Sogn og Fjordane fylkeskommune Askedalen 2 6863 LEIKANGER

Behandlande eining : Sakshandsamar / telefon : Vår referanse : Dykkar referanse : Vår dato : Region vest Eli Marita Vik Næss / 57655744 1 6/1 91 346 - 26 1 5.03.201 7

Fv. 5 5 Sognefjellet - Vadheim. Oppdatert notat

Vi viser til vårt brev av 1 0.3.201 7 der vi sende over oppdatert notat som grunnlag for Regional transportplan.

Det viser seg at notatet med oppdatert informasjon for kostnader og trafikk ikkje vart lagt ved brevet.

Vedlagt følgjer oppdatert notat datert 7.3.201 7.

Vegavdeling og Fjordane Med helsing

Svenn Egil Finden avdelingsdirektør Eli Marita Vik Næss

Dokumentet er godkjent elektronisk og har difor ingen handskrivne signaturar .

Postadresse Telefon: 02030 Kontoradresse Fakturaadresse Statens vegvesen Askedalen 4 Statens vegvesen Region vest firmapost - [email protected] 6863 LEIKANGER Landsdekkende regnskap Askedalen 4 6863 LEIKANGER Org.nr: 971 032081 981 5 Vadsø Statens vegvesen

Notat 07 .0 3 .201 7 Til : fylkeskommune Frå : Statens vegvesen Region vest Kopi til :

Bestilt av: Mari Hage Basberg, plan - og forvaltningsseksjonen, vegavdeling Sogn og Fjordane Utarbeidd av: Marius Slinde, planseksjonen, ressursavdelinga

Fv. 5 5 Sognefjellet - Vadheim Oppdatert grunnlag for Regional transportplan 201 8 - 2027

Innleiing I 201 2 laga Statens vegvesen ei overordna utgreiing for fv. 55 mellom Sognefjellet i Luster kommune og Vadheim i Høyanger kommune (Statens vegvesen, 201 2) . I denne vart utfordringar med dagens veg, sam t ulike løysingar på desse, presentert . Utgreiinga var grunnlag for vurdering av vegstre kninga i arbeidet med Sogn og Fjordane fylkeskommune sin r egional e transportplan for perioden 201 4 – 2023. Utgreiinga frå 201 2 ligg vedlagt dette notatet.

I dette notatet presenterast oppdatert informasjon om trafikk og kostnadar . Saman med den opphaveleg e utgreiinga , vil dette notatet vere grunnlag for Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt arbeid med revisjon av den regionale transportplanen.

Figur 1 : Oversiktskart med markering av fv. 55 frå Sognefjellet til Vadheim. Ein skal merke seg at mellom v/ Loftesnesbrua og Dragsvik ferjekai i er det riksvegnett og difor er ikkje dette strekket del av fv. 55 (ill.: Statens vegvesen). 2

Trafikk Med ein avstand mellom endepunkta på fv. 55 på nær 200 kilometer kan ein fors tå at trafikken vil vareiere mykje mellom dei ulike strekningane på vegen. Figur 2 og tabellen under syner kor mykje trafikk det er på dei ulike delane av fv. 55.

Figur 2 : Trafikkmengder i 201 6 på fv. 55 frå Sognefjellet til Vadheim (ill.: Statens vegvesen).

Strekning Årsdøgertrafikk 201 6 Oppland gr. – Turtagrø (Luster) 350 Turtagrø – Fortun (Luster) 400 Fortun - Skjolden (Luster) 600 Skjolden (Luster) 850 Skjolden – Dale (Luster) 650 Dale - Gaupne (Luster) 1 350 Gaupne (Luster) 1 850 Gaupne - Marifjøra (Luster) 2450 Marifjøra - Geitaneset (Luster) 2250 Geitaneset - Lambhaug (Luster) 21 50 Lambhaug - Hafslo (Luster) 2250 Hafslo - Galden (Luster) 2950 Galden (Luster) - Nestangen (Sogndal) 2700 Dragsvik ferjekai – Dragsvik rundkøyring (Balestrand) 500 Dragsvik rundkøyring – Balestrand (Balestrand) 600 Balestrand sentrum – Kreklingen (Balestrand) 800 Kreklingen – Villavegen (Balestrand) 500 Villavegen (Balestrand) – Høyanger sentrum (Høyanger) 550 Høyanger sentrum (Høyanger) 2550 Høyanger sentrum – Kyrkjebø (Høyanger) 1 400 Kyrkjebø – Vadheim (Høyanger) 1 000 Vadheim sentrum (Høyanger) 1 250

07 .0 3 .201 7 3

Samanliknar ein trafikk en i 201 6 med den i 201 1 (som låg til grunn for utgreiinga som vart utarbeidd i 201 2), ser ein at trafikken har auka på dei delane av fv. 55 som ligg aust for Balestrand sentrum. Mellom Balestrand og Høyanger er tendensen at trafikken er svakt synkande, medan d en vest for Høyanger er svakt stigande eller har stagnert.

Dagens vegstandard I utgreiinga frå 201 2 er det presentert fleire sider ved standarden til dagens veg , men det er vanskeleg å oppsummere denne kort for ei så lang strekning som har varierande fuksjon . I dette notatet syner me difor til utgreiinga, samt omtale av utviklingsalternativ under som beskriv dei tiltaka som er naudsynte for å oppnå ein akseptabel standard på vegen.

Skredsikringsbehov I 201 5 gav Statens vegvesen ut ei oppdatert vurderi ng av behov for skredsikring på riks - og fylkesvegane i region vest (Statens vegvesen, 201 5) . For fv. 55 mellom Sognefjellet og Vadheim er det tilsaman 1 9 registrerte skredpunkt. Ein har i arbeidet med dette notatet valt å ute lukke dei som har låg faktor, sidan det er så mange punkt som har høg og middels faktor som bør sikrast før ein startar med dei med låg faktor. Då vert det 1 2 skredpunkt.

Figur 3 : Skredpunkt på fv. 55 med høg og middels skredfaktor (ill.: Statens vegvesen).

Tabellen under inneheld skredpunkta med oppdatert skredfaktor og kostnadsestimat. Vurdering av aktuelt tiltak og kostnad er henta frå vurderinga frå 201 5. Korrigert for prisvek st frå 201 5 og fram til dags dato, antakast det at behovet for skredsikring samla er på om lag 543 millionar kroner. Ein skal vere merksam på at ein erfarer at byggekostnadsindeksen ofte ikkje

07 .0 3 .201 7 4 gjev ein tilstrekkeleg auke i kostnadane, men sidan det har blitt vurdert som for omfattande i arbeidet med dette notatet å gjennomføre nye kostnadsoverslag, har ein i mangel på betre metodikk valt å indeksregulere.

Dei mest utsette delane av skredpunktet «Råumsberget» er sikra i 201 5 og 201 6. Kostnaden som er set t opp i tabellen under er eit grovt overslag på resterande sikring her. Det er ikkje gjort ny vurdering av skredfatoren i lys av det utførte arbeidet.

For skredpunktet «Råumtunnelen vest» var det tidlegare vurdert at rasoverbygg var naudsynt sikring. No er vurderinga at naudsynt tiltak er fanggjerde. Overslaget for dette punktet er difor redusert frå 25 til 2 millionar 201 5 - kroner.

For skredsikring i Esefjorden skal det kommenterast at ein har lagt til grunn for dette notatet at ein endar opp med løysing med bru i ytre del av fjorden som skredsikring. Dette valet er teke basert på kommunedelplan som er utlagt til offentleg ettersyn når dette notatet vart utarbeidd og som har vurdert dette som ein langt betre løysing enn tunnel i Esebotn.

Punktnamn og aktu elt tiltak Kostnad, mill. Skred - 201 5 - kr. faktor Kjenesskreda og Hølenskreda (Balestrand) 457 5,0 (Sikrast ved å bygge bru over Esefjorden , ref. kommentar over ) Råumberget (Luster) 5 4,6 Bergselv 1 (Høyanger) 1 4,2 Bergselv 2 (Høyanger) 2 4,2 Systrona (Høyanger) 1 4,1 Råumtunnelen vest (Luster) 2 3,8 Ottumtunnelen aust (Luster) 2 3,4 Røneidsberget (Luster) 1 6 3,0 Hestebakkgjølet (Balestrand) 2 2,9 Slåttene (Balestrand) 2 2,8 (Utgå r, vert sikra opp ved bygging av bru over Esefjorden) Røneidstunnelen sør (Luster) 40 2,6 Simuri (Balestrand) 6 2,5 (Utgår , vert sikra opp ved bygging av bru over Esefjorden)

Utvikling av fv. 55 I utgreiinga frå 201 2, kom ein fram til at det ikkje var aktuelt å bygge veg i nye korridorar på deler av fv. 55, men at det vil vere tale om å utbetre eksisterande veg i større eller mindre grad.

Under presenterast dei tiltaka som er naudsynte for å oppnå akseptabel standard på fv. 55. Dei ulike tiltaka er skilt i ulik e kategoriar. Innhaldet er basert på utgreiinga frå 201 2, men er korrigert for tiltak som er gjennomført sidan den gong og også i lys av planar som er laga og avgjersler som er tekne.

07 .0 3 .201 7 5

Investeringstiltak Det er no 1 2 tiltak der ein ikkje kan gjere utbetring ar av eksisterande veg, men i staden treng ei større investering, for å oppnå akseptabel standard. Tabellen under oppsummerer dei ulike tiltaka med oppdatert kostnad 1, men det synast til den opphavlege utgreiinga for meir informasjon om dei ulike tiltaka. Tabellen syner også den priorit eringa som ein sette opp av dei viktigaste tiltaka i 201 2 .

Prioritering Strekning Kostnad, mill. kr. 6 Fortun – Vassbakken (Luster) 77 Hauge – Fjøsne (Luster) 1 90 Havhella ( Luster) 1 35 Ottom – Kvåle (Luster) 662 3 Dale sentrum (Luster) 79 For – Høyheimsvik (Luster) 347 2 Høyheimsvik – Nes (Luster) 1 83 Dragsvik - (Balestrand) 46 3 Bakkavika – Esebotn (Balestrand) 1 04 (Utgår, ikkje naudsynt ved bygging av bru over Esefjorden) 4 Flesjane – Hanaviki (Balestrand) 1 05 5 Målsnes – Kvamsøy (Balestrand) 273 Kvamshøgda – Sæle (Balestrand) 363 1 Tronvika – Ulvåna (Høyanger) 500

Den samla behovet for investeringstiltak er, basert på tabellen over, stipulert til 2960 mill ionar kroner.

Skredsikringstiltak Som gjort greie for tidlegare er det eit behov for skredsikringstiltak for 543 millionar kroner på fv. 55.

Gang - og sykkelvegar I utgreiinga frå 201 2 var det sett opp ein del gang - og sykkelvegtiltak. Desse var sett opp basert på innsp el frå kommunane. Eit av desse prosjekta er realiserte (Marifjøra, Luster) , men framleis er det behov for fleire gang - og sykkelvegtiltak .

I arbeidet med dette notatet har Statens vegvesen sett på nytt på gang - og sykkelveg på deler av strekninga mellom Årøy og Nestangen i Sogndal. I 201 2 vart det sett opp 1 6 millionar for å få gang - og sykkelveg mellom Nes/ Kløvhola og Nestangen. Denne strekn inga vart prioritert utfirå mogeleg framtidig arealutvikling på oppsida av fylkesvegen på dette strekket. Når me no har sett på dette tiltaket på nytt, så meiner me at dette eventuelt må byggast ut i samband med realisering av busetnad på oppsida av riksve gen. Behovet for gang - og sykkelveg langs fv. 55 er usikkert. Det som derimot kan vere eit behov for er å få gang - og sykkelveg frå

1 Kostnadar er justert til dagens prisnivå etter Statistisk sentralbyrå sin byggekostnadsindeks for veganlegg.

07 .0 3 .201 7 6 eksisterande busetnad i Kvamsviki. Dette er vurdert som eit godt tiltak då dette gjev trygg skuleveg og fordi gange og sykke l vil vere eit godt alternativ generelt på denne strekninga. Tiltaket vert då ein del meir omfattande enn det som var sett opp og difor er ikkje dette prioritert på topp, slik som Nes – Nestangen var i 201 2, men det er framleis eit rimeleg godt tiltak og d ifor prioritert relativt høgt framleis.

Dale er framleis ikkje prioritert, då dette må sjåast i samanheng med utbetring av køyrevegen og ikkje kan gjerast som enkeltståande tiltak.

Prioritering Strekning Kostnad, mill. kr. Dale (Luster) 24 2 Geitaneset (Luster) 8 5 Årøy – Kvamsviki (Sogndal) 1 00 3 Kvamsviki – Nestangen (Sogndal) 56 1 Balestrand sentrum – industriområde (Balestrand) 4 4 Fjærestad – Villavegen (Balestrand) 31

Kollektivtiltak og universell utforming I utgreiinga frå 201 2 var det peika på at ein årleg burde bruke om lag 0,5 millionar kroner på utbetring av busslommer. Statens vegvesen meiner framleis at ein jamnt og trutt bør prioritere å heve standarden på desse. Korrigert for prisvekst rår Statens vegvesen til å nytte 0,6 millionar kroner i året på dette arbeidet også i perioden 201 8 - 2027 på fv. 55.

Tunneloppgradering På oppdrag frå Sogn og Fjordane fylkeskommune arbeidar Statens vegvesen med oppgradering av mange tunnelar på fylkesvegnettet. Omfanget av dette arbeidet er forankra i fylkestingsvedtak i sak 54/201 5.

For fylkesveg 55 har ein pr. desember 201 6 stipulert det samla omfang et av tunneloppgradering i den kommande transportplan perioden til om lag 271 millionar kroner. Fordeling av belastninga på ulike år og tunnel ar går fram av tabellen under.

07 .0 3 .201 7 7

Tunnel Samla kostnad i RTP- perioden Belastningsfordeling (mill. kr.) 201 8 201 9 Høyangertunnelen 38,2 38,2 Kvernhaugtunnelen 1 8,3 1 8,3 Røneidtunnelen 30,4 1 2,2 1 8,1 Ottatunnelen 26,2 6,1 20,1 Råumtunnelen 22,0 6,1 1 5,9 Gullringtunnelen 1 ,0 0,5 0,5 Hovdetunnelen 40,9 1 5,3 25,6 Vadheimtunnelen 77,5 1 0,2 67,3 Tussviktunnelen 1 6,8 3,1 1 3,8 SUM 271,3 110,0 161,3

Mindre utbetringstiltak I utgreiinga frå 201 2 var det stipulert eit behov for mindre utbetringstiltak av ymse karakter til om lag 1 35 millionar kroner, i dagens kroneverdi. Det var tilrådd å sette av ein tredjepart av denne summen i førre transportplanperiode.

Behovet for mindre utbetringstiltak er framleis stort og Statens vegvesen rår til å sette av 5 0 millionar kroner til slike tiltak for fv. 55 i den neste planperioden.

Konklusjon Det er Statens vegvesen si vurdering at omfanget av tiltaka som skal til for å få fv. 55 opp til akseptabel vegstandard (i overkant av fire milliardar kroner), er så stort at dette ikkje er mogeleg i løpet av den neste transportplanperioden til Sogn og Fjordane fylkeskommune.

På vegen mot å ta att forfallet på fv. 55 rår Statens vegvesen difor til at ein set av 1 644 millionar i neste planperiode. Tabellen gjer greie for kvar innsatsen bør leggjast:

Tiltak Samla kostnad i RTP- perioden (mill. kr.)

Investeringstiltak: Tronvik – Ulvåna 500 Høyheimsvik – Nes 1 83 Dale sentrum 79 Skredsikringstiltak 543 Gang - og sykkelvegar: Balestrand sentrum – industriområde 4 Geitaneset 8 Kollektivtiltak og universell utforming 6 Tunneloppgradering 271 Mindre utbetringstiltak 50 SUM 1644

07 .0 3 .201 7 8

Referansar Statens vegvesen. (201 2). Fylkesveg 55 Sognefjellet - Vadheim - Overordna utgreiing.

Statens vegvesen. (201 5). Skredsikringsbehov for riks - og fylkesvegar i Region vest.

07 .0 3 .201 7