89 INNHALD INNHALD .................................................................................................................................1 SAMANDRAG...........................................................................................................................2 INNLEIING ...............................................................................................................................3 MATERIALE OG METODAR.......................................................................................................4 Utval av lokalitetar, forarbeid ....................................................................................4 Feltarbeid....................................................................................................................4 Namnsetting av artar, dokumentasjon........................................................................4 Områdeskildring.........................................................................................................4 Verdsetting .................................................................................................................4 UTEGANGARSAU OG UTEGANGARGEIT I MØRE OG ROMSDAL .................................................6 Utbreiing ....................................................................................................................7 STYVINGSTRE - VIKTIGE FOR DET BIOLOGISKE MANGFALDET .................................................9 PLANTER, VEGETASJON OG SOPP .............................................................................................12 Resultatoversikt..........................................................................................................12 LOKALITETAR SORTERT KOMMUNEVIS....................................................................................19 Aure............................................................................................................................19 Giske ..........................................................................................................................20 Herøy..........................................................................................................................21 Molde .........................................................................................................................24 Nesset .........................................................................................................................26 Norddal.......................................................................................................................27 Rauma ........................................................................................................................39 Rindal .........................................................................................................................45 Sandøy........................................................................................................................51 Skodje.........................................................................................................................53 Smøla..........................................................................................................................54 Sunndal.......................................................................................................................58 Surnadal......................................................................................................................59 Tingvoll......................................................................................................................61 Vestnes .......................................................................................................................65 Ålesund ......................................................................................................................72 BILETE ....................................................................................................................................73 Vurdering av kunnskapsstatus....................................................................................81 Prioriterte naturbeitemarker/naturenger.....................................................................85 Andre prioriterte førekomstar ....................................................................................86 LITTERATUR............................................................................................................................87 VEDLEGG ................................................................................................................................89 Vedlegg 1. Lokalitetar undersøkt 1997-98 med geografiske data. ............................89 Vedlegg 2. Plantefunn på lokalitetar undersøkte 1997-98.........................................94 Vedlegg 3. Ruteanalysar (100 m²) i 1997 ..................................................................105 Vedlegg 4. Soppfunn på lokalitetar undersøkte 1997-98...........................................107 Vedlegg 5. Latinsk-norsk namneliste for grasmarkssopp i Møre og Romsdal..........114 1 SAMANDRAG Formål Formålet med denne undersøkinga er å skaffa meir biologisk kunnskap om verdifulle kulturlandskap i fylket vårt. Hovudvekta er lagt på å finna nye lokalitetar. Ein har også peika på faktorar og tiltak som er viktige for å bevara desse områda. Metodikk Kommunar prioritert av Kulturlandskapsgruppa er Norddal, Rauma, Rindal og Smøla. I andre kommunar er det gjort meir tilfeldige registreringar som følgje av gjennomreise og andre oppdrag. Det er undersøkt rundt 150 lokalitetar, 120 av desse er nye. Verdsetting av naturbeitemarker og naturenger basert på planter og soppflora synest nyttig og blir vidareført. Gamle husdyrrasar Utegangarsau og utegangargeit er særleg godt tilpassa tilhøva på kysten gjennom heile året. Utegangarsauen er i framgang og skjøttar kystkulturlandskapet mange stader. Utegangargeita (villgeit, kystgeit) er ein kjøtrase som berre finst att på Sandsøya (Sande) og Skorpa (Herøy). Rasen inneheld eit verdifullt arvemateriale som er utryddingstruga om ikkje tiltak blir sett inn. Styvingstre - viktige for sopp og lav Gamle styvingstre utgjer eit spesielt miljø som er sjeldan i naturen. Dei har t. d. svært grov, oppsprukken bork og uvanleg tjukke, ofte innhole stammar. Somme artar av sopp og lav finst omtrent berre på styvingstre, og mange av desse er sjeldne og truga. Ein av Europas viktigaste bestandar av lavarten blådoggnål finst på almepilar i Eikesdalen. Lokalitetsomtale Lokalitetsomtalane inneheld ei kort skildring av området og vegetasjonen, spesielle artsfunn, vurdering av den biologiske verdien og råd om framtidig bruk. Geografiske data, datoar m. m. finst i vedlegg 1, og oversikt over biologiske data i vedlegga 2-4 (plantelister, vegetasjons- analysar og sopplister). Nøkkelopplysningar om lokalitetane er gitt i tabellane 4-6 og figur 1. På bildesidene er eit utval på rundt 30 lokalitetar avbilda, hovudsakeleg frå dei prioriterte kommunane. Av nye lokalitetar peikar Molnes på Vigra (Giske) seg ut som særleg verdfull. 6 andre, tidlegare undersøkte lokalitetar i denne rapporten er gjeve nasjonal verdi. Nye som og har høg verdi (nasjonal/regional), er: Flusundet i Herøy, Vikjelsøya på Smøla, Krikane i Vestnes og ei slåtteeng ved Ratvikvatnet i Ålesund. I tillegg til desse kjem 13 nye som er gjeve regional verdi. Kunnskapsstatus Det er i 1992-98 undersøkt 428 kulturlandskapslokalitetar i fylket fordelt på alle kommunane. Nokre av desse har nasjonal, kanskje også internasjonal verdi. Kommunane Sande, Herøy, Giske, Smøla og Sunndal peikar seg ut med mykje verdifullt kulturlandskap. Dei største areala finst på den trelause kysten og i seterlandskapet. Nokre kommunar, som Stranda, Volda og Ørsta er dårleg undersøkte. Materialet er truleg nokså representativt på ulike måtar, t.d. når det gjeld gradientane kyst-innland, lågland-fjell m.m. Møre og Romsdal er det best undersøkte fylket i landet når det gjeld soppfloraen i grasmarker (jfr. Jordal 1997). Likevel er berre eit fåtal lokalitetar godt undersøkte når det gjeld sopp. Andre organismegrupper, som t. d. insekt, er omtrent ikkje undersøkte. 2 INNLEIING Den føreliggjande rapporten omfattar biologiske registreringar med vekt på seterlandskapet i Norddal, Rauma og Rindal, og dessutan utfyllande registreringar i Herøy, Giske, Smøla og Tingvoll. Vidare er det tatt med meir tilfeldige registreringar frå nokre andre kommunar. I tillegg er det tatt med data frå eit prosjekt for Vestnes kommune. Materialet frå Vestnes er også behandla i ein rapport for Vestnes kommune (Jordal 1998a), men denne er lite tilgjengeleg og stoffet som vedkjem kulturlandskapet er derfor samla her for oversikta si skuld. Formålet med denne undersøkinga er å skaffa meir biologisk kunnskap om verdifulle kulturlandskap i fylket vårt. Det er også viktig å peike på faktorar og tiltak som er viktige for å bevara kvalitetane i desse områda. Tidlegare rapportar om temaet: Aksdal (1994), Beyer & Jordal (1995), Jordal & Sivertsen (1992), Jordal (1993, 1996a, 1996b, 1998a, 1998b), Gaarder & Jordal (1996), Jordal & Gaarder (1993, 1995a, 1995b, 1997, 1998b). Det er og laga ei utgreiing for Direktoratet for Naturforvaltning som baserer seg mykje på resultat frå Møre og Romsdal (Jordal 1997). Det er vidare laga fleire forvaltningsplaner der desse registreringane ligg til grunn (Gagnat 1996, Melby 1997, Tønnesen under arbeid). Nokre begrep: Naturbeitemarker og naturenger er gamle kulturmarkstypar som har få inngrep
Details
-
File Typepdf
-
Upload Time-
-
Content LanguagesEnglish
-
Upload UserAnonymous/Not logged-in
-
File Pages121 Page
-
File Size-