Sakshandsamar, innvalstelefon Vår dato Vår referanse Solveig Kalvø Roald, 5557 2327 10.09.2013 2013/11638 432.4 Dykkar dato Dykkar referanse 08.09.2013

Norsk Ornitologisk Foreining, Boks 280 5751

Askøy - naturreservat - løyve til prøvefangst og ringmerking av vadarar

Vi viser til søknad om motteke 8.9.2013.

Frå søknaden: «Herdla fuglestasjon ønskjer å foreta prøvefangst av vadefuglar i Prestevika på Herdla ved bruk av vadarnett og evt. vadarruser». «Formålet med merkinga er å framskaffe data om dei vadarane som bruker Herdla som rasteplass på hausttrekk. Det føregår fangst av vadarar både på Mørekysten og på Jæren og fangst på Herdla kan såleis være med på å kaste nytt lys på Herdla som rasteplass og den verdi Herdla har for desse artane».

Vurdering: Det aktuelle området ligg innanfor grensene til Herdla naturreservat, et naturreservat med tilliggjande fuglefredingsområde. Formålet med fredinga er «å bevare et særeige og høgproduktivt våtmarksområde, å verne om et særleg rikt og variert fugleliv, interessante og verdifulle geologiske førekomstar og å verne alt plante- og dyreliv som for øvrig er naturlig knytta til området». For reservatet gjeld følgjande føresegner: «Fugler, herunder deres reir og egg er fredet mot enhver form mot skade, ødeleggelse og unødig forstyrrelse, jfr. viltlovens § 3». «I tiden f.o.m. 15. april t.o.m. 30. september er all ferdsel til lands forbudt innenfor Prestvika – Urdneset-området». Prøvefangsten vil være i strid med ferdselsforbodet i verneforskrifta. I § X i verneforskriften blir det imidlertid sagt at «Forvaltningsmyndigheten kan gjøre unntak fra fredningsbestemmelsene når formålet med fredningen krever det, samt for vitenskapelige undersøkelser, arbeider av vesentlig samfunnsmessig betydning og i andre særlige tilfeller, når disse ikke strider mot formålet med fredningen».

Naturmangfoldlova: Når det blir gjort vedtak som angår naturmangfaldet skal prinsippa i §§ 8 til 12 i naturmangfaldlova leggast til grunn som retningslinjer, og tiltaket må ses i lys av desse: § 8. (kunnskapsgrunnlaget) Ringmerking er ein metode som er blitt brukt i meir enn 100 år og det er ikkje kjent at metoden har påført fugl/fuglebestand skade. Ringmerking av fugl som overvakingsmetode er godt innarbeidd og metoden har vore heilt avgjerande for å skaffe verdifull kunnskap som har vore nytta mellom anna av forvaltingsmyndigheitene. Fugleførekomstane i Herdla naturreservat er mellom dei best dokumenterte i landet, og sjølv om slik ringmerking kan uroe nokre av dei rastande fuglane lokalt, ser vi ikkje for oss at uroinga vil vere av omfattande og langvarig karakter.

Statens hus E-post: Miljøvern- og klimaavdelinga Kaigaten 9, 5020 [email protected] Postboks 7310, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Internett: Org.nr: 974760665 Telefaks: 55 57 25 81 www.fylkesmannen.no/hordaland § 9. (føre-var-prinsippet) Dersom det skulle vere førekomstar av fuglar som tydeleg vil verte uroa i uakseptabel grad i området når ringmerkinga er planlagt, er det eit krav at aktiviteten då skal avlysast eller utsetjast.

§ 10. (økosystemtilnærming og samla belastning) Vi kan ikkje sjå at det aktuelle tiltaket vil påføre økosystemet auka belastning, i alle fall ikkje av varig karakter. Det blir presisert at alt fangstutstyr blir fjerna etter kvar fangstøkt, og at ferdsel innanfor reservatgrensa vil vere på et minimum for å avgrense forstyrring av rastande fugl.

§ 11. (kostnadene ved miljøforringing skal bæres av tiltakshavar) Ikkje relevant

§ 12. (miljøforsvarlige teknikkar og driftsmetodar) Ringmerking krevjar kunnskap, og skal skje på en forsvarlig måte. Vi føreset at ringmerkarane er kjent med dette og har nødvendige lisensar.

Konklusjon: Ringmerking er ein svært viktig metode for å innhente kunnskap om dei ulike fuglane sine trekkruter og overvintringsområder. Herdla er eit viktig rasteområde for vadefugl under hausttrekket, og fangst og merking av fugl her vil vere med på å gi viktig informasjon, mellom anna for forvaltingsmyndigheitene. Det er og klart at det er under hausttrekket, i perioden med ferdselsforbod, at prøvefangsten vil ha best effekt.

§ X i verneforskrifta opnar og for at forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå reglane m a for vitskaplege undersøkingar. I dag skal slike løyve gjerast med heimel i naturmangfaldlova § 48.

Med utgangspunkt i at vi ikkje kan sjå at tiltaket er i strid med verneføremålet for Herdla naturreservat og at prøvefangst kan gje verdfull kunnskap for framtidig forvalting av området, gjev vi løve til det omsøkte tiltaket etter naturmangfaldlova § 48. Løyvet med fører dispensasjon frå verneforskrifta generelt, og også for det tidsavgrensa ferdsleforbodet i Prestvika-området. Det er knytt nokre vilkår til løyvet (nedanfor).

Premiss: Herdla er eit viktig utfartsområde, og vi legg vekt på å handheve ferdselsrestriksjonane av omsyn til fuglelivet. Når det no blir gjort eit tidsavgrensa unntak frå desse restriksjonane, er det avgjerande at bakgrunnen for dette blir formidla på ein god måte til eventuelle forbipasserande, så det ikkje oppstår tvil om vår praksis.

Som premiss for at det blir gjort unntak frå ferdselsrestriksjonane krev vi derfor om at det blir sett opp eit informasjonsskilt når ringmerking føregår. Her skal det komme klart fram kva som skjer, og at det er gitt dispensasjon frå gjeldande ferdselsrestriksjonar. Skiltet må plasserast slik at det eventuelle forbipasserande tydeleg kan sjå det.

Det er og av pedagogiske grunnar ønskjeleg at forbipasserande som måtte ønske det kan stille spørsmål og evt. vere med og observere ringmerkinga om dette lar seg gjere av omsyn til gjennomføringa, og av omsyn til fuglelivet.

Løyvet er tidsavgrensa og gjeld frå den datoen det er skrive ut og fram til utgangen av november 2013. Løyvet skal medbringast når merking føregår, og skal visast fram dersom nokon stiller spørsmål ved aktiviteten.

Fylkesmannen skal når prøveperioden er avslutta ha ein kortfatta rapport om prosjektet, der også moglege problem som har oppstått vert vurderte.

2 Statens naturoppsyn har høve til å stanse aktiviteten dersom naturoppsynet vurderer at dette er naudsynt. Eventuelle pålegg frå naturoppsynet skal etterkomast. Fylkesmannen kan trekke løyvet attende med umiddelbar verknad dersom vi får kritiske rapportar som tilseier at dette kan vere naudsynt.

Ringmerking krev løyve frå grunneigar. Det er ikkje fylkesmannens ansvar å klarere dette, men vi har vore i kontakt med Herdla Gård og blitt fortalt at grunneigar ikkje har innvendingar. Ein føresetnad er at aktiviteten ikkje skapar vanskar for landbruksdrifta i området.

Klage Dette er eit einskildvedtak som kan påklagast etter reglane i forvaltningslova. Eventuell klage skal stilast til Miljødirektoratet, men sendast om Fylkesmannen i Hordaland, og må vere sendt innan 3 veker etter at klagar er kjent med vedtaket.

Med helsing

Stein Byrkjeland Solveig Kalvø Roald seksjonsleiar seniorrådgjevar

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift.

Gjenpart:

Askøy kommune Herdla Gard v/ Morten Bjørnstad, [email protected] Herdla Museum Miljødirektoratet Statens naturoppsyn v. Terje Haugland

3