HELSING FRÅ LEIAREN Året har vore innhaldsrikt og utfordrande både for landbruket vårt og meg personleg. Eg har lært mykje, fått vore med på mykje og fått ei betre innsikt i næringa. Me har mange moglegheiter, men også nok utfordringar. Eg er bestemt optimist og nektar å fylla rolla som klagande og negativ bonde, men det er skyer på horisonten som me ikkje kan ignorera. Produksjon av gras som fôr til sau og kyr er bærebjelken i landbruket og nøkkelen til bruk av areala i fylket vårt. Me produserer ca 10 % av mjølka og storfekjøtet i landet. I tillegg er Vestland ei stormakt kva gjeld frukt og bær, med rundt halvparten av produksjonen. Men landbruket hjå oss er, saman med Nord-Norge, det landbruket som er mest avhengig av at systemet fungerer. Vi har dei minste bruka, dei minste skifta, dei største avstandane til kjedene sine sentrallager og dei minste mjølkekvotane. Dersom den norske landbruksmodellen med kanalisering, tollvern, marknadsregulering og tydelige prioriteringar i overføringane sviktar, er det hjå oss det slår hardast ut. Me ser med bekymring at import av sentrale landbruksvarer aukar, samstundes som kornareal går over til grasproduksjon, eller vert tilplanta med frukt og bær. Spørsmålet er om det er politisk kraft og styringsvilje til å føre politikk som sikrar den arealbruken ein seier ein vil ha. Me er no midt i ei nedskalering av mjølkeproduksjonen der tala så langt syner at det er meldt inn flest kvotar for sal i vår region. Me har størst utfordring med å rekne heim ei investering i fjøs som stettar framtidas krav til driftsopplegg. Signalet frå oppkjøpsrunden må takast på alvor. Ønsker vi å oppretthalda arealbruken på innmark og beite, må overføringar og marknadsordningane sikrast og styrkast for framtida. FNs arealbruksrapport slår fast at alle land bør produsere den maten dei kan på ein bærekraftig måte på tilgjengeleg areal. Bærekraft er nøkkelen og vert eit krav for produksjonen vår i framtida. Men bærekraft rommar meir enn klima. Det handlar om å produsere utan å forringe arealressursen og miljøet. Rapporten «Klimakur 2030» skisserer potensial for kutt i landbruk/matsektoren til 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar, og redusert konsum og produksjon av raudt kjøt har fått mykje fokus i debatten. Vi meiner det er eit unødvendig tiltak, då kuttpotensialet er det same som landbruket har forplikta seg til å kutte gjennom avtalen med regjeringa. Landbruket lanserer snart sin klimaplan for kutt i utslepp utan kutt i produksjonen. Så no bør samfunnet gje landbruket den tilliten me fortener og arbeidsroa me treng til å levere på forpliktelsane. Det skal me klare. Me er inne i det siste året som eige fylkeslag. I november går Hordaland og Sogn og Fjordane Bondelag saman og skipar Vestland Bondelag. Geografien gjev utfordringar både for matproduksjon og organisasjonsdrift. Fleire er bekymra for at store avstandar vil gje dårlegare kontakt med fylkesleddet og vanskar med rekrutteringa av tillitsvalgte. Desse utfordringane må og skal me løysa. Me må bygga og driva organisasjon på ein måte som sikrar at det er attraktivt å både vera medlem og tillitsvalgt. Vestlandsbøndene treng eit velfungerande Vestland Bondelag og gode tillitsvalgte som representerer dei. Etter eit år i leiarvervet der eg har blitt kjent med både tillitsvalgte og tilsette i begge fylkeslaga i Vestland er eg heilt sikker på at det vil vestlandsbonden få. Peder Nernæs 3 Helsing frå fylkesstyret Knut Byrkjenes Hauso, nestleiar Fruktprodusent med 7 daa moreller, 12 daa plommer, 3 daa pære og 25 daa eple. Pluss nokre bikuber. Mi hovudoppgåve er å engasjera meg i, og oppdatera fylkesstyret om, frukt- og grøntutfordringar. Eg har vore oppteken av framtida for vaksengartnar-utdanninga, delteke i programkomitèen for Hardangerkonferansen og Grøntutvalet for Vestlandet. I tillegg har eg fokus på kostnader til klargjering og arrondering av areal som grunnlag for IBU-tilskotet ved fornying av frukhagane. Dette legg til rette for framtidig teknologisk utvikling. Bodhild Fjelltveit, styremedlem Noko av det kjekkaste med Bondelaget er å få vitje lokallaga. Eg har lært utruleg mykje frå bondelagsmedlemmer rundt i fylket vårt dei åra eg har vore tillitsvald, og tek alltid med meg innspel vidare i arbeidet heile arbeidsåret gjennom. Mi erfaring er at dei gode innspela som er med og formar landbrukspolitikken kjem frå grasrota! Lars Bø, styremedlem Eg har gard på Voss, der eg driv mjølkeproduksjon i robotflor med 190 tonn kvote og har og nokre sauer. Eg vart valgt til leiar i Landbruksråd Vestland i fjor haust. Eg er opptatt av kanaleseringspolitikken og at me klarar og holde oppe produksjonen på Vestlandet. Anne Holter Vae, styremedlem Me driv mjølkeproduksjon i ein liten lausdriftsfjos med 10 kyr, og har i tillegg 150 vinterfôra sau. Eg er opptatt av mangfald i jordbruket, at vi har plass til både små og store bruk og landbruk i heile landet. Dei sakene eg brenn mest for, er omdømmebygging, jordvern og dyrevelferd. Eg opplev kontakten ut i lokallaga som lærerik og spennande. 4 Inga Winjum Rørlien, 1. vara Eg driv med ammeku, framfôring av oksar (både eigne og innkjøpte) og sau. Sidan eg er den einaste i styret med spesialisert storfekjøt-produksjon fokuserer eg på den delen i styrearbeidet. Eg har vore med på Bergen Matfestival og Hardangerkonferansen. I valkampen var eg med på ein fjelltur i Årdalsfjella saman med Sogn og Fjordane Bondelag og komande fylkespolitikarar. Det vart teke opp mange viktige tema. I tillegg har eg vore med Knut B. Hauso på nokre møte angåande utdanninga av vaksengartnarar og korleis dette tilbodet skal sjå ut i vårt område i framtida. Representasjon og oppgåvefordeling i styret Arbeidsutval Leiar, nestleiar og organisasjonssjef Verveutval Anne Holter Vae, Bodhild Fjelltveit, kontoret Styret i Norges Bondelag Frøydis Haugen, 2. nestleiar Styret i Norges Bondelag Bodhild Fjelltveit, styremedlem Organisasjonsutvalet i Norges Bondelag Bodhild Fjelltveit Partnarskapet Hordaland Peder Nernæs Landbruksråd Vestland Peder Nernæs Vara: Lars Peter Taule Lars Bø er leiar av rådet (repr. FK Agri). Stiftinga Hordaland Landbruksselskap Peder Nernæs Matfestivalen Peder Nernæs, kontoret Vassregion Hordaland Maria Makloufi Skjold Grøntutvalet Vestlandet Knut Byrkjenes Hauso Kulturlandskapsgruppa (RMP) Peder Nernæs, Lars Peter Taule. Vara: Knut B. Hauso Hardangerkonferansen, programkomité Knut Byrkjenes Hauso, Inga W. Rørlien Inn på Tunet Maria Makloufi Skjold Beiteutvalet Bodhild Fjelltveit Storfeprosjektet Lars Bø RUL Peder Nernæs, Lars Peter Taule Agro Hordaland Geir Totland Studieforbundet Næring og Samfunn Maria Makloufi Skjold Kommunale forvaltingsplanar gås Lars Peter Taule, Geir Totland Klima og energiansvarleg Lars Bø, Anne Holter Vae Kontakt Mattilsynet/dyrevelferd Kontoret, Anne Holter Vae Styret i HBK Lars Bø. Vara: Olav Myhr Styret i HBU Inga W. Rørlien. Vara: Lars Bø HV-distriktsråd Asgeir Nøttveit Årsmøte i Hordaland Bygdeungdomslag Lars Bø. Vara: Inga W Rørlien Årsmøte i 4H Hordaland Knut Byrkjenes Hauso 5 ADRESSER STYRET OG ADMINISTRASJONEN Styreverv Namn og adresse Telefon og e-post Leiar: Peder Nernæs 97 04 16 28 Nernæsvegen 179, 5632 Omastrand [email protected] Nestleiar: Knut Byrkjenes Hauso, 99 26 32 54 Årekolvegen 2, 5777 Grimo [email protected] Styremedlem: Bodhild Fjelltveit 90 98 59 32 Hausdalsv. 379, 5229 Kalandseidet [email protected] Styremedlem: Lars Bø 91 16 54 48 Tjukkebygdvegen 159, 5706 Voss [email protected] Styremedlem: Anne Holter Vae 99 15 88 14 Vadsvegen 21, 5590 Etne [email protected] Frå HBU: Lena Bakke Handeland, 92 02 90 88 Dynjevegen 91, 5550 Sveio [email protected] Frå HBK: Hagny Flatabø, Kjepsovegen 236, 5614 Ålvik 1. vara: Inga Winjum Rørlien, 97 57 16 12 Såkvitnavegen 5, 5736 Granvin [email protected] 2. vara: Olav Myhr 91 17 60 11 Mykingvegen 230, 5913 Eikangervåg [email protected] 3. vara: Endre Bjotveit 99 73 79 32 Kinsarvikvegen 1195, 5780 Kinsarvik [email protected] Administrasjonen på Landbrukstunet: Post- og besøksadresse : Kokstadflaten 36, 5257 Kokstad Telefon: 55 91 88 80 E- post: [email protected] Organisasjonssjef Lars Peter Taule 90 85 85 55, [email protected] Rådgjevar Geir Totland 99 64 26 00, [email protected] Rådgjevar Maria Makloufi Skjold 93 49 30 78, [email protected] Bybonden Ida Kleppe [email protected] 6 LISTE OVER LOKALLAGSLEIARAR Hordaland Bondelag har 39 lokallag. Med unntak av Fedje, er det minst eitt lokallag i alle kommunar. 7 TILLITSVALDE I HORDALAND BONDELAG Lokallaga Organisasjonsarbeidet er viktig. Lokallaga gir nettverk og sosialt samhald for medlemer og påverkar lokal politikk. Arbeidet i lokallaga gir grunnlag for arbeidet sentralt i bondelaget, alt frå å motarbeide forslag om å fjerne konsesjonslova til å jobbe for at bøndene kan få bruke gnagarmidlar på eigen gard. Lokallaga er ofte godt organisert og kan handle raskt ved ulykker, naturkatastrofar og brann. Dei bidrar til beredskap og er ei god støtte for andre bønder og for kommunen. Mange av lokallaga sikrar god og viktig omtale av landbruket gjennom media. Det er ulikt aktivitetsnivå i lokallaga, men dei fleste tilbyr medlemsmøte. Nokre lag har kurstilbod, bondepub og andre sosiale samlingar, og mange arrangerer fagmøte. Kvart år er det studiering eller medlemsmøte der jordbruksforhandlingar er tema. Desse lokallaga fekk ny leiar i 2019: Sveio Bondelag, Stord Bondelag, Omvikdalen Bondelag, Uskedalen Bondelag, Ullensvang Hagebrukslag, Strandebarm-Tørvikbygd Bondelag, Modalen Bondelag og Vossestrand Bondelag. Tusen takk til leiarane og styremedlemene som gjekk av for arbeidet dei har gjort for landbruket og bøndene. Årets lokallag 2018 Hordaland Bondelag har kåra årets lokallag sidan 2010. Vinnaren går vidare til den nasjonale kåringa i Norges Bondelag. Denne gongen var det Voss Bondelag som fekk tittelen og 10 000 kroner. Voss Bondelag har aktivitetar for medlemene, engasjerer seg i lokalmiljøet og har tett kontakt med politikarar. Dei er synlege både under kampanjar, aksjonar og med arrangement som Open Gard. I fjor stilte heile styret på Lars Istad, Guro Sofie Gjelland og Lars Bø frå styret organisasjonskurs. i Voss Bondelag med diplom for Årets lokallag. Lokallaget stiller alltid opp på fylkesarrangement, både dei ordinære og ekstraordinære.
Details
-
File Typepdf
-
Upload Time-
-
Content LanguagesEnglish
-
Upload UserAnonymous/Not logged-in
-
File Pages40 Page
-
File Size-