Postadresse Besøksadresse Kontakt Postboks 788 Stoa Setesdalsmuseet Rysstad, Sentralbord: +47 37 01 75 00 4809 ARENDAL Setesdalsvegen 3273, 4748 Direkte: +47 Rysstad [email protected] www.svr.no

Otra kraft Setesdalsvegen 3455 4748 RYSSTAD

Saksbehandler Jørn Trygve Haug Vår ref. 2019/1770-0 432.2 Deres ref. Dato 01.07.2019

Orientering om vedtak. Søknad om bygging av antennemast ved radiohytte i kommune. Planendring. Otra kraft.

Syner til dykkar søknad datert 26.4.2019. Vedtak og saksframstilling ligg ved.

Klage Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet. Klaga skal sendast til verneområdestyret for vidare handsaming. Klagefristen er 3 veker frå mottak av vedtaket. Alle partar med klagerett har rett til innsyn i saksdokumenta. Skrifteleg klage skal sendast til Verneområdestyret for SVR Pb. 788 Stoa, 4809 ARENDAL. Oppgi kva for eit vedtak det vert klaga på, dei endringane klagar ynskjer og grunngjeving for klaga. Dersom det vert klaga så seint at det kan vere tvil om det er klaga i rett tid, må det opplysast når brevet kom fram

Med helsing

Jørn Trygve Haug Verneområdeforvaltar SVR

Etter våre rutiner er dette brevet godkjent og sendt uten underskrift

Kopi til: Fylkesmannen i Postboks 788 Stoa 4809 ARENDAL Bykle kommune Sarvsvegen 14 4754 BYKLE

Landskapsvernområde Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane

Arkivsaksnr: 2019/1770-0 Saksbehandler: Jørn Trygve Haug Dato: 07.06.2019

Utvalg Utvalgssak Møtedato Verneområdestyret for SVR 12.06.2019

Søknad om bygging av antennemast ved radiohytte Reinevatn i Bykle kommune. Planendring. Otra kraft.

Vedlegg 1 3943_001

Forvalters innstilling Med heimel i naturmangfaldslova § 48 får Otra kraft løyve til å bygge ny antennemast etter alternativ 2 omtalt i saka. Løyvet vert gjeven med følgjande vilkår:

 Før bygging skal det sendast inn teikningar som syner nøyaktig plassering i terrenget, utforming, materialbruk og høgde på antennemasta.  Alt av avfall frå bygningsarbeidet skal transporterast ut og leverast på godkjend mottak  Eksisterande antennemast skal fjernast inkludert fundament. Dette gjeld og dei gamle fundamenta frå ei tidlegare mast rett vest for radiohytta.  Eventuell ny kabel mellom radiohytte og antennemast skal gravast ned for hand og skjulast.  Så langt som råd skal arbeidet vera gjennomført innan 20. august 2019.

Ved bruk av helikopter for gjennomføring av arbeidet må det søkjast særskilt. Det kan ikkje reknast med å få landingsløyve i området etter 20. august.

Som grunngjeving legg verneområdestyret vekt på at med alternativ 2 vil søkjar klare seg med ein ny installasjon og som då vert liggjande i område det frå før er anlegg i form av radiohytte og eksisterande antennemast. Den vil og få ein mindre totalhøgde en alternativ 1. I kringliggjande område er det frå før også større tekniske inngrep. Med eit godt utbygd samband med god kapasitet vil det ligge til rette for større grad av fjernovervaking og styring av anlegg i området. I nokon grad vil dette bidra til mindre behov for å vera fysisk til stade i området.

www.svr.no Saksbehandler Jørn Trygve Haug Side 2 av 9

For legging av fiberkabel med luftlengde 575 m. mellom Skarje pumpestasjon og radiohytte Reinevatn gjeld løyvet slik det går fram av sak handsama av arbeidsutvalet 8.4.2008.

Handsaming Ikkje på sakskartet. Ekstrasak ettersendt verneområdestyret 7.6.2019.

Samrøystes vedteken i tråd med forvaltar si innstilling.

Saksopplysninger Arbeidsutvalet ga i møte 8.4.2019 Otra Kraft løyve til legging av fiberkabel i for betring av kommunikasjon mellom pumpestasjon, inntak og radiohytte i område veg /Skargjesvatnet i Bykle. På nærare vilkår vart det gjeve løyve til følgjande tiltak:

1. Legging av fiberkabel på 30 – 40 cm djupne i anleggsveg mellom Skarje pumpestasjon og inntak Reinevatn. 2. Grave ned fiberkabel med lengde om lag 575 m. mellom Skarje pumpestasjon og radiohytte ved Reinevatn.

www.svr.no Saksbehandler Jørn Trygve Haug Side 3 av 9

Otra kraft har i søknad 26.4.2019 søkt om ei planendring der følgjande tiltak ligg inne (vedlegg 1):

 Legging av fiberkabel med luftlengde 575 m. mellom Skarje pumpestasjon og radiohytte Reinevatn. Kabelen skal gravast ned for hand.  Erstatte eksisterande antennemast ved radiohytta med ny antennemast. Høgda vil då auke frå 10 m. i dag til 40 m.

Arbeidet vil gå føre seg i perioden juni – oktober 2019.

Trongen for ny og høgare antennemast er grunngjeven med at Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (NKOM) har varsla at frekvensløyvet for eksisterande radiolinesamband vil gå ut som følgje av internasjonale avtalar om frekvensbruk. Otra kraft må då over på ein høgare frekvens, noko som gjer at dei er meir avhengig av frie siktliner mellom antennepunkt. Ei ny og monaleg høgare radiomast i området har ein stor visuell effekt i området. Otra kraft vart difor utfordra på å vurdere alternative løysingar. Ut frå dette ligg det føre følgjande fire alternativ:

1. Bygge ny 40 m. høg antennemast til erstatning for eksisterande 10 m. høg antennemast (slik det er søkt om ref. prikkpunkt ein ovanfor) 2. Flytte antennemasta om lag 60 meter mot nord. Dei vil då kunne klare seg med ei antennemast med om lag 25 m. høgde. I praksis vil nok visuelt verke noko høgare sidan dette mastepunktet ligg 4-5 meter høgare i terrenget enn der dagens antennemast står. 3. Bruke eksisterande 10 meter høge antennemast men då supplert med ein reflektor plassert nord-vest for Reinevasstjønn, om lag 1 km. i luftline frå dagens antennemast. Ein slik reflektor har eit areal på 6 – 12 kvdm. og vil bli plassert på separat mast med høgde 5 – 10 meter. Løysinga krev også ei større antenne plassert på eksisterande antennemast. Det er mogleg å nytte ein mindre reflektor men dette krev noko større diameter på eksisterande antennemast. 4. Behalde dagens mast men med bruk av ein lågare frekvens. Ei slik løysing gir avgrensa kapasitet på sambandet og moglegheit for fjernovervaking. Det vil også redusere moglegheita for å nytte nye tenester og heller ikkje dekke eventuelle framtidige behov for fjernstyring av fleire anlegg i området. I større grad vil det også vera trong for å vera fysisk på plassen med ei slik løysing.

Når det gjeld dei skisserte alternativa er attendemeldinga frå Otra kraft at dei kan akseptere alle alternativa men der alternativ 4 er lite framtidsretta. Som nemnd vil krevje at dei oftare må inn i området.

For alternativ 2 og 3 er det ein føresetnad at det vert inngått avtale om bruk av grunnen med råka grunneigarar.

www.svr.no Saksbehandler Jørn Trygve Haug Side 4 av 9

Otra kraft har i planendringa kommentert at i vedtaket i arbeidsutvalet 8.4.2019 mangla det eit punkt om legging av fiberkabel i veg på strekninga Skarg – Skarje pumpestasjon. Ein slik fiberkabel er uansett ikkje lenger aktuelt då ny radioløysing vil dekke sambandsbehovet i området.

Forvaltar var på synfaring i området 3.6.2019 med representantar frå Otra kraft. Nedanfor ligg bilete av eksisterande antennemast og radiohytte.

Bilete mot sør-aust

Bilete mot nord-vest.

Bilete mot sør-vest

www.svr.no Saksbehandler Jørn Trygve Haug Side 5 av 9

Formell bakgrunn for vurdering av tiltaket  Forskrift om vern av Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde av 28.04.2000.  Forvaltningsplan for verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane, godkjent 2015  Naturmangfaldlova

Heimelsgrunnlag Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane landskapsvernområde vart verna ved Kronprinsregentens resolusjon av 28. april 2000. Føremålet med vernet er etter kapittel III i Føreskrift om vern av Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane landskapsvernområde:

 Å ta vare på eit samanhengande, særmerkt og vakkert naturområde med urørte fjell, hei og fjellskogsområde med eit særmerkt plante- og dyreliv, stølsområde, beitelandskap og kulturminne.  Å ta vare på eit samanhengande fjellområde som leveområde for den sørlegaste villreinstamma i Europa.

Av verneforskrifta kap. 1.1 går det fram at det ikkje er tillate med oppføring av «bygningar, anlegg og faste innretningar..». Søknaden må difor vurderast etter dispensasjonsbestemminga i naturmangfoldlova § 48 (dispensasjon frå vernevedtak). Av denne går det fram av forvaltningsmyndigheita kan gjere unntak frå verneforskrifta om det ikkje strir mot verneføremålet og ikkje kan påverke verneverdiane nemneverdig. Sjølv om begge desse vilkåra er oppfylt gir det inga krav på dispensasjon, men der det kan gjerast ei konkret vurdering av tiltaket.

Områda ligg i særskild kalvingssone Vatnedalsheii 2. Etter verneforskrifta kap. 4.2 er all ferdsel forbode her i perioden 25. april – 31. mai. Unntak gjeld for ferdsel som følgjer veg og merka løype, samt naudsynt ferdsel for grunneigar for tilsyn av eigedom.

www.svr.no Saksbehandler Jørn Trygve Haug Side 6 av 9

Vurdering Naturmangfaldlova §§ 8 - 12 Etter § 7 i Naturmangfaldlova skal dei miljørettslege prinsippa i §§ 8 til 12 leggast til grunn som retningslinjer ved utøving av offentleg myndigheit. Forvaltingsmyndigheita må ved alle tiltak som vedkjem naturmangfaldet, vurdere søknadane etter desse paragrafane.

Tiltak vedkomande fiberkabel vart vurdert etter dei nemnde paragrafane i saka handsama av arbeidsutvalet 8.4.2019. I fortsettinga er det difor berre ny antennemast som er vurdert.

Kunnskapsgrunnlaget (§8) Kunnskapen om naturmangfaldet i området er henta frå lokalkunnskap, Miljødirektoratet sin naturbase (www.naturbase.no), samt frå NINA sitt pågåande GPS-merkeprosjekt. Ein har og nytta kartlegging gjennomført av Norsk Villreinsenter (NVS-rapport 6/210). Kunnskap om kulturminne i området støtter seg på Riksantikvaren sin kulturminnebase (www.askeladden.no).

I naturbasen ligg området definert som kalvingsområde for villrein. Det er også villreintrekk som kryssar vegen. Sjå kart nedanfor. Anleggsvene til Store Urevatn er teikna inn med blå line.

Kartet under syner data frå GPS-merkeprosjektet på villrein og syner posisjonar i månadane juni – oktober i perioden 2006 – 2017. Gjennom GPS-merkeprosjektet har ein avdekka at ferdsel på vegen i perioden denne er open er ein trekkbarriere for villrein.

www.svr.no Saksbehandler Jørn Trygve Haug Side 7 av 9

Når det gjeld andre artar er det ikkje registrert informasjon om prioriterte artar, truga eller nær truga artar jfr. «Norsk rødliste» i denne delen av verneområdet. Det er heller ikkje registrert informasjon om utvalde naturtypar, truga eller nær truga naturtypar i aktuelle området.

Jamfør naturbasen er det registrert ein del kulturminne i områda langs vegen. Søkar må avklare eventuell konflikt med fylkeskonservator.

Ut frå omtalen ovanfor vurderer ein kunnskapsgrunnlaget å vera tilstrekkeleg til å fatte vedtak i saka. «Føre var prinsippet» i naturmangfaldlova § 9 vert likevel tillagt vekt i dei vidare vurderingane.

Økosystemtilnærming og samla belastning (§ 10 i NML). Områda er prega av større tekniske inngrep i form av reguleringsmagasin og diverse anlegg knytt til dette. Det går også ei kraftline eit stykke utanfor vernegrensa. Eit stykke mot sør og nord ligg dei store reguleringsmagasina og Vatnesdalsvatn. Som tidlegare nemnd er det myke ferdsel på vegen inn til Store Urevatn. Noko avhengig av snøtilhøva er vegen open for ålmenn ferdsel frå om lag 1. juli. Otra kraft kan nytte vegen etter behov. Ferdselsteljing på vegen syner 6730 passeringar i perioden 8. juli – 28. oktober. Hovudtyngda av ferdsel er knytt til helger og med størst trafikk i september månad. Det er elles ein del snøscootertrafikk i området knytt til drift av reguleringsanlegga samt til nokre få driftshusvære i området.

Kostnadane ved miljøforringing skal berast av tiltakshavar (§ 11 i NML) og Miljøforsvarlege teknikkar og driftsmetodar (§ 12 i NML) Tiltakshavar pliktar å syte for ei miljømessig og gjennomføring av tiltaka. Vesentleg er at tiltaka vert gjennomført med eit minimum av inngrep i marka og at ein legg til rette for rask attgroing der det er

www.svr.no Saksbehandler Jørn Trygve Haug Side 8 av 9

trong for terrenginngrep. Av omsyn til villreinens bruk av området er det ein fordel om gjennomføring så langt som råd kan skje i perioden vegen allereie er open for ålmenn ferdsel.

Vurdering etter naturmangfoldlova § 48 For å kunne gi dispensasjon etter naturmangfoldlova (NML) § 48 må følgjande to vilkår vera oppfylt:  Tiltaket må ikkje stri mot føremålet i vernevedtaket  Tiltak må ikkje påverke verneverdiane nemneverdig

Kva som strir mot verneføremål og verneverdiar vil måtte vurderast ut frå skjønn, men Miljødirektoratet har i sin rettleiar M106 - 2014 lagt til grunn at moglegheita for dispensasjon etter § 48 er snever.

Det er i første rekke dei landskapsmessige verknadane som er viktig i denne saka. Bygging av ny høg antennemast i området etter alternativ 1 eller 2 vil bli eit landemerke godt synleg frå dei kringliggjande heiområda. Alternativ 3 krev berre ei mindre endring på eksisterande antennemast, men krev til gjengjeld ein ny relativt stor installasjon (reflektor) på ein heilt ny plass. Ut frå reine landskapsmessige omsyn er utvilsamt alternativ 4 det beste, men som omtala ovanfor vil det ikkje vera ei fullgod løysing for å dekke behova regulant har. Den vil og krevje hyppigare besøk i området.

Verneføremålet er tidlegare lista opp under heimelsgrunnlag. I høve til villrein er vurderinga at inga av dei fire alternativa strid mot verneføremålet. Det står ein eksisterande antennemast og radiohytte på plassen i dag og ei høgare mast vil neppe verke inn på korleis villreinen nytter områda. I høve til villrein er kanskje alternativ 4 det dårlegaste da det må byggjast reflektor på ein heilt ny plass.

Det andre verneføremålet er knytt til det landskapsmessige. Både alternativ 1 og 2 vurderast å vera heilt i grenseland for kva som kan tillatast utan at det går utover denne delen av verneføremålet. Det avgjerande i denne saka må vera at det i områda kring Skargjesvatn, Reinevatn og Store Urevatn er mange inngrep og tekniske installasjonar frå før i form av anleggsveg, straumnett i luftspenn, dammar , radiohytte med eksisterande antennemast mv. Andre vurderingar ville blitt lagt til grunn om ein var i meir urørte delar av verneområdet.

Alternativ 2 krev ny plassering en dagens men vil likevel bli liggjande nær radiohytta. Ein kan og redusere totalhøgda med 10 meter. Forvaltar vil difor tilrå dette alternativet.

Konklusjon Med heimel i naturmangfaldslova § 48 vert det gjeven løyve til bygging av ny antennemast alternativ 2. Søkar vil da klare seg med ein ny installasjon og som då vert liggjande i område det frå før er anlegg i form av radiohytte og eksisterande antennemast. Den vil og få ein mindre totalhøgde en alternativ 1. Med eit godt utbygd samband med god kapasitet vil det ligge til rette for større grad av fjernovervaking og styring av anlegg i området. I nokon grad vil dette bidra til mindre behov for å vera fysisk til stade i området. Det bør settast vilkår for gjennomføring.

www.svr.no Saksbehandler Jørn Trygve Haug Side 9 av 9