Drikkevondet

Drikkevondet

Drikkevondet Ei gransking av folkemeininga kring alkohol og alkoholstyring i perioden frå 1814 fram til folkerøystinga i 1919 med vekt på Telemark Per Eriksen Ormestøyl Masteroppgåve i historie ved Institutt for arkeologi, konservering og historie, IAKH Universitetet i Oslo Hausten 2014 ii Drikkevondet Ei gransking av folkemeininga kring alkohol og alkoholstyring i perioden 1814 fram til folkerøystinga i 1919 med vekt på Telemark iii © Per Eriksen Ormestøyl 2014 Drikkevondet: Ei gransking av folkemeininga kring alkohol og alkoholstyring i perioden 1814 fram til folkerøystinga i 1919 med vekt på Telemark. Per Eriksen Ormestøyl http://www.duo.uio.no/ Trykk: Reprosentralen, Universitetet i Oslo iv Samandrag Frå 1814 fram til forbodstida i 1919 vart synet på alkohol forandra kraftig. Frå å vere ei vare dei fleste folk nytta tidleg på 1800-talet, vart sal og skjenking av brennevin og hetvin forbode ved lov med grunnlag i ei folkerøysting i 1919. Folkerøystinga viste eit overveldande fleirtal for forbod. I løpet av den kring hundre år lange perioden, skjedde det ei stor utvikling i det norske organisasjonslivet. Blant dei største organisasjonen høyrde fråhaldsrørsla som på byrjinga av 1900-talet samla ein tiandedel av den norske befolkninga. Fråhaldsrørsla vaks fram kring 1830; fyrst som ei måtehalden rørsle, men snart også som ei totalfråhaldande. Framveksten av rørsla kom som fylgje av overstadig drukkenskap med røter i ei Brennevinslov av 1816 som oppmoda folk i landdistrikta til å produsere brenne- vin. Det gjorde dei. Frå Telemark fortel kjeldene om ei rekkje tilfelle der forbruket av brennevin var svært høgt. Ut av dette vaks «drikkevondet» - den negative oppfatninga av alkoholen. Drikke- vondet vart motarbeida både av fråhaldsrørsla og styresmaktene. På 1830- og 1840-talet kom det ei rekkje nye lover som innskrenka alkoholtilgangen. I fråhaldsrørsla jobba ein meir systematisk for å finne korleis drikkevondet skulle stoppast. Ei undersøking frå 1850-åra kategoriserte Noreg sine gifte menn og enkemenn etter kor mykje dei drakk. Slik kunne ein jobbe meir direkte mot dei områda i samfunnet der drukkenskapen var mest utbredt. Gjennombrotet for fråhaldsrørsla kom i 1880-åra. Då vaks totalfråhaldsrørsla for alvor fram, mellom anna som fylgje av høgt forbruk i 1870-åra. På 1880-talet vart forbods- stemninga undersøkt gjennom ei underskriftskampanje. Denne viste at det fanst forbodsvilje lenge før forbodet vart ein realitet. Før dette hadde styresmaktene lagt om alkoholpolitikken og innførte ei samlagsordning der sals- og skjenkerettane i stor grad fall under offentleg styring. Denne vart forsterka gjennom ei Brennevinslov av 1894 som innførte samlags- røystingar som avgjerande for eit samlag sitt beståande. Kvinnene vart innlemma i den dels demokratiske avgjersla. Blant dei politiske partia hadde Venstre nærast band til fråhaldsrørsla. Ved stortings- valet i 1906 hadde ein innført eit nytt valsystem som bestemte at veljarane skulle stemme på enkeltkandidatar i staden for på parti. Dette gav fråhaldsrørsla moglegheita til å påverke vala i større grad. Dei oppretta «Fråhaldspartiet», som vart eit viktig pressorgan på Stortinget. Folk vart oppmoda til berre å stemme på kandidatar som støtta partiet sitt program. Før folke- røystinga skaffa dei fråhaldsfolket fleirtal på Stortinget ved fleire høve. v I løpet av Fyrste Verdskrig vart det innført ei rekkje provisoriske forbod. Desse hadde mykje å seie for avgjersla som vart tatt ved folkerøystinga i 1919. Frå Telemark kom det ei rekkje meldingar som oppmoda styresmaktene om å oppretthalde forbodet. Mange hadde sett det provisoriske forbodet som positivt for edruelegdomen. I 1919 viste folkerøystinga eit stort fleirtal for forbod. I mange tilfelle var den kvinnelege valdeltakinga avgjerande for utfallet av valet. Telemark var det fylket på Austlandet der Ja-fleirtalet var størst. Der stemte kring 72 prosent av befolkninga «Ja». vi Føreord Då ein landhandlar i nabobygda mi vart omtalt i riksdekkjande aviser fordi han selde hår- og etterbarberingsvatn til bygda sine tørste sjeler på 1950-talet, trudde han neppe det ville resultere i ei masteroppgåve om folkemeininga kring alkohol og alkoholstyring i Telemark. Eg må difor takke landhandlaren i Eidsborg – visst namn alle kjenner, men som eg likevel ikkje nemner i denne samanheng. Takk til min fantastiske rettleiar, professor Jan Eivind Myhre. Då glaset var tomt, fylte du det opp at; alltid med ekte vare, aldri med laddevin og æther. Takk for at du hadde trua på meg og hjalp meg dit eg er i dag. Takk til professor Hilde Sandvik. Utan deg hadde eg aldri hamna i tredje etasje. Takk óg til Kjetil ved Norsk Industriarbeidermuseum, Ingrid ved Lokalhistorisk arkiv i Vinje, Steinar og Bjørn Ole ved Statsarkivet i Kongsberg, Åse Marit ved Vinmonopolet sitt arkiv, og alle arkivarane ved Riksarkivet og Nasjonalbiblioteket. Utan dykkar hjelp hadde eg leita med promille frå 1833. Eg ynskjer også å rette ein takk til alle andre som har vist interesse for oppgåva mi; særleg Telemark Historielag, og mine medstudentar. Eg har fått mange nyttige innspel i jakta på drikkevondet. Ikkje minst Pappa, som har lagt ned mange timar i gjennomlesing av oppgåva. Ein betre språkvaskar finst ikkje – ei heller far. Utan deg ville eg aldri vorte nøgd. Takk óg til alle dykk som har hjelpa meg å studere temaet i praksis. Både familie og vener, nye og gamle, spelemenn og skodespelarar. Det har vore ein fantastisk fest. Eg har lika de- batten. No gler eg meg til nachspielet, og håpar det varar lenge. Per Eriksen Ormestøyl Oslo, november 2014 vii viii Innhaldsliste Samandrag .................................................................................................................................. v Kapittel 1: Eit edrueleg vegskilje ............................................................................................... 1 Vestlandsfanatismen – ein sagablott? .................................................................................................. 1 Kor mykje hadde hundre år å seie for ei folkemeining? ...................................................................... 2 Primærkjelder ...................................................................................................................................... 3 Trykte kjelder ...................................................................................................................................... 4 Litteratur .............................................................................................................................................. 5 Kapittel 2: Oppdaginga av drikkevondet: 1814-1836 ................................................................ 7 Rettane for tilverking av brennevin kring 1814 .................................................................................. 8 Brennevinslova av 1816 ...................................................................................................................... 9 Brennevinslova sine konsekvensar .................................................................................................... 11 «Festdrykk» vert «kvardagsdrykk» ................................................................................................... 12 Kapittel 3: Motarbeidinga av drikkevondet: 1836-1859 .......................................................... 17 Måtehaldsrørsla veks fram ................................................................................................................ 17 Reformering av Brennevinslova av 1816 .......................................................................................... 19 Frå måtehald til fråhald ..................................................................................................................... 20 Fråhaldstanken kjem til Telemark ..................................................................................................... 20 Raud-Smitt og vinbyggjarane ............................................................................................................ 22 Husbrenninga vert ein sagablott ........................................................................................................ 23 Handhevinga av lovene ..................................................................................................................... 24 Utan bruk, inga misbruk .................................................................................................................... 27 Om Eilert Sundt og Telemarkingen ................................................................................................... 28 Om resultatet i undersøkinga ............................................................................................................. 31 Om problema ved undersøkinga ........................................................................................................ 32 Om ytre og indre bygdelag ................................................................................................................ 33 Om eigedoms- og arbeidsklassa ........................................................................................................ 33 «Ædrueligheds-Tilstanden» i skuledistrikta ...................................................................................... 35 Forventningane frå omgivnadane ...................................................................................................... 35 Kapittel 4: Mot totalfråhald: 1859-1871 .................................................................................

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    169 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us