Eit interkommunalt samarbeidsorgan (kommunalt oppgåvefellesskap) for friluftsliv i kommunane , , Herøy, , Sula, , , , , , Ørsta og Ålesund

MØTEBOK REPRESENTANTSKAPSMØTE 2021

Representantskapsmøtet vart halde den 10.06.2021 i samfunnshuset i Volda kommune. Innkallinga vart sendt ut den 12.02.2021, med påminning seinare (sakpapira var tilgjengelege i digital lenke). Møtet var utsett frå april grunna koronapandemien.

Før representantskapsmøtet var det omvising på det statleg sikra friluftsområdet Andaneset aust for Volda sentrum. Der sørga folkehelsekoordinator Ulrik Vik Nakken i Volda kommune for omvising og orientering om arbeidet med opparbeiding av friluftsområdet med brygge, badstue og stiar m.v..

Tilbake på samfunnshuset ønska ordførar Sølvi Dimmen representantskapsmøtet velkomne til Volda, og orienterte om kommunen og friluftsarbeidet deira.

Fagansvarleg for Aktivitet i Sunnmøre friluftsråd Christer Lundberg Nes og dagleg leiar Anne B. Støyva Emblem orienterte om aktivitetsarbeidet i friluftsrådet, før sjølve representantskapsmøtet starta.

Desse møtte på representantskapsmøtet:

Kvar deltakarkommune har valt to utsendingar med vara for kommunevalperioden. Desse møtte: Kommune Medlemmar representantskapet for Sunnmøre friluftsråd Palma Flåen Øvrebust Fjord kommune Anders Jørgen Gjerde Birger Honningsvåg (møter som vara) Giske kommune Jan Ove (er også styremedlem) Bodil Tronstad Lie Stranda kommune Jostein Dalen (er også styremedlem) Nils Erik Bjørkavåg Sula kommune Trygve Holm (er også styremedlem) Sveinung Vemøy Sykkylven kommune Anne Kari Aamodt Arild Støylen Ulstein kommune Vegard Ertesvåg (møter som vara) Jonny Lade Vanylven kommune Lena Landsverk Sande Aud Sissel Suoranta Vestnes kommune Forfall* utsending eller vara hadde ikkje høve til å møte Tollak Mikal Kaldheim Volda kommune Jan Erik Stokkeland Per Ivar Lied Ørsta kommune Oddvar Marøy (møter som vara) Geir Ove Leite Ålesund kommune Kari Grindvik (møter som vara) Karl-Petter Sortehaug Herøy kommune (ny) Camilla Storøy

Sitjande styre møtte nesten fulltalige: Kommune Styremedlemmar Sunnmøre friluftsråd Ålesund kommune Vebjørn Krogsæter (leiar) Fjord kommune Eva Hove (nestleiar)

Giske kommune Jan Ove Skodjevåg (er utsending) Stranda kommune Jostein Dalen (er utsending) Sykkylven kommune Trond Bonesmo Sula kommune Trygve Holm (er utsending) Ulstein kommune Forfall Vanylven kommune John Willy Klungre Vestnes kommune Skafti Helgason Volda kommune Ola Einang Ørsta kommune Karen Høydal Ålesund kommune Jarle Hauge Steffenssen Tilsettrepresentant Christer Lundberg Nes

Andre frammøtte på representantskapsmøtet/gjester: Kommune Komande nye styremedlemmar Herøy (ny kommune) Linn-Therese Hansen Sævik Sula Nils Erik Bjørkavåg (er også delegat) Vestnes Jon Kåre Osdal Ålesund Janet Roelofs

Andre: • Ordførar i Volda kommune Sølvi Dimmen • Folkehelsekoordinator i Volda kommune Ulrik Vik Nakken • Dagleg leiar i Sunnmøre friluftsråd Anne Berit Støyva Emblem

Representantskapsmøtet vart sett med 23 røysteføre delegatar.

Sak 1: Godkjenning av innkalling og saksliste Samrøystes vedtak: Representantskapsmøtet godkjenner innkallinga og sakslista for representantskapet 2021

Sak 2: Val av ordstyrar og sekretær, og to til å skrive under møteboka Representantskapsmøtet foreslo Trygve Holm og Nils Erik Bjørkavåg til å skrive under møteboka, dagleg leiar som sekretær, og styreleiar som ordstyrar. Samrøystes vedtak: Representantskapsmøtet vel styreleiar Vebjørn Krogsæter som ordstyrar og dagleg leiar Anne Berit Støyva Emblem som sekretær, og Trygve Holm og Nils Erik Bjørkavåg til å skrive under møteboka.

Sak 3: Godkjenning av Herøy som ny deltakarkommune Samrøystes vedtak: Representantskapsmøtet ønskjer Herøy hjarteleg velkomen som nye deltakarkommune i Sunnmøre friluftsråd frå 01.01.2021. Representantskapsmøtet gir utsendingane frå Herøy røysterett i dei resterande sakene på representantskapsmøtet 2021.

2

Sak 4: Årsrapport 2020 Samrøystes vedtak: Representantskapsmøtet godkjenner årsrapporten til Sunnmøre friluftsråd for 2020.

Sak 5: Årsrekneskap 2020 Samrøystes vedtak: Representantskapsmøtet godkjenner den revisorgodkjente rekneskapen for 2020.

Sak 6: Årsbudsjett 2021 Samrøystes vedtak: 1. Representantskapsmøtet godkjenner årsbudsjettet for 2021. 2. Representantskapsmøtet gir styret fullmakt til å gjere nødvendige endringar etter kvart som inntektssida blir avklart. 3. Representantskapsmøtet godkjenner avsetning av kr. 550 000 til framtidig finansiering av ny båt til Skjergardstenesta i Møre og .

Sak 7: Handlingsplan 2021-2023 med arbeidsplan for 2021 Samrøystes vedtak: Representantskapsmøtet godkjenner Handlingsplan for Sunnmøre friluftsråd 2021-23 med arbeidsplan for 2021.

Sak 8: Medlemskontingent for 2022 Samrøystes vedtak: Medlemskontingenten for 2022 vert sett til kr. 19,86 per innbyggjar.

Sak 9: Samarbeidsavtalen for kommunalt oppgåvefellesskap - oppdatering

Samrøystes vedtak: Representantskapsmøtet vedtek oppdatert samarbeidsavtale for Sunnmøre friluftsråd (KO) frå 2021.

Sak 10: Val Kommunane som skulle gjere det, hadde valt sine medlemmar og varamedlemmar før representantskapsmøtet. Eitt styremedlemmar har teke attval og fem er nye, her under ein ny deltakarkommune.

Styret for perioden frå etter representantskapsmøtet 2021 til og med møtet 2022 er:

3

Styremedlemmar valt for perioden 2020-2022 som allereie sit i styret:

Kommune Valperiode Sitjande styremedlemmar Vararepresentantar Fjord 2020-2022 Eva Hove Andreas Håvoll Giske 2020-2022 Jan Ove Skodje Birger Honningsvåg Sykkylven 2020-2022 Trond Bonesmo Eva Eline Tandstad Ulstein 2020-2022 Berit Sandvik Skeide Kathrine Kriken Garnes Vanylven 2020-2022 John Willy Klungre Marina Haaberg Ersvåg Volda 2020-2022 Ola Einang Annlaug Stokke Ørsta 2020-2022 Karen Høydal Stein Aam Tilsettrepr. 2020-2022 Christer Lundberg Nes Ann Helen Hellevik

Innmelde styremedlemmar som kommunestyra har valt for perioden 2021-2023:

Nye styremedlemmar Nye vararepresentantar Kommune Valperiode (innstilte) (innstilte) Herøy 2021-2023 Linn-Therese Hansen Sævik (ny) Sigurd Nygard (ny) Stranda 2021-2023 Jan Håkon Vikane (gjenval) Bodil Trondstad Lie (ny) Sula 2021-2023 Nils Erik Bjørkavåg (ny) Karoline Antonia Slinning (ny) Vestnes 2021-2023 Jon Kåre Osdal (ny) Hilde Legernes (ny) Ålesund 2021-2023 Jarle Hauge Steffensen (gjenval) Anders Lindbeck (ny) Ålesund 2021-2023 Janet Roelofs (ny) Nora Morken Farstad (gjenval) Ålesund 2021-2023 Thea Alise Vestre Aasen (ny) Ewa Hildre (gjenval)

Per Ivar Lied la fram innstillinga frå valnemnda på val av leiar, nestleiar og revisor fram til og med representantskapsmøtet 2020: Leiar: Eva Hove (Fjord) 2021-22 Nestleiar: Berit Sandvik Skeide 2021-22 Revisor: Møre og Romsdal Revisjon SA /gjenval

Samrøystes vedtak: Representantskapsmøtet tek til vitande nye styremedlemmar med vara for perioden 2021- 2023 som kommunane har meldt inn. Representantskapsmøtet vel Eva Hove som styreleiar, Berit Sandvik Skeide som nestleiar og Møre og Romsdal Revisjon SA som revisor fram til representantskapsmøtet 2022.

Sak 11: Val av valnemnd Styreleiar la fram innstilling på val av ny valnemnd slik det framgår i sakspapira.

Samrøystes vedtak: Representantskapsmøtet vel følgjande valnemnd med tre-årig rotasjon for faste medlemmar:

Leiar: Modolf Hareide, 2020-2023 (Ålesund) Medlem: Mariann Barstad, 2019-2022 (Sula) Medlem: Lena Landsverk Sande, 2021-2024 (Vanylven) Vara: Vebjørn Krogsæter 2021-2022 (Ålesund)

4

Sak 12: Innkomne saker Utgår. Det er ikkje kome inn andre saker til representantskapsmøtet.

Avslutning av representantskapsmøtet

Representantskapsmøtet vart avslutta av styreleiar, som takka av styremedlemmane som no går ut av styret for innsatsen:

• Jostein Dalen (Stranda) • Trygve Holm (Sula) • Skafti Helgason (Vestnes) • Leiar av valnemnda Per Ivar Lied vart også takka av etter tre år i vervet.

Den nyvalde styreleiaren Eva Hove takka avtroppande styreleiar Vebjørn Krogsæter for 7 år i vervet for Sunnmøre friluftsråd og ynskte han lykke til i vervet som styreleiar for Friluftsrådenes Landsforbund (FL).

Referent

Anne Berit Støyva Emblem dagleg leiar

Møteboka er godkjend digitalt 16.06.2021 av Trygve Holm og Nils Erik Bjørkavåg.

Trygve Holm Nils Erik Bjørkavåg

5