Bibelferie Med Israelsmisjonen Innvik Fjordhotell Misjonsheimen 24.-26

Bibelferie Med Israelsmisjonen Innvik Fjordhotell Misjonsheimen 24.-26

Bibelferie med Israelsmisjonen Innvik Fjordhotell Misjonsheimen 24.-26. juli 2020 Tema: IDENTITET Eit møte med Bibelen, Israel, trua og vår plass i Guds plan Hovudtalar: Seniorrådgjevar Rolf G. Heitmann Velkomen til vakre Nordfjord og Innvik, og til Bibelhelg på Innvik Fjordhotell Misjonsheimen! Mange stemne og leirar er i år avlyste grunna omsyn til smittevern og råd frå styresmaktene. Det gjeld også sommarstemnet og landsmøtet til Israelsmisjonen. Difor kjem vi no med eit godt alternativ til deg: Bibelhelg i Innvik, der du kan kombinere fellesskap, samlingar om Bibelen og trua, misjonsinformasjon og gode opplevingar. Innvik ligg midt i smørauget for utfluktar til Oldedalen og Briksdalsbreen, historiske Loen, eller fjellturar til Skåla og Lodalskåpa – eller rett til topps med Loen skylift. Du kan også ta ein tur på fjorden, prøve fiskelukka, eller nyte stranda ved hotellet. Stadlandet og Selje kloster er heller ikkje langt unna. Her er mykje vekslande og vakker natur, og rik kultur. Fredag: 14.00 Innkvartering/Lunsj 16.00 Seminar 1: Israel – Det folket Gud valde 18.00 Helgemåltid 19.30 Kveldssamling med informasjon frå misjonsarbeidet. Song v/Torgeir Flateby Laurdag: 09.00 Seminar 2: Utvalt i Kristus – før verda vart grunnlagd 10.00 Fritid. Dei som ønskjer det kan dra på tur. Det blir ikkje servert lunsj, men høve for nistepakke og varm drikke på eigen termos 18.00 Middag 19.30 Fellesskapskveld og misjonsinformasjon Søndag: 09.30 Seminar 3: Eit utvida og sameina gudsfolk 11.00 Gudsteneste i Innvik kyrkje eller på Misjonsheimen 13.00 Lunsj / Avreise Vi vil følgje råd og retningsliner frå styresmaktene om smitterverntiltak, slik at du kan få eit trygt og godt opphald. Vi set difor ei grense på maksimum 50 deltakarar. Berre dei som er påmelde kan delta. Påmelding: Nærare informasjon om påmelding: https://www.israelsmisjonen.no/sommer Seminaravgift (betaling ved påmelding): Kr. 300,- Opphald i dobbeltrom m/full pensjon: Kr. 1.950,- per person Tillegg for enkeltrom: Kr. 200,- per døgn Dersom du ønskjer å utvide opphaldet, kan du kontakte Innvik Fjordhotell Misjonsheimen direkte på e-post: [email protected] eller telefon 578 74 990 Du kan delta på seminaret utan å overnatte, men alle må melde seg på. Måltid kan tingast separat. Vi svarar gjerne på spørsmål på telefon 20 98 85 00 eller 90 67 83 23. .

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    2 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us