MVA-rapport 6/2014

Sopp på gamle eiketre i 2014

Miljøvern- og klimaavdelinga Fylkesmannen i Hordaland

Utgjevar: Rapport nr: Fylkesmannen i Hordaland, miljøvern‐ og klimaavdelinga MVA‐rapport 6/2014

Tittel: ISBN: Sopp på gamle eiketre i Hordaland 2014 978‐82‐8060‐102‐5 Forfattar: Dato: Olav Aas 25.11.2014

Samandrag: Rapporten presenterer resultata frå ei undersøking av sopp på 34 eiketre i Hordaland i 2014, fordelt på kommunane , , , Lindås, Radøy, , og . I alt 45 soppartar vart registrert, av desse 4 raudlisteartar, og i tillegg 15 sjeldne (i alle fall lite samla). Fleire artar vart registrert for første gong i dei respektive kommunane, og fleire funn var også nye for Vestlandet.

Referanse: Aas, O. 2014. Sopp på gamle eiketre i Hordaland 2014. – Fylkesmannen i Hordaland, miljøvern‐ og klimaavdelinga, MVA‐rapport 6/2014. 38 s.

Emneord: Biologisk mangfald, eik, sopp

Fylkesmannen i Hordaland Miljøvern‐ og klimaavdelinga Postboks 7310 5020 Bergen

Tlf: 55 57 20 00

www.fylkesmannen.no/hordaland www.miljostatus.no/hordaland

Foto på framsida: Øvst: Nes naturminne. Nede venstre: svovelkjuke, nede midten: teppeskål, nede venstre: eikeknorteskinn. Foto: O. Aas.

Innhald

Innhald ...... 3 Innleiande kommentarar ...... 5 Oversiktskart ...... 6 Omtale av dei enkelte trea ...... 7 Bergen kommune ...... 7 Fusa kommune ...... 9 Kvam kommune ...... 10 Lindås kommune ...... 21 Radøy kommune ...... 26 Tysnes kommune ...... 28 Ulvik kommune ...... 30 Vaksdal kommune ...... 33 Tabellar ...... 35 Tabell 1. Raudlista og sjeldne artar ...... 35 Tabell 2. Nye funn for kommunane ...... 36 Tabell 3. Liste over alle registrerte artar ...... 37 Litteratur ...... 38

3

Innleiande kommentarar

Rapporten omfattar kartlegging av sopp på gamle eiketre i Hordaland i 2014. Gamle eiker i kulturlandskapet har status som utvald naturtype etter naturmangfaldlova, og har såleis særleg forvaltingsmessig interesse.

Årsaka til at gamle eiketre har fått slik status er at dei er levestad for svært mange artar, særleg av insekt og sopp, og blant desse mange sjeldne og raudlista artar. I Hordaland er det gjort få, om nokon, målretta undersøkjingar av fungaen på gammal eik, og det er av stor interesse å få betre kunnskap om dette.

Alt innsamla materiale er svært sannsynleg frå sommareik (Quercus robur).

Resultata er knytt til kvart enkelt tre som vart undersøkt, også negative resultat. For eiker som er registrert i Naturbase er Naturbase‐ID oppgjeven. For undersøkte eiker som ikkje er registrert i Naturbase vart det plotta med GPS til nærmaste meter. Omkrins i brysthøgde vart målt, og det er notert om trea er hole eller ikkje. Desse trea vart det òg tatt foto av.

Undersøkjinga omfatta eit utval av eiketre i 8 kommunar i Hordaland: Bergen, Fusa, Kvam, Lindås, Radøy, Tysnes, Ulvik og Vaksdal.

Kommunane Lindås, Ulvik og Vaksdal vart undersøkt sommarstid, utanom soppsesongen, og dette har nok resultert i litt færre soppfunn i desse områda.

I alt vart 34 eiketre undersøkt.

Tabell 1 omfattar 4 raudlista artar i tillegg til 15 artar som er sjeldne.

Tabell 2 omfattar 26 artar som er nye funn for kommunar.

I alt vart det registrert 45 soppartar i denne undersøkjinga (tabell 3).

Takk til Fylkesmannen i Hordaland for økonomisk støtte. Det er også motteke støtte frå Olaf Grolle Olsens Legat, Universitetet i Bergen. Også takk til Olav Overvoll ved Fylkesmannen i Hordaland for godt samarbeid, og til Mary Holmedal Losvik som deltok på feltarbeidet.

Vidare undersøkjing av fleire tre og i andre kommunar er ønskjeleg for å betre kunnskapen om sopp på eik på Vestlandet, og for å styrke dokumentasjonen på artsførekomstar på dei enkelte trea.

5

Oversiktskart

Geografisk fordeling av eikene som vart undersøkte for sopp i Hordaland i 2014. Kartframstilling: Fylkesmannen i Hordaland. Kartgrunnlag: Statens kartverk

6

Omtale av dei enkelte trea

BERGEN kommune

1. Cappes vei nr. 30, i Brattlien i Fjellsiden, Bergenhus bydel. 60°23′37"N, 5°20′3"E (32V 298022 6700853). Omkrins 250 cm, ikkje hol. Undersøkt 11. mars.

Etter kvart er dette vorte eit “berømt” eiketre, med diverse omtale i aviser (m.a. Bergens Tidende 20. mars 2013) og ulike etatar i Bergen (m.a. Bergen kommune, fagnotat). Eika står i eit planlagt utbyggingsområde, og i starten av 2013 vart greinene og øvre del av stammen saga ned. Ved ein lapsus vart den gangen stammeomkrinsen målt til å liggje «langt nok under vernekravet» på 200 cm.  Coniochaeta subcorticalis. Ein liten sekksporesopp med ¼ mm store fruktlekamar. Den har ikkje noko norsk namn. Dette er første funn i Hordaland, muligens også for Vestlandet, sidan eit eldre funn frå Møre og Romsdal er noko usikkert. Sannsynlegvis første funn på eik her i landet. Arten har raudlistestatus NE (ikkje vurdert for raudlista). Soppen vart funnen på bork på avsaga stamme på bakken.  Leptosporomyces (Fibulomyces) mutabilis. Denne barksoppen har ikkje noko norsk namn. Andre funn på Vestlandet, her tidlegare funne på av Jens Stordal i 1950. Soppen er kjend frå rundt 15 lokalitetar i Noreg. Dette er sannsynlegvis første funn på eik her i landet. Soppen vart funne på bork på avsaga stamme på bakken.

2. Rambjøra, Sandbrekkeveien ved Myravatnet. Naturbase‐ID: BN00081105. Omkrins 380 cm, hol. Undersøkt 21. september.

Eika står i landskapsvernområdet på sørvestsida av kollen sør for Eikelund kompetansesenter, nær Myravatnet på Tveiterås. Eika er synleg frå parkeringsplassen ved kompetansesenteret. Den står i ei bratt, grunnlendt skråning, og ser litt skrøpeleg ut. Tidlegare har nok greiner vorte saga av, og det er tydelege spor ette greinknekk av nyare dato.

I felt vart det registrert Mycena sp. – hettesopp i mosedekka del av treet , men desse var for høgt oppe på stammen til at dei kunne innsamlast.

 Armillaria lepistipes – hagehonningsopp. Mindre vanleg innsamla sopp, tidlegare funnen i kommunen.  Laccaria laccata – lakssopp. Vanleg hattsopp i heile landet.  Meripilus giganteus – storkjuke. Raudlista, NT (nær trua). Relativt sjeldan sopp i landet, kjent frå rundt 50 lokalitetar. Tidlegare innsamla frå par‐tre område i kommunen.

7

3. Tveiterås naturminne (gnr. 9 bnr. 95). Freda eik. Naturbase‐ID: VV00002183. Omkrins 400 cm, ikkje hol, mange små borksprekker. Undersøkt 21. september.

Eika står i ein hage i sørlegaste delen av Grønnegrend ved Nesttunvatnet. Eika vart freda i 1967 (Fægri 1969): «På Tveiterås gnr. 9 i , hos K. Jorem, er et vakkert eiketre blitt fredet ved departementets vedtak i 1967». Også i dag er det eit «vakkert» tre.  Grifolia frondosa – korallkjuke. Raudlista, VU (sårbar). Soppen er innsamla frå knapt 170 lokalitetar i landet, frå 17 områder i Hordaland, og 6 av desse er frå Bergen kommune.

Venstre: Eika i Cappesvei nr. 30. Avsaga greiner og øvre del av stammen. Foto: Mary Holmedal Losvik, 24. august 2014. Høgre: Tveiterås naturminne. Foto: O. Overvoll, 29. oktober 2014.

8

FUSA kommune

1. Hålandsdal, gnr. 50/7 ved Paradishaugen. Naturbase‐ID: BN00083344 60°14′29"N, 5°51′2"E (32V 325645 6682437). Omkrins 520 cm, hol. Undersøkt 4. september.

Eika står på innmarka rett vest for husa, nord for vegen, i austenden av Berhovdatjørna. Området er i Hålandsdal, like etter avkøyrsla frå . Den store eika gjekk over ende i sterk vind sommaren 2013, og berre nedre del av stammen står att. Holrommet var stort.  Daedalea quercina – eikemusling. Ny for kommunen. Ein vanleg poresopp i heile landet.  Mycena inclinata – eikehette. Ny for kommunen. Den vakre hettesoppen vaks i knipper i holrommet på eika. Ein relativt vanleg skivesopp her i landet, innsamla frå i overkant av 200 lokalitetar. Om lag 10 funn i fylket, fordelt på 7 kommunar.  Tomentellopsis echinospora. Ny for kommunen. Denne spindelvevsaktige gule barksoppen er sjeldan, kjend frå i underkant av 60 lokalitetar i landet. I Hordaland er soppen funne berre to ganger tidlegare: på Voss i 1950 på einer og på Mongstad i Lindås på furu.

Eikehette, ein knippeveksande skivesopp. Foto: Olav Aas

9

KVAM kommune

1. Lundaneset, tun 42/21. Naturbase‐ID: BN00083319 Omkrins 240 cm, hol. Undersøkt 3. september.

Lundaneset, mellom og Øystese, er eit område med fleire store eiketre. Det undersøkte treet står i utkant av ein hage. Holrommet er i samband med tidlegare greinbrekk, knapt to meter opp på stammen.  Athelia fibulata. Ein kvit barksopp på nedramla grein på bakken. Ny for Kvam. I Hordaland var soppen tidlegare berre kjend frå Voss kommune, med to funn i 1950 og 1951. I denne undersøkinga har eg også funne soppen i Radøy kommune. Den er relativt sjeldan innsamla her i landet, kjend frå om lag 90 lokalitetar.  Nemania prava. Ny for Hordaland. Ikkje vurdert for raudlista (NE). Denne sekksporesoppen tilhøyrer gruppa «kolsopp/kullsopp», og er tidlegare berre kjent frå 17 lokalitetar her i landet.  Vuilleminia comedens – barksprengersopp. Ein vanleg sopp i fylket og i landet, men berre eit tidlegare funn frå Kvam som vart innsamla i 1951.

2. Børve, eik 1. Naturbase‐ID: BN00083333 Omkrins 450 cm, hol. Undersøkt 3. september.

Børve ligg mellom Norheimsund og Øystese, og eika står på eit høgdedrag i kanten av innmarka. Treet har tidlegare vore styva, og den tre meter høge stammen er innhol frå toppen. Det er også to relativt små hol på nedsida av stammen.  Erysiphe alphitoides – eikemjøldogg. Denne soppen, på eikeblad, er ein «framand art» her i landet og såleis svartelista (SE) som svært høg risiko. Soppen er tidlegare innsamla i kommunen, i 1926 av Torkel Lillefosse. Den er relativt sjeldan innsamla her i landet, men er nok meir vanleg enn dei innsamla funna tilseier (Solheim 2012).  Hymenochaete rubiginosa – eikebroddsopp. Ein vanleg barksopp i heile landet.  Stereum hirsutum – ragglærsopp. Ein vanleg barksopp i heile landet.

3. Børve, eik 2. Naturbase‐ID: BN 00083334 Omkrins 585 cm, hol. Undersøkt 3. september.

Eika er eit tuntre på bruk 35/4 på Børve. Treet er tidlegare styva, og innhol frå toppen. På stammen er det eit tydeleg hol i samband med tidlegare greinfeste. På nedsida er det tydeleg merke etter grein som har ramla av ved greinfeste.  Hymenochaete rubiginosa – eikebroddsopp. Ein vanleg barksopp i heile landet.

10

4. Nes naturminne. Freda eik. Naturbase‐ID: VV00002145 Omkrins 740 cm, hol. Undersøkt 3. september.

Eika står i skogbrynet, tidlegare beitemark, like nord for Nes Camping. Treet vart freda i 1964 (Fægri 1969): «På Nes, gnr. 34 i Kvam, eier Torstein Nes, er en eik fredet i 1964 ved departementets vedtak. Rundmål 5,60 m; fem mann får plass i den hule stammen».  Chlorociboria sp. – grønbeger. Sterilt materiale, dvs. fruktlekamar manglar. Det er to aktuelle artar som fargar veden grøn: C. aeruginosa – storspora grønbeger og C. aeruginascens – småspora grønbeger. Dei to artane er berre innsamla ein gang kvar frå Kvam, førstnemnde i 1927 og sistnemnde i 1951.  Hymenochaete rubiginosa – eikebroddsopp. Ein vanleg barksopp i heile landet.  Vuilleminia comedens – barksprengersopp. Ein vanleg sopp i fylket og i landet, men berre eit tidlegare funn frå Kvam som vart innsamla i 1951.

Den freda, hole eika på Nes. Foto: Olav Aas

11

Den freda, hole eika på Nes. Foto: Olav Aas

5. Vikøy, Teigen. Naturbase‐ID: BN00083328 Omkrins 692 cm, hol. Undersøkt 4. september.

Eika står i grasmark på eit høgdedrag på bnr. 7/58 i Vikøy, like ovanfor det øvre huset på Teigen. Treet har vore styva tidlegare, og hovudstammen er hol og open. I tillegg til dei to hovudstammane veks det eit stort rognetre i midten av treet.  Laetiporus sulphureus – svovelkjuke. På levande stamme på treet. Relativt vanleg sopp med fleire funn i kommunen.  Trametes hirsuta – raggkjuke. På avsaga grein på bakken. Vanleg sopp med fleire funn frå kommunen.  Vuilleminia comedens – barksprengersopp. Ein vanleg sopp i fylket og i landet, men berre eit tidlegare funn frå Kvam som vart innsamla i 1951.

6.‐10: Berge. Med unntak av Berge naturminne, står alle dei undersøkte eikene innanfor Berge landskapsvernområde som vart verna i 1984. Området med dei gamle, styva «kjempeeikene» på garden Berge dekkar eit areal på rundt 55 mål (Hafsten 1962). Ein skjøtselplan og skjøtseltiltak for den delen av verneområdet som omfattar dei store eiketrea vart laga i 1990 (Losvik 1990). Dei fylgjande linjene er omskrivne frå Hafsten (1962): 50 store

12 og gamle eiketre finst i området, gjennomsnitt i omkrins er nærmare 5 m, og dei representerar sannsynlegvis ein relikt frå eikeskogane frå bronsealderen. Dette er landets største bestand av store eiketre, ein må utanom landgrensene for å finne eit tilsvarande område. Dei største trea står i den slakke vestsida av fjellpartiet som vender mot innmarka og vegen.

6. Berge, eik 21*, Stekkevik (* nr. i h.t. Fylkesmannen i Hordaland 2013) Omkrins 425 cm, hol. Undersøkt 4. september.

Eika står i utmarksbeitet i eit lauvskogsområde med spreidde gamle og store eiketre, langs stien mellom parkeringsplassen og den tidlegare slåttemarka. Den hole stammen dominerer, det er berre få greiner på eika. Det vart registrert 4‐5 ulike sopp på den døde stammen, men alt dette materialet var sterilt og for gamalt til sikker artsbestemming.  Trametes hirsuta – raggkjuke. Vanleg sopp med fleire funn frå kommunen.

Eik 21 ved Stekkevik, Berge. Foto: Mary Holmedal Losvik

13

7. Berge, eik 29*, Stekkevik. (* nr. i h.t. Fylkesmannen i Hordaland 2013) Omkrins 885 cm, hol. Undersøkt 4. september.

Eika står i utmarksbeitet, nær gjerdet mot kulturbeitet, i enden av stien frå parkeringsplassen. Treet står i lauvskogsområdet med spreidde gamle og store eiketre. Tidlegare vart eika styva, og to store greiner går ut på kvar side av den hole stammen.  Ganoderma applanatum – flatkjuke. Vanleg sopp på ulike lauvtre.  Hymenochaete rubiginosa – eikebroddsopp. Ein vanleg barksopp i heile landet.  Meripilus giganteus – storkjuke. Raudlista NT (nær trua). Sjeldan sopp, i kommunen tidlegare funne ved Omastrand på pæretre.

Eik 29 ved Stekkevik, Berge. Foto: Olav Aas

14

8. Berge, eik 34*, Hauane (* nr. i h.t. Fylkesmannen i Hordaland 2013) Omkrins 810 cm, hol. Undersøkt 9. september.

Eika står i tidlegare slåttemark, no kulturbeite.  Fistulina hepatica – oksetungesopp. Raudlista NT (nær trua). På levande stamme på treet. Relativt vanleg innsamla sopp i kommunen, fylket og landet. Soppen er kjend frå over 500 lokalitetar i Noreg. På den undersøkte eika vart det registrert 10 fruktlekamar av soppen. Oksetungesopp har vore observert i mange 10‐år på eikene i landskapsvernområdet på Berge.  Laetiporus sulphureus – svovelsopp. På levande stamme på treet. Relativt vanleg sopp med fleire funn i kommunen.

Eik 34 i kulturmark på Hauane, Berge. Foto: Olav Aas

15

9. Berge, eik 47*, Hauane (* nr. i h.t. Fylkesmannen i Hordaland 2013) Omkrins 445 cm, hol. Undersøkt 9. september. Eika står i tidlegare slåttemark, no kulturbeite.  Daedalea quercina – eikemusling. Fleire funn frå kommunen, men ikkje innsamla tidlegare frå eikene i landskapsvernområdet. Vanleg sopp på døde parti på treet.  Enerthenema papillatum. Denne slimsoppen har ikkje fått norsk namn. NB: I Artskart og Norsk soppdatabase, er det ikkje registrert funn av soppen frå Vestlandet. Her er det viktig å merke seg at Bergensmaterialet av slimsopp (også rust‐ og sotsopp) enno ikkje er registrert innlagt. Astrid Karlsen (1944) samla soppen frå 5 kommunar i fylket: , Kvam: Tolo, , og Ulvik. Alle innsamlingane hennar, på furu, svartor og bjørk, er oppbevart i herbariet (BG) ved Naturhistoriske samlingar i Bergen. Astrid Karlsen nemner at dette er ein vanleg sopp i landsdelen. Også Anne Bente Kalstø (1985) samla soppen frå 27 lokalitetar ved Bjørnen og Smørås i Bergen kommune, både på lauvtre og bartre, mest vanleg på lauvtre. Alt materialet er oppbevart i herbariet BG. Soppen er etter dette vanleg i fylket. Mitt funn er det andre i Kvam kommune.  Fistulina hepatica – oksetungesopp. Raudlista, NT (nær trua). På levande stamme på treet. Relativt vanleg innsamla sopp i kommunen, fylket og landet. Soppen er kjend frå over 500 lokalitetar i Noreg. Oksetungesopp har vore observert i mange 10‐år på eikene i landskapsvernområdet på Berge.  Laetiporus sulphureus – svovelsopp. På levande stamme på treet. Relativt vanleg sopp med fleire funn i kommunen.  Nemania serpens – ospekullsopp. Ny for kommunen. Ein relativt vanleg sekksporesopp, tidlegare innsamla frå 7 kommunar i Hordaland, og med funn frå meir enn 200 lokalitetar i landet.  Tapesia fusca – teppeskål. Ny for kommunen, tidlegare berre funne ein gang i fylket, frå Voss. Soppen er kjend frå i overkant av 40 lokalitetar i landet, og den er ikkje vurdert (NE) for raudlista.

Eikemusling (v) og oksetungesopp (h) på eik 47 på Hauane, Berge. Foto: Olav Aas

16

Eik 47 på Hauane, Berge. Foto: Olav Aas

Svovelkjuke og 1 mm store fruktlekamar av sekksporesoppen teppeskål. Begge funne på eik 47 på Hauane, Berge. Foto: Olav Aas

17

10. Berge naturminne. Freda eik. Naturbase‐ID: VV00002178 Omkrins 1060 cm, hol. Undersøkt 9. september.

Eika står i tidlegare slåttemark, no kulturbeite. Eika vart freda i 1929 (Nordhagen 1930). Omkrinsen vart målt til 920 cm i 1962 (Hafsten 1962), same mål oppgjeve av Fægri i 1969 (Fægri 1969). Det er det største og sannsynlegvis det eldste av eiketrea i og ved Berge landskapsvernområde. Trass det store holrommet er det fleire store, friske greiner på treet. Ein stor stamme av rogn stod midt i treet.  Grifolia frondosa – korallkjuke. Raudlista, VU (sårbar). Ved basis av treet, både inne i holrommet og på nedsida av treet. Soppen er tidlegare innsamla frå området i tillegg til frå 5 andre område i kommunen. I fylket er den innsamla frå 6 kommunar, og den er kjent frå knapt 170 lokalitetar i landet.  Hymenochaete rubiginosa – eikebroddsopp. Ein vanleg barksopp i heile landet.  Hypocrea citrina – gul putesopp. Denne sekksporesoppen er ny for kommunen. Eit tidlegare funn i fylket, frå Voss, vart innsamla i 1951. Soppen er ikkje kjent frå dei andre vestlandsfylka. Sjeldan sopp her i landet, berre kjent frå om lag 30 lokalitetar.  Mycena filopes – stripehette. Ny for kommunen. Innsamla frå 5 andre kommunar i fylket, og frå om lag 150 lokalitetar i landet.  Phellinus ferreus – kystrustkjuke. I kommunen er soppen tidlegare funne i området ved Geitaknottane. I fylket er den funne i 5 andre kommunar. På landsbasis er det kjent i overkant av 300 innsamlingar, og eik er det dominerande vertstreet i Skandinavia.  Xylodon (Hyphodontia) quercinus – eikeknorteskinn. Ny for kommunen. I fylket tidlegare funne i Granvin og Voss, det er innsamlingar frå 1950 og 1951. I denne undersøkinga vart soppen også funnen i kommunane Lindås og Radøy. Relativt sjeldan sopp i Noreg, berre kjent frå om lag 100 lokalitetar.

Sekksporesoppen gul putesopp til venstre. Det gule soppvevet (stroma) inneheld små mørke prikkar som er munningar av nedsenka fruktlekamar (perithecier). Kystrustkjuke til høgre. Foto: Olav Aas

18

Berge naturminne er eit av dei største og eldste eiketrea i landet. Foto: Mary Holmedal Losvik.

Den freda eika på Berge står i den slakke vestsida av fjellpartiet som vender mot innmarka og vegen. Oversida av treet med stort holrom. Foto: Mary Holmedal Losvik (venstre bilete), Olav Aas (høgre bilete).

19

11. Tuftaleitet, Tørvik ved Bergsvatnet. Naturbase‐ID: BN00049534. Tidlegare freda, men fredinga er oppheva. Omkrins 545 cm, hol. Undersøkt 9. september.

Treet vart freda i 1929 (Nordhagen 1930): «En kjempestor eik (Quercus pedunculata) [= sommareik, Q. robur] på gården Tuftens grunn, Tørrvikbygden, . Eier: Johannes S. Tuften. Treets høide er 16 à 17 m; det måler 6,20 m rundt stammen i 1 m høide over marken og bærer 10 større grener, hvorav den største er 3,86 m i rundmål. En større gren er dessverre hugget av hensyn til landeveien som passerer forbi, likeså en stor flogbjørk, som dog ennu er levende». I Nordhagen (1930) s. 52 er det foto av eika, fotografert av Olaf Hanssen, sannsynlegvis i 1929. Eika er rimeleg kjend av mange sidan den står midt i riksvegen, like sør for avkøyringa til Heradstveit. I dei sienare åra er det stelt fint med treet, slik at daude greinparti ikkje skal kunne ramle ned i vegbana som går tett innpå på begge sider av treet. Eika har fire kraftige hovudstammar som igjen deler seg. Denne eika har fått namnet «Mjølkeeika» (Berit Byrkjeland 2008, nettdokument), her var samlingsstaden for mjølka, når bøndene frå gardane omkring skulle levere mjølk til meieriet.  Grifolia frondosa – korallkjuke. Raudlista, VU (sårbar). Ved basis av treet, både på utsida og inne i holrommet. Soppen er også tidlegare innsamla frå dette treet, i tillegg til frå 5 andre område i kommunen. I fylket er soppen innsamla frå 6 kommunar, og den er kjent frå knapt 170 lokalitetar i landet.  Laetiporus sulphureus – svovelkjuke. Relativt vanleg sopp på levande eiketre.

«Mjølkeeika» ved Tuftaleitet. Den raudlista korallkjuka som veks ved basis av det levande treet, er lett synleg frå lang avstand. Begge foto: Mary Holmedal Losvik.

20

LINDÅS kommune

1. Kjenes. 60°38′22"N, 5°17′14"E (32V 296993 6728363) Omkrins 197 cm, ikkje hol. Undersøkt 29. mai.

Eika står i den austlege delen av Naturbase‐ID: BN00014978, hagemark/skogsbeite (B‐verdi), aust for vegen i høgdedraget opp til husa på Kjenes.  Det vart ikkje funne sopp på treet.

Eika ved Kjenes (til venstre). Foto. Olav Aas, og eika ved Kjenes snuplass (til høgre). Foto: Mary Holmedal Losvik.

2. Kjenes, ved snuplassen. 60°38′19"N, 5°17′18"E (32V 297048 6728267) Omkrins 210 cm, ikkje hol. Undersøkt 29. mai.

Eiketreet har bork med 1.5 cm djupe lengdefurer i om lag 1,5 meters lengd av stammen.  Hysterium pulicare – riflesprekksopp. Ikkje vurdert for raudlista (NE). I Lindås er soppen tidlegare funnen ved Vågseidet på eik. I fylket er den også funnen i Bergen, Granvin og Os. Det er kjent om lag 125 lokalitetar for soppen her i landet. Denne sekksporesoppen lever på borken på treet, og ser ut som ørsmå svarte kuler.

21

3. Marås, «Haugen». 60°42′43"N, 5°11′16"E (32V 292028 6736740) Omkrins 255 cm, ikkje hol. Undersøkt 29. mai.

Området er ein haug med fleire store eiketre, like nord for husa på Marås. Det ligg inne i naturbasen som beiteskog med naturbase‐ID: BN00014965 (C‐verdi). Området vert nytta som beitemark, og store deler er rydda.  Durella commutata. Ny for Vestlandet. Denne sekksporesoppen vart funne på avborka del av stammen. Soppen vart funnen for første gang her i landet i 1971 i Hedmark på gamal lauvved. Eg kjenner ikkje til andre funn her i landet.  Stereum hirsutum – ragglærsopp. Vanleg sopp på lauvtre, særleg eik. Tidlegare funne i kommunen, på bøk i Vollum naturreservat.  Xylodon (Hyphodontia) asperus – glisneknorteskinn. Denne barksoppen er sjeldan innsamla frå Hordaland. Eit tidlegare funn i Lindås, ved vassverket på Herland, vart gjort på sitkagran i 2009. I fylket er den i tillegg berre funnen på Voss i 1950 og 1951. Om lag 250 spreidde funn i landet.  Xylodon (Hyphodontia) quercinus – eikeknorteskinn. Ny for kommunen. I fylket tidlegare funnen i Granvin og Voss, det er innsamlingar frå 1950 og 1951. I denne undersøkinga vart soppen også funnen i kommunane Kvam og Radøy. Relativt sjeldan sopp i Noreg, berre kjent frå om lag 100 lokalitetar. Soppen vart registrert på fleire av eiketrea i området, karakteristisk på undersida av døde greinparti på trea, oftast høgt oppe i trekronene.

Eika ved «Haugen», Marås. Foto: Olav Aas

22

4. Vabø. Naturbase‐ID: BN00014939 Omkrins 470 cm, ikkje hol. Undersøkt 29. mai.

Eika står i ei bratt skråning på gnr. 102/1 ved vegkrysset på Vabø. Området er i dag del av attgroande eng. Treet er ikkje styva.  Det vart ikkje funne sopp på treet

5. Lindås ungdomsskule. 60°44′4"N, 5°9′37"E (32V 290658 6739311) Omkrins 300 cm, hol. Undersøkt 29. mai.

Eika står på skuleplassen ved Lindås ungdomsskule. Det er små holrom på to sider av stammen, det største 17 x 8 cm, og 11 cm djupt.  Det vart ikkje funne sopp på treet

Eika ved Lindås ungdomsskule. Foto: Olav Aas

23

6. Kvamme. Naturbase‐ID: BN00014942 Omkrins 395 cm, ikkje hol. Undersøkt 20. august.

Eika står i ei bratt skråning, i beitemark på vestsida av fylkesveg 404 ved Kvamsvåg. Treet er ikkje styva.  Conferticium ravum – ospeskinn/ospeokerskinn. Raudlista, VU (sårbar). Ny for Hordaland. Ein sjeldan barksopp som berre er funne 22 stader i landet. Den er innsamla frå ulike lauvtre, flest på osp. Eik er nytt substrat for soppen her i landet.  Vuilleminia comedens – barksprengarsopp. Ny for Lindås. Ein relativt vanleg barksopp i fylket og landet.

Barksprengarsopp. Dei resupinate fruktlekamane utviklast under ytterborken som seinare «sprengjast bort», og blottlegg dei tynne fruktlekamane. Ein vanleg sopp på døde greiner av m.a. eik, or, bjørk og hassel. Foto: Olav Aas.

7. Tveiten nord. Naturbase‐ID: BN00014941 Omkrins 350 cm, antydning til hol ved basis. Undersøkt 20. august.

Eika står i kanten av beitemarka på vestsida av fylkesveg 404, like nord for Tveiten.  Det vart ikkje funne sopp på treet.

24

8. Tveiten nord II. 60°34′29"N, 5°14′9"E (32V 293772 6721323) Omkrins 223 cm, ikkje hol. Undersøkt 20. august.

Eika står på innmark, om lag 50 m sør for tre nr. 7, Tveiten nord. Tydelege borksprekker på treet.  Patinellaria sanguinea. Ikkje vurdert for raudlista, NE. Ny for Hordaland, andre funn frå Vestlandet. Denne sekksporesoppen er sjeldan innsamla her i landet, berre kjend frå knapt 90 lokalitetar. På Vestlandet er den heller ikkje funne i Rogaland eller i og Fjordane.  Tremella mesenterica – gul gelésopp. Relativt vanleg sopp på ulike lauvtre i fylket og i landet. Dette er sannsynlegvis første funn på eik i Hordaland. Det undersøkte materialet var konidiestadie (Imperfekt stadie).

Eika ved Tveiten nord. II. Foto: Mary Holmedal Losvik.

25

RADØY kommune

1. Lervik. 60°39′41"N,5°3′47"E (32V 284910 6731520) Omkrins 220 cm, ikkje hol. Undersøkt 20. august.

Eika står i beitemarka like nedanfor det nederste huset i Lervik. Området ligg like nord for Naturbase‐ID BN0000978 – Lervik hagemark.  Athelia fibulata. Ny for Lindås, vestlegaste funn i landet. Ein kvit barksopp på rotnande del på treet. I Hordaland var soppen tidlegare berre kjend frå Voss kommune, med to funn i 1950 og 1951. I denne undersøkinga har eg også funne soppen i Kvam kommune. Den er relativt sjeldan innsamla her i landet, kjend frå om lag 90 lokalitetar.

Eika ved Lervik. Foto: Olav Aas.

26

2. Frotjold (Frotaule). Naturbase‐ID: BN00001045 Omkrins 279 cm, hol. Undersøkt 29. august.

Eika står i enden av gardsvegen på Frotjold, på innmarka i skråninga like aust for løa. Holrommet er ved basis av treet, med opning 10 x 10 cm. Eit par greiner er saga av, og ved det eine greinfestet er det byrjande hol.  Athelia bombacina. Ny for Radøy. Vestlegaste lokalitet i Noreg, andre funn i Hordaland. Denne barksoppen er svært sjeldan innsamla, på landsbasis er det berre registrert 28 tidlegare funn. I Hordaland var den tidlegare berre innsamla frå Voss, på osp i 1950. Den er funne på ulike lauvtre og bartre og på strøfall. Dette funnet er eit av svært få funn på eik.  Hypsizygus (Lyophyllum) ulmarius – almeknippesopp. Denne skivesoppen er ny for kommunen, og funnet er ny vestgrense for soppen i Noreg. I Hordaland var soppen tidlegare berre funne i Granvin på osp, i på alm og i Voss på spisslønn. Relativt sjeldan i Noreg, kjend frå om lag 150 lokalitetar. Dette funnet er eit av dei svært få funna på eik her i landet.  Xylodon (Hyphodontia) quercinus – eikeknorteskinn. Ny for kommunen, vestlegaste funn i Hordaland. I fylket tidlegare funnen i Granvin og Voss, det er innsamlingar frå 1950 og 1951. I denne undersøkinga vart soppen også funnen i kommunane Kvam og Lindås. Relativt sjeldan sopp i Noreg, berre kjent frå om lag 100 lokalitetar.

3. Halland, slåttemark. 60°38′48"N, 5°4′24"E (32V 285355 6729847) Eikestubbe, omkrins 270 cm. Undersøkt 29. august.  Meripilus giganteus – storkjuke. Raudlista, NT (nær trua). Ny for kommunen, ny vest‐ og nordgrense for soppen her i landet. Relativt sjeldan sopp, innsamla frå rundt 50 lokalitetar i Noreg. I Hordaland var soppen tidlegare funne i kommunane Bergen, Fusa, Kvam, Lindås og Os.

Eikeknorteskinn til venstre. Storkjuke på eikestubbe i slåttemarka på Halland til høgre. Begge foto: Olav Aas

27

TYSNES kommune

1. Hollekje. Naturbase‐ID: BN00000894 Omkrins 395 cm, ikkje hol. Undersøkt 18. september.

Eika står i eit flatt utmarksområde, på nedsida av Anderslandsvegen ved Hollekje. Ein stor vertikal sprekk er synleg i heile stammelengda.  Cristinia helvetica – knortegulpigg. På undersida av død grein på treet. Ny for Hordaland. Denne gulbrune‐oransje barksoppen er sjeldan innsamla her i landet, berre kjent frå rundt 20 lokalitetar. Frå Vestlandet er soppen berre kjent frå ein lokalitet i Sogn og Fjordane, og frå to lokalitetar i Møre og Romsdal.  Hyphoderma cremeoalbum – kremskinn. På død grein på bakken. Denne gulkvite barksoppen er ny for Tysnes. I Hordaland er det kjent eit tidlegare funn frå Voss frå 1976. I landet er den innsamla frå i underkant av 20 lokalitetar. Funnet frå Tysnes er det vestlegaste i landet.

2. Lunde, bnr. 113/1. Naturbase‐ID: BN00088042 Omkrins 310 cm, antydning til holrom ved basis på nedsida av treet. Undersøkt 18. september.

Eika står i skråninga nedanfor husa, i kanten av ei graseng. På fleire greiner høgt oppe i treet, uråd å kome til, vart det lagt merke til fruktlekamar av påde pore‐ og barksoppar.  Mycena sanguinolenta – kantblodhette. På død grein på bakken. Ny for Tysnes. Relativt vanleg skivessopp i landet og i Hordaland.  Stereum gausapatum – eikelærsopp. Ny for Tysnes. I Hordaland er soppen tidlegare berre kjent frå , innsamla i 1969. I landet er den kjent frå knapt 180 lokalitetar. Eik er vanlegaste substrat for soppen.  Vuilleminia comedens – barksprengersopp. I store mengder på døde greinparti på treet. Ein vanleg sopp i fylket og i landet, men berre eit tidlegare funn frå Tysnes, innsamla i 1936.

3. Heggland naturminne. Freda eik. Naturbase‐ID: VV00002129 Omkrins 590 cm, hol. Undersøkt 18. september.

Eika står ved ein steingard like nord for husa på Heggland, nær hovudvegen, Hegglandsvegen. Eika vart freda i 1964 (Fægri 1969): «På Heggland i Tysnes, gnr. 106, eier Arne Heggland, ble en eik fredet ved departementsvedtak i 1964». I dag er eiketreet svært meddeke, og nærmast berre nedre del av stammen står att.  Hypholoma fasciculare – besk svovelsopp. Relativt vanleg i landet og fylket.

28

 Meripilus giganteus – storkjuke. Raudlista, NT (nær trua). Relativt sjeldan sopp i landet, kjent frå rundt 50 lokalitetar. Ny for kommunen.  Stereum hirsutum – ragglærsopp. Vanleg i fylket og i landet.

Det som er att av den freda eika på Heggland i Tysnes kommune. Foto: Mary Holmedal Losvik

29

ULVIK kommune

1. Melnes. 60°34′25"N, 6°59′43"E (32V 390134 6716970) Omkrins 235 cm, hol. Undersøkt 9. juni.

Eika står på det smale partiet mellom vegen og sjøen, 100 m før ein tunnel, omlag halvvegs langs Osafjorden mellom Håheim og Osa. Området ligg i nedre austre del av Naturbase‐ID BN00000949 Melnes‐Geitaskjerskorane: sørvendte berg‐ og rasmarker (registrert med A‐ verdi). Holrommet er mellom 20 og 30 cm i bredde og strekkjer seg 3 m oppover stammen.  Hymenochaete rubiginosa – eikebroddsopp. Tidlegare innsamla frå Ulvik. Ein relativt vanleg sopp som berre har eik som vertstre.  Nemania cf. serpens – ospekullsopp. Tidlegare funnen i Ulvik, i 1974 på alm. I Hordaland er soppen innsamla frå 8 kommunar, og på landsbasis er det registrert i overkant av 200 funn.  Schizopora (Hyphodontia) radula – sagporesopp. Ny for Hordaland. Ein sjeldan sopp, berre kjend frå om lag 15 lokalitetar i landet.  Stereum hirsutum – ragglærsopp. Vanleg sopp i fylket og landet.

Eika ved Melnes til venstre. Foto: Mary Holmedal Losvik. Til høgre eika i Ernesgeila. Foto: Olav Aas.

30

2. Ernesgeila. 60°35′5"N, 7°0′59"E (32V 391328 6718172) Omkrins 180 cm, ikkje hol. Undersøkt 9. juni.

Eika står i den sørvende lia inst i Osafjorden, om lag 100 m oppe i lia, rett ovanfor ein liten parkeringsplass i hovudvegen. Området er ein del av Naturbase‐ID: BN00061091 – Ernes, høstingsskog (registrert med A‐verdi). Eika har grov bork med mange djupe lengdesprekker.  Stereum hirsutum – ragglærsopp. Vanleg sopp i fylket og i landet.  Trichia scabra – safranullkule. Ny for Ulvik. NB: I Artskart og Norsk soppdatabase, er det ikkje registrert funn av denne slimsoppen soppen frå Vestlandsfylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Her er det viktig å merke seg at Bergensmaterialet av slimsopp (også rust‐ og sotsopp) enno ikkje er registrert innlagt. Astrid Karlsen (1944) samla soppen frå Kvam kommune: Skeie og Mo i 1933, og innsamlingane hennar, på bjørk, er oppbevart i herbariet (BG) ved Naturhistoriske samlingar i Bergen. Astrid Karlsen nemner at dette er mindre vanleg sopp med spreidde funn i landet. I Artskart er det registrert 42 funn av soppen. Soppen er også funnen i Hystad Naturreservat på (http://anderslundberg.no/hystad‐nature‐reserve/). I denne undersøkinga vart soppen også funnen for første gang i Vaksdal kommune.  Vuilleminia comedens – barksprengarsopp. Fleire tidlegare funn i kommunen frå 1920,1930 og 1950‐åra. Vanleg sopp i heile landet.

Slimsoppen safranullkule. Dei kuleforma fruktlekamane (sporangier) har sprukke opp og vi ser den oransje‐gule sporemassen. Foto: Olav Aas

31

3. Fryste. 60°32′46"N, 6°54′39"E (32V 385410 6714052) Omkrins 360 cm, hol. Undersøkt 10. juni.

Eika står i innmarka litt aust for Fryste, på oversida av fylkesveg 572. Treet er tidlegare styva, og det er innholt frå toppen. Den grove borken har mange lengdefurer.  Exidia glandulosa – svartbevre. Vanleg gelésopp i fylket og landet.  Nemania serpens – ospekullsopp. Tidlegare funnen i Ulvik, i 1974 på alm. I Hordaland er soppen innsamla frå 8 kommunar. Utbreidd over heile landet.  Stereum hirsutum – ragglærsopp. Vanleg sopp i fylket og i landet.  Vuilleminia comedens – barksprengersopp. Fleire tidlegare funn i kommunen frå 1920,1930 og 1950‐åra. Vanleg sopp i landet.

4. Hallanger, gamleskulen. 60°29′33"N, 6°51′35"E (32V 382400 6708183) Omkrins 185 cm, antydning til byrjande hol. Undersøkt 10. juni.

Eika står på parkeringsplassen ved gamleskulen på Hallanger ved Vallavik. Området er like vest for Naturbase‐ID BN00061095 – slåttemark (registrert med C‐verdi).  Vuilleminia comedens – barksprengersopp. Fleire tidlegare funn i kommunen frå 1920, 1930 og 1950‐åra. Vanleg sopp i landet.

Eika ved Hallanger til venstre. Eika ved Fryste til høgre. Begge foto: Mary Holmedal Losvik

32

VAKSDAL kommune

1. Straume. 60°39′39"N, 5°47′31"E (32V 324448 6729163) Omkrins 210 cm, ikkje hol. Undersøkt 15. juni.

Eika står vest for Straume, innanfor naturbase, gamal fattig edellauvskog/eikeskog, som har naturbase‐ID BN00019255. Eika står i den vestlege delen, på det flate partiet ved vegen.  Mollisia sp. – gråskål. Ved basis av levande tre, på bork. Dette er ei stor sekksporesopp‐slekt med mange artar i Norden. Manglande oversikt og til dels uklår avgrensing mot andre slekter er grunn for at eg ikkje har brukt meir tid på artsbestemming av denne. Dei fleste av artane er svært sjeldan innsamla her i landet.

2. Ved Eikemo. 60°45′58"N, 5°49′39"E (32V 327205 6740916) Omkrins 215 cm, ikkje hol. Undersøkt 15. juni.

Eika står i vegkanten i skråning ned mot elva , like ved brua som går over til Eikemo.  Dacrymyces capitatus. Denne gelésoppen er ny for Vestlandet. I landet er den berre kjent frå tre andre lokalitetar, frå Hedmark (furu), Telemark (barklaus pinne) og Aust‐ Agder (lauvtre på bakken). Sannsynlegvis er dette første funn på eik her i landet. Soppen har ikkje fått norsk namn. I Danmark har den fått namnet «stilket tåresvamp». Eg føreslår difor «stilket/stilka tåresopp» som norsk namn på soppen.  Trichia scabra – safranullkule. Ny for Vaksdal. NB: I Artskart og Norsk soppdatabase, er det ikkje registrert funn av denne slimsoppen soppen frå Vestlandsfylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Her er det viktig å merke seg at Bergensmaterialet av slimsopp (også rust‐ og sotsopp) enno ikkje er registrert innlagt. Astrid Karlsen (1944) samla soppen frå Kvam kommune: Skeie og Mo i 1933, og innsamlingane hennar, på bjørk, er oppbevart i herbariet (BG) ved Naturhistoriske samlingar i Bergen. Astrid Karlsen nemner at dette er mindre vanleg sopp med spreidde funn i landet. I Artskart er det registrert 42 funn av soppen. Soppen er også funnen i Hystad naturreservat på Stord (http://anderslundberg.no/hystad‐nature‐reserve/). I denne undersøkinga vart soppen også funne for første gang i Ulvik kommune.

33

Eika ved Straume til venstre. Foto: Olav Aas. Eika ved Eikemo til høgre. Foto: Mary Holmedal Losvik.

Gelésoppen Dacrymyces capitatus. Dei 1 mm store og runde fruktlekamane har ein like lang «stilk» som er nede i den rotnande eikeveden. Foto: Olav Aas

34

Tabellar

Tabell 1. Funn av raudlista og sjeldne artar. Raudlistekategoriar: NE (ikkje vurdert). NT (nær trua). VU (sårbar).

Vitskapleg namn Norsk namn Raudlista Kommentar Kommune Athelia bombacina ‐ Andre funn i Hordaland. Radøy Vestlegaste funn i Noreg Conferticium ravum ospeskinn/ VU Ny for Vestlandet. Første Lindås ospeokerskinn funn på eik i Noreg Coniochaeta ‐ NE Ny for Hordaland, kanskje Bergen subcorticalis også for Vestlandet. Cristinia helvetica knortegulpigg Ny for Hordaland, 4de funn Tysnes på Vestlandet. Dacrymyces Forslag til norsk Ny for Vestlandet. 4de funn Vaksdal capitatus namn: i landet. Eik nytt substrat for «stilka/stilket soppen i Noreg. tåresopp» Durella commutata ‐ Ny for Vestlandet, andre Lindås funn i Noreg Fistulina hepatica oksetungesopp NT Fleire områder i Kvam Kvam Grifolia frondosa korallkjuke VU Fleire områder i Kvam Bergen, Kvam Hyphoderma kremskinn Ny for Tysnes, andre funn i Tysnes cremeoalbum Hordaland, vestlegaste funn i landet. Hypocrea citrina gul putesopp Ny for Kvam, andre funn på Kvam Vestlandet og i fylket Hysterium pulicare riflesprekksopp NE Andre funn i Lindås Lindås Leptosporomyces ‐ Andre funn på Vestlandet. Bergen mutabilis Meripilus giganteus storkjuke NT Ny for Radøy og Tysnes. Bergen, Radøy ny vest‐ og Kvam, nordgrense for soppen Radøy, Tysnes Nemania prava ‐ NE Ny for Hordaland Kvam Patinellaria ‐ NE Ny for Hordaland. Andre Lindås sanguinea funn på Vestlandet. Schizopora radula sagporesopp Ny for Hordaland Ulvik Stereum eikelærsopp Andre funn i Hordaland. Ny Tysnes gausapatum for Tysnes Tapesia fusca teppeskål NE Andre funn i Hordaland. Ny Kvam for Kvam Tomentellopsis ‐ Tredje funn i Hordaland. Ny Fusa echinospora for Fusa

35

Tabell 2. Nye funn for kommunane. Vitskapleg namn Norsk namn Kommune Athelia bombacina ‐ Radøy Athelia fibulata ‐ Kvam, Radøy Conferticium ravum ospeskinn/ospeokerskinn Lindås Coniochaeta subcorticalis ‐ Bergen Cristinia helvetica knortegulpigg Tysnes Dacrymyces capitatus «stilka tåresopp» Vaksdal Daedalea quercina eikemusling Fusa Durella commutata ‐ Lindås Hyphoderma cremeoalbum kremskinn Tysnes Hypocrea citrina gul putesopp Kvam Hypsizygus ulmarius almeknippesopp Radøy Leptosporomyces mutabilis ‐ Bergen Meripilus giganteus storkjuke Radøy, Tysnes Mycena filopes stripehette Kvam Mycena inclinata eikehette Fusa Mycena sanguinolenta kantblodhette Tysnes Nemania prava ‐ Kvam Nemania serpens ospekullsopp Kvam Patinellaria sanguinea ‐ Lindås Schizopora radula sagporesopp Ulvik Stereum gausapatum eikelærsopp Tysnes Tapesia fusca teppeskål Kvam Tomentellopsis echinospora ‐ Fusa Trichia scabra safranullkule Ulvik, Vaksdal Vuilleminia comedens barksprengarsopp Lindås Xylodon quercinus eikeknorteskinn Kvam, Lindås, Radøy

36

Tabell 3. Oversikt over dei registrerte soppartane. Soppgrupper: BA: barksopp; GE: gelésopp; PO: poresopp; SE: sekksporesopp; SK: skivesopp; SL: slimsopp

Vitskapleg namn Norsk namn Gruppe Kommune Armillaria lepistipes hagehonningsopp SK Bergen Athelia bombacina ‐ BA Radøy Athelia fibulata ‐ BA Kvam, Radøy Chlorociboria sp. grønbeger SE Kvam Conferticium ravum ospeskinn/ospeokerskinn BA Lindås Coniochaeta subcorticalis ‐ SE Bergen Cristinia helvetica knortegulpigg BA Tysnes Dacrymyces capitatus «stilka tåresopp» GE Vaksdal Daedalea quercina eikemusling PO Fusa, Kvam Durella commutata ‐ SE Lindås Enerthenema papillatum ‐ SL Kvam Erysiphe alphitoides eikemjøldogg SE Kvam Exidia glandulosa svartbevre GE Ulvik Fistulina hepatica oksetungesopp PO Kvam Ganoderma applanatum flatkjuke PO Kvam Grifolia frondosa korallkjuke PO Bergen, Kvam (fleire område) Hymenochaete rubiginosa eikebroddsopp BA Kvam, Ulvik Hyphoderma cremeoalbum kremskinn BA Tysnes Hypholoma fasciculare besk svovelsopp SK Tysnes Hypocrea citrina gul putesopp SE Kvam Hypsizygus ulmarius almeknippesopp SK Radøy Hysterium pulicare riflesprekksopp SE Lindås Laccaria laccata lakssopp SK Bergen Laetiporus sulphureus svovelkjuke PO Kvam Leptosporomyces mutabilis ‐ BA Bergen Meripilus giganteus storkjuke PO Bergen, Kvam, Radøy, Tysnes Mollisia sp. gråskål SE Vaksdal Mycena filopes stripehette SK Kvam Mycena inclinata eikehette SK Fusa Mycena sanguinolenta kantblodhette SK Tysnes Nemania prava ‐ SE Kvam Nemania serpens ospekullsopp SE Kvam, Ulvik Patinellaria sanguinea ‐ SE Lindås Phellinus ferreus kystrustkjuke PO Kvam Schizopora radula sagporesopp PO Ulvik Stereum gausapatum eikelærsopp BA Tysnes Stereum hirsutum ragglærsopp BA Kvam, Lindås, Tysnes, Ulvik Tapesia fusca teppeskål SE Kvam Tomentellopsis echinospora ‐ BA Fusa Trametes hirsuta raggkjuke PO Kvam Tremella mesenterica gul gelésopp GE Lindås Trichia scabra safranullkule SL Ulvik, Vaksdal Vuilleminia comedens barksprengersopp BA Kvam, Lindås, Tysnes, Ulvik Xylodon asperus glisneknorteskinn BA Lindås Xylodon quercinus eikeknorteskinn BA Kvam, Lindås, Radøy

37

Litteratur

Bergen kommune, fagnotat datert 12. juli 2012. Reguleringsplan Cappes vei nr. 30. Bergens Tidende, nettavis 20. mars 2013. Vil redde gammel eik – melder byrådet til politiet. SV har anmeldt byrådet og konsulentselskapet Opus til politiet for miljøkriminalitet. Fylkesmannen i Hordaland 2013. Forvaltingsplan for Berge landskapsvernområde: Naturkvalitetar, bevaringsmål og forvaltingstiltak. – MVA‐rapport 6/2013. 64 s. + vedlegg. Fægri, Knut 1969. Fredninger på Vestlandet. I: Stå vakt om naturen. Vestlandske Naturvernforening 1918‐1968, s179‐208. Hafsten, Ulf 1962. Utflukt til Norges største bestand av kjempe‐eiker. – I: Naturvern i Norge. Landsforbundet for Naturvern i Norge. Årsskrift 1962. s. 58‐60. Kalstø, Anne Bente 1985. Myxomycetfloraen på Bjørnen og Smørås, et barskogs‐ og et løvskogs område I Bergensregionen. – Hovudoppgåve i systematisk botanikk, Universitetet i Bergen. 171 s. Karlsen, Astrid 1944. Studies on Myxomycetes II. The Myxomycete Flora of Hardanger. – Bergens Museums Årbok 1943. Naturv. Rekke Nr. 4. 34 s. Losvik, Mary Holmedal 1990. Skjøtselsplanar og skjøtselstiltak for 4 verna edellauvskogar i Hordaland. Sogn og Fjordane distriktshøgskule. Skrifter 1990:8. 63 s. Nordhagen, Rolf 1930. Årsberetning fra Vestlandske kretsforening for naturfredning i Norge. – I: Naturfredning i Norge. Årsberetning for 1929. s. 47‐56. Solheim, Halvor 2012. Eikemjøldogg. ‐ Artsdatabankens faktaark nr. 275.

38

Fylkesmannen i Hordaland

Besøksadresse: Kaigaten 9, 5020 Bergen

Postadresse: Postboks 7310, 5020 Bergen

Telefon: 55 57 20 00

E-post: [email protected]

Org.nr: 974760665

ISBN: 978-82-8060-102-5 ISSN: 0804-6387