Årsmelding 2015

Årsmelding 2015

ÅRSMELDING 2015 2015 var eit år fullt av høgdepunkt. Bildet er frå eitt av dei største: Utdelinga av gåvesjekken på 1 million kroner til Stikk UT! frå Gjensidigestiftelsen på Tueneset i Ålesund 16. desember. Foto: Hilde Hovik, Sunnmørsposten. Årsmelding 2015 Innhald: Side 3-6 1. Styret og administrasjonen sitt arbeid Side 6-7 2. Sikring av område til friluftsliv Side 7 - 9 3. Drift og skjøtsel av friluftsområde og tilrettelegging for friluftsliv Side 10 - 14 4. Aktivitetsarbeid Side 15 - 16 5. Økonomi – rekneskap Side 17 - 18 Oversikt over område og eigedelar Side 19 -21 Vedtekter Forord Friluftsrådet har hatt eit svært aktivt år i 2015. Etablering av turregistreringskonkurransen Stikk UT!, nye nettsider, arrangement i samband med Friluftslivets år 2015 og nye turkort er berre nokre av stikkorda. Rett før jul kom beskjeden om at friluftsrådet får ein million kroner til Stikk UT! frå Gjensidigestiftelsen. Pengane skal brukast til nye turmål dei neste tre åra og betyr svært mykje for den vidare utviklinga av konkurransen. Vebjørn Krogsæter - Haram May Britt Grindvik – Skodje Styreleiar Nestleiar Mariann Barstad – Sula Birger Honningsvåg – Giske Styremedlem Styremedlem Kristin Hoegh Krohn Devold – Ålesund Terje Osvik – Ørskog Styremedlem Styremedlem Palma Flåen Øvrebust – Stordal Merete Løvoll Rønneberg – Norddal Styremedlem Styremedlem Aud Sissel Suoranta – Vestnes Styremedlem Framsidebilde: Frå overleveringa av gåva på 1 million kroner til Stikk UT! frå Gjensidigestiftelsen. Foto: Hilde Hovik, Sunnmørsposten. 2 Årsmelding 2015 STYRET OG ADMINISTRASJONEN SITT ARBEID Styret Styret for perioden 1.1.2015 til 31.12.2015 har vore: Kommune 1.1.- 23.3.2015 Verv 1.1.-23.3.2015 23.3.-31.12.2015 Verv 23.3.-31.12.2015 Haram Vebjørn Krogsæter Styreleiar Vebjørn Krogsæter Styreleiar Ewa Hildre Varamedlem Ewa Hildre Varamedlem Giske Birger Honningsvåg Styremedlem Birger Honningsvåg Styremedlem Marit G. Alnes Varamedlem Marit G. Alnes Varamedlem Norddal Merete L. Rønneberg Styremedlem Merete L. Rønneberg Styremedlem Kristin G. Sandnes Varamedlem Kristin G. Sandnes Varamedlem Skodje May Britt Grindvik Nestleiar May Britt Grindvik Nestleiar Edmund Hoffseide Varamedlem Edmund Hoffseide Varamedlem Stordal Palma Flåen Øvrebust Styremedlem Palma Flåen Styremedlem Hildegunn L. Berli Varamedlem Øvrebust Varamedlem Hildegunn L. Berli Sula Mariann Barstad Styremedlem Mariann Barstad Styremedlem Anita Solevåg Varamedlem Anita Solevåg Varamedlem Vestnes Martin Kjøpstad Styremedlem Aud Sissel Suoranta Styremedlem Geir Inge Lien Varamedlem Geir Inge Lien Varamedlem Ørskog Terje Osvik Styremedlem Terje Osvik Styremedlem Arne Abelseth Varamedlem Arne Abelseth Varamedlem Ålesund Kristin H. K. Devold Styremedlem Kristin H. K. Devold Styremedlem Tore Johan Øvstebø Varamedlem Tore Johan Øvstebø Varamedlem Nokre av medlemmane i styret. Frå venstre framme: May Britt Grindvik, Palma Øverbust, Mariann Barstad og Vebjørn Krogsæter. Frå venstre bak: Birger Honningsvåg og Terje Atle Osvik. 3 Årsmelding 2015 Arbeidsutvalet har i 2015 bestått av Vebjørn Krogsæter, May Britt Grindvik og Merete Løvoll Rønneberg. Arbeidsutvalet har i 2015 gjennomført lønsforhandlingar med dei tilsette. Styret – handsaming av saker i 2015 Styret har hatt 5 møte i løpet av året og handsama i alt 37 saker. Døme på saker som er handsama er: * Rekneskap, budsjett, årsmelding og arbeidsprogram m/revisjon av budsjett * Leige av Irus beitepussar til skjøtselarbeidet * Utviding av stillinga til dagleg leiar til 80% * Eit eventuelt namneskifte på friluftsrådet Årsmøte 2015 Årsmøtet vart halde på Alnes fyr i Giske i full storm. Før sjølve møtet var Arne Tunheim og Inge Westad engasjerte og kunnskapsrike turleiarar på ei frisk vandring til rullesteinsfjøra i Sandvika. Vel innomhus igjen gav Westad årsmøtet ei innføring i historia til fyret og Tunheim helsa årsmøtet velkomen på vegne av Giske kommune. 4 Årsmelding 2015 Årsmøtet vart sett med 13 røysteføre delegatar. Ålesund og Vestnes hadde fråfall. Der var ingen saker utanom dei ordinære årsmøtesakene jfr. vedtektene. Martin Kjøpstad gjekk ut av styret medan Aud Sissel Suoranta kom inn som nytt styremedlem frå Vestnes. Ingen av dei var til stades på årsmøtet. Tilsette og engasjerte: Friluftsrådet har i 2015 hatt følgjande fast tilsette: May Britt Haukås, dagleg leiar i 50 % stilling frå 1.1. til 1.6. og 80% stilling frå 1.6. Geir Haugli, rådgjevar i 100% stilling, 50% sjukmeldt. Christer Lundberg Nes, fagleiar aktivitet i 100% stilling Pål Henry Høyberg, driftsleiar i 100% stilling I tillegg har friluftsrådet hatt fleire personar engasjerte på timebasis både innan drift, tilrettelegging og aktivitet. Også tilsette i medlemskommunane, frivillige lag og organisasjonar har vore gode medhjelparar gjennom året. Møte, representasjonsoppgåver mm. Gjennom heile året er friluftsrådet med på ei rad møter, kurs, konferansar mm. i samband med arbeidet vårt. Dette gjeld både lokalt i medlemskommunane, på fylkesnivå og nasjonalt. Friluftsrådet er medlem i Friluftsrådenes Landsforbund (FL) og med i Forum for Natur og Friluftsliv i Møre og Romsdal (FNF). 2015 var Friluftslivets år. Dette vart markert gjennom heile året med ei rad arrangement både i eigen regi og i samarbeid med andre. Dagleg leiar besøkte kommunestyra (i Vestnes formannskapet) i sju av medlemskommunane i løpet av våren og orienterte om arbeidet til 5 Årsmelding 2015 friluftsrådet. Før kommunevalet vart det gjennomført bålsamtalar med sentrale politikarar i alle medlemskommunane. I samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune, Forum for Natur og Friluftsliv (FNF), Ålesund-Sunnmøre Turistforening og Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal arrangerte vi i september ein stor friluftskonferanse på Åndalsnes for heile fylket. Frå besøket av fylkeskulturkomiteen i Stafsethneset friluftsområde i Ålesund i mai. I mai inviterte vi Kultur- og folkehelsekomiteen i fylkeskommunen på besøk og omvising i Stafsethneset friluftsområde i Ålesund. Der fekk vi m.a. vist fram den nye badestranda med skjelsand og demonstrert kvifor ein beitepussar er viktig i skjøtselsarbeidet i friluftsområda. Uttaler, innspel, medieomtale, informasjonsarbeid mm. Uttaler og innspel Friluftsrådet hadde i 2015 for liten kapasitet til å engasjere seg i plansaker i stor grad. Men rådgjevar har deltatt i arbeidet med registrering og verdsetting av friluftsområde i Giske 6 Årsmelding 2015 kommune. I tillegg har friluftsrådet både åleine og saman med FNF og ÅST uttalt seg i fleire enkeltsaker. Medieomtale Første artikkel om Stikk UT! i Sunnmørsposten. I løpet av året vart det mange fleire, både der og i andre media. I 2015 har Friluftsrådet for Ålesund og omland vore svært synleg i media, både i aviser, radio, nett og TV. Særleg har Stikk UT! ført til stor interesse frå media, men også mange av aktivitetane og driftsarbeidet vårt har blitt omtalt. Vi har fleire gonger vore gjestar i TV- og radiosendingane til NRK Møre og Romsdal, og både dei, Sunnmørsposten, Nytt i Uka og alle lokalavisene har hatt ei rad reportasjar om arbeidet vårt. Vi opplever at aktivitetane til friluftsrådet blir oppfatta som positivt og godt stoff og at redaksjonane gjerne lagar oppslag om det vi jobbar med. Informasjon Facebook er ein viktig informasjonskanal i tillegg til andre media. Gjennom året har friluftsrådet jamt og trutt publisert små og store innlegg og fått god uttelling for det. Vi har no nesten 2000 følgjarar. Mange av innlegga blir i tillegg delt vidare slik at dei mest populære når endå fleire tusen lesarar. I 2015 etablerte friluftsrådet nye nettsider. Dei er ei stor forbetring frå den gamle og ei god hjelp i informasjonsarbeidet. Særleg Stikk UT! fører til mykje besøk på sida, men også utlån frå utstyrsbasen. Med den nye kalenderfunksjonen har utlånet blitt mykje meir oversiktleg og enkelt både for aktivitetsleiar og brukarane. 7 Årsmelding 2015 Glimt frå nokre av bålsamtalane i medlemskommunane før valet. Besøka i kommunestyra i medlemskommunane, bålsamtalane, det omfattande samarbeidet med frivillige og tilsette i kommunane, all medieomtalen, samarbeidet med andre friluftsorganisasjonar og Stikk UT! har gitt gode resultat. Langt fleire enn tidlegare kjenner no til friluftsrådet og kva vi arbeider med. Kontor, verkstad og lager mm. Sidan hausten 2011 har friluftsrådet hatt kontor, lager og verkstad på Kongshaugstranda 105 i Vegsundet i Sula kommune. Her leiger vi tre kontor med diverse fellesareal og om lag 300 m2 lager og verkstadlokale. Aktivitetsleiar har heimekontor i Volda. 8 Årsmelding 2015 Friluftsrådet leiger to arbeidsbilar. Aktivitetsleiar disponerer den eine og driftsleiar den andre. Frå oktober 2015 leiger vi også ein Irus beitepussar som vi håper å få midlar til å kjøpe i 2016. Reparasjon av flytebrygge på Stafsethneset i Ålesund. I 2015 greidde friluftsrådet å finansiere kran til arbeidsbåten, som har fast plass i båthamna til Ålesund Motorbåtforening i Gåseidvika i Ålesund. 2. Sikring av område for friluftsliv Friluftsrådet tok opp att arbeidet med sikring av viktige friluftsområde i 2005. Etter ønske frå medlemskommunane er det dei som skal gjennomføre sikringsarbeidet, medan friluftsrådet skal vere pådrivar og medspelar. I 2015 har sikring av området til tidlegare Prinsen Camping i Ålesund blitt tatt opp fleire gonger. Kva for konkrete område som bør sikrast i kvar enkelt medlemskommune var tema i alle bålsamtalane med politikarane før kommunevalet. I tillegg har rådgjevar vore sentral i arbeidet med kartlegging og verdsetting av friluftsområde i Giske kommune. 9 Årsmelding 2015 3. Drift og skjøtsel av friluftsområde og tilrettelegging

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    30 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us