Side 1 Naturvernforbundet I Møre Og Romsdal V/Øystein Folden, 6630

Side 1 Naturvernforbundet I Møre Og Romsdal V/Øystein Folden, 6630

Side 1 Tingvoll/Volda, 11.desember 2011 Olje- og energidepartementet Merknader til innstilling om lokalisering av transformatorstasjon i Sykkylven kommune i samband med 420KV-lina. Vi viser til vårt brev av 16.10.2011 til NVE då saka var på høyring. I innstillingsdokumentet av 4.11.2011 frå NVE har vi merka oss ein del formuleringar som truleg avspeglar haldningane i denne saka. Naturtypelokaliteten Heiane som er veldig sentral er etter det vi kan sjå høyrande til sterk oseanisk vegetasjonsseksjon, og truleg i boreonemoral vegetasjonssone (lågaste delen ligg kanskje i sørboreal vegetasjonssone). Når ein ser i DN-handbok nr 13 så finn ein mellom anna denne formuleringane: ”Spesielt er det lite myr igjen i boreonemoral vegetasjonssone langs kysten, og i områder av sørboreal sone med stor grad av landbruksmessig utnytting og/eller tett befolkning.” Det går elles fram av nemnte handbok at ein normalt ikkje skal registrere areal mindre enn 50 dekar, men at ein i område der det er lite igjen også skal ta med areal heilt ned i 5 dekar, og vidare at ein også må vurdere areal som har vore grøfta eller ha andre inngrep med tanke på restaureringspotensial. Det generelle trekket ved verdisetting er at store lokalitetar er meir verdifulle enn små. Dette mellom anna fordi store areal har betydeleg større føresetnader for å stå i mot negative påverknader enn det små har. Når ein i innstillinga side 26 så finn ”Myrområdet er stort og en transformatorstasjon vil ikke legge beslag på hele området”, så vitner det mest om at ein har gått lite inn i problematikken rundt denne naturtypen. I vår høyringsfråsegn kunne vi opplyse at det på denne lokaliteten var påvist både sentrisk høgmyr og kystnedbørsmyr som båe er oppført i kategori sårbar (VU) på raudlista. Vi finn ingenting i innstillinga som tyder på at dette er vurdert nærare. Naturvernforbundet i Møre og Romsdal v/Øystein Folden, 6630 TINGVOLL Telefon 91 81 25 42 – epost [email protected] – internett www.naturvern.no/mr Side 2 Det einaste som liknar er dette på side 26: ”NVE registrerer at området er vurdert å ha stor verdi som en stor artsrik lokalitet med flere typer myr, men konstaterer samtidig at området ikke er vernet i medhold av naturvernloven eller gjennom kommunale planer.” I Naturvernforbundet si fråsegn går det fram at Fylkesmannen i Møre og Romsdal har vist til dei resultata ein har fått av den nyaste kartlegginga, med ei oppmoding om at kommunen vurderer myrområda av særleg verdi med tanke på arealbruken i kommunen. Verken NVE eller OED legg vel til grunn at alt arealvern er gjort ferdig i Noreg, eller at ein har hatt så god oversikt tidlegare at ein nødvendigvis alltid har verna det som har hatt størst verdi. Naturvernforbundet tviler på at NVE si vurdering held etter krava i naturmangfoldloven § 8. Elles merker vi oss at det er lagt ein del vekt på landskapstilhøve. Det kan sjå ut som at det ein kan sjå heimanfrå er verre enn det ein kan sjå i fjellet av slike inngrep. Vi vil peike på at ein trafostasjon er ein innretning som høyrer til sivilisasjonen. Rett nok kan det seiast å vere baksida av medaljen, men like fullt noko som følgjer det vi bruker å kalle for høg sivilisasjon. Ute i naturen har ein først drukke opp vatnet for å lage straum og så vil ein altså plassere baksida av medaljen same staden, ute av syne, ute av sinn. Vi liker ikkje å seie det, men det ser ut som ein helst ikkje vil bli påminna om denne medaljebaksida. Skal ein ha så mykje straum som dette prosjektet legg opp til, så får ein i det minste tåle ei slik påminning frå tid til annan og ikkje gøyme det bort på fjellet. Det kan nok hende at lokalisering i Aurdalen og Vikedalen vil påverke fleire negativt når det gjeld landskap. Men sjølv om det skulle vere nokre færre som blir påverka av Heianealternativet, vil stasjonen der vere eit vesentleg kraftigare framandelement som gjer den negative verknaden større. Elles må vi minne om at området syner frå Fagerfjellet, eit av dei mest brukte utfartsområda nær Sykkylven sentrum. Når konklusjonen skal trekkast står ein på ein måte igjen med det som står på side 24: ”Aurdalen vurderes som bedre når det gjelder virkninger på landskap, mens Vikedalen er bedre når det gjelder virkninger på kulturmiljø.” Sidan det er noko heft ved båe desse alternativa, så får det heller våge seg at verknaden på naturmiljøet er problematisk med Heiane? Viss ein først skal få ei lokalisering ved Heiane så vil det vere eit spørsmål om ein kan gjere inngrepet så lite som mogleg. Vi merker oss grunneigarane sitt forslag om ein annan vegtrase. Det vil sjølvsagt vere vesentleg betre føresetnader for å berge verdiane i myra om ein ikkje lager veg tvers over. Også her blir det frå NVE argumentert for eit inngrep i myra framfor noko auka inngrep i form av fleire rørte stader i landskapet. Landskapsmessige omsyn har vore lågt prioritert over lang tid, og når ein no gjer noko med det, så går det altså ut over naturverdiane. Vi merker oss spesielt eit argument side 27 ”Det vil under anleggsperioden være behov for å bruke terrengkjøretøy og maskinelt utstyr langs traseen for å fundamentere master og frakte anleggsdeler. I mange tilfeller vil det derfor være behov for en midlertidig anleggsvei langs traseen” Så langt vi veit så vil det ein del stader langs traseen berre bli brukt helikopter, fordi landskapet tilseier det, eller truleg rettare, at det blir for dyrt med noko anna. At det er vanskeleg å ta seg fram gjer det altså mogleg å bruke helikopter, at det er betydelege naturverdiar innblanda blir ikkje rekna på same måten. Dette kan Naturvernforbundet ikkje godta. Naturvernforbundet i Møre og Romsdal v/Øystein Folden, 6630 TINGVOLL Telefon 91 81 25 42 – epost [email protected] – internett www.naturvern.no/mr Side 3 Naturvernforbundet i Møre og Romsdal meiner at alternativ Heiane har for stor negativ verknad til at det kan gjennomførast, og ber difor Olje- og energidepartementet om at dette alternativet ikkje får konsesjon. Med helsing Øystein Folden Knut Festø Leiar Sakshandsamar Kopi: Miljødepartementet Fylkesmannen i Møre og Romsdal Sykkylven kommune Naturvernforbundet i Møre og Romsdal v/Øystein Folden, 6630 TINGVOLL Telefon 91 81 25 42 – epost [email protected] – internett www.naturvern.no/mr .

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    3 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us