Høyring: Ferjerute Vangsnes-Hella-Dragsvik og Mannheller-Fodnes ved neste kontraktsperiode

Framlegg til høyringsuttale:

Bakgrunn - utvikling kommune har dei siste 20 åra kome i skuggen av dei store samferdslesatsingane i fylket, både i aksen nord-sør og aust-vest. Det har samstundes mest ikkje vore utvikling i det lokale riks- og fylkesvegnettet i regionen i denne perioden. Dette gjer at vi i dag har eit vegnett der store delar av vegen er smal, har dårleg standard og også er utsett for ras.

I tillegg er riksvegferjesambandet Dragsvik-Hella-Vangsnes heilt avgjerande for å kopla oss til arbeidsmarknaden og andre tilbod i , Sogndal og . Også for innpendling til eigen kommune spelar dette sambandet ei viktig rolle.

Problemet i dag er at dette sambandet har sjeldne og uregelmessige avgangar med inntil 80 minuttar mellom avgangane. Dette gjer det vanskeleg for reiselivet, arbeidspendling, næringreiser/transport og innbyggjarane si deltaking i sosiale arrangement i regionen. Saman med utrygg veg rundt Esefjorden er ferjesambandet med dagens rutetabellar ein hemsko for tilflytting og deltaking i ein felles bu- og arbeidsmarknad i regionen. Og kommunen har sidan år 2000 hatt størst nedgang i folketalet i regionen med heile 13 %.

For at Balestrand kommune skal kunna snu den negative folketalsutviklinga, er utvikling av veg- og samferdsletilbodet heilt avgjerande. Næringsliv og innbyggarar må i så måte ha god infrastruktur og føreseielege ferjeruter med faste avgangar. Berre såleis kan Balestrand kommune på ein god måte ta del i og bidra til eit felles bu- og arbeidsmarknadsområde i .

Om framlegget til rutetabellar Vangsnes-Hella-Dragsvik Balestrand kommune vil ikkje tilrå at opsjonen om forlenging av noverande kontrakt blir nytta.

Balestrand kommune er tydeleg på at vi ønskjer faste og føreseielege rutetabellar heile året og at 3-ferjeløysinga heile året slik sett er det einaste reelle alternativet for kommunen. Berre med eit slikt heilårstilbod vil ein kunna tilretteleggja for busetjing, arbeidspendling og heilårsturisme; og med det også for ei positiv folketalsutvikling i kommunen.

Balestrand kommune er svært nøgd med at det med dette alternativet blir lagt opp til faste og føreseielege avgangar på 30 minuttar.

Balestrand kommune er også svært nøgd med at det no blir lagt opp til nattferjer i sambandet.

I høve heilårleg 3-ferjeløysing har me to merknader:

1) Første ferja om morgonen frå Dragsvik til Hella er sett opp kl. 06:05. Dette gjer at tida blir for knapp til å nå første morgonflyet frå Haukåsen til Oslo kl 07:30 og Bergen 07:32. Ein bør difor vere ei tidleg ferje i tidsrommet 05.00 – 05.30. 2) Ferja kl 21:15 frå Hella til Dragsvik kunne me ha tenkt oss gjekk noko seinare. Denne avgangen er viktig for dei som kjem med seint fly frå Oslo, eller er på ulike kultur og idrettsarrangement i indre delar av Sogn. I tillegg er det heile 95 minutt mellom denne og neste ferjeavgang til Dragsvik.

Harald N. Offerdal ordførar