktørar. Gjennom eit interkommunalt samarbeid ønskjer ein å kunne leggje til rette for ei betre utnytting av arealet samla enn ein ville fått kvar for seg. I fellesskap ønskjer kommunane å få utarbeidd oversikt over den beste lokaliseringa for ulike typar næring i Bjørnefjordregionen. Dei ønskjer vekst i næringslivet og meir næringsareal tilgjengeleg i kommunane. Ved å leggje til rette for fleire arbeidsplassar i kommunane ønskjer ein å redusere utpendling og reisetid. I tillegg er det eit ønskje å få fram viktige prinsipp for lokalisering som vert felles for alle dei tre kommunane Planen omfattar ikkje næringane landbruk, areal for oppdrett og akvakultur i sjø og detaljhandel/ forretning. 1.2 Nærare om interkommunal næringsarealplan Planen er utarbeidd etter PBL §9 (Interkommunalt plansamarbeid) der det mellom anna står: To eller fleire kommunar bør samarbeide om planlegging etter denne lova når det er hensiktsmessig å samordne planlegging over kommunegrenser. 1 -Temarapport Næring, del av Regional areal- og transportplan, Asplan Viak for Hordaland Fylkeskommune, 2014 (Regional areal og transportplan er ikkje vedteke). -Næringslivets arealbehov og lokaliseringspreferansar, Asplan Viak for BRB, 2009. -Behov for næringsarealer i Bergensregionen, Opus for BRB, 2012. Asplan Viak AS 5 Planen er felles for kommunane, men skal vedtakast av dei einskilde kommunestyra, jf. PBL § 9-3 Planen er ein tematisk kommunedelplan etter PBL §11(Kommuneplan) og skal vere rettleiande for dei tre kommunane i spørsmål omkring næringsareal. Planen er ikkje juridisk bindande. Næringsarealplanen er av dei fyrste i sitt slag og skil seg frå dei strategiske næringsplanane som ei rekke kommunar og regionar har utarbeidd. Medan ein strategisk næringsplan set opp mål og strategiar for korleis ein skal jobbe med næringsutvikling i eit bredt spekter, fokuserer næringsarealplanen i hovudsak på areal og prinsipp for lokalisering av areal. Planen omfattar ein tekstdel, inkludert strategisk temakart og visjon, mål og retningsliner. Dei to strategiske temakarta syner lokalisering av næring i eit kortsiktig( 0-12 år) og eit langsiktig (12- 30 år) perspektiv. Visjon, mål og retningsliner skal leggast til grunn i kommunanes handsaming av næringsareal. 1.3 Prosessen Arbeidet med den interkommunale planen starta opp i januar i 2014 og det vart utarbeid eit planprogram. I mai 2014 presenterte kommunane eit forslag til planprogram i regionalt planforum. Planprogrammet låg ute på høyring til i sumarmånadene 2014. Det kom inn 4 merknader til planprogrammet. I mars 2015 vart Asplan Viak AS engasjert for å utarbeide eit planforslag til handsaming i styringsgruppa juni 2015. Planarbeidet har vore organisert gjennom ei politisk styringsgruppe samansett av ordførarane og leiarane av planutvala i dei tre kommunane samt ein representant til frå kvar av kommunane. Vidare er det oppretta prosjektgruppe med tverrfagleg kompetanse leia av ordføraren i Fusa og med representantar frå dei tre kommunane samt frå BRB og HFK. I tillegg har det vore ei arbeidsgruppe med planfagleg kompetanse og med deltaking frå alle kommunane. Alle gruppene har delteke i eit felles arbeidsmøte. På arbeidsmøte mellom dei tre kommunane vart det mellom anna gjennomført ei forenkla SWOT-analyse, drøfta gode lokaliseringsprinsipp og arbeidd i kart for å finne næringsareal som var i tråd med lokaliseringsprinsippa. Asplan Viak AS 6 Figur 1: Utsnitt frå arbeidskarta 1.4 Overordna føringar og rammer som har vore særs viktig for planframlegget: Det er ei rekkje nasjonale og regionale føringar og rammer som er førande for planarbeidet. Under fylgjar nokon av dei som har vore særs viktige: - Statlige planretningslinjer for samordna areal og transportplanlegging - Regional næringsplan for Hordaland 2013-2017 - Regional areal og transportplan for Bergensområdet (under arbeid ) - Regional plan for attraktive senter i Hordaland- senterstruktur, tenester og handel - Regional transportplan 2013-2014 - Regional klimaplan 2014-2030 - Strategisk næringsplan for Bergensregion 2010-2014, BRB. - Kommuneplan sin Samfunnsdel 2015- 2027, Os kommune (høyringsutkast) - Kommuneplanen sin arealdel 2012-2024, Os kommune - Kommuneplanen sin samfunnsdel 2011-2023, Fusa kommune - Kommuneplanen sin arealdel, Fusa kommune (under arbeid) - Kommuneplanen sin samfunnsdel 2007-2017, Samnanger kommune - Kommuneplanen sin arealdel, Samnanger kommune (under arbeid) Asplan Viak AS 7 2. DAGENS
Details
-
File Typepdf
-
Upload Time-
-
Content LanguagesEnglish
-
Upload UserAnonymous/Not logged-in
-
File Pages42 Page
-
File Size-