Viltet i Voss Kartlegging av viktige viltområde og status for viltartane Voss kommune og Fylkesmannen i Hordaland 2013 MVA-rapport 2/2013 Utgitt av: Rapport nr: Voss kommune og Fylkesmannen i Hordaland, Miljøvern- og klimaavdelinga MVA-rapport 2/2013 Tittel: ISBN: Viltet i Voss. Kartlegging av viktige viltområde og status for viltartane 978-82-8060-089-9 Forfattarar: Tal sider: Gunnar Bergo, Oddvar Heggøy, Anbjørg Nornes og Olav Overvoll 77 Kommunalt prosjektansvarleg: Dato: Gunnar Bergo, plan- og miljøvernsjef 8.4. 2013 Samandrag: På oppmoding frå fylkesmannen har Voss kommune gjennomført ei kartlegging av viktige viltområde i kommunen. Målet med kartlegginga har vore å gi kommunen ei oppdatert oversikt over viktige viltområde til bruk i arealforvaltinga, og å presentere ein kunnskapsstatus for viltet i kommunen. Voss kommune har òg inkludert ein handlingsplan i viltrapporten, som prioriterer bruken av det kommunale viltfondet dei neste fire åra (2013-2016). Alle førekomande artar innan gruppene amfibium, krypdyr, fugl og landpattedyr er omhandla av viltrappor- ten, men berre eit utval av artar og funksjonsområde er kartlagt. Det er lagt særleg vekt på truga og sårbare artar (raudlisteartar) og fåtalige artar med spesielle krav til leveområde. Med grunnlag i lokalkunnskap og observasjonar er det laga eit kart over ”prioriterte viltområde”. Dette er område der viltinteressene blir tilrådd høg vekt i arealplanlegginga. Inkludert det store villreinområdet i fjellet nord og aust i kommunen, er 23 område i Voss plukka ut som prio- riterte viltområde. Dei fleste er knytt til eldre skog og våtmark. Det er registrert 263 viltartar i kommunen: 2 amfibium, 1 krypdyrart, 229 fugleartar og rundt 30 pattedyrartar. Alle dei fire hjorteviltartane førekjem i Voss kommune. Av desse utgjer hjorten den største jaktressursen, med 607 felte dyr i 2010. Rådyr førekjem berre sporadisk. Ufordringar og mål for hjorteviltforvaltinga i Voss er presentert i kap. 10. Referanse: Bergo, G., Heggøy, O., Nornes, A. & Overvoll, O. 2012. Viltet i Voss. Kartlegging av viktige viltområde og status for viltartane. – Voss kommune og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport 2/2013: 77 s. Emneord: Voss kommune, viltkartlegging, bestandstatus, handlingsplan Fylkesmannen i Hordaland Voss kommune Miljøvern- og klimaavdelinga Boks 145 Postboks 7310 5701 Voss 5020 Bergen Tlf: 56 51 94 00 Tlf: 55 57 20 00 www.voss.kommune.no www.fylkesmannen.no/hordaland www.miljostatus.no/hordaland Foto på framsida: Jaktfalk, frosk, songsvanar, storfugl, ekorn og hjort (foto G. Bergo). FORORD Voss kommune har eit areal på 1815 km2 og er den største kommunen i Hordaland. Dei store og varierte utmarksareala i kommunen gjev grunnlag for ein rik fauna. Voss kommune har dei siste 10-åra gjennomført ei rekkje registreringar av biologisk mangfald. I Stortingsmelding nr. 58 (1996-1997) Miljøvernpolitikk for en bærekraftig utvikling var det eit mål at alle kommunar skulle gjennomføre kartlegging og verdisetting av det biologiske mangfaldet innanfor sine areal. Fylkesmannen i Hordaland har òg i fleire år oppmoda kommunane til å gjennomføre viltkartlegging. Målet er at kvar kommune skal ha oppdaterte kart over viktige viltområde i kommunen. Viltkarta skal vere eit verktøy for offentleg forvalting for å kunne ta omsyn til viltet sine leveområde i arealplanlegginga. For å kunne få ei god og framtidsretta forvaltning av viltet krev det at ein har kunnskap om dei ulike artane, m.a. i høve til bes- tandstørrelse, bestandsutvikling, krav til leveområde og kva negative faktorar som påverkar dei ulike artane. Dei seinare åra har kommunane fått større ansvar innanfor miljøvernarbeidet. Dette gjeld også innanfor vilt- forvaltninga. Dette inneber at kommunane må ta eit meir heilskapleg ansvar for forvaltninga på dette områ- det. I 2001 oppretta Voss kommunestyre eit kommunalt viltfond, med inntekter frå fellingsavgiftene for hjor- tevilt. I handlingsplanen har ein prioriteret bruken av viltfondet på tiltak som bør ha høg fokus dei komande åra. Den fyrste kommunale handlingsplanen for viltforvaltning vart vedteken av kommunestyret 27. august 1992. Planen er seinare rullert for periodane 1996-1999, 2002-2005 og 2006-2009. I denne rulleringa blir hand- lingsplanen teken inn i ein meir omfattande presentasjon av viltet i Voss. Presentasjonen følgjer i hovudtrekk ein mal som er presentert i DN-handbok 11 (Direktoratet for naturforvaltning 1996). Voss kommunestyre har i møte den 21. mars 2013 (sak 19/13) vedteke planen etter at den har vore ute til offentleg høyring. Voss, mars 2012 Gunnar Bergo plan- og miljøvernsjef 3 INNHALD FORORD .................................................................................................................................................................. 3 INNHALD ................................................................................................................................................................. 5 1. INNLEIING ........................................................................................................................................................... 7 BAKGRUNN ............................................................................................................................................................ 7 LOVGRUNNLAG ....................................................................................................................................................... 7 INTERNASJONALE AVTALAR ...................................................................................................................................... 7 ANDRE SENTRALE DOKUMENT .................................................................................................................................. 8 KVIFOR SIKRE EIT MANGFALD AV VILTARTAR .............................................................................................................. 8 2. FRAMSTILLING OG BRUK AV VILTKART ........................................................................................................ 9 UTFORDRINGAR VED VILTKARTLEGGING .................................................................................................................... 9 KVA SKAL KARTLEGGAST? ....................................................................................................................................... 9 UTFORMING AV VILTKARTA ....................................................................................................................................... 9 KORLEIS BRUKE VILTKARTA? ................................................................................................................................. 10 VILTRAPPORTEN ................................................................................................................................................... 10 BRUKARAR AV KARTFESTA INFORMASJON OM VILTET ................................................................................................ 10 OPPDATERING OG REVISJON AV VILTKARTA ............................................................................................................. 10 NATURBASE ......................................................................................................................................................... 10 3. METODIKK FOR ARBEIDET I VOSS ............................................................................................................... 11 STYRING/ORGANISERING AV PROSJEKTET ............................................................................................................... 11 INNSAMLING AV INFORMASJON ............................................................................................................................... 11 KARTFRAMSTILLING .............................................................................................................................................. 11 4. NATURGRUNNLAGET ..................................................................................................................................... 11 GEOGRAFI OG AREALBRUK .................................................................................................................................... 11 LANDSKAP OG GEOLOGI ........................................................................................................................................ 11 KLIMA ................................................................................................................................................................. 11 VIKTIGE NATURTYPAR FOR VILTET .......................................................................................................................... 11 5. VIKTIGE VILTOMRÅDE I VOSS ....................................................................................................................... 12 6. TRUGA OG SÅRBARE ARTAR I VOSS ........................................................................................................... 17 RAUDLISTER ........................................................................................................................................................ 17 VIKTIGE TRUGSMÅL MOT VILTET ............................................................................................................................. 17 7. KONFLIKTAR MELLOM VILTET OG VÅR EIGEN NATURBRUK ................................................................... 19 SKOGBRUK .........................................................................................................................................................
Details
-
File Typepdf
-
Upload Time-
-
Content LanguagesEnglish
-
Upload UserAnonymous/Not logged-in
-
File Pages82 Page
-
File Size-