ÅSERAL GRINDHEIM Nr. 4 - 2018 47. årgang MENIGHETSBLAD

Boka om Grindheim side 3

Gudrun på slottet side 6

Diakoni side 12

Gudrun Austegard Foto: Gunbjørg Gundersen 1 K O N T O R T I D E R Åseral kyrkjekontor: Perfekt

Stad: Rådhuset For mange er det eit mål i livet å bli perfekt. Kyrkjeverge: Linda Fosse Ein vil forbetra seg på alle område, slik at resultatet blir fullkome. Dei unge i dag blir Måndag - fredag kl 8:00 - 15:00 ofte kalla Generasjon perfekt. Dei skal vere Tlf 38 28 58 65 / 41 54 44 14 vellukka, sjå godt ut og berre få gode karak- Åseral Sokn vipps# 109823 terar. Ein vil for alt i verda ikkje vera dum, Epost: [email protected] stygg, rar eller keisam.

Sokneprest Geir Ola . Mange har erfart at dette er eit vanskeleg Mobil: 958 08 836 prosjekt. Dei mislykkas i sin perfeksjo- [email protected] nisme, og då vert sjølvkjensla dårleg. «Eg kan vel ikkje vera mykje verd, eg som ikkje www.kyrkjekontoret.no klarar å nå mine mål?» Slik tenker ein då, og vegen til mismot og psykiske problem er kirkekontor: kort. Idealismen var stor, og nedturen blir stor. Sted: Rådhuset Det skulle vore spanande å treffa eit fullkome menneske. Eg trur det ville ha vore godt å Kirkeverge: Ingunn Birkeland vera saman med ein perfekt person, for då ville og kjærleiken vore fullkomen. Men det er Kontortid: mandag, tirsdag og ikkje hyggeleg å vera saman med ein som trur han er fullkomen utan å vera det. torsdag kl 10-14. Tlf 38 28 20 12 Mislukka perfeksjonisme som vert innrømt er leit, men og ei ærleg sak. Mislukka perfek- Bruk gjerne epost utenom kontortid. sjonisme som ikkje vert innrømt, skapar avstand. Og det er gjerne kjærleiken som er mest Epost: ingunn.birkeland@audnedal. mislukka. kommune.no Så Generasjon perfekt kan resignere: Dei vert ikkje perfekte. Men ein kan og fatta nytt mot: Sokneprest Geir Ola Tveit. Dei er gode nok som dei er. Og dei er elska av både Gud og menneske. Mobil: 958 08 836 Kykjehistoria fortel om idealistiske kristne som ville skapa kraftfulle og fullkome kyrkjelydar. [email protected] Den reine kyrkjelyd var eit mål. Så langt har ingen klart å visa til nokon rein kyrkjelyd. Alle http://audnedal-kirken.no slike prosjekt har mislukkas.

Menighetsblad for Ein kyrkjelyd består av vanlege menneske som alle saman er gode på noko, men ikkje på Audnedal og Åseral. alt. Dei kjem til kort, rett som det er. Difor er det fåfengt å skapa ein rein kyrkjelyd. Utgjeve av sokneråda Guds kyrkje er ikkje fullkomen, men det er heile tida eit mål å gjera henne betre. Meir heilag Opplag: 1265 og meir menneskeleg. Send gjerne inn stoff til bladet. Innleveringsfrist til neste menighetsblad: Dei svake sidene i vårt kristne fellesskap er for nokre ein grunn til å halda avstand. « Eg vil ikkje vera saman med dei der!» Andre tenker motsett. Kyrkjas mangel på det fullkomne er 2. november 2018 ein grunn til å ta del. «Når slike folk går i kyrkja, er det og plass for ein som meg!» Stoff sendes til: [email protected] Om ikkje Guds kyrkje er fullkome, så er Guds rike fullkome. No ser vi det i glimt, opple- vingar av Guds kjærleik. Ein gong skal det koma fullt og heilt. Då skal alt som er halvt og Redaksjonskomite: delvis vera borte. Ragnhild Huseby Solås Guds kyrkje er vår oppgåve. Guds rike er gåva. Det er perfekt. Lise Finseth Løland Liv Birkeland Andakt ved Geir Ola Tveit Åse Austrud Ingunn Birkeland Redaktør: Linda Fosse Layout og trykk: Setesdalstrykk, .

Kasserar: Bjøru Vasland, Konto Spb. Sør: 3108 20 07450 Menighetsblad ÅGK vipps# 508586

Gåver til bladet vert mottekne med takk.

2 Praktfull bok om Grindheim kyrkje

Tekst: Dag A. Kvarstein

Den som går inn i Grindheim kyrkje vil oppleva ein visuell lovsang til skaparverket og ei forkynning av evangeliet med bilete. Fredag 6. juli vart boka om det unike interiøret i Grindheim kyrke lansert.

Kyrkeverje Ingunn Birkeland og soknerådsleiar Vigdis Finnseth kunne stolt vise fram den nye praktboka for forsamlinga i vakre Grindheim kyrkje. Grindheim kyrkje, med sitt gjennomdekorerte interiør og boka i seg sjølv, er kunstskattar som verkeleg var verdt ei høgtidssam markering. Sidan 1783 har den kvitmala og krossforma kyrkja vore midtpunktet i Byremo.

Den lokale og namngjetne malaren og dekoratøren Tore A. Risøyne frå var meisteren bak dei overdådige rosemaleria og bileta i kyrkja. Dette arbeidet gjorde han og sveinane hans i 1791, og dei gjorde det grundig. Nær sagt alle flater utanom golvet er dekorerte. I taket er det fleire bibelske motiv, og på veggar og benkedører er det rosemaleri, akantusrankar, tulipanar og andre organiske former – tydeleg inspirert av barokkens ideal.

Men som så mange andre stader vart bileta og dekorasjonane etter ei tid mala over. Haldninga til fargar og figurar endra seg utover på 1800-talet etter kvart som pietismen bredde om seg. I to etappar i siste halvdel av 1800-talet vart alt mala over med vanleg veggmaling. Verken skapinga eller Jesu siste måltid med læresveinane skulle få tale til kyrkjelyden frå takmaleria, kun Bibelens og prestens ord.

Då ein restaureringskonsulent frå Riksantikvaren var innom Grindheim kyrkje i 1919, reagerte han på dette og skreiv følgjande i eit notat: «Det er en enestående råhet man har tillat sig ovenfor det staselige kirkerum, da det stod med alle sine farver og dekorationer.»

Resultatet var at det også vaks fram eit lokalt engasjement for å få fram att dekorasjonane, eller «dei gamle krøllan» som nokon uttrykte det i bygda. I 1941 var kyrkjerommet restaurert til sin gamle prakt.

Boka som no er gjeve ut er førd i pennen av Frans-Arne Stylegar, tidlegare fylkeskonservator i Vest-. Dei flotte og detaljerte fotografia er tekne av Anne Rakel Haaland, ein lokal fotograf. Frå Agder og Telemark bispedømekontor har kulturrådgjevar Tone Klev Furnes vore konsulent. Då boka vart lansert var det stort oppmøte frå engasjerte bygdefolk trass i at arrangementet vart halde midt i ferietida. I tillegg kom det helsingar frå ordføraren, Audnedal historielag, bispedømekontoret og tidlegare sokneprest Olav Lehne.

Kyrkjeverje Ingunn Birkeland sa at utgangspunktet for boka var eit ønskje om å sjå på historia med nye auge. Boka er laga slik at ho skal appellere til både unge og gamle. -Boka skal vere ei grundig innføring i den kunstnariske utsmykkinga og samstundes marknadsføre kyrkja vår som ein stad det er verdt å sjå. Boka og kyrkja vil òg vere pedagogiske ressursar for skulane, poengterte kyrkjeverje Ingunn Birkeland.

HER kan du få kjøpt boka om Grindheim kyrkje: Norli Evje, Grindheim bil & mek, Joker Byremo, Mirakel Foto, Drømmehagen, Sparebanken Sør Byremo, Spar Konsmo, Rådhuset på Konsmo (servicekontoret/kirke- kontoret), Libris , Sommerdalen Antikvariat i Lyngdal og Norli .

Takk for positivitet og velvilje fra alle som ønsker å ha boka vår på salgsdisken sin!

Kyrkjeverje Ingunn Birkeland (t.v.) og leiar i soknerådet Vigdis Finnseth.

3 Turid Røynlid

Tekst: Turid Røynlid

Konfirmantbilde av Turid f.Brandsdal - g.Røynlid Turid Røynlid på kyrkjetrappa

Linda Fosse i redaksjonen har i lang tid, fint over bygda når ikkje uvêr og vind fekk på Åknes kyrkjegard. Det kjennest sårt og gong på gong, oppmoda meg til å skriva overtaket. meiningslaust, men minna er ljose og fine. om tida mi i kyrkja, så nå lyt det stå til. Kyrkja har vore ein svært viktig del av kultu- På 60- og 70-talet var det gudsteneste ren vår, men kultur og tradisjon står ikkje så Heilt frå barndomen har det vore kyrkja den siste sundagen i kvar månad og alltid sterkt lenger. Det er få att av dei som trufast og eg. Banda til kyrkja har vore sterke og 1. nyttårsdag og 1. påskedag. Altertavla i møter opp og finn sin faste plass i kyrkja. fine. Ein av dei første salmane eg lærde av kapellet er eit meisterstykke i utforming og besta var: Kirken den er et gammelt hus – fargar. Sterke, flotte fargar pregar heile kyr- Me er inne i ei tid der sosiale medium over- står omm end tårnene falde. kjeromet. tek kvardagen vår. For mange er det stress, kav og mas heile tida. Kan kyrkja opnast Grindheim kyrkje var mi kyrkje. Eg hugsar I hovudkyrkja var eg den fyrste tida bare til for folk som vil ha ei stille stund, tenna ljos, godt ei spesiell hending frå tidlege bar- skulegudsteneste og konfirmasjon. høyra musikk eller be? Eller kanskje må neår. Eg var fire år og skulle gje sokne- Kapellet på Ljosland var nytt og fint. Eg kyrkja finna heilt andre møtestader? Viss prest Tjomsland blomar då han første gong hadde vore på innviinga av kapellet i 1959. ikkje folk kjem til kyrkja, så må kyrkja ut til kom tilbake til kyrkja etter krigen. Det var Då sat me på lasteplanet på lastebilen til folket. sommar. Eg stod spent med kyrkjetrappa Erling Vasland frå Byremo og opp. i ny kjole og med godt tak rundt blomane. Mange i vår tid kjenner seg einsame, både Der kom bilen. Døra gjekk opp og eg gjekk Fleire i slekta har hatt sitt arbeid i kyrkja som unge og eldre. Ein ungdom sa det slik: 100 høgtideleg bort til han. Eg hugsar enno klokkar (dekne) og organist. Det var kanskje vener på Facebook, men ikkje ein einaste andletet hans då han tok imot blomane. ikkje så uventa at eg òg sa ja til dette kallet verkeleg ven. Det er sårt å tenkja på. då høvet baud seg. Eg trega ikkje ein dag! Det var høgtidsamt og fint å koma inn i Eg kjende glede og takksemd kvar einaste Kyrkja har i dag eit stort og viktig enga- kyrkja. Og så alle dei fine «teikningane» og gong eg gjorde teneste i kyrkje og kapell. sjement innan hjelpearbeid og forkynning, fargane! Taket blei nøye studert når talen til Det var sterke møte med Guds ord, liturgi, både her i landet og i andre land. Kanskje presten blei i lengste laget. Ute på kyrkje- musikk og salmesong. Meir enn ein gong kyrkja i framtida kan bli til hjelp for endå garden måtte me ikkje springa eller leika. har eit ord, ei setning eller ein salme «hekta mange fleire? Eg ynskjer at kyrkja skal vera Konfirmasjonstimane hadde me i kyrkja. seg» resten av dagen. raus og inkluderande med varme, omsorg Sokneprest Holme var høgtideleg og for- og omtanke for den enkelte. mell, men kunne òg ha glimt i auga. Det var Har eg så ei spesiell oppleving frå kyrkja eit ork å pugga alle salmeversa, men eg set som eg vil ta fram? Ja, mange! Så mange I kyrkjebøna kjem visjonen vår fram: stor pris på det i dag. at det ikkje går an å velja ut. Sterke møte Kjære Gud. Kom til dei som ikkje kjenner med menneske i glede og sorg har festa seg deg. Lær oss å fortelja andre om deg, og Då eg i 1962 flytte til Åseral og me seinare i minnet. lat ditt evangelium verta forkynt for alle folk. bygde heimen vår i Austegard, låg Åknes Styrk kyrkjelyden vår og kyrkja i alle land. kapell midt i synsranda. Det kunne ikkje bli Eg trivst så godt på kyrkjegarden i Åknes. Lat ljoset ditt skina i vår mørke verd. Lei oss finare. Naturen ikring speglar seg i vatnet og på vegen som fører til livet. Det bed vi deg heiane står trauste og vernande rundt. Eg om, vår Gud og Far. Frå nå av blei kyrkje og kapell i Åseral ruslar mellom gravene og takkar for alle dei «mine kyrkjer». Eg blei sjølvsagt mest knytt som har vore ein del av livet mitt. Eg har Amen. til kapellet i Åknes. Kyrkjeklokka ljoma så følgt åtte av skuleelevane mine til grava her

4 Tema kveld i Grindheim kyrkje 13.oktober kl.1930. Lars Verket i Grindheim Tema denne gongen er: Styrer Gud liv og død? kyrkje Om det ondes problem. Sokneprest Geir Ola Tveit vil innlede. Det blir enkel bevertning og samtale 28. november kl. 1930 etter innledningen. Alle velkommen, både fra kommer Lars Verket på besøk i Grindheim kyrkje. Åseral, Grindheim og Konsmo Da er det temakveld, og Lars Verket skal snakke om «Guds verden eller vår.»

Lars Verket hadde i mange Barneforeningsbasar år friluftsliv som levebrød. på Lognavatn Grendehus Nå arbeider han halv stilling på Sørlandets rehabi- laurdag 27.oktober kl.18:00. literingssenter i Eiken, og han holder foredrag om Enkel bevertning. livsglede, friluftsliv, endring og omstilling mm. Alle hjarteleg velkomne! Lars Verket titulerer seg gjerne som padlosof.

Han har gitt ut fem padleguider for Sør-Norge.

Han kaller seg gjerne for «undrende borger», og hans Laurdag 3.november kl.1930 Åseral kyrkje «Stille stund» ved Ann Margret motto er Haaland, Torgny Sandland, Anlaug Børtnes mfl. «Glød – glede – galskap.» Enkel bevertning. Alle hjarteleg velkomne! Foto : Amund Hestveen

5 Gudrun og Nils på Slottet

Tekst: Gudrun Austegard Foto: Gunbjørg Gundersen

Gudrun og Nils Austegard utanfor Slottet

Vi måtte ha Oslotur, for 26. april skulle Nils og eg til Slottet. Der var det samling for dei som hadde fått Kongens fortenestemedalje i vinter som var, - pluss fylgje. Denne medaljen hadde eg fått i Åknes kapell etter adventsgudstenesta der. Eg fekk mest sjokk då ordføraren kom med den, eg visste ingen ting.

Gunbjørg og Lloyd (dotter og svigerson) var med inn. Det gjekk greitt innover, eit pylsestopp på vegen. Lloyd køyrde, og han kunne svinga seg i Oslotrafikken. På Scandic Holmenkollen Park hotell var det vi skulle over- natta. Vegen dit opp var både bratt og svingete. Hotellet ligg ca. 350 meter rett opp frå sjøen. Men for ein utsikt det var over byen, akkurat som eit perleband i mange fargar å sjå til om kvelden.

Neste dag var det først ein god frukost, og så var det å pynta seg og få på seg bunaden. Vi skulle vera på Slottet i halv to tida, festen var kl. to. Vi kom til Slottet på framsida og blei vist inn i gangen. Der stod to jenter, gardistar,

6 «Frå kongelege kanapear til stomp og sylt»

som viste oss vidare opp trappa til venstre. Der stod fleire damer oppover trappene som ynskte oss velkomen. Dei var tilsette på slottet.

Så kom vi opp i ein hall der alle samla seg. Vi var 36 som hadde fått medalje, - pluss fylgje. Det blei då 72 som rusla innover dei flotte roma. Dei same damene som vi trefte i trappa, fylgde med oss rundt og fortalde om dei ymse roma. Der var dronning Mauds gule salong med skrøpelege møbel ein ikkje fekk lov å sitja i. Og så var det «Fugleværelset» med dei flotte naturmotiva måla på veggene, og alle dei fine fuglane som òg var måla langs taklistene. Så kom vi inn i eit flott rom der Dronning Sonja tok i mot oss. Kongen var diverre sjukemeld. Det var koseleg å helsa på Sonja, men eg sakna Kongen, og så gjekk det så altfor fort med helsinga, det var omtrent bare «god dag og farvel».

Vidare kom vi inn i ein mindre spisesal, der vi sette oss ved runde bord. Det var seks gjester og ein tilsett frå Slottet ved kvart bord. Vi som hadde fått medalje sat saman ved borda, medan dei som var fylgje sat ved andre bord. Dronning Sonja sat ved nabobordet.

Vi fekk «brødskiver» på størrelse med ein tjuekroning, med ymse slag pålegg, veldig spesielt i smaken. Desse «skivene» heiter visst kanapéar. Og så var det kvitvin til, både med og utan alkohol, seinare fekk vi heimelaga konfekt og kaffi.

Dronninga heldt ein fin tale, og så var det to unge jenter som spela fele og cello. Vi sat og preika koseleg saman. Dei tykte at eg hadde så vanskeleg ein dialekt, og så sat der ein trønder der og… To var i frå Oslotraktene, ei frå Stavanger, ein frå Volda, og så trønderen. Tida gjekk fort i godt selskap, to timar er ikkje så mykje. Det var ei høg- tidsam og fin samling. Men som sagt, eg sakna Kong Harald, det var ikkje heilt det same utan han.

I hagen utanfor Slottet var våren komen, det var varmt og godt. I plenen blømde krokusane og det blei tid til fotografering, det var Gunbjørg som dreiv med det.

Bunaden måtte av, vi fekk mat hos barnebarnet Hilde. Vi blei ikkje mette på Slottet, så Nils var fornøgd då han fekk stomp, smør og sylt, desse kanapéane var ikkje noko for han. Så bar det heimover att, etter ein flott og minnerik dag i Oslo.

Laurdag 10.november frå kl.12:00. Jolemesse. Lognavatn Grendehus.

Talar: Terje Thorsen. Kl.1200 song av Marit Lindland og Martha Ljosdal.

Kl. 15:00 song av Åseral barnekor. Kl.19:00 song av Rom Musikk kor.

Lodd/mat sal mellom møta.

Babysang på Minne- Åseral frå 0930 til 1200 – 3.oktober og 7.november

7 Konfirmantbilder fra Geindheim, Konsmo og Åseral

Geir Ola Tveit og Oscar Jackson Abrahamsen Grubse. Foto: Privat

Frå venstre foran: Hanna Hæåk, Synne Ågedal, Vilde Bakke Bak fra venstre: Joakim Vårdal Ågedal, Sindre Ullestad, Isak Strisland Bjørnstad, Ine Rugland Anzjøn, Geir Ola Tveit. Maria Schmidt Seland (ikke med på bildet). Fotograf: Mirakelfoto

8 Frå venstre foran: Olivia Solheim, Eivor Austrud, Kristina Kvåle, Andrine Engeli Haddeland, Johanne Rob Berås, Christina Berg, kyrkjeverge Linda Fosse Frå venstre bak: sokneprest Geir Ola Tveit, Jon Bjarne Homme Murbræch, Terje Thorsland, Tommy Reiersdal, Morten Daniel Håvorstad Fotograf Tor Reidar Austrud

Nytt frå Byremo Gospelkor og Gospel Junior Tekst: Ragnhild Huseby Solås Foto: Marius Haugum og privat

Vår dyktige dirigent, Ann Kristin Eikeland, har overlatt dirigentpinnen til Sven Eivind Stakkeland. En stor og varm takk til Ann Kristin for innsatsen gjennom disse to årene, og velkommen til Sven Eivind. Gospel Junior har allerede tatt imot den nye dirigenten og gitt ham kallenavnet Svennevenn. Han kommer fra Kvinlog og er 23 år. Sven Eivind har bachelorgrad i rytmisk piano fra musikkonservatoriet i . Han har spilt i flere band, i tillegg til å være fast pianist/organist i bandet til Byremo Gospelkor band siden oppstarten. Helene Stulien Lauen fortsetter som før.

I høst vil vi øve inn nytt repertoar fram mot julekonserten, så det er en fin anledning for nye medlemmer å bli med. Vi trenger særlig flere manns- stemmer. Hiv deg med, hvis du vil. Det er også plass til flere i Gospel Junior. Juniorene øver annenhver torsdag kl.17:30 – 18:30. Øvelsene er i Auditoriet på Byremo videregående skole. Byremo gospelkor øver samme torsdager og samme sted, kl.19:00 – 21:00.

Første øvelse er torsdag 20.09, så 27.09 (ekstra pga høstferie), 11.10, 25.10, 08.11, 22.11. Julekonserten blir i år tirsdag 04.12 i Frå venstre foran: Hanna Hæåk, Synne Ågedal, Vilde Bakke Grindheim kyrkje, så sett av datoen Bak fra venstre: Joakim Vårdal Ågedal, Sindre Ullestad, Isak Strisland Bjørnstad, Ine Rugland Anzjøn, allerede nå. Geir Ola Tveit. Maria Schmidt Seland (ikke med på bildet). Fotograf: Mirakelfoto

9 Nye prosti Tekst: Ragnhild Huseby Solås

Når kommunereformen trer i kraft, vil dette også påvirke kirkelig inndeling. Menighetene i kommunene er organisert under et prosti som igjen ligger under et bispedømme. Et bispedømme har derfor flere prosti. Menighetene i Audnedal og Åseral er i Mandal prosti fram til 2020, og vi hører inn under Agder og Telemark bispedømme. Med nye kommunegrenser, påvirkes også prosti-inndelingen.

Men først av alt: Hva er et prosti? Først og fremst er det en måte å organisere prestetjenesten innenfor et område. Det skal sikre at menighetene får de tjenester de skal ha fra kirken, og at prestene har gode og forutsigbare rammer rundt tjenesten sin. Et prosti ledes av en prost. I Mandal prosti er dette Per Ragnar Haraldstad. Der prosten har sitt kontor, kalles prostesete.

Fellesrådene (kommunens «kirkeråd» med kommunens representant) og menighetsrådene i Åseral og Audnedal har fått et hørings- brev datert 17. august fra et utvalg nedsatt av bispedømmerådet. Svarfristen er 15.september. Her ligger anbefalinger til nye grenser. Det vises til at en må ta hensyn til størrelse på prostiene med antall ansatte, og at: «Størrelse handler også om geografi, demografi, kommunestruktur, bygdesamfunn, veiforbindelser, offentlig kommunikasjon og avstander. Det er i dag store forskjeller på prostiene når det gjelder antall fellesråd (kommuner), menighetsråd, kirker og utstrekning. (…) Det forutsettes at hele fellesrådsområdet (kommunen) skal tilhøre ett prosti og at prestene normalt også skal tjenestegjøre i ett prosti og ha én prost som leder.»

Her er forslagene til endringer som fellesrådene og menighetsrådene, skal ta stilling til:

Lister prosti Sammenslåingen av Audnedal og Lyngdal vil medføre at Audnedal går fra Mandal til Lister prosti da det er vanskelig å tenke seg motsatt, at Lyngdal skulle overføres til Mandal. Lyngdal er godt integrert i Lister og er i dag prostesete i Lister. Det er en vurdering om Åseral skal videreføre sitt fellesskap med Audnedal og overføres til Lister. Åseral har tradisjonelt hatt kontakt enten i retning Mandal eller i retning Evje og . Med siste alternativ vil det medfører at tjenestefellesskapet mellom Audnedal og Åseral blir vanskelig å opprettholde da de vil tilhøre ulike prosti. Mer om dette nedenfor.

Mandal prosti Dagens Mandal prosti har 9,5 prestestilling inkl. prost. Ved opprettelse av nye Kristiansand vil 3 prestestillinger overføres Domprostiet. Prostiet vil ytterligere miste ½ stilling til Lister p.g.a. Audnedal. Prostiet vil da utgjøre 6 prester inkl. prost innenfor et forholdsvis lite geografisk område, men med Åseral adskilt fra prostiet for øvrig. Enheten vurderes å bli for liten i forhold til ansatte og uhensiktsmessig geografisk med Åseral skilt fra prostiet for øvrig. Anbefaling: Mandal prosti slås sammen med Lister til et nytt prosti. Åseral overføres til Otredal prosti. Åseral har i dag mye samarbeid og kon- takt med . Det gjelder både offentlig kommunikasjon, handels- og arbeidsmarked og skoletilbud.

Nye Lister og Mandal prosti Dagens Lister prosti har 12,6 prestestillinger og vil få ½ stilling ekstra ved overtakelse av Audnedal. Mandal vil miste 3,5 stilling til Domprostiet og Lister og stå igjen med 6.

Anbefaling: Utvalget anbefaler å opprette et nytt Lister og Mandal prosti med totalt 19,1 prestestillinger. Dette innebærer en reell styrking av menighetsprestetjenesten da det nye prostiet kun vil ha en prostestilling. Prostesete: Det vil være naturlig å videreføre prostesete i Lyngdal som vil ligge sentralt i det nye prostiet. Navnevalg: Utvalget har foreløpig kalt det nye prostiet for Lister og Mandal prosti. Navnespørsmålet kan være aktuelt å revurdere etter en høringsprosess hvor det kan tenkes at det vil komme flere innspill til fremtidig prostinavn.

Kort oppsummert: Hvilke prosti skal Audnedal og Åseral tilhøre etter 2020? Til Lister, Mandal eller Nye Lister og Mandal prosti?

For mere lesing, kan du gå inn på www.kirken.no/agder som er bispedømmets nettsider.

Sitatene er hentet fra: «Prostistruktur i Agder og Telemark bispedømme. Rapport fra utvalg nedsatt av Bispedømmerådet»

10 Dugnad ved Åknes kapell Tekst og foto: Astrid Skeibrok

I sommar har der vore stor dugnad ved Åknes kapell. Reiskapsbua bakom kapellet var i så dårleg stand at noko måtte gjerast.

Fellesrådet hadde eit stort ynskje om å take vare på denne bua, men hadde ikkje økonomi til å gjere noko med det.

Då dette kom ein av innbyggjarane her i bygda for øyre, fekk me tilbod om å få det me trengte av materialar, kledning, spikrar og nye takplater.

Fleire positive og flinke karar stilte opp på dugnad og gjorde ein kjempeflott jobb.

Ein av garantiungdommane frå Åseral kommune var med å måla bygget.

Nå står bua og skin med nye veggar og tak. Så tusen takk til dykk alle som stilte opp, og gjorde denne flotte jobben for kyrkja. Friluftsgudsteneste i Åseral Tekst og foto: Arna Berg Den 10. juni var det høgtid på heia ved den nye dammen i Heddersvika. Om lag 70 menneskjer hadde funne vegen til Gudsteneste ved Geir Ola Tveit, musikken sytte Andreas Forgard for med trekkspel. Det var og barnedåp.

Etter Gudstenesta orienterte Elling Eikerapen om kraftutbygginga i området og Åseral sogelag stod for kyrkjekaffi.

11 Alle trenger å bli verdsatt

Tekst: Liv Birkeland

Det å ha omsorg for andre kalles av og til i kirkesammenheng for diakoni. Et flott ord, for noe som egentlig er en vanlig og naturlig del av det å være menneske. Samtidig er det ikke så enkelt heller. I en travel hverdag er det lett å overse andre, deres behov og ønsker. Derfor har vi i menighetsrådet i Konsmo lenge snakka om at vi trenger å lage en plan for diakoni. Og nå har vi endelig fått gjort det!

I Den norske kirke er diakoni definert som kirkens omsorgstjeneste. Evangeliet er ikke bare ei fortelling og en tekst i ei bok, men noe som utfordrer oss til nestekjærlighet, inkluderende fellesskap, vern om skaperverket og kamp for rettferdighet. Det er dette vi legger til grunn for diakoniplanen i Konsmo. Og vi ønsker å tolke og tilpasse den til våre behov, ressurser og muligheter. Diako-9, diako-10, diako-11…

Det er uendelig mange måter å vise omsorg på. I planen har vi forsøkt å være konkrete og sette opp noen forslag. Tilsammen ble det 14 tiltak. Det første tiltaket er å opprette ei gruppe som har et spesielt ansvar for gjennomføring av planen. Denne gruppa skal også være flinke til å plukke opp signaler og situasjoner der vi kan bety en positiv forskjell for hverandre. Dersom du kan tenke deg å være med i denne gruppa, ta kontakt med meg eller med Ingunn Birkeland på kirkekontoret. Bruk ditt talent!

Vi håper at diakoniplanen kan være med å synliggjøre forskjellige oppgaver og aktiviteter som folk har lyst til å delta på og bidra til. Noen av punktene fra planen:

• Invitere til gudstjeneste. Vi vil gjerne at flere skal oppleve et godt gudstjenestefellesskap. Veldig mange setter pris på å bli spurt!

• Temagudstjenester. Sette tema som engasjerer på dagsorden. Gjerne i samarbeid med andre grupper, lag og foreninger.

• Stille time. Åpen kirke noen kvelder i halvåret. Gjerne med litt musikk, tekstlesing og lystenning, men også bare stillhet. Avrundes med kaffi og prat i sakristiet, for de som har lyst på det.

• Venneklubb i regi av Frivilligsentralen. En god, uformell møteplass der de som er med også bidrar til å bestemme innhold og aktivitet.

• Lørdagskafé i sakristiet. I sommerhalvåret, når det gjerne er folk som besøker kirkegården for å stelle gravsteder.

• Tematreff. Oppfordre folk til å delta på temakvelder i Grindheim kyrkje og arrangere lignende treff sjøl. Ha en lavterskel møteplass for gode samtaler, der vi kan få mer kunnskap og større perspektiv. Gjennom å belyse ulike samfunns- og livs aktuelle tema ønsker vi at folk opplever at kirka rommer hele mennesket og hele livet.

• Besøkstjeneste. Når folk er satt ut av spill, er i en vanskelig livssituasjon, opplever sjukdom og lignende. Høres dette ut som noe som kan bli bra, som folk kan ha glede og nytte av, enten vi gir eller mottar omsorg, omtanke og nestekjærlighet? For livet skifter og vi mennesker er sammensatte. Vi trenger både å gi og få. Se andre. Og bli sett. For meg har det vært uttfordrende og samtidig veldig meningsfylt å samtale med andre om akkurat dette. For de fleste av oss har i korte eller lengre perioder kjent på ensomhet, at en har liten verdi og betydning. For det er heile tida andre som tar mer plass og oppmerksomhet. Som er mye flinkere, mer populære, penere og mer vellykka. Det er mange i vår bygd og nabolag som kjenner på at de ikke passer heilt inn, at noen setter pris på dem og at det er både plass og bruk for dem i et fellesskap. Og det er mange som erfarer at sjukdom, fysiske og psykiske plager blir helt overskyggende for alt lyst og godt i livet. Så i forbindelse med tanker jeg sjøl har gjort meg og at vi nå har fått en plan for diakoni, har jeg lyst til å spørre deg som leser dette:

• Er det noen i dine omgivelser som særlig trenger å bli verdsatt? Er det noen som du kan vise at har verdi og betydning for deg? Noen du kan inkludere? • På hvilke måter trenger du selv å bli satt pris på og inkludert? Hva funker for deg? (Det samme funker gjerne for andre.) Vennlig hilsen Liv Birkeland, leder i menighetsrådet i Konsmo

12 KONSERT MED MARIA ARREDONDO, TORSTEIN SØDAL OG BLANDA KOR Tekst og foto: Linda Fosse

Torsdag 19.april var det konsert i Åseral kyrkje med Maria Arredondo og Torstein Sødal. For at dei skulle koma til Åseral å syngja, ønskja dei eit kor som kom frå Åseral og som kunne syngje saman med dei. Gunvor Ljosland fekk spørsmål om ho kunne samla saman nok folk til eit kor. «Ingen problem!» var svaret. Koret øvde gjennom songane dei hadde fått tilsendt. Då konsertdagen kom, øvde dei litt saman med Maria og Torstein. Det var imponerande å høyra kor flott dei song til å ikkje ha øvd meir saman. Det var mange som kom til denne kon- serten for å høyra koret syngja saman med Maria og Torstein. Ein stor takk til alle som stilte opp for å få til denne flotte konserten! KRYSSORD

Vinner av forrige kryssord ble Anne Marit Birkeland. Gevinsten er gavekort fra Joker, Byremo, på kr. 300. I dette nummeret er gevinsten 3 flaxlodd. Send løsningsordet eller løsningssetninger til kirkekontoret i Audnedal eller Åseral (kontaktinfo s.2) eller som epost til [email protected] innen 3.november.

13 Glemt kontanter? Nå kan du gi kollekt i alle kirkene i Audnedal og Åseral med Vipps! Gaven du gir går til det formålet som er kunngjort i gudstjenesten, og blir belastet bankkortet ditt (Visa/ Mastercard). Vipps-appen kan du laste ned fra App-Store / Google Play. Du trenger ikke ha konto i Dnb for å benytte Vipps.

Takk for gaven!

Evje og Stort utvalg i GRAVMONUMENTER Begravelsesbyrå AS Navnetilføyelse og oppussing Vår representant: ÅSERAL: Oddvar Thorsland - tlf 38 28 31 63 Vi ordner alt med BYREMO: Karstein Verdal tlf. 38 28 03 09 / 478 43 157. KONSMO: Jon Løland - tlf 38 28 18 48 begravelser og kremasjoner

Vakttelefon: 38 15 90 62 EVJE STEININDUSTRI 4735 Evje - tlf 37 93 00 86 Rune, Snefrid og Magne 4528 KOLLUNGTVEIT Telefon 38 28 05 38 - Telefax 38 28 05 86 [email protected] www.evbegravelse.no www.lunden-snekkerverksted.no

Kan tilby selskapslokaler for inntil 100 pers. -brylluper, konfirmasjoner, bursdager, blåturer m/aktiviteter. Vakt heile døgnet UTKJØRING AV KOLDTBORD, 37 93 12 70 SNITTER OG KAKER Gravmonument frå Har også overnatting. eige hoggeri. Mobil: 975 69 121 www.hogetveitsnaturcamp.no Representant Grindheim: Sven Verdal E-post:[email protected] tlf 38 28 01 61

KVÅS GÅRDSUTSALG POTETER-EGG-HONNING

LEDIG ANNONSEPLASS Sommerblomster på våren Nek, kranser og juletrær til jul. Mellom barneskolen og Kvåstunet. Tlf: 91 70 14 10

14 LEDIG ANNONSEPLASS

Hverdager 08.00-20.00 Lørdag 08.00-19.00 Søndag: Stengt

4525 KONSMO - Mobil: 900 96 830 Grindheim Når sorgen rammer Bil og Mek. Verksted AS 4529 BYREMO - TLF. 38 28 02 10 ● Reparasjon, oppretting og lakkering ● Bensinstasjon ● Blomster og gaver Tlf: 900 98 006 - www.landes.no

Vasland Pukkverk levering av grus - pukk Skraping av veger og kantklipp Byremo: man-fredag, kl. 09 - 15. Tlf. 971 90 835 Åseral: man, ons, fredag, kl. 09 - 15. Tlf.: 38 10 92 00

Minibuss 17 seter til leie

Telefon 916 36 145

GRAVMONUMENTER Nye monumenter - Navntilføyelser - Oppussing - Omsliping SELAND LANDBRUKSVERKSTED Sørlands Stein AS TLF 38 28 02LEDIG 73 / 91 68 02 96 Vigeland – 4520 Sør Audnedal Rep. og salg av traktorer og landbruksredskaper Tlf 38 25 64 00 - Fax 38 25 78 60 www.sorlandsstein.no - [email protected] STIHL motorsager - VIKING gressklippere Vår representant: Hans Birger Vrålstad tlf 38 28 17 25

JOKER BYREMO 4529 Byremo Tlf. 38 28 01 93 Godt utvalg i kolonialvarer

Tipping og medisinutsalg Helsing Malin og Bodil

15 Returadresse: Åseral kyrkjekontor 4540 ÅSERAL

GUDSTENESTER Andre arrangement:

ÅSERAL: KONSMO: Stille time i Konsmo kirke kl. 2000 – 2100 kaffe i sakristiet etterpå. 7. oktober 30. september Onsdag 19.september og onsdag 21.november. Bortelid kl. 1100 Konsmo kirke kl. 1100 Gudsteneste på Bortelidmarknaden v/Per Ragnar Gudstjeneste v/Geir Ola Tveit. Lys Våken Babysang i Åseral på Minne kl. 0930 –kl. 1200, Haraldstad. Musikk. Offer til Acta – barn og unge i Normisjon 3.oktober og 7.november. Offer til kyrkjelydsarbeidet i Åseral. 21. oktober Temakveld i Grindheim kyrkje 13. oktober kl. 28. oktober Konsmo kirke kl. 1100 1930 Åseral kyrkje kl. 1100 Gudstjeneste v/Geir Ola Tveit Tema denne gangen er: Styrer Gud liv og død? Gudsteneste v/Geir Ola Tveit. Søndagsskolens dag. 4-års bok. Offer til Om det ondes problem. Konfirmantpresentasjon og 50-års konfirmantjubi- Vest-Agder søndagsskolekrets. Sokneprest Geir Ola Tveit vil innlede. Det blir leum. enkel bevertning og samtale etter innledningen. Offer til Kirkens SOS 4. november Alle velkommen, både fra Åseral, Grindheim og Mat på bedehuset etterpå. Konsmo kirke kl. 1930 Konsmo. Allehelgensgudstjeneste v/Geir Ola Tveit 18. november Offer til Kirkens SOS Torsdag 18.oktober kl.19:00 i Åseral kyrkje. Åseral kyrkje kl. 1100 Foredrag av Arne Tord Sveinall. Tema: «Fellesskap Gudsteneste v/Geir Ola Tveit 25. november på godt og vondt.» Enkel bevertning. Fri entré! Alle Lys Våken Konsmo kirke kl. 1100 hjarteleg velkomne! Offer til barne og ungdomsarbeidet i Åseral Gudstjeneste v/Geir Ola Tveit Konfirmantpresentasjon og konfirmantju- Laurdag 27.oktober kl.1800. Barneforeiningsbasar 2. desember bileum på Lognavatn Grendehus. Gevinster mottas med Åknes kapell kl. 1100 Offer til menighetens arbeid takk. Enkel bevertning. Alle hjarteleg velkomne! Gudsteneste v/Geir Ola Tveit Born og unge deltek Laurdag 3.november kl.1930 i Åseral kyrkje. Offer til nye salmebøker «Stille stund» ved Ann Margret Haaland, Torgny Sandland, Anlaug Børtnes m.fl. Enkel servering. Alle hjarteleg velkomne! GRINDHEIM: Lørdag 10.november kl 1700 kommer kirkerottene 23. september SLEKTERS GANG Fredo og Vesle igjen til Grindheim kyrkje. Grindheim kyrkje kl. 1100 Alle barn er velkomne på teater! Passer best for 3-6 år. Forestillingen varer ca 35 min. Fri entré. Gudsteneste v/Per Ragnar Haraldstad Vigde Søndagsskulens dag. 4-års bok. Gospel Junior. Offer til søndagsskulane på Byremo og Sveindal. Velkommen til babysang i Aktivitetsstua på Konsmo: Veronika Vegge og Fredrik Minde Konsmo fra kl. 0930 følgende fredager: Åseral : Elisabeth Thorsland og Preben Løland 14. oktober 14. og 28. september, 12. og 26. oktober, 9. og 23. november. Grindheim kyrkje kl. 1100 Døpte Gudsteneste v/Geir Ola Tveit Konfirmantpresentasjon. 50-års konfirmantjubi- Laurdag 10. november frå kl.12:00: Åseral: Jarik Elias Ludwig leum. Byremo Gospelkor. Offer til NMS misjons- Jolemesse, Lognavatn. Talar Terje Thorsen Konsmo: Torleif Helle, Mathias Egenes Helle prosjekt. Kl. 12: 00 Song av Marit Lindland og Martha Wilma Hjördis Erikudottir Ljosdal. Grindheim: Tiril Ougland Håland 4. november Kl. 1500 song av Åseral barnekor. Kl. 1900 song av Rom musikkor. Grindheim kyrkje kl. 1100 Døde Allehelgensgudsteneste v/Geir Ola Tveit Lodd/mat sal mellom møta. Offer til Kirkens SOS Grindheim: Trine Annie Rasmussen (gravlagt Sundag 9.desember kl.1600 – Åseral kyrkje- Vi kapell) 9. desember syng jola inn ved Åseral barnekor og Dynamis. Grindheim kyrkje kl. 1100 Evje og Hornnes bygdekor deltek. Andakt av Geir Konsmo: John Arnfinn Førland Gudsteneste v/Geir Ola Tveit Ola Tveit. Lys Våken Åseral: Nelly Røyland Offer til Wycliffe

16