DEN NORSKE KYRKJA sokneråd

ÅRSMELDING 2020

Medlemstal i Den norske kyrkja, Hafslo sokn: 02.03.2021: 1334 medlemer.

Soknerådet: Soknerådet har hatt 7 møter, der eitt var felles med Fet/Joranger og , og handsama 32 saker. Nokre medlemar av soknerådet vart involverte i tilsetjinga av ny prest. 13. november vart det kunngjort at det ikkje vart tilsetjing, så det kjem ny utlysing vår -21.

Soknerådet har vore samansett slik: Grete Marie Skårhaug Solvi: leiar Ester Tornstad Oklevik: nesteleiar, trusopplæringsutval Jan-Erik Røneid: kasserar Solveig Høyheim: sekretær, kontaktperson Kirkens Nødhjelp Arvid Heggestad: representant kyrkjelege fellesråd Vidar Nes: kontaktperson for Jarle Ovrid: var 1. vara, men kom inn som medlem 25.02.21 då Helene Erfjord søkte om fritak. Vidar Nes Mygland: prest fram til 01.08.20, så tok Trond Fr. Johansen over.

Varamedlemar: Marit Nondal 2. vara Eva vibeke Tangen 3. vara Terje Brunberg 4. vara

Tilsette medarbeidarar: Sokneprest Trond Fr. Johansen. Kyrkjemusikarar: Roland Johansson og Helene Myklemyr Bolstad, tilsett i kvar sin 80% stilling. Kyrkjelydssekretær: Øygunn Elin Saur, 8% Kyrkjetenar: Kai Inge Cirotzki, 40% Veitastrond: styret i Veitastrond kapell organiserer dei tenestene som før vart utført av kyrkjetenar. Kyrkjeverje: Morten Rørstadbotten. Soknediakon: Gethe Bondevik, for heile kommunen. Administrasjonskonsulent, Luster kyrkjelege fellesråd: Øygunn Elin Saur, 50% Trusopplæringsleiar: Monica Ugulsvik, gjekk ut i permisjon juli 2020. Henriette Krogh Harberg er vikar for Monica t.o.m 31.12.21. Redaktør for Kyrkje og Heimbygd: Helene Myklemyr Bolstad

Utval: Diakoniutval: Svein og Astrid Øygard, Harald Hess

Andre utvalsrepresentantar: Representant i redaksjonsnemnda for Kyrkje & Heimbygd for Hafslo: Karin Johansen Kontaktperson for Kirkens SOS : Elen Øygard. Representant i diakoninemd for Luster: Elen Øygard

Revisorar: Oddstein Haugen og Jan Magne Søhoel.

DEN NORSKE KYRKJA Hafslo sokneråd

Kyrkja og kyrkjegarden: Me planlagde dugnad på kyrkjegarden, men grunna dette spesielle året med covid -19, vart den avlyst. Soknerådsmedlemane hadde ein uoffisiell dugnad i tillegg til nokre andre som vart med. Det vart slege og raka, benkene vart vaska og plasserte ut, og så vart det fiksa litt på muren. Dugnadsgjengen som steller på utsida av murane, gjer ein flott jobb heile sommaren med å halda området fint. Dette gjer at fleire kan nytta nedsida av kyrkjegardsmuren som eit rekreasjonsområde. Desse karane fekk ein velfortent blomsterhelsing til jul.

Offer og innsamlingar: Offer i kyrkja: kr 17 100,- Av dette var kr 641,- til kyrkjelydsarbeid, og 1959.- til konfirmantarbeid. Ved fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp 15. mars vart det samla inn kr 17791.- Denne vart avvikla digitalt i år.

Gudstenester og konsertar: I 2020 vart det halde 25 gudstenester i soknet (inkl. dåps- og konfirmasjonsgudstenester). Av desse var 5 på Veitastrond. .Av alle gudstenestene var det éi familiegudsteneste utanom julafta. Det har vorte halde 0 kyrkjekonsertar. Hafslo songlag spelte inn ein julekonsert som vart lagt på youtube. På Hafslo vart det avvikla tre skulegudstenester til jul i samfunnssalen. Samla tal deltakarar ved dei 25 gudstenestene var 1121. I 6 gudstenester var det nattverd. Samla tal på nattverdgjester var 121. 16 born vart døypte i soknet. Det har vore 10 gravferder. 25 ungdomar vart konfirmerte. Det var 2 vigsler i soknet dette året.

Trusopplæring Babysang arrangert for heile kommunen i bedehus våren 2020 og hausten 2021. Utdelinga av 4 - og 6 - års bøker vart avlyst, så desse vart sendt ut i posten. 10 - års bibelen vart også sendt i posten. Adventsamlingar i Hafslo barnehage på tre avdelingar og fire adventsamlingar i Gamlestova barnehage. 1. til 4. klasse ved Hafslo barne og ungdomsskule hadde ei felles adventsamling. Dei andre arrangementa måtte avlysast grunna Covid-19.

Konfirmantar: 25 konfirmantar vart konfirmerte 26. og 27. september. Soknerådet delte ut kvar si rose til konfirmantane med korthelsing. Konfirmantane har samlingar annakvar tysdag på bedehuset rett etter skuleslutt og dei har tenesteoppgåver i kyrkjelyden gjennom konfirmantåret.

Misjonsprosjekt: Soknerådet har misjonsavtale med Normisjon frå 2008. Midlane går til støtte for barneheimar og dagsenter for funksjonshemma born og ungdomar i Nepal.

Barne- og familiearbeid: Alle born som vert døypte i soknet får eit dåpslys og ein dreia lysestake som gåve frå kyrkjelyden på dåpsdagen. Namn og dåpsdato er inngravert. Ein prøver vidare å halda kontakt med dei døypte og familiane deira ved ei helsing frå kyrkjelyden på 1, 2 og 3- års dåpsdag.

Anna barnearbeid:

DEN NORSKE KYRKJA Hafslo sokneråd

Knøttekoret og Torsdagsklubben er aktivitetar for born som føregår ved Lyngmo ungdomssenter. Kjellargjengen møtest annakvar torsdag i bedehuskjellaren. Klubben blir driven av frivillege medarbeidarar, og er for barn frå 5. klasse og oppover. Dei har mange aktivitetar, m.a. restaurantkveld, filmkveld, hobby, misjonskveld, vennekafé og utekveld. Faste postar er andakt og kveldsmat. Dette er del av barnearbeidet til soknet, men alt dette har også i 2020 vore prega av covid -19.

Song- og musikkarbeid: Hafslo songlag har delteke ved to gudstenester, julgudstenesta og éi til. Gunta Tarta er leiar av songlaget.

Luster barnegospel: Charles og Bodil Brennesvik og Hermund Alme driv gospelkoret. Her er born frå 1 klasse og oppover med. Gospelkoret deltok på julekonserten i kyrkja. Her har også vore avgrensa aktivitet.

Diakonalt arbeid: Jubilantar på 80 år og eldre får kvart 5. år vitjing av ein av medlemene i diakoniutvalet som har med blomehelsing frå kyrkjelyden. Soknediakonen har tilbod om kontakt og vitjing til pårørande ved dødsfall. Presten har vore jamnleg på omsorgssenteret med andakt og song/musikk. Soknerådet takkar omsorgssenteret for godt samarbeid og den tilrettelegginga dei gjer for at dette vert så vellukka og fine stunder.

Tilstellingar: Ein har ikkje kunna gjennomført tilstellingar pga covid -19. Det var kyrkjekaffi etter gudstenestena i februar.

Opa kyrkje: Det har ikkje vore halde opa kyrkje i 2020.

Misjonsarbeid: På Hafslo er det 5 misjonsforeiningar: NLM, NMS, Normisjon, Den norske sjømannsmisjon og Samemisjonen. På Veitastrond er det éin misjonsforeining, tilknytta Normisjon.

Bårehuset: 14. oktober var det opning av kyrkjegardshuset. Først var det ei lita preik med prest og prost, og så var det opning ved ordførar med påfølgjande kaffi og kake.

Kiming: Julafta kimer organisten med klokkene.

Soknerådet er takksame for alle som stiller opp og gjer ei teneste for kyrkjelyden og kyrkja. Dette er med å skapa samhald og liv i kyrkja vår.

Hafslo sokneråd 3. mars 2021.

DEN NORSKE KYRKJA Hafslo sokneråd