Prosjektoppgåve i historie Volda Vidaregåande skule 2016

JON BERNT ROALD (1917-2003)

Korleis påverka forholda før og under andre verdskrig livet til sivile nordmenn, både som drivkraft og følgje i livet, med fokus på Vigramannen Jon Roald og hans deltaking i illegalt samarbeid med dei allierte.

Ingeborg Botn Ose 19.02.16 3ST4

I Historisk person 13.02.16 Ingeborg

17 mai 1940

I dag står flaggstangen naken

blant Eidsvolls grønnende trær.

Men nettopp i denne timen

vet vi hva frihet er.

Der stiger en sang over landet,

seirende i sitt språk,

skjønt hvisket med lukkede leber

under de fremmedes åk.

Der fødtes i oss en visshet,

frihet og liv er ett,

så enkelt, så uundværlig s

om menneskets åndedrett.

Vi følte da treldommen truet

at lungene gispet i nød

som i en sunken u-båt;

vi vil ikke dø slik død.

Nå slåss vi for rett til å puste,

vi vet det må demre en dag

da nordmenn forenes

i samme befriede åndedrag.

Nordahl Grieg: Friheten (1943)

2 Historisk person 13.02.16 Ingeborg

Innhald: Sidetal: 0.0 Framside I 0.0 Innhaldsliste 2 1.0 Innleiing 4 1.1 Problemstilling 4 2.0 Oppvekst i mellomkrigstida 5 2.1 Sosiale og demografiske forhold 6 2.2 Politikk 7 2.3 Økonomi og teknologi 9 2.4 Kultur 11 2.5 Natur 12 3.0 Okkupasjonen av Noreg 12 3.1 Okkupasjon av Vigra 14 3.2 Patriotisme 16 4.0 Englandsfarten 17 4.1 og Heland 18 5.0 Arbeid for Nortraships 20 5.1 Frontenac 22 5.2 Det går mot fred 26 6.0 Etter teneste 29 7.0 Oppsummering 31 8.0 Kjelder 33 8.1 Primærkjelder 33 8.2 Sekundærkjelder 33 8.2.1 Bøker 33 8.2.2 Anna 33 8.2.3 Internettsider 33 9.0 Vedlegg 36

3 Historisk person 13.02.16 Ingeborg

INNLEIING

Eg har i mi oppgåve valt å skrive om Jon Bernt Roald, som var gift med mi oldemor, Ragna Olsdotter Haram, si storesyster, Selma Olsdotter Haram. Grunnen til at eg valde nett han er alle historiene eg har vakse opp med rundt både kjøkkenbordet til oldemor, samt engasjerte forteljarar i så godt som samtlege familieselskap eg har teke del i. Heilt frå eg var eit born har eg med tindrande auge sitte og høyrt om tyskarane sin invasjon av både Noreg, oldemor og hennar familie sine heimar, dei illegale Englandsferdene og dei utrulege skildringane av eit folk som var så patriotisk at det er til å få frysningar av. No er det min tur til å kunne ta eit djupdykk i desse historiene og få klarheit kva som faktisk skjedde i 1940 og utover, samt å kunne bli kjent med og forhåpentlegvis få framheva og med respekt få framstilt ein av dei menneska som kjempa for vårt frie Noreg, og eit fritt Europa; Jon Roald.

PROBLEMSTILLING

Problemstillinga mi er valt ut i frå det som eg synes er viktig å få fram om verdskrigen, den effekta han hadde på mykje meir enn styresett og tal på falne, den effekta han hadde på mennesket. Ho lyd som følgjer:

”Korleis påverka forholda før og under andre verdskrig livet til sivile nordmenn, både som drivkraft og følgje i livet, med fokus på Vigramannen Jon Roald og hans deltaking i illegalt samarbeid med dei allierte.”

Gjennom denne oppgåva vil eg altså fokusere på den effekten verdskrigen hadde på eit menneske, noko som medfører å ta med relevante hendingar Jon Roald tok med seg i sitt liv. Eg vil sjå på kva som fekk han til å utsetje seg sjølv for livsfare saman med så mange andre på denne tida, korleis det var mogleg og kva følgjer dette fekk i livet hans vidare. I denne oppgåva vil det difor kome skildringar av oppveksten hans på Vigra i mellomkrigstida, då eg meiner dette har stor relevans for utforminga av hans personlegdom, samt hendingar i krigen knytt til kva han tok del i, eller til kva som om moglegens kan ha forma sinnet hans. Det vil vere eit hovudfokus på oppveksten på Vigra der tidsperioden vert framstilt gjennom sosiale, politiske, økonomiske, kulturelle, teknologiske, individuelle, demografiske og naturgjevne

4 Historisk person 13.02.16 Ingeborg faktorar som har relevans for Jon, for å kartleggje dei moglege påverknadsfaktorane som kan ha vore avgjerande. Problemstillinga vil difor bli svart på gjennom heile teksten.

For å få ei mest mogleg korrekt framstilling og innsikt i faktorane perioden før krigen, og deretter krigen førte med seg vil det både bli skildra lokalhistorie samt internasjonal historie, og Jon sitt liv som deltakar i begge deler. Eg har difor nytta både faglitteratur om Vigra og Møre og Romsdal, samt Noreg og om krigen generelt. For å begrense den så godt som endelause straumen av informasjon ein kan symje gjennom, er det berre eit utval av dei utallige hendingane i krigen og i Jon sitt liv som vert skildra. Desse hendingane er dei som truleg har hatt mest relevans for hans vesen. For å få betre innsikt i personen Jon Roald, har eg også intervjua sonen Asbjørn Roald om sin far. Gjennom oppgåva og gjennom vedlegg vil eg vise bilete av ulike objekt for å styrke truverdigheita i historia om Jon og den andre verdskrigen.

OPPVEKST I MELLOMKRIGSTIDA

Søndag 10. Juni 1917:

”Auka huslyden med ein liten gut (Jon). Han var fødd kl.6 fm. Veret er no finfint, stilt og varme, så det gror reint framifrå. ”

-utdrag frå dagboka som Jon sin far skreiv

Jon Bernt Roald var son til dei stolte foreldra Anders Laurits Knutsen Molnes Roald og Oline Berentine Sevrinsdatter Molnes. Han vart fødd på Vigra den 10. Juni i 1917, før den første verdskrigen var over, og vaks opp saman med dei ni søskena sine: Knut Hans, Petra Astrid, Sevrin Olav, Marta Antonette, Helga, Arne Ottar, Oddlaug Laurentse, Bjarne Jon og Petter Martin. Særleg dei seks brørne i familien skulle vakse opp til å bli svært knytte til kvarandre, og lite visste dei om alt som venta.

5 Historisk person 13.02.16 Ingeborg

Sosiale og demografiske forhold: Jon hadde ein fin oppvekst med nære band til vener og familie. På denne tida var ville banda til dei nære menneska ein vaks opp med ofte vere svært sterke då mangel på kommunikasjon begrensa menneska ein hadde kontakt med. Samfunnet var i mykje større grad sosiosentrisk i forhold til det egosentriske samfunnet som pregar notida. Dette betydde at vala ein tok som regel var basert på det felles beste for dei rundt deg og samfunnet snarare enn di eiga vinning. Jon og resten av brørne var svært flinke og snille gutar som var stillfarne, rolige, men sosiale menneske. Berre 1200 menneske budde på Vigra i denne tida, og det var vanleg med store syskenflokkar, så det begrensa seg naturleg med sosiale band. Ein var naturleg tettare.

Faren i huset hadde vore ein viktig figur for sønene. Mellom 1885 og 1900 arbeidde han i ei elektrisk installasjonsforretning i Johannesburg og kvesste seinare borer ved gullminene for betre betaling. Han og halvbroren hadde aksjar i den norskkjøpte fiskebåten Enterprice i Durban. Heime haldt han seg i smia der han og sønene reparerte gardsreiskapar, hadde oppdrag frå Finnøy motorverkstad og la jarnslag og børsingar på vognhjul leverte frå Ole Ytrestøl i Volda. Det vart laga karbid og seinare elektriske båtlykter, ei tid også takrenne. Sønene vaks opp til å bli svært dyktige i det meste og ikkje minst nevenyttige. Anders dreiv også fiske store delar av livet og var politisk engasjert så det song etter. Han var med i fleire nemnder og komitear innan bank og kommune i Roald handelslag og i heradstyret, og det var han som for det meste reparerte mekaniske skader på båtane på Vigra ved å lage og montere propellar og ror. Han hadde lært mykje på turane til Afrika, var svært framsynt og kunne slik bringe nye idear heim til Noreg. I tillegg var han med på å stifte ungdoms og mållaget i Mjølner og vart einaste æresmedlemmen. Som om dette ikkje var nok, ekspederte han også dampbåtane på Roalds-kaia, fekk den første automobilen til Vigra og arbeidde for å få det elektriske lyset til øya. Han hadde difor mykje å seie for den teknologiske utviklinga på Vigra, noko som vart ført vidare til borna. Utdrag frå dagboka då dei fekk straum:

”Men endeleg fredag 21. November vart straumen påset her hjå oss, og det vart ei begreistring mellom folket for det vene ljoset, og det vart eit jag utan like for å få installert med dei som ikkje hadde fått det inn, endå dei som hadde svore at det ikkje skulle kome i deira hus, gjekk berserkgang for å få installatør.”

6 Historisk person 13.02.16 Ingeborg

Då han fall bort i 1936 var det eit stort tap for dei seks brørne, som framleis var svært unge, den yngste, Petter, berre 17 år. Jon var 19. Eit stort forbilde var borte, så det vart viktig å ta vare på alt han hadde lært dei og å vidareutvikle det. Brørne støtta seg difor på kvarandre og ein intens lojalitet vart utvikla mellom dei. Dei seks har aldri retta noko kritikk mot kvarandre og stod kvarandre nær til det siste. Tapet av faren gav dei nok eit behov for å halde saman. Lojaliteten mellom dei kom til nytte under den illegale Englandsfarten dei byrja med i 1941 med båten Heland. At dei kunne halde tett om alt som foregikk mellom dei var avgjerande for unngå å bli avslørt. kunne truge både med fengsel, tortur og drap. Dei sosiale banda vart tett knytte i oppveksten og vart viktig for heile framtida.

Systera til Jon, Helga var gift på Haram. Her brukte Jon å besøke henne, og det var truleg her han traff Selma. På Haram var det dans og det er mogleg det utvikla seg søt musikk her, så rutebåten vart kanskje oftare teken enn tidlegare. I 1941 kom Selma i teneste på Vigra, på Hauggarden, og dei to forlova seg same året. Også mellom desse to må det ha vore ein ekstrem lojalitet og kjærleik, då dei veta i fleire lange år utan å sjå kvarandre. Jon vart etterlyst med døden som straff for sitt illegale samarbeid med fienden; England.

Politikk: Anders var truleg Venstremann. I mellomkrigstida var dei typiske partia på Vestlandet dei venstreorienterte partia, noko som kan stemme med tanke på den framtidsprega og frisinna oppførselen hans som deltaking i ungdomslag og kampen for utvikling og modernisering. Det var ikkje så store arbeidarrørsler ved kysten eller i fylket generelt, då veksten av Arbeiderpartiet og sosialismen ikkje fekk fatt her. Ein hadde ikkje eit like utprega klasseskilje som ein kunne sjå i dei større byane med fabrikkar, og ein hadde som tidlegare ein mykje større grad av paternalisme der arbeid ofte vart til gjennom personlege band. Venstre gjorde seg altså best der dei sosioøkonomiske skilnadane var minst, der det var minst konflikt om næringane og generelt minst klassekamp. Frå 1921 til 1930 tok partiet halvparten(5) av mandata for Møre og Romsdal ved Stortingsvalet. Oppslutninga om venstre her var om lag det dobbelte av landsgjennomsnittet. På kysten kunne opptil 7/10 stemme Venstre i 1933.

7 Historisk person 13.02.16 Ingeborg

(Her kan ein sjå at oppslutninga på Sunnmøre var desidert størst, bilete henta frå Likskap og lagdeling)

Etterkvart tok fløypartia over ein god del, høgrepartiet ”Landsbygdas Høgre” tok over ein stor del av høgresida og arbeidarrørsla store delar av venstresida. Venstre gjekk kraftig tilbake etter 1933 på landbasis. Arbeiderpartiet og sosialdemokratane vart samla i eitt parti i 1927, og fekk ekstremt bra oppslutning på Nordmøre i perioden 1927-1936, om lag dobbelt så mykje som på Sunnmøre, Nordmøre og Sunnmøre var i stor grad politiske motsetningar av kvarandre store delar av mellomkrigstida.

(Sunnmøre har lågast prosent stemmer på sosialistiske parti, bilete frå Likskap og lagdeling)

Mange bønder som ikkje var for Arbeiderpartiet fann vern mot dette i Bondepartiet som kom i 1920. Det ville ta vare på det gamle bondesamfunnet, bonden sine rettigheiter og då særleg hans rett til å få halde på næringa si og forsvare han mot andre sosiale grupper. Det fekk rask tilslutning

8 Historisk person 13.02.16 Ingeborg i fylket og hadde ei tilslutning langt over landsgjennomsnittet i 1933 med ca. 25% oppslutning i Møre og Romsdal. Partiet vart knytt både til den høgre og venstre sida då det var konservativt og antisosialistisk samstundes som det var antibyråkratisk og antikapitalistisk. Likevel hadde det størst oppslutning der dei sosiale skilja var størst, så mest sannsynleg var ikkje Anders tilhengjar av dette, men det prega godt det politiske biletet i fylket.

Når det galdt , stilte dette fascistpartiet først til val her i fylket i 1936, men fekk berre tre promille av stemmene, mot 2% i resten av landet. Møre og Romsdal viste ein svært klar motstand mot deira ideologi og ikkje minst leiar, . Jon gav ikkje uttrykk for å vere spesielt politisk engasjert, men han var ein son av Noreg og det må ha eksistert ein patriotisme som drivkraft blant menneska på Vigra, noko som eg kjem tilbake til seinare.

Økonomi og teknologi: Økonomien i mellomkrigstida var ikkje mykje å skryte av. Den første verdskrigen hadde skapt ein høgkonjunktur som tok slutt i 1920. Næringslivet fekk alvorlege vanskar, prisane fall og skatteinngangen minka. Under verdskrigen hadde mange kommunar lånt store pengesummar til skular, vegar og elektrisitetsverk, men då krisa kom i 1920 vart det vanskeleg å betale renter og avdrag. Gjelda til Ålesund auka frå 3,2 til 20,5 millionar, noko som stilte bankane i ein svært vanskeleg posisjon. Dei hadde det vanskeleg fram til midten av 30-talet, då eit konjunkturomslag i den vestlege verda gjorde situasjonen lettare rundt 33/34.

På 20 og 30 talet hadde ein ei viss arbeidsløyse i fylket, men dei som tilhøyrde primærnæringane slik som fiske og jordbruk, rekna seg sjeldan som arbeidslause, noko som truleg gjer at Vigra hadde ein låg arbeidsløyseprosent. Vigra var også den kommunen som hadde lågast gjeldsprosent på Sunnmøre i 1932, med berre 11%. Inntektene kom frå hovudsakleg fiske på vinteren og jordbruk og småbruk på begge sider av vinteren. Ungdomen rydda myrene for å dyrke, og Vigra vart den mest utprega jordbruksbygda på Sunnmørskysten Havre og poteter var noko av det som vaks best. Å eige en gard ville gi eit økonomisk fortrinn og ein høgare sosial status på denne tida, framfor særleg husmennene, så det eksisterte ei viss odelsbevisstheit på denne tida. At brørne nett var så heldige å ha ein gard vart utløysande for den Englandsfarten som dei tok del i.

9 Historisk person 13.02.16 Ingeborg

Sevrin, Arne og ektemannen til systera Petra, Olav Røsvik, var eigarane av båten Heland ein over 62 engelske fot lang kutter, bygd i på Vestnes i 1937 og med ein tosylindra motor på 110 hestekrefter frå Haahjem Mekansike AS på Vigra. Sevrin var gift med ei odelsjente og Arne eigde Sme-garden som vart gitt til han etter farens død, så dette gav dei eit økonomisk fortrinn. Hovudutløysaren for kjøpet var likevel . I mars 1935 hadde Nygaardsvold skipa ei rein arbeidarparti-regjering og han ville støtte dei kriseramme primærnæringane som fiskeriet. Dei fekk difor mykje økonomisk støtte for å byggje opp fiskebåten og modernisere han, då Nygaardsvold ville modernisere heile den norske fiskeflåten. Heland var ein prototype på korleis ein fiskebåt skulle vere, han var om ikkje den alle største, ein av dei tre største båtane som var her på denne tida. Jon kom inn som eigar og erstatta Olav før krigen braut ut.

Straks etter Jon var konfirmert drog han ut på sjøen for å fiske etter torsk, sild og flyndre. Faren hadde vore fiskar og broren Sevrin var i alle fall godt kjend til sjøs, han svarte ein gong på eit spørsmål om han byrja etter konfimasjonen med ”ja, bære de’ ikkje va’ før”. Jon var med ein båt som hadde tomannsgarn. Då fekk han feste eit til garn på sildelenkja i tillegg til hovudgarnet, og den fangsten som han fekk i dette, var eine og aleine til han, anten som mat eller for å selje. Når det galdt fisket var over 60% av menna på Vigra fiskarar, gjerne saman med jordbruk ved sidan av. Silde- og torskefisket hadde vore eksepsjonelt godt under den første verdskrigen på grunn av konkurransen mellom england og Storbritannia om fisken. Dette førte til at prisane på fisken skaut i veret. I åra etterpå vart det vanskelegare. 80-90% av den norske fangsten vart solgt på den internasjonale marknaden der nordmenn møtte konkurranse, noko som førte til ei deflasjon i fiskeprisen, og vanskelegare kår heime. Spesielt i 1926/27 fall prisane på sild og torsk kraftig. Ein måtte no fiske mykje meir enn før for å tene det same. Noko måtte dei gjere for å auke fangsten.

I januar 1924 kom båten Fangst inn i Ålesund, men den første snurpenotfangsten med storsild. Snurpenota vart straks ekstremt populær då den gav mykje større avkastning i forhold til drivgarn og landgarn. Det var svært positivt å sleppe å måtte vere nær land for å fiske slik som med landgarnet. Ca. Halvparten av landets snurparar fann ein i Møre og Romsdal, og då særleg på Sunnmøre, 285 av dei 536 var her. I 1939 vart det teke 8 gongar så mykje vintersild med snurpenot som med landnot. Med auka fiskemengd trong ein større båtar med auke i tonnasje og maskinkraft. Heland var ein av desse båtane som vart til på grunn av dette, noko som gjorde at han kunne ra langt til havs og tole uhyggjelege uvêr.

10 Historisk person 13.02.16 Ingeborg

Generelt var industrialiseringa snøggare i Møre og Romsdal enn i resten av fylket så samfunnet vart definitivt prega av utvikling, noko som paradoksalt nok er ein konsekvens av den føregåande verdskrigen.

Kultur: Ei følgje av utviklinga var særleg utviklinga av kulturen eller den kulturspreiinga ein opplevde. Ein blomstrande kultur kom fram med kinoar, auka tal på aviser og massekommunikasjon gjennom radio. 1920-åra var ei pionertid for kringkastinga, med startskotet i 1920 i USA med den første radiostasjonen. I Europa var ”The British Broadcasting Company” først ute, og i Noreg var Ålesund i landssamanheng tidleg ute. I 1924 vart det bygd ein kombinert radiotelegrafi- og telefonistasjon for å kunne spreie sendingar om vêret og fisket. Det vart sagt at ein fann ei velutvikla lokal kulturbevisstheit i Ålesund, og i 1927 vart Ålesund Kringkastingsselskap stifta. I 1928 var det 1432 lisensbetalarar i Ålesund og næraste omegn. Sjølv om sendarstasjonen, jo, var der, var han svært liten, berre 1kW. Dette gjorde at mange ikkje kunne ta inn signalet, og dette gav igjen færre lisensbetalarar, noko som gjorde at dei heller ikkje kunne utvide. Dei hadde ikkje kapital til eigenprogram så programma kom utanfrå og utviklinga var generelt dårleg her, men folk, trass den grusomme skurringa, syntes framleis det var eit mirakel.

I 1935 avløyste Vigra Kringaster på 10kW stasjonen i Ålesund, og i 1936 var den lokale programproduksjonen her 132 timar pr. Halvår. ¾ var vêr og fiskemeldingar, jordbruksprisar og lignende 1937 vart det store gjennombrotet for radioen, talet på apparat auka med nesten 60%, frå 1500-2500, på berre eitt år. I 1939 kom ein ny stasjon på Vigra, denne på heile 100kW, som ved sidan av Stavanger var den sterkaste stasjonen i landet og fekk svært mykje å seie for den norske fiskeflåten. Kjøpet av radio tok seg særleg opp i 1940 grunna okkupasjonen av Noreg, og kringkastinga vart no tatt i bruk som eit samlande middel i landet. Den verk utjamnande og tilnærmande ved at folk høyrde den same musikken og dei same idrettsreportasjane. Samt etterkvart samlande ved å trykkje enda meir på dei nasjonalistiske strøymingane i nordmennene under tyskarane sitt regime. Propagandaen og den ulovlege nyheitsspreiinga gav nordmenn eit samhald som vart viktig under krigen. Dei seks brørne hadde ein radio i smia, noko som kan ha nørt opp om patriotismen som vaks fram.

11 Historisk person 13.02.16 Ingeborg

Natur: Dei naturgjevne forholda på Vigra gjorde kringkastinga ideell grunna sitt opne landskap utan store høgder og at øya hadde veg rett ut i havet. Den lange kysten på Vigra rett ut i havet gjorde også englandsfarten ekstremt mykje lettare. Menna som hadde vekst opp med fiske, slik som Jon og Sevrin var vande med vêret på havet og kunne klare seg særs godt i dårleg vêr, noko som gjorde staden heilt ideell for effektiv utshipping av både menneske og varer; Englandsfarten.

OKKUPASJONEN AV NOREG

Første nyttårsdag 1916 skreiv faren Anders: 19 - Om vi berre kunne takke Gud for all den miskunn han tiletlar oss i denne opprivne tida. Vi var nok ikkje så mykje meir skuldlause vi enn dei andre nasjonane, som no vert øydelagde og sundrivne av denne syrgjelige krigen. Ja, vi skjelv når vi tenkjer på det grufulle som har hendt i Europa dette året. Takk store Gud og frelser for at Du har spart vårt folk og fedreland, og eg bed at du vil gje det signing også i det år vi går inn i. Er det mogeleg, så lat Europa få fred-men Din vilje vil skje! Slik gjekk det diverre ikkje. Han sjølv skulle ikkje oppleve at landet hans vart krenkt, men det skulle sonane. Mange i Noreg kjede på ei uro over den urolige tilstanden i Europa. 1. September gjekk Tyskland til åtak på Polen, til stor forargelse hos britane og franskmennene, stom stod fast om å beskytte Polen. Dei erklærte krig mot Tyskland 2 dagar etter åtaket, den 3.September 1939. Etter dette vart det valt forsyningsnemnder i alle kommuner og 7. Oktober vart det gjort fullstendig rasjoneringsteljing i Noreg, og ein månad seinare fullstendig rasjoneringsordning innført. Sovjetunionen sitt åtak på Finland 30. November same året førte krigen enda nærare. I Noreg hadde ein ei rekkje nøytralitetssoldatar då Noreg straks erklærte seg nøytrale. Likcvel vart det norske området krenkt både av engelske og tyske skip. 8. April minela britane delvis den norske kysten for å hindre transport av svensk jernmalm til Tyskland. Soldatar frå Møre Infanteriregiment nr.11 I.R. 11 var med som nøytralitetsvakter, og dei beskytta Sola flyplass og Stavanger hamneområde, dei var då ca 800, 1 april vart dei fleste dimittert og kun 24 var att 9. April. 9. April small det. Operasjon Weserübung vart eit faktum.

Tidleg føremiddag 9. april marsjerte dei tyske soldatane ein propagandamarsj nedover Karl Johan. Det var menn i alderen 19-20 år. Soldatane var spente og eventyrlystne, etter eit soldatliv

12 Historisk person 13.02.16 Ingeborg utelukkande i leirar. Før dei vart innkalla til førstegongteneste hadde dei vore medlem i Hitlerjugend. Føraren hadde gitt dei ein utruleg oppvekst, og gjorde det mogleg for mellom anna Albert Hasse å få stipend til å studere arkitektur i Sack. Omlag alle hadde si historie om korleis føraren Hitler hadde reist Tyskland og korleis han ville betre alle sitt liv. Dei landa på Fornebu i , og fekk beskjed om at dei skulle verne Noreg mot britiske styrkar som hadde gått i land, dei skulle kome som vener. Dei opererte ekstremt effektivt og i løpet av dagen hadde tyske troppar okkupert Oslo, Horten, Arendal, Kristiansand, Egersund, Stavanger, , og Narvik i det som var eit totalt overrskelsesåtak. Om kvelden 9.april gjorde quisling statskupp med Nasjonal Samling og kunngjorde over radioen at Nygaardsvold-regjeringa var gått av. All motstand var nyttelaus. Hitler stilte seg bak Quisling og 10 april kom den tyske ministeren til Elverum for å forhandle. Han kravde han at kongen skulle utnemne Quisling til statsminister, men dette gjekk i mot alle demokratiske prinsipp med tanke på at NS hadde ekstrem lita oppslutning i heile landet utan representantar i stortinget. Over radio oppfordra kongen til krig mot tyskarane for å forsvar Noreg og demokratiet. Morgonen 12.april kom meldinga frå utanriksminister Koth som var saman med regjeringa, stortinget og kongen på Hamar :Regjeringa vender seg no til heile det norske folket og bed det hjelpe ho med å halde oppe ei lovleg styring i landet...for å reise opp att den fridomen og det sjølvstendet som framand makt har slått ned.

Tyskarane erobra knutepunkt på heile Norskekysten, men ikkje mellom Bergen og Trondheim. På Haram opplevde lensmannen at telefonen ikkje stod, ekstremt mange ville verve seg og kjempe for eit fritt Noreg. Sevrin var ute på fisketur då han spotta tyske krigsskip i havet, han hadde ein nagande kjensle av at noko kom til å hende og i tillegg var det særs dårleg vêr, så han bestemte seg for å dra i land igjen. Like etter vart Noreg invadert. Han ringte straks til lensmannen for å tilby si hjelp. Han skulle ta Heland og frakte soldatar. I.R 11 mobiliserte full orden med fire bataljonar, tre linjebataljonar og ein landvernsbataljon. 3000 menn kom til Veblungsnes før klokka 15 den 11.april. Sevrin tok to-tre turar til og frå Åndalsnes for å frakte soldatane. Nasjonale songar vart sunge med innleving på kaiene då det vart teke farvel.

To av dei som drog for å kjempe mot den tyske framrykkinga i var Arne og Bjarne, brørne til Jon. Der kapitulerte tyskarane den 19. April, men likevel vart det eit faktum at tyskarane hadde makta i landet, då dei britiske styrkane som kom for å bistå dei norske troppane, vart bestemt trukke tilbake frå Noreg den 27. April. 2. Mai vart det tyske rikskrigs-flagget med hakekrossen heist på Åndalsnes. Arne og Bjarne kom heldigvis heilskinna tilbake, men tapet av Noreg sin fridom sette djupe spor i dei, noko som smitta godt over på resten av brørne. I fleire

13 Historisk person 13.02.16 Ingeborg dagar hadde det vore bombingar på Vigra for å prøve å øydelegge kringkastaren, den 15. April vart han bomba til pinneved etter fleire dagar med intens propaganda og samarbeid med Wick i Skottland etter sendetid. Siste meldinga var: ”Tyske fly bomber Molde. German planes ar bomb..”. Møre og Romsdal var eit av dei mest krigsherja fylka i Sør-Noreg.

Okkupasjon av Vigra: Tidleg på våren i 1941 kom dei tyske soldatane til Roald, dei var i byrjinga berre om lag 10 mann. Deriblant Albert Hasse, arkitektstudenten frå Sack og sanitetsserjant August Kornemann. Det var desse to vigringane fekk mest med å gjere, og dei var i grunn hyggelege menn. Dei skulle jo berre forsvare Noreg frå britane, så dei følte seg ille til mote av all motstanden dei møtte av innbyggjarane på øya. Ved pinse var det rundt 70 tyske soldatar på Vigra. Hærkystbatteri-578 av HKA 505 vart bygd her. Den omfatta frå Roald til Molnes: 10 brakker, 23 bunkerar, 10 andre bygningar, 2 tunellar, 9 kanonstillingar, 16 skytterstillingar, 4 lyskastarar, 5 minefelt og 11 andre konstruksjonar.

Generelt kom tyskarane nokså godt overens med Vigrabefolkninga, dei lærte seg raskt norsk og var svært interesserte i å samtale med dei. Det er viktig å hugse på at desse var vanlege menn som berre var sende ut i krigen dei også. Det er ein grunn til at så mange jenter var kjærast med tyskarar, dei var kjekke og vel oppdregne. Ofte valde dei å ikkje rapportere radiobruk blant innbyggjarane, men slutta seg heller til dei for å høyre! Ein gong på sumaren i 41 var Kornemann og ein kamerat ute og spaserte då dei høyrde ei radiosending frå London ut i frå glaset på eit hus. Dei vart inviterte inn for å høyre på etter at dei spurde, og sendinga slutta av med Beethovens 5 symfoni, V for victory. Til slutt endte dei opp i triveleg samtale. Kornemann prøvde ut norsken sin og var stolt over han, han ytra si glede over at Vigringane var så kjekke med dei. Og spurde så om at dei ville ha skote tyskarane dersom dei hadde våpen. Vigramannen svarte: Ja, Kvar ein! Det er fleire slike episodar som viser til at trass i eit godt samarbeid og eit vennleg sinn, var det ein god motstand i dei. Albert Hasse var heilt i frå seg då butikkdama ein dag, svært frimodig, hadde ytra si fulle og heile meining om Hitler. Ein soldat ved namn Berhenke var også svært godt likt på øya. Han gjekk rundt heile tida og bekymra seg for den tyske ungdomen som vart sende i døden rundt om kring i verda. Under er bilete tyskarane sjølv har teke på Vigra:

14 Historisk person 13.02.16 Ingeborg

15 Historisk person 13.02.16 Ingeborg

(Bileta er henta frå Krigsbilder-tyskernes egne foto fra Ålesund og Sunnmøre) Patriotisme: At krigen kom så tett på tende truleg ein gnist i Jon og den samla gjengen av brødre. Intens bombing samt opplevinga av at brørne vart sende bort, utan at ein visste korleis det kom til å gå, og det faktum at Noreg var i krig må ha tent ein veldig flamme i samtlege av gutane. Vigra kringkastar dreiv også intens propaganda dagane etter okkupasjonen, noko som nørte opp under ein allereie stor motstand på øya. Trass i at dei ikkje var særleg politisk aktive, var dei alle søner av Noreg, og slik ville dei så klart kjempe for sit fedreland. Ein patriotisme vaks fram som ei veldig bølgje over Noreg. Ingen skulle kunne herse med oss. At brørne var så tette, samt at samfunnet ikkje var så stort, førte som sagt til eit sosiosentrisk samfunn og eit miljø der dei var svært prega av meiningane til dei nære rundt seg. Dette kan for somme ha gjort at deira eigne meiningar vart ekstremiserte og forsterka ved at andre trykte på dei rette knappane, eller sa det som andre berre tenkte. At fellesskapen rundt ein motstand ovanfor tyskarane vart så stor vil truleg ha gjort at personane var raskare på avtrekkjaren enn før og tok andre val enn kva som elles stemde med personlegdomen deira. Dette var ei tid som ikkje kan samanliknast med noko anna tilnærma normalt, slik at vala dei tok i ei viss grad må bli sett på som eit resultat av den ”ute av kroppen” kjensla dei mest sannsynleg hadde. Ingen hadde opplevd noko slik før, og samhaldet vart viktigare enn nokon gong for å verne om kvarandre. Mange var også redde, men skjulte det kanskje og vart med i gruppepress i somme tilfelle. Ein ville ikkje trosse sine eigne, og ”opphausinga” av tankane som spreidde seg om ein motstand mot Tyskland, har garantert spela

16 Historisk person 13.02.16 Ingeborg innpå mykje av dei handlingane ein såg under krigen. Som vigringen Einar Molnes, den yngste uniformerte nordmannen som kjempa i krigen, ytra: Det var viktig for oss ungdommer å delta..Vi var patrioter. Nasjonalfølelsen min var nesten for sterk, og heftige følelser kom i sving da Hitler okkuperte Norge.

ENGLANDSFARTEN

Under krigen var Englandsfarten den dominerande forma for motstandsarbeid i Møre og Romsdal dei to første okkupasjonsåra. 9/10 båtflyktningar frå fylkte var frå Sunnmøre, og då særleg Vigra. Vigra var den kommuna som prosentvis sende ut flest menn i forhold til folketal, og var på eit tidspunkt om lag tome for unge ugifte menn mellom 15 og 29. 50% av desse var fiskarar og sjøfolk som var vande til å vere til sjøs. Det var dette som også gjorde englandsfarten mogleg, at mannskapet om bord på båtane var så vande til havet og alt ein kunne støyte på her. Frå Mørekysten gjekk 29 båtar over i 40, 51 i 41, men berre 6 båtar med til saman berre 56 menneske mellom 42 og 45. Det var fem hovudgrupper frå Ålesund og næraste omland: Torsvikgruppa(sumaren 40-mai 41), Nielsengruppa(mars-juli 41), Skytterholmgruppa(mars-august 41), Kvalengruppa (september-november 41), Wallegruppa(september 41-februar 42). FRÅ og med September 1941 medførte englandsfart dødsstraff. Tyskarane kvar klare over Englandsfarten, men at noke få for over til fienden gjorde die ikkje stort, problemet var den informasjonen dei kunne føre med seg over til dei allierte. Det var nettopp dette dei gjorde. Engelskmenn sendte hemmeleg agentar til Noreg for å spane på tyskarane, dei tok med våpen og forsyningar til Noreg, og kom tilbake med info om handlingane og planane til tyskarane, til England.

(Bilete henta frå Natt på norskekysten)

17 Historisk person 13.02.16 Ingeborg

Milorg og Heland: Etter ei tid vart det organisert ei lita gruppe av den norske militærorganisasjonen Milorg i Ålesund. Gruppa var først konsentrert om nokre få medlemmar, men fekk snart greiner inn i andre eksportgrupper. Dei dreiv med agentverksemd og lagring av våpen som kom over frå England. Milorg i Ålesund som vart styrt frå London, var avhengig av transport frå Shetland når dei skulle sende ein agent med opplysningar vestover. Dette vart tungvindt og dei skulle gjerne hatt ein båt som låg klar til å ta agentane over når det trongs. Dessutan var det godt å ha ein båt som kunne redde de ut av landet dersom tyskarane vart for nærgåande.

Milorg hadde ein kontakt på Vigra, Arnfinn Roald, som hausten 1941 fekk i oppdrag å spørje Sevrin Roald, skipper på M/B Heland, om han ville gå en tur til Shetland. Det var han straks villig til. Skipperen hadde alt vore med på å sende nokre skipbrotne englandsfararar i veg frå Vigra. Ut på hausten fekk Sevrin beskjed om å møte ved Oksebåsen i Ålesund for å plukke opp Linge agentane Karl Johan Aarsæther, Åsmund Wisløff og ein rømling frå Ålesund. Her var også Jon og to andre vigringar med som mannskap. Dei drog frå Oksebåsen 4.november til Baltasund på Shetland. Dei møtte ein grusom storm, men godt sjømannskap redda dei til land. . I same stormen gjekk Shetlands-gjengens båt ”Blia” ned med 42 menneske frå Bergenskanten om bord. Om lag samtidig låg Shetlands-Larsen med båten ”Arthur” i havsnaud utanfor Norskekysten. Dei miste ein mann då ei bølgje slo over båten, men dei kom seg også fram til Shetland.

Avtalen var at Heland skulle returnere til Vigra, men det var britane til å byrje men, ikkje villige til. Aarsæther måtte konferere med Hovedkontorer i London før dei fekk dra. Så vart oljetankane fylte, og dei fekk med seg matvarer og tobakk, som det var vanskeleg om i Noreg. Heimturen gjekk godt sjølv om været ikkje var det beste. Då dei kom inn i Breisundet vart dei praia av ein tysk trålar der dei ville vite kvar Heland kom i frå og kvar dei skulle. Karane svara at dei kom frå fiske og at dei no var på veg heim att igjen. Tyskerane ville så vite om dei hadde sett ein engelska ubåt i farvatnet, men det hadde dei sjølvsagt ikkje. Dei fekk så ordre om å fortsetje.

Då dei kom heim til Vigra ville folk sjølvsagt vite kvar dei hadde vore. Karane sa at dei hadde vore på ei frakting sørover. Dette var ikkje så heilt utruleg då fiskebåten låg still på denne tid av året. To av mannskapet, deriblant Jon, hadde difor byrja på eit navigasjonskurs

18 Historisk person 13.02.16 Ingeborg om hausten, og då dei ikkje møtte opp trudde mange at dei hadde rømt til England. Men det var for utruleg at dei ville kome attende derifrå no. Læraren møtte dei i døra og sa i spøk: ”No, der kjem englandsfararane våre!” Dei to var med på moroa, og svara, som samt var, at her kom dei. Meir vart det ikkje prata om det, og det såg ut til at forklaringa heldt. Instruksen frå Milorg var no å halde seg klar på kort varsel, men dei skulle sjølvsagt også halde fram med fisket.

Ein ny forespurnad frå Milorg kom i midten av januar 1942. Karl Johan Aarsæther var komen att og skulle tilbake til Shetland med ny informasjon. Jon og broren hadde nett gjort klar for storsildfisket og låg berre å venta på silda. Mannskapet var difor nokså stort, ni i det heile, så Sevrin bad dei gå i land i påskot av å skulle dra sørover etter silda, berre han, Jon og dei to Vigringane som var med forrige tur henta agenten i Ålesund klokka 3 om natta. På turen passerte dei Måløy som det om lag framleis rauk av etter Måløy-raidet. Denne gongen gjekk dei inn til LUNA, basen for den norske avdelinga på shetland. Her vart dei innkvartert saman med ”Shetlandsgjengen”, og møtte dei kjende frå Noreg. Aarsæther drog vidare til London, medan mannskapet på Heland og nokre frå Shetlandsgjengen byrja å laste våpen og ammunisjon som skulle til Noreg om bord i båten. Ein ny agent, Knut Aarsæther, bror til Karl-Johan, skulle også vere med tilbake til Ålesund. Dei vart liggjande nokre dager å vene på betre ver, men dei måtte likevel gå utan at dei vart gode ver tilhøve. Det var ikkje bra å vente for lenge heller. Vêret gjekk ikkje ubemerka hen, og slo inn styrbord rekkje og knuste døra ned til maskinromet. Då dei kom til oksebåsen lossa dei av ca. 10 tonn våpen og ammunisjon. Dagen etter rapporterte skipperen på hamnekontoret i Ålesund. Instruksen var at ingen fiskebåt hadde lov ¨vere borte frå nærate hamnekontor i meir enn 8 døgn. Heland hadde vore borte lengre enn dette, men ingen festa seg ved det.

Folket på Vigra hadde undre seg over at Heland ikkje kom heim før. Alle andre sildebåtane var kome heim att på grunn av styggeveret sette inn. Men ingen hadde sett noko til Heland. Folk hadde så smått byrja å bli redde for at noko hadde skjedd med båten. Var dei kanskje gått på ein mine? Somme sette nok episoden i samband med førre forsvinningsnummer, og byrja nok å undre på om karane var bort ei noko illegale saker. Men slikt kunne de vere farleg å vite for mykje om, det hadde dei fått prov på. Fleire av fedrane til gutar som var reist over havet var blitt arresterte og sendt til Grini. Difor var det ingens om spurte noko særleg etter kvar dei hadde vore, sjølv om dei ikkje trudde på forklaringa til gutane om at dei hadde lege i ei uthamn og venta på betre ver. Det såg dei tydeleg då ein mann kom om bord

19 Historisk person 13.02.16 Ingeborg og fekk sjå kva medfart rekka og døra hadde fått. Han var snar i å kome seg i land utan å seie eit ord. Heland reiste same dagen til byen og fekk reparert skadene, og reiste så på sildefiske.

I februar slo nokre norske angjevarar ført av Henry Rinnan til mot ei gruppe i Ålesund som dreiv med englandstrafikk. Denne gruppa hadde kontaktar innan Milorg. Mange av medlemmane vart sette i fengsel saman med ei gruppe englandsfararar, i alt over 50 menneske. 21 av desse vart seinare avretta. Tyskarane hadde lenge vore klar over at det gjekk føre seg englandstrafikk frå Sunnmøre, men hadde ikkje klart å setje i verk tiltak for å stoppe han. Det såg farleg ut for mange i Ålesund og rundt om. (INTERVJU). Det vart difor sendt melding til Vigra om at Heland måtte halde seg klar til å gå til England på kort varsel. Etter ei rådslåing vart ein samd om at Heland skulle dra ut på sildefeltet. Då fekk dei halde seg unna tyskarane og samstundes opptre naturleg i dei kritiske dagane. Dei som ville vere med til England skulle samle seg i eit hus i Blindheimsvik, og Heland skulle så kome inn neste natt og hente dei. Blant desse var sjefen for Milorg, Trygve Rypdal, heile hans familie, samt fleire nøkkelmenn i organisasjonen. Altså menn som absolutt ikkje burde pressast for informasjon av tyskarane. 25. Februar, klokka fire om natta drog Heland med Jon og Sevrin for å hente dei og førte dei så til Luna på Shetland. Alle som drog meldte seg så inn i dei allierte styrkane og gjorde teneste i hæren, marinen og handelsflåten. Jon valde Handelsflåten.

ARBEID FOR NORTRASHIPS For brørne som hadde haldt på med den ulovlege englandsfarten var det ikkje snakk om å dra tilbake. Dei var etterlyste med dødsstraff til følgje. Arne og Sevrin vart att på Scalloway, men Jon fortsette ut i krigen på handelsflåten. Etter silinga på Patriotic School i London, vart det klart at Jon ikkje var nazist og han vart sendt til Shetland der han skulle ta to båtar ned til Buckie i Skottland. Han melde seg i London att og mønstra så på i teneste for Nortraships på tankskipet Frontenac, ein 11 000 tonnar.

Allereie klokka 13.47 den 9. april 1940 vart det første tiltaket vedteke for å hindre at den norske handelsflåten vart ein del av den tyske makta. Admiralitetet i England gav ordre om at norske og danske skip skulle giast britisk beskyttelse, haldast tilbake i britiske hamner eller dirigerast inn att frå havet. Stasjonen i Suez fekk beskjed om å halde tilbake norske og danske skip i kanalområdet. 10 april kom instruksar frå tysk kommando i Noreg til dei

20 Historisk person 13.02.16 Ingeborg norske skip om å kome tilbake til Noreg eller nøytrale hamner. Leiaren for norsk sjømannforbunds avdeling i Storbritannia, Gunnar Sønsteby, i London, fekk sleppe til i BBC den 10 april med ei oppfordring til dei norske om å ikkje la seg villede av Vidkun Quisling og kringkastningsmeldingane frå Oslo, dei måtte bli på post! Vidare kom beskjedar om at dei kunne kome til britiske hamner for lova beskytting og garantert betaling.

Dei neste vekene var urolige og usikre, ein visste ikkje kor ein hadde dei norske, men den 22.april hadde den norske regjeringa samla seg til statsråd på Stuguflåten i Romsdalen. Ved Kgl. resolusjon vart det gitt ut ei anordning der bruksretten til alle norske skip utanfor tysk herredømme vart overført frå reiaren til regjeringa. Øyvind Lorentzen fekk fullmakt til å sette dette i verk og disponere flåten, han forlot same kveld Åndalsnes med ein britisk kryssar og gjekk i lang i London den 25 april saman med skipsfartminister Arne Sunde. THE NORWEGIAN SHIPPING AND TRADE MISSION, NORTRASHIPS vart etablert. Hovudkontoret fekk lokale i 144 Leadenhall Street i London. sine inntekter gjorde at Noreg kunne gjenreisast etter krigen og dei dekte m.a drifta av dei væpna styrker. Nortraship oppretta 30 avdelingskontor i dei viktigast havnebyane i fire verdsdelar og ein “Repair Section” i Gourock i Clyden. Rundt 700 personar jobba på desse kontora. Flåten haldt 1081 skip med over 30 000 sjøfolk, over 4000 miste livet og halvparten av flåten gjekk tapt.

I havet låg dei tyske ubåtane ute for å senke mest mogleg alliert skipsfart. England prøvde å samle seg opp nok kraft til å ta seg inn i Tyskland og overvinne tyskarane der, difor trong dei forsyningar frå USA. Dette førte til at det heile tida gjekk ein jamn straum med konvoiar over til USA og sør-amerika, så tilbake til England. I dei største konvoiane som gjekk til England var det opptil 160 skip med. Frå engelsk forsvarsleiing blei det på slutten av krigen uttalt at den norske handelsflåte betydde meir enn ein million soldatar i kampen mot nazismen, og av den engelske fredprisvinnaren Sir Noel Philip Barker at; utan den norske handelsflåten ville England og dei allierte tapt krigen.

21 Historisk person 13.02.16 Ingeborg

(Bilete av Jon sitt identitetsbevis)

Frontenac: Jon reiste med konvoi HX 212 på den første turen(konvoiane fekk nytt nummer for kva tur) frå England, over atlanterhavet til Boston, ned til Curaçao for å laste olje og in att til London. På denne turen var det ikkje meir enn litt djupvassbombing, så konvoien var uråka. Neste tur gjekk til Curaçao, opp til New York og tilbake til England att. Midt i Atlanterhavet fann eine it såkalla ”air-gap” der flya ikkje lenger kunne beskytte konvoien fordi det var for langt frå land. Det var i nett dette air-gapet flest båtar gjekk ned, fordi ubåtane fekk så og seie fritt spelerom. På denne andre reisa medan dei reiste frå New York mot England, skulle dei gå gjennom denne air-gapen. Dei var ikkje like heldige denne gongen.

27.Oktober 1942, klokka 19.30, vart Frontenac saman med to andre båtar ,i den 45 båt store konvoien, torpedert av ein tysk ubåt. To svenske skip i konvoien hadde køyrd med lys på, og slik gjort målet for ubåten lettare. Jon var på utkik, oppe på styrehustaket, etter ei konflikt mellom styrmann og kaptein om kvar dei skulle halde vakt. Jon skulle eigentleg halde vakt

22 Historisk person 13.02.16 Ingeborg ved baugen, men kapteinen, ein mann som hadde vore ute for torpederingar før, så han bad Jon om å halde seg borte frå baugen, og heller halde utkik frå styrehustaket. Dette redda truleg livet til Jon. I stiv nordvestleg kuling, store bølgjer og snøbyger, small det plutseleg. Skipet var det første av tre til å bli truffe av den tyske torpedoen, og det lyste opp ein veldig flamme til over masta, og Jon som dei fleste andre heiv seg ned, klare for at heile skipet skulle gå i lufta pga. oljetankane som no brann heftig. Dei klarte ikkje å sløkkje flammane før dei hadde snudd båten og køyrd han rett i mot sjøen. Båten klarte likevel å halde seg flytande. Dei to andre skipa gjekk ned. Dette var Sarabaya og Gurney E. Newlin. 300 menneske miste livet.

(Bilete av baugen til Frontenac etter torpederinga, bilete henta frå Handelsflåten i krig 1939- 1945 Nortraship bind 2)

23 Historisk person 13.02.16 Ingeborg

Frontenac prøvde så godt dei kunne å halde følgje med resten av konvoien, det var reine sjølvmordet å halte åleine etter ein konvoi i havet. Skipet kunne i denne tilstanden berre halde 4 knop, så dei fall etterkvart frå konvoien.baugen stod opp og ankerspelet samt kjettingskapet hang igjen. Dei gjekk litt lenger sør før dei gjekk austover igjen. Dette redda truleg livet til mannskapet, då ubåtane fulgde konvoien, og garantert tok dei som hang litt etter han. Med å gå på tvers av konvoien kunne dei lure bort tyskarane. At torpedoen traff baugen var avgjerande for at båten ikkje gjekk ned, og dei var også heldige med at det på dette tidspunktet truleg berre var ein tysk ubåt ute i farvatnet. I seinare tid vart mange fleire båtar tekne.

Den 4 november kom dei i land i Glasgow for å losse av olje, og drog deretter nedover til Newcastle, der dei låg til mars i 1943 etter lang tids reparasjon av Frontenac. Medan dei venta på at reparasjonane skulle bli ferdige tok Jon eit skyttarkurs på eit par dagar i South Shields i Newcastle, han fekk sertifisert at han var hendt til å skyte med m.a Oerlikon, Merlin, Hotchkiss og F.A.M. Her er dokumentasjonen han bar med seg for å få lov til å skyte, etternamnet har dei stava feil;

24 Historisk person 13.02.16 Ingeborg

2. Mars i 1943 skreiv Jon eit brev til broren Arne om tilstanden til både han og skipet i ”Nevkastel”: Hallo Arne! Ja, eg får vel ta blyanten i min hand og skrive nokre ord til dykk, so dykk fær høyre korleis det ligge an. Ja, her ombord går det sin vandte gang, me pikkar rust og måler so flisne fyker, so då kan du tru at gamle Frontenac skal bli fin når han kommer ut igjen. Ja, eg trur fresten at det blir ikkje mange dagane før me går no. Sverre har no mønstra av og reiste til London, han vilde forsøke nokke nytt, ja det er sandeleg ikkje godt å veta kva som er det rette i disse tider. Eg har no tenkt å stå ombord en tur til og ta færi når vi kommer tilbake… Ja, no veit eg ikkje stort meir å rota om for denne gong, du har vel snakt med Sevrin og Inga å dei har vel fortalt det som er, at eg fekk treffe både dei og Bjarne. Ja du fær no ha det so bra, eg vil håpe at det ikkje blir alt for lenge til me fær treffast igjen. Ja, du får hilse Sevrin og Inga og ellers alle kjente frå meg, og ikkje glemme å skrive. Beste hilsen Frå Jon Adr. Den same

5. November var Frontenac klar att. Dei drog frå Newcastle, til Curaçao, New York og tilbake att til England. På denne reisa vart to skip i konvoien senka, men Jon fekk ikkje vite dette før fleire år etterpå. Det var svært dårleg informasjon om gangen i krigen og om kva som føregjekk rundt dei, fordi dei på dekk skulle vite minst mogleg for å hindre spreiing av feilaktig eller hemmelig informasjon. Frå England gjekk dei til New York att, og i ein kjempestor konvoi drog dei til Middelhavet der dei frakta olje og bunkra skip. Dei nådde Gibraltar i det invasjonen gjekk av stabelen på Sicilia, operasjon ”Husky”, 10. Juli 1943. Etter massiv bombing etterfulgt av landsetjing fekk dei allierte rykt inn i Sicilia og fram mot hamnebyane ved Messinastredet. I byrjinga av august evakuerte italienarane troppane sine frå Messinastredet til italiensk fastland, og like etter gjorde tyskarane det same. 17. August rykte die allierte inn i Messina, og all motstand på Sicilia ar rydda unna, dei allierte handelsskipa førte no fram materiell til offensiven mot Italia.

Jon og Frontenac låg til kai i Bizerta i Tunisia, like nedanfor Sicilia i ca. ei veke under invasjonen av øya. Dei kunne sjå destroyarane kome inn og ut att frå øya, og der var trottige flyangrep av tyskarane. Det var også flyangrep mot Bizerta, fordi desse områda heldt skip og

25 Historisk person 13.02.16 Ingeborg materiale som fungerte som offensivstyrkande for dei allierte som no prøvde å rykke fram til Italia. 7. August klokka 03.30 gjekk flyalarmen, dei måtte raskt vere i beredskap. I nattemørkret kunne ein ikkje sjå kor mange fly som var med i angrepet, men det varte i over ein time. Jon hadde ein Colt-pistol og elles på skipet var det ikkje mangel på skytevåpen. Ein kan ikkje førestelle seg stress og lydnivået i ein slik augneblink, når ein ikkje ein gong veit ordentleg kvar fienden er. Under åtaket vart det frå skipet avfyrt 17 skot frå 12- pundskanonen, 300 oerlikonskot og 450 skot med Colt. Det var denne tida i Middelhavet Jon hugsa mest, og truleg prøvde å gløyme mest.

Jon var i Middelhavet til mai i 1944, då bar det tilbake til New York. No hadde han vore om bord i over 23 månadar og han bestemte seg for å ta ut ferien, han kunne etter så lang tid få lov til å ta ut ein månad med ferie, dei fekk ikkje ta ut noko før dette. Jon bestemte seg for å ta ut ei veke i Brooklyn der han budde med ein Haugesundsfamilie. Her tok han ut nok pengar til å ha det retteleg og velfortjent kjekt etter så lang tid på sjøen. Mykje vart nok brukt på sigarettar.

Det går mot fred Frå New York mønstra han på ein splitter ny tankbåt som heitte Karsten Wang, og det bar på nytt til Curaçao. Frå Curaçao til New York, og frå New York til Liverpool. Her mønstra han av i Juli 1944, ikkje lenge etter invasjonen av Normandie, og bestemte seg for å ha ferie. Problemet var berre at det regna V-1 bomber samtlege av dei 14 dagane han tok ut av ferie. V-1 bomba vart utvikla av tyske forskarar under styring av Wernher von Braun og Walter Dornberger. Dei vart også kalla ”Buzz bomber” på grunn av summelyden ein kunne høyre då dei vart skotn eut, etterfulgt at fullstendig stillheit før dei eksploderte. Dei første V-1 bombene vart skotne ut over London den 13. Juni i 1944, i løpet av den første perioden fall 100 V-1 bomber i minuttet over London, og over ei periode på 80 dagar døydde over 6000 menneske og enorme øydeleggingar var overalt. I eit brev til broren Arne skriv han: S/S Hardanger 3-8-44

Hallo Arne! Ja eg reknar med at Sevrin har fått det brevet som eg sente til han frå London då eg var der på færi. Ja eg vil sei de at eg var litegrand uheldig med færien på grunn av den stygge bombingen som der var. Eg tengte nesten på at eg skulle sende eit telegram til dere , då eg

26 Historisk person 13.02.16 Ingeborg mønstra av, muligens dere hadde kome nedover på perm men sån som det låg an då so tengte eg at de var best å halde seg vekk frå London… Hilsen Jon adr. Jon Roald S/S “Hardanger” Nortraship Postal Dept 144 Leadenhall Street London

Brevet vart sendt frå S/S Hardanger, den nye lastebåten han mønstra på, etter to år med arbeid og to veker med bombing var det altså rett tilbake på jobb. Med Hardanger gjekk han til Canada og deretter Mosambik gjennom Suez-kanalen i Middelhavet. Dei var innom Gambia og henta peanøtter for England før dei drog til Canada. Det gjekk rolegare føre seg denne gongen, og i eit utdrag frå eit brev kan vi lese: Oppe med dere går vel alt sin vante gang, der er vel kanskje lit kalt no eg høyrde over radioen at der va snø i jula so det var ikkje rett frit eg syntes synd i dere når eg låg i hengekøya i badebrok og sola meg ja du kan tru at eg er blitt brun i det siste, det er nesten so at dei tar feil i ein neger og meg. Samstundes som alt dette gjekk føre seg, var Tyskland pressa oppi i eit hjørne etter å ha tapt terreng så godt som overlat, etter Hitler sitt sjølvmord 30. April. Den 8. Mai 1945 overga tyskarane seg og det var fred i Europa. Kapteinen kom ned og fortalde at no var det fred, medan dei låg til kai i Canada. Ingen skulle jobbe den dagen, men kapteinen ville gjerne ha ein som kunne drag ei fløyta heile dagen.

27 Historisk person 13.02.16 Ingeborg

(Bilete frå då han gjekk gjennom Suez-kanalen, skrifta er arabisk)

28 Historisk person 13.02.16 Ingeborg

(Seddel frå då han var i Mosambik)

Dei turde ikkje å gå åleine over havet fordi dei var redde nokre tyskarar ikkje skulle ha fått med seg at krigen var over, og slik framleis jakta på alliert skipsfart. Dei gjekk difor i konvoi til siste dagen i mai, då blæs alle i fløyta og gjekk kvar til seg. Det var stort då dette hendte, etter så mange år med konstant samanfarting, skulle dei plutseleg vere åleine. Kjensla av samhald hadde vore så sterk, og no skulle alle kvar til sitt. Hardanger gjekk til Newcastle, der han mønstra av i juni og leitte etter ein ny båt som kunne ta han heim til Noreg, men denne reisa var det lang kø på. Til slutt kom han på båten LEKA som skulle gå ein liten tur til Belgia før han drog til Noreg, men det vart tre heile turar til Belgia før han kom seg til Noreg i slutten av september, og mønstra av i Skien 22.9.45. Frå Skien drog han til Oslo, men dei fann ingen overnatting her, så dei fekk sitje å vente på stasjonen før dei tok toget til Åndalsnes dagen etter. Frå Åndalsnes gjekk det båt til Molde og Ålesund, og i Ålesund stod Selma og venta på forloveden sin, etter 3,5 lange år.

ETTER TENESTE

Etter krigen i Noreg var mange fattige og utan utdanning. Mange satt att med gjeld og behandlinga av myndigheitene etterpå var særs urettferdig. Einar Molnes, Vigringen som melde seg som 16 åring, fekk hundre kroner for si teneste, men måtte betale for ein blå krage som mangla på jakka. Ein annan Vigramann satt att med 48 kroner i gjeld på grunn av ei jakke som hadde forsvunne under kampens hete. Tyskarane forlot Vigra etter å ha fjerna alle minene som var lagde ut for å hindre britar i å kome i land. For å bevise at alt var fjerna måtte dei gå arm i arm gjennom alle minefelta.

Når det galdt feiringa av krigens slutt var denne svært stor nett då det vart erklært fred, og dei første vekene etterpå. For alle dei som hadde vore i teneste gjennom krigen og var borte frå landa sine betydde dette som regel ei stor feiring på båten eller leiren dei var i. Det var ikkje anna å vente enn at dei gleda seg til å kome heim som krigsheltar til eige land og til å sjå familiane sine att. Problemet var at det gikk så lang tid før dei faktisk kom fram til heimane sine, at jubelen hadde stilna. Dette har i mange sitt tilfelle ha vore hardt å svelgje, etter fleire år med teneste og minner som aldri forsvinn, kom dei heim til eit land som er i fullstendig normaltilstand på ei tid der dei absolutt ikkje er i normaltilstand sjølve. Behandlinga stemde ikkje overens med innsatsen i det heile, og heller ikkje dei psykiske og fysiske konsekvensane krigen hadde ført med seg. Jon kunne

29 Historisk person 13.02.16 Ingeborg ikkje ein gong finne ein stad å overnatte då han kom til Noreg, og sov sitjande medan han vanta på toget heim.

Trass ein ikkje eksisterande velkomst til Noreg var likevel gleda stor då han kom heim, sjølv om gledesropa i resten av landet hadde lagt seg. Selma venta trufast på han etter 3,5 år i teneste. Ikkje visste ho om englandfarten han dreiv med heller. Jon ville beskytte henne frå å sitje med slike opplysningar og bekymringar. Det råkar ingen tvil over at det må ha vore ein intens kjærleik og lojalitet mellom desse to menneska. Mellom jul og nyttår same året gifta dei seg endeleg. Dei fekk borna Solveig, Asbjørn Odd og Jorunn Sølvi.

Etter heimkomsten gjekk Jon ut på havet igjen og fiska. Dette dreiv han med til 1963, då han fekk jobb på Storholmen fyr, der han var borte i seks veker om gongen, til stort sakn for borna, før han var heime i to veker. Her jobba han i 10 år og fekk oppleve mykje teknologisk utvikling, frå å bli frakta ut med båt og kran, til å bli henta med helikopter til slutten. Etter dette tok han jobb på Erkna fyr, der han jobba i 8 år.

Det var ikkje rart at han var eit sakn for borna dei vekene han var borte; Jon omtalast av alle som har hatt noko med han å gjere, utelukkande positivt. Jon er beskriven som ein særs snill mann. Ein kunne så godt som alltid skimte eit smil i han. Trass alt han hadde vore gjennom var han veldig stillfaren og rolig, med ein varm omtanke for alle andre rundt seg. Jon hadde alltid tid til å høyre på kva ein sa, til og med små born retta han si fulle merksemd mot for at dei skulle føle seg inkluderte. Han hadde ei ibuande interesse for andre menneske og deira ve og vel. Han var nokså sosial og gjekk godt i lag med alle, slik som resten av brørne. Ingen av brørne kritiserte nokon gong kvarandre, og samtlege hadde beina godt planta på jorda, var aldri oppfarande og køyrde aldri over nokon i ein samtale. Dei var rolige og balanserte menn med ei djup respekt for andre.

Som med så mange andre prega krigen Jon i ettertid. Det mest tydelege var at han ikkje likte å prate om den, temaet vart ofte unngått eller svinga unna i samtalar. Jon ar glad i å snakke om gode minner, om glade øyeblikk som d å krigen var over og kapteinen kom ned med to flasker og gav dei fri for å feire det, eller då ein matros frå Stavanger prata med ein matros frå fosnavågen på spansk eller engelsk fordi han ikkje forsto at den nokså dialektprega matrosen frå fosnavågen var norsk. Han hadde alltid slike små artige historier å fortelje om istadenfor dei andre minna det er naturleg å sitje att med etter ein krig. I ettertid har han ytra at det var hendingan ei Middelhavet

30 Historisk person 13.02.16 Ingeborg han sleit mest med. Den første tida etter krigen var han plaga med mareritt, men desse forsvann etterkvart.

Mangelen på hjelp frå staten i ettertid vart vegd opp av hjelpa dei fekk frå kvarandre på Vigra. Alle brørne var berørte på kvar sin måte og med kvar sine like og ulike opplevingar, så dei var avhengige av å møtes på Roald kvar dag. Dersom Jon ikkje tok sykkelen til Roald, måtte det vere noko alvorleg gale. At dei hadde eit så tett samhald før krigen og gjennom oppveksten har utan tvil hjulpe dei til å prosessere nokon av tankane og spørsmåla dei sat att med. Ein kan seie det var som ein terapi i kvarandre. Det er mykje ein ikkje veit om kva som faktisk foregikk dei ulike stadane, så det var nok godt for brødrene å få fortalt litt av sitt, likevel er det umogleg å førestelle seg korleis krigen faktisk gjekk inn på dei. Det var nære på mange gongar for Jon, så eksistensielle spørsmål dukka nok opp saman med skuldkjensle. Kvifor ikkje meg? Kva er skilnaden på meg og dei? Finst der ein Gud?

Størsteparten av kampen for å gå tilbake til normalen foregikk nok i hovudet, men det var av og til det skein igjennom at han ar prega av krigen. Kvar gong born ropte eller skreik, sjølv om det var normal leik vart han tydelig stressa og spurte: ”Nei, ka det e no?”. Deretter måtte han ta seg ei runde for å sjekke at det stod bra til med hans eigne born eller naboborna. Uansett oppførsel var det aldri snakk om juling eller noko form for fysisk straff for borna. Jon var alltid gjennomtrengjande snill, noko som kanskje kom som ein konsekvens av krigen, at ein innsåg kor viktig det var å behandle kvarandre med respekt og omtanke.

OPPSUMMERING Jon levde i ei tid prega av svært mykje endringar, og med den andre verdskrigen; brå endringar. Han vaks opp i ei tid der både politiske, økonomisk, kulturelle og teknologiske forhold var i utvikling og påverka hans rolle i krigen stort. Utan Nygaardvold –regjeringa hadde det ikkje vore mogleg å drive med englandsfart fordi dei ikkje hadde hatt råd til Heland, samstundes hadde den tronge økonomien lært dei å arbeide svært hardt, kjempe for tilværet og utnytte det dei hadde frå naturen si side i samarbeid med den teknologiske utviklinga. Radioen som kom til Vigra nørte opp under ei allereie eksisterande sterk nasjonalkjensle, og ved okkupasjonen av Noreg, utsendinga av Arne og Bjarne til Gudbrandsdalen og bombinga av Vigra må ha fått denne kjensla til å sprengje skalaen. Den lojaliteten både til Noreg og til brørne, må ha påverka tangegongen kraftig. Heile Vigra, og i grunnen Noreg, var prega av å ville ta att for det tapet dei hadde lidd mot tyskarane, og fellesskapet rundt dette har nok vore ekstremt viktig i vala som vart teke om å faktisk utføre den

31 Historisk person 13.02.16 Ingeborg illegale shippinga, spesielt i det sosiosentriske samfunnet der ein skulle fokusere på det felles beste.

Individuelt sett er det mogleg at Jon hadde andre tankar som skilte seg frå brørne, men at den lojaliteten og fellesskapen som vaks blant dei og blant nordmenn generelt har forsterka dei tankane som det var mest vanleg å ha. Ein ville ikkje vere dårlegare enn andre. Det er altså vanskeleg å seie om det er utviklinga i samfunnet og den raske endringa, eller dei sosiale banda som var mellom menneska på denne tida som var utløysande for hans deltaking i kampen mot aksemaktene. Truleg ser ein på ein kombinasjon av sosiale, politiske, økonomiske, kulturelle, teknologiske, individuelle, demografiske og naturgjevne forhold som både drivkraft, utløysande årsak, samt at det i det heile teke var mogleg å gjennomføre. At han ikkje fekk kome heim til forloveden sin, og heimlandet sitt fordi han var dødsdømd av okkupantane frå ein annan nasjon, må ha vore tungt. Dette har truleg forsterka den motstanden han allereie satt inne med mot tyskarane, og slik drive han til å fortsette og jobbe for å hjelpe dei allierte. Patriotismen var nok eit svært viktig nøkkelord for dei fleste, i samband med dei andre menneska rundt, som forsterka eller trykte ned dei meiningane ein allereie hadde. Det er viktig å hugse på at dette var ei tid som ikkje kunne samanliknast med noko tilnærma normalt, slik at vala ein tok i ei viss grad må bli sett på som eit resultat av den ”ute av kroppen” kjensla dei truleg hadde.

Jon fall bort den 4. Desember i 2003, litt under fire månadar etter kona si, Selma. Han døydde utan ein einaste uvenn i verda og utan eit einaste vondt ord om seg. Og til dags dato berre med menneske som hadde djup respekt, beundring og kjærleik for han. Selma og Jon:

32 Historisk person 13.02.16 Ingeborg

KJELDER

Primærkjelder: -dagboka til Jon frå 1943 -Breva frå Jon til Arne -dokumentasjon frå Suez-kanalen, Mosambik, Skyttarkurs, krigsmedaljar

Sekundærkjelder: Bøker: -Ulstein, Småsamfunn i storkrig, 1980, Det Norske Samlaget -Løseth, Likskap og lagdeling, 1996, Det Norske Samlaget -Hegland, Nortraships flåte-krigsseilasen under den allierte offensiv bind I og II(1940-45), 1976, Dreyers Forlag -Haga, Natt på norskekysten, 1979, J.W Cappelens Forlag A.S -Flatmark, Krigsbilder, 2010, -Eliassen, Eriksen, Ertresvåg, Grimnes, Skovholt, Wiig, Øhren, Tidslinjer 2, 2008, H.Aschehoug & Co -Dagboka til Anders Roald, avskrift av Johan Molnes (sjå vedlegg) -Frontenac bilete frå handelsflåten i krig 1939-1945 Nortraship” Bind 2 -Utdrag om Frontenac-torpederinag frå Menn uten medaljer av Rasmussen

Anna: -Særemne skrive av Asbjørn Roald om Heland - Kaare Haahjem, Minneord over Jon Bernt Roald, ”Øy-blikk”(avis), 18/12 2003 -einarmolnes -Per Sæther, M.5.V ”Heland”-en fiskekutter og krigsveteran blir berga, ”Øy-blikk” 12.02.1998 -Intervju av Jon frå 1971 -Intervju med sonen Asbjørn Roald, ca. 3 timar -Sunnnmørsposten 24.07.1971

Internettsider: http://sedak.ikamr.no/2012/sed0008-vigraslekter/sed0008001/01/#/104/zoomed

33 Historisk person 13.02.16 Ingeborg

http://kulturminne.co.no/index.php?option=com_content&view=article&id=114&Itemid=16 7 http://kulturminneatlas.avinet.no/object/dbarticle_preview.aspx?id=77 http://www.krigsseileren.com/ http://www.historyplace.com/worldwar2/timeline/v1.htm https://draumeverda.wordpress.com/2014/05/17/litt-nordahl-grieg-pa-nasjonaldagen/ http://www.warsailors.com/shetlandbus/boatsh.html

(alle har nedlastingsdato 07.02.15)

Når det gjeld kjeldene e det viktig å tenke på at kjeldene ofte gir litt subjektive tolkingar av kva som faktisk hende. Det same gjeld mine kjelder, og då spesielt intervjet med sonen. Forfattarene av bøkene har også ulik ståstad og vil slik skildre hendingar noko annleis, samstundes som eg forstår de ifrå min ståstad. Difor kan ein berre fundere på kva som faktisk hende eller kva som faktisk var årsakane i ulike situasjonar, og det er rom for feiltolkning.

34 Historisk person 13.02.16 Ingeborg

35 Historisk person 13.02.16 Ingeborg

VEDLEGG:

36 Historisk person 13.02.16 Ingeborg

37 Historisk person 13.02.16 Ingeborg

38 Historisk person 13.02.16 Ingeborg

(Bileta over viser krigsmedaljane han fekk, samt dokumentasjonen av desse)

39 Historisk person 13.02.16 Ingeborg

40 Historisk person 13.02.16 Ingeborg

(Jon si dagbok frå 1943. EI lite spennande side grunna personvern)

41 Historisk person 13.02.16 Ingeborg

42 Historisk person 13.02.16 Ingeborg

(Breva som vart sendt frå Jon til broren Arne, viser berre konvoluttane pga personvern, hadde hemmelege adresser.)

(Bilete av konvoitrafikken til Nortraship under andre verdskrig. Her ser ein det såkalla Air- gapet mellom amerika og England, der Frontenac vart torpedert.)

43 Historisk person 13.02.16 Ingeborg

(Dette biletet viser konvoien han gjekk med då dei vart torpedert. Kryssa viser kven som vart torpedert i løpet av tida i konvoien. Alle utanom Frontenac gjekk ned.)

44 Historisk person 13.02.16 Ingeborg

(Meg foran Heland som står på Sunnmøre museum)

(Heland då han var ny)

45 Historisk person 13.02.16 Ingeborg

46