Fylkesmannen I Sogn Og Fjordane 2/16

Fylkesmannen I Sogn Og Fjordane 2/16

Sakshandsamar: Tom Dybwad Vår dato Vår referanse Telefon: 57643123 08.05.2017 2016/2720- 432.1 E-post: [email protected] Dykkar dato Dykkar referanse Til adressatar i følgje liste Rodeholene naturreservat og Breidesete naturreservat (tidlegare kalla Kaupanger vest og Kaupanger Aust) - høyring av framlegg om oppretting i medhald av naturmangfaldlova etter prosedyren for frivillig vern Fylkesmannen sender med dette eit framlegg om oppretting av dei to naturreservata Rodeholene naturreservat og Breidesete naturreservat på Kaupanger i Sogndal kommune, om vern etter naturmangfaldlova etter prosedyre for frivillig vern. Frist for å kome med fråsegn til høyringsframlegget er 22. juni 2017. Bakgrunn Sidan St.meld. 25 (2002-2003) har frivillig vern, saman med vern på statsgrunn, vore ein av hovudstrategiane for vidare vern av skog i Noreg. Frivillig vern inneber at det er grunneigarane, i samarbeid med skogeigarlaget, som tilbyr staten areal for mogleg vern. Dersom verneverdiane er så store at miljøvernstyresmaktene finn det interessant, vert det så starta forhandlingar mellom staten og grunneigarane. Det vert då forhandla både om avgrensing, verneforskrift og pris, og det vert ikkje inngått avtale om vern med mindre partane vert samde. Områdevern er likevel ikkje ei sak berre mellom grunneigarar og miljøstyresmakter. Som for tradisjonelle verneprosessar er det difor viktig med ei offentleg høyring der også andre instansar og samfunnsinteresser kan kome med merknader. at alle som vernet vedkjem vert informerte og får saka på høyring, slik at dei kan kome med fråsegn og ta vare på sine interesser. Dette er ikkje mindre viktig ved frivillig vern, der forhandlingane med grunneigarane allereie har kome langt når den formelle delen av prosessen startar opp. Føremålet med dette brevet er såleis høyre eit framlegg om å opprette dei to naturreservata Rodeholene og Breidesete på Kaupanger i Sogndal kommune. Aktuelt verneområde Dei to føreslåtte naturreservata (sjå vedlagt kart) ligg på Kaupanger i Sogndal kommune. Grunneigar i området har underskrive avtale om vern som naturreservat (sjå vedlagte kart). Grunneigar dei to områda på Kaupanger i Sogndal kommune er Rodeholene naturreservat: Gnr/bnr 105/1, Nils J. Knagenhjelm Breidesete naturreservat: Gnr/bnr 105/2, Nils J. Knagenhjelm Dei to verneområda omfattar i alt ca. høvesvis ca. 4600 da (Rodeholene) og 7500 da (Breidesete). Telefon 57 64 30 00 Besøksadresse Postadresse Organisasjonsnummer N-974 763 907 Hovudkontor: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger Hovudkontor: Njøsavegen, 2 6863 Leikanger Nettstad fylkesmannen.no/sfj Landbruksavdelinga: Fjellvegen 11, 6800 Førde Landbruksavdelinga: Postboks 14, 6801 Førde E-post [email protected] FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 2/16 Verneverdiar i området Verneverdiane i dei to naturreservatområda er godt kartlagde. I kartleggingsrapporten som Rådgivende Biologer utarbeidde (februar 2017) vart verneverdiane i områda omtala slik: Rodeholene naturreservat (Kaupanger Vest) «Topografisk er undersøkelsesområdet variert og består av en bratt sørvest-, sør- og delvis sørøstvendt li. Tørr furuskog med innslag av bjørk, selje og osp dominerer arealmessig, men det finnes også noe blåbærskog, særlig i mer fuktige, nedre deler av området. En stor del av skogen har en høy alder og de største naturverdiene finnes også her. Potensialet for ytterligere funn av rødlistede og sjeldne arter er stort. Området har lite spor etter plukkhogst, men utgjør et godt arrondert skogsområde. Verdisettingen av viktige parametere for naturfaglige registreringer i skog er oppsummert i tabell 6. Samlet er det undersøkte området vurdert til nasjonalt verdifullt (***), og det er da lagt særlig vekt på parameteren gamle trær siden det er store forekomster med dette innenfor det tilbudte området. Det er knyttet relativt lite usikkerhet til verdivurderingen.» T.o. så ligg kjerneområde 1 vest for vegen til Storehaugen, medan kjerneområde 2 dekkjer det meste av området aust for vegen til Storehaugen. Området fekk til saman verneverdien Nasjonalt verneverdig (***). Breidesete naturreservat (Kaupanger Aust) «Området er topografisk sett variert og består av bratte skogkledde lier, kuperte åser, daler, store og små vann og flate områder. Skog med dominans av furu og bjørk dominerer arealmessig. Det er noe innslag av osp og gran. En stor del av skogen har en høy alder og de største naturverdiene finnes også her. Skogen rundt sætrene er yngre og preget av at de er i en gjengroingsfase på grunn av redusert beitetrykk. Potensialet for ytterligere funn av rødlistede og sjeldne arter, spesielt på død ved, er stort. Området har noe spor etter plukkhogst, og utgjør et middels godt arrondert skogsområde. Verdisettingen av viktige parametere for naturfaglige registreringer i skog er oppsummert i tabell 8. Samlet er det undersøkte området vurdert til regionalt verdifullt (**). Det er knyttet relativt lite usikkerhet til verdivurderingen, da det aller meste av tilgjengelige områder er undersøkt.» FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 3/16 T.o. ligg kjerneområde 1 nord og vest for Breidesetevatnet, kjerneområdet 2 sørvest for Vassløysa og kjerneområde 3 sørvest for Helebrandseggi og Brureskardet. Området fekk til saman verneverdien Regionalt verneverdig (**). Verneform Naturreservat er den aktuelle verneforma i området. Naturreservat er ei streng verneform etter naturmangfaldlova, og § 37 i lova seier kva som er grunnlaget for eit naturreservat: «§ 37.(naturreservater) Som naturreservat kan vernes områder som a) inneholder truet, sjeldan eller sårbar natur b) representerer en bestemt type natur c) på annen måte har særlig betydning for biologisk mangfold d) utgjør en spesiell geologisk forekomst, eller e) har særskilt naturvitenskaplig verdi Som naturreservat kan også vernes et område som er egnet til ved fri utvikling eller aktive gjenopprettingstiltak å få verneverdier som nevnt i første ledd. I et naturreservat må ingen foreta noe som forringer verneverdiene angitt i verneformålet. Et naturreservat kan totalfredes mot all virksomhet, tiltak og ferdsel. I forskriften kan det gis bestemmelser om vern av kulturminner i reservatet. Treffes vedtak om reservat som krever aktive gjenopprettingstiltak, eller vedtak om reservat der bruk er en forutsetning for å ivareta verneformålet, skal det samtidig med vernevedtaket legges frem et utkast til plan for skjøtsel for å sikre verneformålet. Planen kan omfatte avtale om bruk av arealer, enkeltelementer og driftsformer. Planen eller avtalen kan inneholde bestemmelser om økonomisk godtgjørelse til private som bidrar til områdets skjøtsel.» Verneforskrift Ved oppretting av eit naturreservat vert det utarbeidd særskilde verneforskrifter som fortel kva for restriksjonar som vert lagde på aktivitetar i området. Framlegg til verneforskrifter for dei to naturreservata er lagt ved dette brevet. Det er teke utgangspunkt i standard mal for skogområde som blir verna som naturreservat og teke inn grunneigar sine og andre innspel så langt det har late seg gjere. Felles for dei to naturreservata er at det vil bli forbod mot tekniske inngrep, hogst og motorferdsel. På grunn av påvist stor slitasje på stiar og hjortetråkk vert det forbod mot sykling utanom på vegar i dei to naturreservata. Rodeholene naturreservat Motorferdsel på bilvegen til Storehaugfjellet er unnateke frå forbodet mot motorferdsel for grunneigar og for drift og vedlikehald av masta her. Det går ei kraftlinje gjennom Rodeholene, og omsyn til dette er lagt inn etter standard for kraftlinjer i naturreservat. FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 4/16 Breidesete naturreservat Sogndal kommune har innspel om forbod mot m.a. telting og fisking kring og i drikkevasskjelda i Breidesetevatnet. Slike forbod har ikkje heimel i naturmangfaldlova, og må vedtakast av Sogndal kommune sjølv dersom dei ønskjer slike forbod for drikkevasskjelda. Uansett meiner vi drikkevasskjelda vil vere betre beskytta med eit naturreservat omkring enn utan vern etter naturmangfaldlova. Det er lagt inn opning for å gjennomføre vedlikehald av drikkevasskjelda i Breidesetevatnet som forsyner Sogndal sentrum m.m. med vatn, og for å kunne gjennomføre tiltak som er naudsynte for drikkevasskjelda. Grunneigarar og rettshavarane på stølane Vassløysa og Breidesete har kome med innspel om at dei må ha tilkomst via vegane til desse stølane, og det er teke inn i verneforskrifta. Vegen til Breidesetedammen er bilveg og er planlagd oppgradert til bilveg fram til stølen Breidesete (start på arbeidet med oppgradering er planlagd i 2017). I og med det er traktorveg til Vassløysa, må motorferdsel hit knytast til landbruksnæring dersom ferdsla skal ha unntak frå verneforskrifta, for å vere i tråd med lov om motorferdsel utmark og vassdrag. Naudsynt transport til dam og vatningsanlegg på Vatnasete er også teke i verneforskrifta som eit tiltak det kan gjevast løyve til. Grenser Rodeholene naturreservat Grunneigarane på Fimreite har rettar på Lingesete og ber om at landbruksvegen til Lingesete vert halden utanfor naturreservatet. Statnett ber om det same av omsyn til tilgang til 300 kV kraftlinje til Fardal vest for naturreservatet og eventuell utskifting av denne. Framlegget til grense for naturreservatet er i framlegget lagt slik at vegen til Lingesete vert utanfor ved at grensa følgjer vegen om lag 5 meter frå grøftekanten på vegen, dvs. ein mindre reduksjon av verneområdet i høve til oppstartmeldinga. Framlegget til vernegrense er elles som vist på kartet i oppstartmeldinga. Breidesete naturreservat Stølane Breidesete (gnr/bnr 105/2(, Vassløysa (gnr/bnr 105/2) og Vatnasete

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    16 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us