STRILABIBLIOTEKET Program vår 2020 Strilabiblioteket vart kåra til Årets bibliotek i Hordaland i 2019. Velkomne til Strilabiblioteket i Alver kommune I fleire år har vi planlagt korleis vi skal området: Lindås filial, Lindåshallen og gje brukarane våre ei god og heil- Rossland filial. skapleg teneste i den nye kommunen. Vi håpar og trur at vi har funne fram Eitt mobilt bibliotek, bokbussen til ein modell som ivaretek alle dei Nyfiken, vitjar mange av barnehagane varierte behova brukarane vår har. og skulane i kommunen. Tre avdelingsbibliotek har ansvaret Denne nye måten å organisere for kvar sine delar av bibliotekdrifta i bibliotekdrifta på er unik i Noreg, og kommunen. skal både sikre innbyggjarane eit Frekhaug bibliotek har oppdaging og breitt utval av litteratur og byggje kultur som sitt arbeidsområde, og har spisskompetanse hjå personalet. den største samlinga av skjønn- litteratur. I løpet av våren kjem biblioteket i Knarvik bibliotek legg vekt på opp- Knarvik til å flytte til nye og betre lokale lysing og kunnskap og har den største i Knarvik senter (vis-à-vis Cubus). samlinga av faktabøker. Biblioteket blir stengt i tre veker under Manger bibliotek er eit oppvekst- flyttinga, så følg med på heimesida vår. bibliotek med den største samlinga Samla sett får biblioteka i Alver utvida av barne- og ungdomsbøker. opningstider, sjå den siste sida i programmet. Vi håpar at vi vil sjå deg To nærbibliotek har eit tilpassa tilbod på arrangementa våre denne våren. til dei innbyggarane som soknar til Alle arrangementa er gratis. 2 22.01.2020 kl. 19.00 Strilabiblioteket, Knarvik SLÅTTAR FRÅ NORDHORDLAND Nordhordlandsslåttar III - Osterøy er den tredje utgivinga med slåttar frå Nordhordland som Arne Bjørndal samla inn. Hardingfelespelar Silje Solberg har spelt inn desse slåttane, og ho har óg skrive bok om spelemennene som spelte dei. Kom og høyr på spel og song og Strilabiblioteket vart kåra til Årets bibliotek i Hordaland i 2019. historiar om musikarar frå ei svunnen tid i Nordhordland! HARRY POTTER-FEST Vi gjentek suksessen med Harry Potterfest for 5. – 7. klasse, men denne gongen er det på Manger! Denne kvelden får ungane vita kva Galtvorthus som passar for dei, og dei får testa seg i å laga eliksirar og annan type trollmannskunnskap. Vi har nokre få plassar att på festen 14. februar dersom det er fleire som har lyst å vera med. 24.01.2020 14.02.2020 kl. 18.00 – 21.30 kl. 18.00 – 21.30 Strilabiblioteket, Manger 3 11.02.2020 kl. 19.00 Strilabiblioteket, Frekhaug FORFATTARMØTE MED JØRGEN JÆGER Gjennom 12 bøker er vi vorte kjende med lensmann Ole Vik, politibetent Cecilie Hopen og border collien Birk frå Fjellberghavn. Kom på biblioteket på Frekhaug og høyr forfattaren fortelja om dei og alle dei andre figurane vi møter i bøkene hans. 4 Spørjeundersøking for å forstå korleis menneske oppfattar naturgodar i Nordhordland biosfæreområde Kven og kva? Institutt for biovitskap ved Universitet i Bergen har eit forskingsprosjekt der dei studerer samspelet mellom menneske og natur relatert til berekraftig utvikling i Nordhordland biosfæreområde. I denne samanhengen gjennomfører dei ei spørjeundersøking for å forstå korleis naturen gagnar mennesket i Nordhordland. Dei er òg interesserte i å læra meir om forvaltninga av naturgode i området og menneskelege interaksjonar i denne samanhengen. Arrangørane håper så mange som mogleg møter opp på arrangementet for å bidra til ei berekraftig framtid for Nordhordland. Inga påmelding er nødvendig. Når og kvar? Manger bibliotek: 17. februar kl. 16.00 – 18.00 Knarvik bibliotek: 18. februar kl. 16.00 – 18.00 Frekhaug bibliotek: 19. februar kl. 16.00 – 18.00 Kantina i Nordhordlandshallen, Knarvik: 9. mars kl. 10.00 – 12.00 Manger bibliotek: 10. mars kl. 10.00 – 12.00 Frekhaug bibliotek: 11. mars kl. 10.00 – 12.00 5 VINTERFERIEAKTIVITETAR PÅ BIBLIOTEKET Vi satsar på litt ulike aktivitetar for dei som skal vera heime i vinterferien. DEN STORE PAPIRFLYDAGEN Ta med deg venner og familie og kom til ein koseleg dag der vi brettar og pyntar papirfly. Kva type papirfly flyg lengst? Kanskje du klarar å ta papirflysertifikatet? 25.02.2020 kl. 11.00 – 15.00 Strilabiblioteket, Manger 27.02.2020 kl. 11.00 – 15.00 Strilabiblioteket, Frekhaug HØGTLESINGSDAG I samband med høgtlesingsdagen 2020, arrangerer Manger lesestund. Lesestunda vil passa til ungar i alderen 3-6 år. Etter lesestunda vert det litt hobbyaktivitetar som er inspirerert av det me har høyrt på lesestunda. 26.02.2020 kl. 11.00 – 12.00 Strilabiblioteket, Manger SPELDAG Etter suksessen i haust vil vi prøva igjen på eiga hand. Ta med deg venner og familie til speldag på biblioteket. Det er mogeleg å spel Mario kart og brettspel. I tilegg er det mogeleg å teste VR Beatsaber. 28.02.2020 kl. 11.00 – 15.00 Strilabiblioteket, Manger 6 ARRANGEMENT FOR ELEVAR I SKULETIDA Alle 2. klassar vert inviterte til eventyrtur til biblioteka i Alver i veke 10 og 11. Dei kan glede seg til utdeling av skattkiste med bøker til klassen og teaterframsyninga Askeladden og gullfuglen. I veke 8 får alle 4. klassingane som får besøk av bokbussen i Alver møte Marit Daniella Nesse. I framsyninga «Det var ein gong» tek ho for seg norske folkeeventyr som vert gjort levande gjennom tekst og dramatisering 7 04.03.2020 kl. 19.00 Strilabiblioteket, Knarvik SAMFERDSLA I NORDHORDLAND Sissel-Anny Hjelmtveit fortel og viser videofilm der strilahøvdingen Leidulv Hundvin (1927-2010) fortel om rutelaget (BNR) og samferdsla i Nordhordland før 1950, om dampbåtane, dei første bussane og om folk og fe. 8 10.03.2020 kl. 19.00 Strilabiblioteket, Frekhaug KONSERT MED DUO AMASIA Duo Amasia er samansett av gitaristen Nora Amanda Gundersen og fløytisten Laura Matz. Dei spelar musikk som er inspirert av tradisjonell musikk frå Sør-Amerika, Aust-Europa, Spania og Noreg. 9 11.03.2020 kl. 18.00 Strilabiblioteket, Manger BARNETEATER «REVEN OG GRISUNGEN – TUTOMATEN» Tutomaten er historia om vennene Reven og Grisungen. Dei har høyrt om ei maskin som seier tut tut dersom ein puttar inn ei tomflaske. Ei slik maskin vil dei også byggje, men den skal vere til fulle flasker som dei kan drikke etterpå. I tillegg til brus vil dei også ha andre søtsaker, dei lagar både sjokoladeskuff, tyggisklaff og kakefat på Tutomaten. Så er det berre å venta…….. I historia møter vi også dåsemiklane, Kråka, Kua og Fjompenissen Papp, som alle meiner noko om oppfinninga. 10 12.03.2020 kl. 19.00 Strilabiblioteket, Frekhaug PSYKISK HELSE - PERSONLEGDOMSFORSTYRRING Vi har alle ein personlegdom som er sett saman av ulike trekk, og for oss alle kan enkelte av desse til tider skape trøbbel og ubehag. For nokon blir problema større enn andre, 10-15 % av befolkninga har det som vert kalla ei personlegdomsfor- styrring. Dette kan kome i mange ulike variantar, der mange av dei er lite kjent i offentlegheita. Mange har aldri blitt diagnostisert, eller fått andre diagnoser, som angst og depresjon, og opplevd at vanleg behandling for dette hjelper dårleg eller mellombels. Kom og høyr Anneli Ertesvåg Eimhjellen snakke om temaet. 11 24.03.2020 kl. 19.00 Strilabiblioteket, Frekhaug FILOSOFI - NIHILISME Denne kvelden får vi møte Gunnar Skirbekk, professor emeritus ved UiB, som meiner at filosofiske spørsmål angår folk flest. Hans eittbinds filosofihistorie er omsett til mange språk, frå islandsk til kinesisk. For 62 år sidan, i 1958, gav han ut «Nihilisme? – Eit ungt menneskes forsøk på å orientere seg.» Denne kvelden fortel han kva han tenkjer om nokre av dei same spørsmåla i dag. Hausten 2020 vonar biblioteket å kome i gang med eit eige filosofiprosjekt, i samarbeid med Filosofisk Institutt på Universitetet. Interesserte kan melde seg alt no. 12 31.03.2020 kl. 17.30 Strilabiblioteket, Manger PYSJ OG BOK Velkomen til biblioteket like før leggjetid! Kom i pyjamasen din og ta gjerne med kosebamsen, så skal du få møte Klara som er pling vaken og ikkje får sove! Boka er dramatisert av forfattaren Irene Ahnell og skodespelar Mette Scarth Tønseth. 31.03.2020 kl. 19.00 Strilabiblioteket, Manger KORLEIS ETE EIN ELEFANT: OM LIVET MED EIT FUNKSJONSHEMMA BARN «Tenk deg at du havner i ei bilulukke, og at guten din eller jenta di knekk ein fot. Det er ikkje så vanskeleg å tenke seg, sånt skjer heile tida, uansett kor forsiktig du måtte vere. Og du veit liksom at når helsevesenet får lagt på gips, så kjem foten etter ei stund til å helbrede seg, og ungen din vert akkurat like frisk som før. Og tenk deg deretter at istadenfor ein knekt fot, så får ungen din ein varig hjerneskade i den same ulukka. Det kan vere ein stor hjerneskade, eller ein liten og heilt usynleg ein. Ein som gjer at ungen din ser heilt uforandra ut, men at det er enkelte ting som ikkje «funker» heilt inni der – ting du finn ut litt etter litt.» Dette skriv Irene Ahnell i bloggen sin, og dette kjem ho og fortel meir om på biblioteket denne kvelden. 13 01.04.2020 kl. 18.00 Strilabiblioteket, Frekhaug «VIRRVARR» MED KLOVNEN KNUT Klovnen Knut viser klassiske sirkuskunstar. Han har også med seg den frekke ugagn- skråka Knut Gribb som bidreg med billeg buktaling – rett frå levra. 18.04.2020 kl. 13.00 – 15.00 Strilabiblioteket, Manger BAMSESJUKEHUS Doktor Bibliotekar tek seg ein tur på biblioteket. Kom å høyr på lesestund saman med bamsen din før bamsen får ein helsesjekk av doktoren. 14 29.04.2020 kl. 16.00 Strilabiblioteket, Manger DET ELEKTRONISKE BIBLIOTEKET ELLER BIBLIOTEKET 24/7 med Laila Rene Biblioteket er noko meir enn berre dei fysiske samlingane av bøker, lydbøker og filmar. Biblioteket har også fleire elektroniske tenester som du har tilgang til frå godstolen din. På dette arrangementet får du greie på korleis du kan fornye og bestille bøkene dine sjølv, korleis du kan lese elektroniske aviser og bøker og korleis du kan strømme filmar ved hjelp av lånekortet ditt.
Details
-
File Typepdf
-
Upload Time-
-
Content LanguagesEnglish
-
Upload UserAnonymous/Not logged-in
-
File Pages32 Page
-
File Size-