Vår dato: Vår ref: 17.12.2020 2020/18716 Dykkar dato: Dykkar ref: 09.12.2020 Sogn og Fjordane Energi Saksbehandlar, innvalstelefon Johannes Anonby, 5764 3125 Att. Ragna Flatla Haugland Sørdalen naturreservat i Bremanger kommune – løyve til maskintransport på tilkomstveg til overføringskanal SFE får løyve til køyring av gravemaskin på anleggsveg gjennom Sørdalen naturreservat for tilkomst til utløpskanal utanfor reservatet Vi viser til søknad i e-post 9.12.2020 Frå Sogn og Fjordane Energiverk, som ønskjer å køyre med gravemaskin på anleggsvegen som går innom Sørdalen naturreservat for å kome til overføringskanal utom reservatet. Søknaden med bakgrunn SFE Produksjon driftar og held ved like kraftverket Svelgen 1 i Bremanger, og no trengst det å utbetre mur i kanalen der overføringstunnelen frå Langevatnet kjem ut i Sørdalen. Erosjon har gjort at nokre større steinar på nordsida delvis har rasa ut. For å få utført arbeidet må det beltast inn ei gravemaskin. Det vil skje på allereie opparbeidd tilkomstveg. I underkant av 100 meter av denne vegen ligg inne i reservatet. Kanalen der reparasjonsarbeidet skal gjerast ligg utanfor naturreservatet. Arbeidet vil skje over 1 eller 2 dagar, og SFE vil varsle oppsyn på førehand. SFE ønskjer eit løyve som gjeld frå d.d. til ut juni månad 2021, sidan det er uvisst om det blir aktuelt å utføre jobben før nyttår eller først etter vinteren (vêr- og føreavhengig). Kanalen vart utbetra i 2015 av Statens Vegvesen i samband med utskifting av kulvert under fylkesveg 614, og Fylkesmannen gav då Vegvesenet dispensasjon, dagsett 23.3.2015, til maskintransport på denne gamle anleggsvegen gjennom verneområdet. Kanalen der sjølve arbeidet skal gjerast ligg utanfor naturreservatet. SFE produksjon måtte gjere tiltak på den same kanalen i 2018, og fekk løyve til køyring gjennom naturreservatet via den same traseen, ved brev 28.8.2018 frå dåverande Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. E-postadresse: Postadresse: Besøksadresse: Telefon: 57 64 30 00 [email protected] Njøsavegen 2 Njøsavegen 2, Leikanger www.fylkesmannen.no/vl Sikker melding: 6863 Leikanger Statens hus, Kaigaten 9, Bergen www.fylkesmannen.no/melding Fjellvegen 11, Førde Org.nr. 974 760 665 Side: 2/4 Utsnitt av kartvedlegg frå Vegvesenet i 2015. Reservatgrensa synt med mørkgrøn strek, tilkomstvegen med gult og utløpskanalen med lysgrønt. Heimelsgrunnlag Verneforskrifta for Sørdalen naturreservat, vedteken 17.12.1999, med seinare endringar, set i pkt. IV.4 forbod mot «motorisert ferdsel, på land og på vatn, … medrekna start og landing med motorfarty». I følgje verneforskrifta pkt. VI.1 kan derimot forvaltingsstyresmakta, etter søknad, gje løyve til «Naudsynt motorferdsel i samband med tiltak under kap. V pkt. 3 og 6.» Sistnemnde pkt. (V.6) gjeld «Vedlikehald av anlegg som er i bruk på fredingstidspunktet». Vurdering Overføringstunnelen frå Langevatnet, med den tilhøyrande kanalen, er eit anlegg som var i bruk på fredingstidspunktet. Røynslene syner at det frå tid til anna trengst å gjere vedlikehaldsarbeid på denne kanalen, og at det då er naudsynt å kome til med tunge maskiner. På same måte som i handsaminga av søknaden frå Vegvesenet i 2015 og frå SFE i 2018, vurderer Fylkesmannen at omsynet til gammal barskog, som er hovudføremålet for naturreservatet, vert ivareteke best ved at maskintilkomsten til utløpskanalen følgjer den gamle anleggsvegen gjennom naturreservatet. Kunnskapsgrunnlaget (jf. naturmangfaldlova § 8 og 9) gjev ikkje grunn til å frykte at den omsøkte maskintransporten skal utgjere fare for naturmangfaldet eller utgjere eit press mot sårbare økosystem (jf. naturmangfaldlova § 10). Sjølv om det ikkje er kjent yngleplassar for spesielt sårbare artar i nærområdet, er det like fullt eit godt prinsipp å unngå køyring og uroing i hekketida, og eit naturreservat skal ideelt vere ein fristad for heile økosystemet, ikkje berre dei sjeldsynte artane. Val Side: 3/4 av tidspunkt slik at ein reduserer miljøbelasting er då også ein av fleire måtar ein kan bidra til å oppfylle naturmangfaldlova § 12 om miljøforsvarlege teknikkar og driftsmetodar. Fylkesmannen har i ein del andre dispensasjonssaker, også i Sørdalen naturreservat, sett vilkår om å unngå uroing (ut over det som følgjer av vanleg ferdsel til fots) i tida 15. april-30.juni. I nokre tilfelle syner det seg likevel vanskeleg å praktisere ein slik regel utan store ulemper og kostnader for samfunnet, dersom det er tiltak som er viktige å sluttføre utan opphald. I dette tilfellet oppfattar vi at tiltakshavar sjølv er interessert i å få gjennomført arbeidet så snart vêr- og føretilhøve tillèt, og ikkje ønskjer å utsetje arbeidet til våren og hekkesesongen dersom det kan gjerast tidlegare. Difor, og sidan køyringa gjennom naturreservatet vil følgje ein opparbeidd tilkomstveg der faren for uroing av hekkande fugl er mindre enn i terrenget rundt, finn vi det rettast å oppmode om å unngå hekketida, utan å setje det som eit vilkår. Avgjerd SFE Produksjon AS får med dette løyve til å belte gravemaskin fram og attende på den omtalte tilkomstvegen å utbetre skadane på overføringskanalen, i samsvar med søknaden. Følgjande vilkår gjeld: 1. Statens Naturoppsyn (v/Rune Holen, [email protected], tlf. 975 95 102) skal ha melding i førekant om når køyringa i naturreservatet startar opp. 2. Det skal ikkje nyttast større eller tyngre maskin enn det som trengst for å gjennomføre oppdraget på ein god måte. 3. Køyringa skal avgrense seg til den opparbeidde tilkomstvegen, slik at det ikkje oppstår skade på terrenget rundt, eller på trevegetasjon ut over eventuelle greiner og småtre som måtte strekkje seg inn over tilkomstveg-bana. 4. Kortfatta rapport om datoar for køyring gjennom naturreservatet skal sendast til Fylkesmannen så snart arbeidet er avslutta. Rapporten skal også innehalde opplysningar om kva for maskin som vart nytta, og eventuelt anna som er verdt å merkje seg. 5. Løyvet gjeld frå i dag og ut juni 2021. Klagerett m.m. Denne avgjerda kan klagast inn for Miljødirektoratet av partar i saka eller andre som har rettsleg klageinteresse, med ein frist på 3 veker. Eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen, som også kan gje nærare opplysningar om klagerett og rett til å sjå saksdokument. Med helsing Solveig Kalvø Roald Johannes Anonby seniorrådgjevar seniorrådgjevar Dokumentet er elektronisk godkjent Side: 4/4 Kopi til: Grunneigarane v/Asbjørn Myklebust Bremanger kommune Postboks 104 6721 SVELGEN SNO v/Rune Holen .
Details
-
File Typepdf
-
Upload Time-
-
Content LanguagesEnglish
-
Upload UserAnonymous/Not logged-in
-
File Pages4 Page
-
File Size-