Høyringsuttale Aurland Kommune.Pdf

Høyringsuttale Aurland Kommune.Pdf

Aurland kommune Helse og førebygging Aurland, 01.06.2018 Helse Førde Vår ref. Dykkar ref. Sakshandsamar Arkiv 2018000533-3 Guri Olsen, K2 - G00 Høyringsuttale frå Aurland kommune - Prosjekt prehospitale tenester - fase 1 Vedlagt følgjer høyringsuttale frå Aurland kommune, kommunestyret 31.05.18. KS- vedtak sak 037/18: Gode prehospitale tenester er viktigfor at våre innbyggjarar skal kjenne seg trygge. Slik det er no, so er responstida på ambulansen i Aurland altfor dårleg. Det tek 43,7 minutt å nå 90% av innbyggjarane, og i 64% av akuttilfella nådde ikkje ambulansen fram innan 25 min. Dette er hhv. tredje dårlegast og nest dårlegast i fylket. Aurland er ein liten kommune i folketal med sine knappe 1800 innbyggjarar, men det er store mengder besøkjande og gjennomgangstrafikk her. Flåmsbana åleine har 1 million reisande pr år, me har E16 og FV50 med stor gjennomgangstrafikk, ca 150 cruiseskip i sommarhalvåret i tillegg til mange andre rute- og turistbåtar, fullbooka campingplassar og hotell, mange fotturistar og syklande i Aurlandsdalen, Flåmsdalen, Rallarvegen osv.. Me har mange tunnelar som gir ekstra utfordringar i høve tryggleik og ulukker. Bl.a. so vil ei stenging i Lærdalstunnelen kunne føre til at ambulanse frå Lærdal ikkje kjem seg til oppdrag i Aurland, og næraste ambulanse er då Voss som er 1 time unna. Det er ikkje forsvarleg å ikkje ha ambulanse stasjonert i Aurland, og i samband med "Prosjekt prehospitale tenester" krev Aurland at det vert lagt opp til ambulanse fast stasjonert i Aurland. Det er ikkje forsvarleg å erstatta ambulansetenester med akutthjelparordning. Akutthjelparordninga må ikkje organiserast slik at kostnaden vert flytta frå Helse Førde til kommunane. Aurland kommunestyre krev at det vert lagt opp til ambulanse fast stasjonert i Aurland . Samrøystes Med helsing Guri Olsen Tenesteleiar for helse og førebygging Brevet er elektronisk godkjent og er utan underskrift Postadresse: Telefon: 57 63 29 00 Bankgiro: 3745.07.00046 E post: [email protected] 5745 AURLAND Telefaks: 57 63 29 01 Konto skatt:: 6345 06 14213 Heimeside: www.aurland.kommune.no Kopi til: Trine Hunskår Vingsnes Side 2 av 2 .

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    2 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us