ÅÅRRSSMMEELLDDIINNGG SSOOGGNN OOGG FFJJOORRDDAANNEE TTUURRLLAAGG 22001133 2 Sogn og Fjordane Turlag - friluftsliv i heile fylket Sogn og Fjordane Turlag sitt jubileumsarrangement «Vi vandrar saman» var eit av mange arrangement i samband med Sogn og Fjordane fylke sitt 250- års jubileum. Turaktivitet og fjellsport er ein viktig del av fylket sin kulturverdi. Særs kjekt er det og at ein i 2013 fekk i stand ein Utviklingsavtale mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Turlaget om eit skikkeleg turløft for born og unge. Friluftsliv må også lærast. Då er det særs framtidsretta av Sogn og Fjordane fylke å løyve midlar til å styrke tilrettelegginga av friluftsliv for dei yngste. Prosjektleiar Espen Bruun er godt i gang med prosjekt «ung meistring i vill vestlandsnatur». Regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv i ny revidert utgåve viser tydeleg at friluftsliv er eit viktig satsingsområde for og oppnå god folkehelse hjå fleire i fylket. Når Sogn og Fjordane Turlag kunne markere sitt 30 års jubileum i Gloppen sist i november kan vi stolte stadfeste at vi femnar alle kommunar i fylket. Siste tilskot til turlaget var Barnas Turlag Selje. Vel 16.000 deltok på turar arrangert av våre 16 lokale turlag. 196.400 treff på 190 trimpostar fortel om attraktive nærturtilbod. Ei aktiv marknadsføring trur styret er avgjerande viktig for å nå ut til fylket sine innbyggjarar. Felles turprogram og Turmagasinet går ut til alle husstandar i Sogn og Fjordane saman med bruk av nettside og sosiale medium. Nyhende om friluftsliv er også av interesse for aviser, radio og tv, noko omfattande pressedekning av turlaget sin aktivitet syner. Sogn og Fjordane har over 40 attraktive DNT- hytter både i fjellet og langs kysten. 19 av desse er drivne av lokallag. Grøssete i Sogndalsdalen er ei populær ungdomshytte, som mange studentar nyttar. Skongenes fyr byr på eineståande havutsikt. «Fuglesteg» har også i 2013 om lag 5000 besøkjande og 400 overnattingar på den idylliske restaurerte høgdegarden. Naturvernutvalet leverte 33 fråsegner i 2013. Natur og landskap i Sogn og Fjordane er stadig under utbyggingspress. Vindkraftverk, nye vasskraftverk både små og store utbyggingar, mineral- og masseuttak av stein endrar raskt det tradisjonelle kystkulturlandskapet, natur og friluftsområder av stor verdi. Det ligg store utfordringar i å sikre natur- og friluftsinteressene framover. Stort lokalt engasjement mot mange utbyggingar talar for at dette arbeidet er viktig nettopp for å sikre natur- og friluftsinteressene. Alliansen DNT Vest, som femnar om DNT sine medlemsforeiningar på Vestlandet, har arbeidd tett for å sikre friluftsområde, som er truga av særleg mange og store vindkraftverkutbyggingar. Turlaget har i dette arbeidet eit godt samarbeid med Forum for natur og friluftsliv i Sogn og Fjordane. Styret i Sogn og Fjordane Turlag takkar alle gode samarbeidspartnarar for innsatsen og eit godt friluftslivsår i 2013! Marino J. Ask - styreleiar - 3 Innhald: Sogn og Fjordane Turlag- friluftsliv i heile fylket................................................................. 3 Tillitsvalde i Sogn og Fjordane Turlag 2013…………………………………………………… 5 Medlemsutvikling i Sogn og Fjordane Turlag………………………………………………….. 6 Aktivitetar i fylket………………………………………………………………………………….. 6 Trimpostar…………………………………………………………………………………………. 6 Hytter………………………………………………………………………………………………. 7 Administrasjon…………………………………………………………………………………… .. 7 Nettside/ sosiale medium………………………………………………………………………… 7 Media………………………………………………………………………………………………. 7 Årsmøtet SFT 2013………………………………………………………………………………. 8 Fornya tillit styreleiar……………………………………………………………………………… 9 BaseCamp Vinter…………………………………………………………………………………. 10 BaseCamp Sommar…………………………………………………………………………….. .. 12 Kom deg ut dag februar………………………………………………………………………….. 14 Kom deg ut dag september……………………………………………………………………… 15 Rondane på langs………………………………………………………………………………… 16 Vi vandrar saman- fylket 250……………………………………………………………………. 19 Espen Bruun ny friluftsleiar…………………………………………………………………….... 20 Fellesmøte SFT, Gloppen……………………………………………………………………….. 21 Årdal Turlag……………………………………………………………………………………….. 23 Flora Turlag……………………………………………………………………………………….. 23 Indre Sunnfjord Turlag………………………………………………………………………….... 24 Keipen Turlag……………………………………………………………………………………... 24 Indre Nordfjord Turlag……………………………………………………………………………. 25 Sogndal Turlag……………………………………………………………………………………. 25 Lærdal Turlag……………………………………………………………………………………... 26 Luster Turlag……………………………………………………………………………………… 26 Midtre Nordfjord Turlag………………………………………………………………………….. 27 Ytre Nordfjord Turlag…………………………………………………………………………… . 27 Vik Turlag…………………………………………………………………………………………. 28 Aurland Turlag……………………………………………………………………………………. 28 Balestrand og Høyanger Turlag………………………………………………………………… 29 Ytre Sogn Turlag…………………………………………………………………………………. 29 Barnas Turlag Hyllestad…………………………………………………………………………. 30 Barnas Turlag Leikanger…………………………………………………………………………. 30 Tal medlemer, turar og turdeltakarar 2013…………………………………………………….. 31 Topptrim og turpostar 2013……………………………………………………………………… 32 Tur og BaseCamp aktivitetar 2013……………………………………………………………… 32 Kursdeltaking 2013……………………………………………………………………………… 33 Personar som har turleiarutdanning…………………………………………………………….. 33 Hyttestatistikk 2013……………………………………………………………………………….. 34 Møtedeltaking og representasjonar 2013……………………………………………………..... 35 Samarbeidspartnarar……………………………………………………………………………… 39 Medierapport……………………………………………………………………………………….. 40 Årsmelding Kurs- og Fjellsport…………………………………………………………………… 42 Årsmelding Naturvernutvalet……………………………………………………………………... 49 Framsidefoto: Fellesmøte 2013 på Sandane og tur til Blånibba (1067 moh.) . Foto: Anne Rudsengen 4 TILLITSVALDE I SOGN OG FJORDANE TURLAG 2013 Leiar Marino J. Ask ST Klippavegen 22 6856 Sogndal Nestleiar: Linda M. Hantveit YST Sognefjordvegen 2147 5961 Brekke Skrivar: Ingeborg Flaten LuT Sandvikvegen 44 b 6868 Gaupne Styremedlem: Jarle Frøyen KT Skulevegen 18 6723 Svelgen Styremedlem : Asle Veien IST Liavegen 39 c 6800 Førde Varamedlem 1: Olav Kjell Moen ÅT Øyni 6 6884 Øvre Årdal Varamedlem 2: Britt Småvik YNT Gt. 6 nr. 87 6700 Måløy Varamedlem 3: Per Jakob Kyrkjeeide INT Svarstad 6783 Stryn Kurs- og Fjellsportutval (KFU): Leiar: Roger A. E. Bareksten FT Furutun 3 6900 Florø Medlem: Jorunn Vågen IST Furelia 3 b 6800 Førde Medlem: Marino J. Ask ST Klippavegen 22 6856 Sogndal Vara: Vigdis Flaten Kvamme IST Straumen 6980 Askvoll Naturvernutval: Leiar: Ron Overdevest YST Gulafjordvegen 1127 5960 Dalsøyra Medlem: Jørgen Bruheim LæT Hillegård 19 6887 Lærdal Medlem: Egil Loftesnes INT 6793 Innvik Varamedlem: Alvar Melvær IST Kvieneset 6800 Førde Valnemnd: Leiar Tore Sønnesyn LuT 6868 Gaupne Medlem: Gunnar Skjølberg KT 6727 Bremanger Medlem: Irene Befring IST 6863 Skei i Jølster Rekneskapsførar: Berit Holme 6800 Førde Revisor: BDO AS 6800 Førde Styreleiar: Marino J. Ask, Dagleg leiar: Astrid Kalstveit, Prosjektleiar Ung: Espen Bruun [email protected] [email protected] [email protected] Leiar KFU: Roger A. E. Bareksten, Leiar Naturvernutval: Ron Overdevest, [email protected] [email protected] 5 Medlemsutvikling i Sogn og Fjordane Turlag (SFT) MEDLEMSUTVIKLING I SFT 1989 - 2013 Medlem Born 0-12 år 6500 6000 5500 5000 4500 4000 3500 3000 2500 2000 1500 1000 500 0 1996 1997 1998 2008 2009 2010 2011 1989 1990 1991 1992 1993 1994 1995 1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2012 2013 Årstal Sogn og Fjordane Turlag (SFT) har pr. 1.11.2013 samla 5.809 medlemer. Av desse er 600 ungdomar og 1.064 born. Lokallaga har varierande medlemsauke, men mest auke har Luster Turlag (+34), Årdal Turlag (+23), Keipen Turlag (+19) og Flora Turlag (+15). Også samla medlemstal SFT har ein svak auke på 12 medlemer. BT Leikanger blei, på Sogndal Turlag sitt årsmøtet i november, innlemma i lokallaget Alle medlemene som soknar til Leikanger kommune er nå medlemer i dette laget. Aktivitetar i fylket 2013 baud på god aktivitet i alle dei 16 lokallaga (2 BT lag) og til saman 559 turar blei arrangert, med ein nedgang på 34 frå året før. Vêret har sett ein stoppar for helgeturane i fleire lag, og nedgangen skyldast nok ein del avlysingar av turar. Tal turdeltakarar har likevel ikkje gått ned med meir enn 253 og samla tal deltakarar var 16.050 i 2013. Dei fleste lokallaga har faktisk hatt auke i deltakarar ut på tur. Deltakarane på dei populære midtveketurane i åtte lag i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn er òg talde med. Trimpostar Lokale turlag i Keipen, Ytre Nordfjord, Luster, Midtre Nordfjord, Lærdal, Årdal, Flora, Indre Sunnfjord, Høyanger og Aurland legg til rette for eit omfattande trimposttilbod og det er nå etablert 208 turpostkassar i fylke. Dei 15 nye turpostar i Sogndal Turlag hadde auke på 1.300 og 11.394 treff i år. Også god deltaking turpostar og auke i Flora, Midtre Nordfjord, og Ytre Nordfjord. Aurland Turlag er godt i gang med og etablera 18 nye turpostar. Stor applaus til laga som har ansvar for tilrettelegging og oppteljing av bøker og utplasserte postar. Og ikkje minst dei som etablerer nye turpostkassar, og dei som får med barn og unge på Turbotrim og Superturbotrim. Såleis kan turaktiviteten leve sitt eige liv, kva tid på døgnet og kva dag du 6 ynskjer, og er eit supert supplement til dei vanlege turlagsturane. 196.405 treff hadde desse postane i 2013, og endå er ikkje Aurland Turlag i gang med registrering og vil kome til i 2014. Hyttene Dei 19 hyttene som er eigd eller leigd av 9 lokallag, er alle i god stand og opne for turfolk anten på fjell, i li eller ved kyst. Samla tal overnatting er 2.382 og mest jamt med fjoråret. Og hyttene har hatt auke i dagsbesøk med
Details
-
File Typepdf
-
Upload Time-
-
Content LanguagesEnglish
-
Upload UserAnonymous/Not logged-in
-
File Pages56 Page
-
File Size-