Faun rapport 038-2008

Tiltaksanalyse for Tokke-Vinje vassområde Del II dei enkelte vassførekomstane

Oppdragsgjevar: Tokke og Vinje kommunar

Helge Kiland Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Faun rapport 038-2008:

Tittel: Tiltaksanalyse for Tokke-Vinje vassområde del II Forfattar: Helge Kiland

Tilgang: Fri

Oppdragsgjevar: Tokke og Vinje kommunar Prosjektleiar: Helge Kiland Prosjektstart: 1. 5.2008 Prosjektslutt: 1.11.2008

Referat: Denne rapporten er del II i Tiltaksanalysen for Tokke-Vinje vassområde og tek for seg vassførekomstar som er under risiko eller mogleg risiko for ikkje å oppnå målet i Vassdirektivet om god kjemisk og økologisk tilstand innan 2015. Del I er den generelle delen, med oversikt over miljøtilstand, miljømål, tiltak, prioritering og verknader av tiltak. Tiltaksanalysen skal gje grunnlag for Forvaltningsplanen for vassregion 2 Vest, som skal ut på høyring frå 1.1.2009. Forvaltningsplanen blir utarbeidd i samsvar med EU sitt vassdirektiv og skal vera retningsgjevande for all sektoriell forvaltning som har verknad for tilstanden i vassdraga.

Samandrag: I Tokke-Vinjevassdraget er det karakterisert 166 vassførekomstar. 61 av dei er nærare omtala i denne rapporten. 42 av dei er under risiko og 13 under mogleg risiko for ikkje å nå målet om god økologisk tilstand. 45 av førekomstane er karakterisert som sterkt modifiserte pga vassdragsregulering. Minstevassføring, fysiske forandringar i elvane og fyllingskrav i magasina er nokre av dei mest aktuelle tiltaka for å nå ein betre tilstand. Dato: 4.11.2009 Tal sider: 86

Kontaktopplysningar Faun Naturforvaltning AS: Post: Fyresdal Næringshage 3870 FYRESDAL Internet: www.fnat.no E-post: [email protected] Telefon: 35 06 77 00 Telefax: 35 06 77 09

Kontaktopplysningar forfattar: Namn: Helge Kiland E-post: [email protected] Telefon: 35 06 77 03

2 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Tiltaksanalyse for Tokke-Vinje vassområde, del II

Forord Faun Naturforvaltning ved underteikna er engasjert av Tokke og Vinje kommunar til å bistå kommunane under revisjonssaka for Tokke-Vinjevassdraget, som blei opna i 2007. Norges Vassdrags- og Energidirektorat har godkjent at saka blir samkøyrt med Forvaltningsplanen etter Vassdirektivet, som skal vera godkjent hausten 2009. Forvaltningsplanen byggjer på tiltaksanalysar for vassområda, og underteikna blei hausten 2008 også engasjert til å skrive tiltaksanalysen for vassområdet.

Tiltaksanalysen skal ikkje formelt vedtakast, men har vore til behandling i Arbeidsgruppa for vassdirektivet og i Kraftutvalet for Tokke og Vinje kommunar. Med i arbeidsgruppa har vore Olav Bjørn Bakken, Sverre Bakke og Helen Kvåle frå Tokke kommune, Hans Kristian Lehmann og Jon Tvitekkja frå Vinje kommune, Jostein Kristiansen og Arne Erlandsen frå Statkraft, Grethe Helgås frå NVE Sør og Arne Kjellsen frå Fylkesmannen i Telemark.

Fyresdal, 3.11.2008

Helge Kiland

3 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Innleiing Denne delen er del II i Tiltaksanalysen for Tokke-Vinje vassområde. Her blir det gitt ein omtale av eit utval vassførekomstar. I Vann-Nett (http://vann-nett.nve.no) er det karakterisert 166 vassførekomstar i vassområdet. Alle vassførekomstane med risiko eller mogleg risiko er valde ut for nærare omtale. Risikoen er vurdert i høve til sjansen for ikkje å nå målet om god økologisk tilstand i løpet av fyrste planperiode (2009 – 2015). Enkelte førekomstar under kategorien ingen risiko er også tekne med. Det er førekomstar som på eit eller anna vis er påverka av kraftutbygginga i Tokke-Vinjevassdraget, der det kan bli registrert krav under vilkårsrevisjonen. Typiske døme på slike førekomstar er vatn som er oppdemt, men som ikkje blir regulert (permanent oppdemming).

Kvar vassførekomst har fått eit nummer, som er det nummeret førekomsten har fått i Vann- Nett. I tillegg har kvar førekomst også eit vassdragsnummer som ikkje er attgjeve her, men som også kan hentast frå Vann-Nett. I enkelte tilfelle har ein funne det føremålstenleg å dele ein vassførekomst i fleire avsnitt.

Krav om god økologisk tilstand skal i følgje Vassdirektivet gjelde for alle naturlege vassførekomstar. For sterkt modifiserte vassførekomstar (SMVF) gjeld målet om godt økologisk potensial, som er definert som det beste ein kan oppnå etter at realistiske avbøtande tiltak er gjennomført. I tillegg til generelle mål (godt økologisk potensial eller god økologisk tilstand) er det i mange tilfelle sett opp meir spesifikke miljømål. Krava i Vassdirektivet gjeld tilstanden i vatnet (økologisk/kjemisk tilstand). Under revisjonsprosessen har det kome inn mange andre innspel og krav som strengt teke ikkje høyrer med her. Døme landskapsestetiske tilhøve. Me har likevel vald å ta med slike mål og tiltak også, for at dokumentet skal ha meir nytte under revisjonssaka.

4 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Vurderte vassførekomstar

Namn Tilstand SMVF Liåi Mogleg risiko Sauråi Mogleg risiko Lognvikvatn Risiko Tansvatn Mogleg risiko Tansåi Ingen risiko Kroktjønnbekken Mogleg risiko Skogstøylbekken Mogleg risiko Bitdalsvatn Risiko X Bitu Risiko X Kvikkevatn Ingen risiko Kvikke Risiko X Vååi Risiko X Songavatn Risiko X Songa Risiko X Årmotvatni Ingen risiko Bora 1 Risiko X Bordalsvatn Risiko X Bora 2 Risiko X Venemo Risiko X Bora 3 Risiko X Rafdøla Risiko X Ståvatn/Ulevåvatn Risiko X Kjela 1 Risiko X Kjelavatn Risiko X Eivindbuvatn Mogleg risiko Arbuvatn Mogleg risiko Vågslivatn Mogleg risiko Kjela 2 Risiko X Hyljelihylen Risiko Kjela/Flothylåi Risiko X Langesæ Risiko X Langesæåi Risiko X Førsvatn Risiko X Førsvassåi Risiko X Grunnevassåi Risiko X Gurivatn Ingen risiko Vrångevatn Ingen risiko Langeidvatn Risiko X Vatjønn Mogleg risiko X Kuvad Mogleg risiko X Vae Risiko X Kolldalsbekken Risiko X Tveitevatn Mogleg risiko X Grungevatn Mogleg risiko X Smørkleppåi Mogleg risiko X Vinjevatn Risiko X Våmarvatn Risiko X Kåvsåi Risiko X Totak Risiko X Tokke Risiko X Tokkeåi/Vinjeåi Risiko X Tokkeåi frå Lio Risiko X Berdalsåi Risiko X Byrtevatn Risiko X

5 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Mosåi/Rukkeåi Risiko X Bessåi Risiko X Strandstøyldalsvatnet Ingen risiko Smogåi Risiko X Botnedalsvatnet Risiko X Frolandsåi Risiko X Dalåi Risiko X

Vassførekomst: 016-213-R Liåi

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Lita elv, kalkfattig, humuspåverka Tilstand 2008: Mogleg risiko Området: Elva renn ut i Podden på nordsida av Tansvatn og er ca 10 km lang. Øvre del av vassdraget er mest prega av myrar med noko spreidd hyttebygging. Brukarinteresser: • Resipient for avløp frå spreidd hyttebygging Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Nedre del av elva renn gjennom Rauland sentrum og kan her vera påverka av episodar med overløp frå pumpestasjonar i det kommunale avløpsnettet. • Riksveg 37 • Rauland sentrum (kommunale avløp) Fysisk påverknad: • Ingen tydeleg fysisk påverknad. Elva er ikkje regulert Vasskvalitet: • Prøver viser noko kolibakteriar (dårleg tilstand). Normale verdiar for fosfor og nitrogen. Biologisk påverknad: • Mykje ørekyt etter at arten fyrst blei påvist tidleg på 1980-talet Miljøgifter: Ikkje målt. Det er ingen potensielle kjelder for slike utslepp Miljømål: • God økologisk tilstand Korleis betre tilstanden? Vurdering: Etter ei sanering av private avløp, synes vasskvaliteten i Liåi å vera stort sett under kontroll. Tilgroing i våtmarksområdet Podden kan delvis skuldast tilførsel av næringsstoff med Liåi Forslag til tiltak: Ansvar: Kontroll med kommunalt avløpsnett Vinje kommune Grunnlag:

6 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Liåi, frå Vann-Nett

Vassførekomst: 016-196-R Sauråi

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Lita elv, kalkfattig, humuspåverka Tilstand 2008: Mogleg risiko Området: Landskapsregion 12 Fjell og dalbygdene i og Telemark.. Elva, som er ca 25 km lang, kjem frå platået mot Møsvatn. Nedbørfeltet er prega av tyngre reiseliv, med hotell, skianlegg og mange hytter. Brukarinteresser: • Turisme • Tyngre reiseliv • Landbruk • Vassforsyning (drikkevatn, uttak Oksatjønn) Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Jordbruk • Avløp frå spreidd busetnad/hyttefelt • Reiseliv (Rauland høgfjellshotell, Vierli) Fysisk påverknad: • Riksveg 37 Vasskvalitet: • Nedre del av Sauråi har særleg høge verdiar av lettilgjengelege næringssalt, noko som medfører sterk algevekst i denne delen av elva. Biologisk påverknad: • Ørekyt Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • God økologisk tilstand Korleis betre tilstanden? Vurdering: Intensivt jordbruk med avrenning gjennom kanal ut i Sauråi synes å ha ein klar verknad på vasskvaliteten i elva. Drikkevassreservoaret i Oksatjønn er bandlagt med vernesone.

7 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Forslag til tiltak: Ansvar: • Oppfølging av Forskrift om handtering Vinje kommune og bruk av husdyrgjødsel

Grunnlag: Berge, D. 2005. Rapport fra befaring ved Lognvikvatnet i Vinje kommune 18. august 2005. Brev med kopi til Vinje kommune, Fylkesmannen og SFT, 8 s.

Sauråi, frå Vann-Nett

Vassførekomst: 016-89-L Lognvikvatn

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Lite – middels stort vatn, kalkfattig, klart Tilstand 2008: Risiko Området: Landskapsregion 12 Fjell og dalbygdene i Agder og Telemark. Granskog i sør, jordbruk på nordsida av vatnet. Småkupert terreng. Vatnet er ca 4000 da stort. Brukarinteresser: • Skogbruk • Turisme • Jordbruk/beite • Bading/friluftsliv Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Jordbruk/skogbruk • Avløp frå spreidd busetnad/hyttefelt • Reiseliv Fysisk påverknad: • Fylkesveg 801

8 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Vasskvalitet: • Vassprøver viser høge verdiar av fosfor og klorofyll a. Biologisk påverknad: • Ørekyt og stingsild Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • God økologisk tilstand • God vasskvalitet, dvs fosforinnhald under 10 mikrogram/l • Reine strender og god badekvalitet Korleis betre tilstanden? Vurdering: Overforbruk av husdyrgjødsel på jorde med dårleg drenering og høgt grunnvatn har påverka vatnet sterkt og gitt sterk algevekst, særleg i området mellom Hamarsnes og Laupet. Badestrender blir øydelagde, og i periodar med intensiv gjødselspreiing kan tarmbakteriar gje helserisiko ved bading. Kravet til spreieareal og handtering av husdyrgjødsel må følgjast opp.

Forslag til tiltak: Ansvar: • Oppfølging av Forskrift om handtering Vinje kommune og bruk av husdyrgjødsel

Grunnlag: Berge, D. 2005. Rapport fra befaring ved Lognvikvatnet i Vinje kommune 18. august 2005. Brev med kopi til Vinje kommune, Fylkesmannen og SFT, 8 s.

Lognvikvatn. Frå Vann-Nett

Vassførekomst: 016-67298-L Tansvatn

9 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Lite – middels stort vatn, kalkfattig, klart Tilstand 2008: Risiko Området: Landskapsregion 12 Fjell og dalbygdene i Agder og Telemark. Granskog, noko jordbruk. Småkupert terreng. Vatnet er 1150 da stort. Brukarinteresser: • Skogbruk • Turisme • Jordbruk/beite • Våtmarksområde Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Jordbruk/skogbruk • Avløp frå spreidd busetnad/hyttefelt Fysisk påverknad: • Vasskvalitet: • Påverka av avrenning frå jordbruk og spreidde avløpsanlegg Biologisk påverknad: • Ørekyt Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • God økologisk tilstand • Godt fiske • Ta vare på våtmarksområdet Pollen for fuglelivet • Redusere tilgroing Korleis betre tilstanden? Vurdering: Tansvatn heng saman med Lognvikvatn, og blir også påverka av vasskvaliteten i det vatnet. Prøvefiske i 2000 synte relativt god vekst og kondisjon hos auren. Også noko røye. Våtmarksområdet i Podden dreg truleg fordel av tilførsla av gjødselstoff og tilgroing. Miljømål kan derfor vera i konflikt med kvarandre.

Forslag til tiltak: Ansvar: • Tiltak overfor jordbruksavrenning Vinje kommune

Grunnlag: Tranmæl, E. og L. Midttun 2005. Ungfiskundersøkelser i regulerte magasin i Tokke og Vinje kommune. Rapport Statkraft, 54 s + vedlegg. Kiland, H. 2000. Ei vurdering av fisken i Tansvatn og Lognvikvatn ut i frå prøvefiske, Sørnorsk Økosenter.

10 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Tansvatn. Frå Vann-Nett

Vassførekomst: 016-217-R Tansåi

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Lita elv, kalkfattig, klar Tilstand 2008: Ingen risiko Området: Elv frå Tansvatn til Totak, ca 1 km lang. Landskapsregion 12 Fjell og dalbygdene i Agder og Telemark. Brukarinteresser: • Sauebeite • Nærturområde • Fiske • Rasteplass/riksveg 37 Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Jordbruk • Avløp frå spreidd busetnad/hyttefelt Fysisk påverknad: • Riksveg 362 Vasskvalitet: • Noko påverka av avrenning frå jordbruk/spreidde avløpsanlegg Biologisk påverknad: • Ørekyt (mykje) Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • God økologisk tilstand • Ta vare på gytevilkåra for storaurestamme i Totak Korleis betre tilstanden?

11 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Vurdering: Opplysningar om vasskvaliteten i Tansåi er ikkje gitt. Viktigaste gyteelv til Totak. Også gytebestand av storaure. Fiskereglar med fredingssone blei innført som ei prøveordning. Bør evaluerast og eventuelt fornyast. Naturleg elv med stor gyteaktivitet.

Forslag til tiltak: Ansvar: • Tiltak overfor jordbruksavrenning Vinje kommune • Fiskereglar Fylkesmannen Grunnlag: Tranmæl, E. og L. Midttun 2005. Ungfiskundersøkelser i regulerte magasin i Tokke og Vinje kommune. Rapport Statkraft, 54 s + vedlegg.

Tansåi, frå Vann-nett

Vassførekomst: 016.BG112 Kroktjønnbekken og Skogstøylbekken

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Lita elv, kalkfattig, klar Tilstand 2008: Moderat Området: Bekkar på Raulandstronda. Landskapsregion 12 Fjell og dalbygdene i Agder og Telemark. Brukarinteresser: • Sauebeite • Nærområde for tur med vidare Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Jordbruk • Avløp frå spreidd busetnad Fysisk påverknad: • Riksveg 362 Vasskvalitet: • Ingen prøver er tekne

12 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Biologisk påverknad: • Ørekyt Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • God økologisk tilstand Korleis betre tilstanden? Vurdering: Ingen merkbare påverknader er registrert, men bekkane ligg sentralt til og kan vera utsette for ei viss tilførsle frå landbruk (diffus avrenning) og frå spreidd busetnad Forslag til tiltak: Ansvar: • Kopling til kommunalt reinseanlegg Vinje kommune

Grunnlag:

Kroktjønnbekken og Skogstøylbekken, frå Vann-Nett

Vassførekomst: 016-64-L Bitdalsvatn

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Stort vatn, kalkfattig, klart Tilstand 2008: Risiko, SMVF Området: Bitdalsvatn (5500 da) er langt og smalt og omgitt av bratte fjell på båe sider. Elva Bitu renn inn i vatnet frå vest. Landskapsregion 15 Lågfjellet i Sør-Noreg. Brukarinteresser: • Vasskraft • Sauebeite/beite for storfe • Rypejakt • Fiske Påverknad

13 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Menneskeleg aktivitet: • Bruk av beite • Noko bruk av hytte tilhøyrande Telemark landbruksselskap Fysisk påverknad: • Bitdalsvatn er regulert 35 m (27 m opp, 8 m ned). Vatnet blir overført til Songavatnet. Vasskvalitet: • God Biologisk påverknad: • Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • Oppretthalde grunnlaget for ein god kvalitet på fisken i vatnet • Godt økologisk potensial Korleis betre tilstanden? Vurdering: Tidlegare fiskeundersøkingar har konkludert med at fisken har god kvalitet og god vekst, men at bestanden synes noko tynn. Ei god gyteelv i vest. Utsetting årleg i sørenden av vatnet. Skjoldkreps er ikkje påvist. Ca 50 % av fisken var utsett fisk. Forslag til tiltak: Ansvar: • Ingen

Grunnlag: Saltveit, S. J.og Å. Brabrand 2008. Fiskeribiologiske undersøkelser av Songa og Bitdalsvatn i 2007. Rapp. 263, Lab. ferskv. økol. innlandsfiske, 27 s. Tranmæl, E. og L. Midttun 2005. Ungfiskundersøkelser i regulerte magasin i Tokke og Vinje kommune. Statkraft, rapport 54 s + vedlegg. Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Rapport 51 s + vedlegg

Bitdalsvatn, frå Vann-Nett

14 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Vassførekomst: 016-184-R Bitu

Vassområde: Tokke- Vasstype: Lita elv, kalkfattig, klart vatn Vinjevassdraget Tilstand 2008: Risiko, SMVF. Området: Elva er ca 13,3 km lang, kjem frå Bitdalsvatn og renn ut i Totak i Raulandsgrend. Det er relativt slakt terreng med mykje myrar. Minstevassføring er ikkje pålagt. Det er bygd 12 tersklar pålagde gjennom skjønn. Brukarinteresser: • Elva ligg lett tilgjengeleg frå vegen over til Kråmviki, og frå reiselivet i Rauland er det uttrykt stor interesse for å gjera noko med elva som sportsfiskeelv. Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Noko jordbruk med fellesbeite på Englandsmoen • Hytter • Alpinanlegg • Avløp frå spreidd busetnad Fysisk påverknad: • Vassføringa er sterkt redusert som følgje av reguleringa av Bitdalsvatn. Riksveg 362 kryssar elva i bru i Raulandsgrend. Vasskvalitet: • Ingen verdiar utover kravet til god tilstand er registrert Biologisk påverknad: • Ørekyt Miljøgifter: Ikkje målt. Det er ingen potensielle kjelder for slike utslepp Miljømål: • Gjera elva attraktiv som fiskeelv og som gyteområde for auren i Totak Korleis betre tilstanden? Vurdering: Ei lita vassmengde spreidd utover eit relativt breitt elvelaup gjev få standplassar og leveområde for større fisk. Undersøkingar gjort for Statkraft konkluderer med at elva har eit stort forbetringspotensiale når det gjeld habitatforbetrande tiltak. Forslag til tiltak: Ansvar: • Pålegg om NVE gjennom vilkårsrevisjonen minstevassføring • Fysiske tiltak i elvelaupet, som innsnevring av elva, Statkraft i samarbeid med NVE. Eventuelt etter pålegg graving av kulpar, gjennom vilkårsrevisjonen utlegging av stor stein med vidare • Tilrettelegging for sportsfiske gjennom fiskekortordningar og Rauland Turist i samarbeid med grunneigarane informasjonstiltak

15 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Grunnlag: Statkraft 2005. Status for Tokke-Vinjereguleringa. Tranmæl, E. og Midttun, L. 2005. Ungfiskundersøkelser i regulerte magasin i Tokke og Vinje kommune. Statkraft.

Bitu, frå Vann-Nett

Vassførekomst: 016-197-R Kvikkevatn

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Lite vatn, kalkfattig, klart vatn Tilstand 2008: Ingen risiko Området: Kvikkevatn er under 500 da stort og ligg 1150 moh i fjellet nord for Totak. Landskapsregion 15 Lågfjellet i Sør-Noreg. Brukarinteresser: • Vasskraft • Sauebeite Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Liten aktivitet Fysisk påverknad: • Kvikkevatn er oppdemt og vatnet overført til Bitdalsvatn. Vatnet blir ikkje manøvrert. Vasskvalitet: • Vassprøver har synt varierande pH, frå 4,7 til 6,1. Biologisk påverknad: • Ingen kjente Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • God økologisk tilstand Korleis betre tilstanden?

16 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Vurdering: Tilsynelatande gode gyte- og oppvekstvilkår i Kvikkeåi oppstraums vatnet. Men klimatiske tilhøve kombinert med periodevis surt vatn kan ha redusert rekrutteringa. Forsøk med andre aurestammar som har betre toleranse for surt vatn har vore tilrådd. Forslag til tiltak: Ansvar: • Ingen

Grunnlag: Tranmæl, E. og L. Midttun 2005. Ungfiskundersøkelser i regulerte magasin i Tokke og Vinje kommune. Statkraft, rapport 54 s + vedlegg. Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Rapport 51 s + vedlegg

Kvikke, frå Vann-Nett

Vassførekomst: 016-197-R Kvikke

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Lita elv, kalkfattig, klart vatn Tilstand 2008: Risiko, SMVF Området: Elv på nordsida av Totak. Landskapsregion 15 Lågfjellet i Sør-Noreg. Bratt elv, nokre kulpar heilt nedst mot vatnet. Lengde ca 4 km. Brukarinteresser: • Vasskraft • Sauebeite Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Riksveg 362 langs Totak Fysisk påverknad: • Sterkt redusert vassføring. • Riksveg 362

17 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Vasskvalitet: • God Biologisk påverknad: • Ørekyt Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • Godt økologisk potensial Korleis betre tilstanden? Vurdering: Elva er truleg av liten verdi for auren i Totak grunna lita vassføring og stort fall + mykje stor stein. Vandringshinder ved bru riksveg 362. Forslag til tiltak: Ansvar: • Ingen

Grunnlag: Tranmæl, E. og L. Midttun 2005. Ungfiskundersøkelser i regulerte magasin i Tokke og Vinje kommune. Statkraft, rapport 54 s + vedlegg. Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Rapport 51 s + vedlegg

Vassførekomst: 016-185-R Vååi

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Lita elv, kalkfattig, klart vatn Tilstand 2008: Risiko, SMVF Området: Elv på nordsida av Totak. Landskapsregion 15 Lågfjellet i Sør-Noreg. Bratt elv, mange parti med stryk. Lengde ca 3 km. Brukarinteresser: • Vasskraft • Sauebeite • Hytter Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Riksveg 362 langs Totak • Gardsbruk på Vå • Uttak av masse frå Våtippen • Sauebeite Fysisk påverknad: • Sterkt redusert vassføring. • Riksveg 362 Vasskvalitet: • God Biologisk påverknad: •

18 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • Godt økologisk potensial Korleis betre tilstanden? Vurdering: Elva er truleg av liten verdi for auren i Totak grunna lita vassføring og stort fall. Forslag til tiltak: Ansvar: • Ingen

Grunnlag: Tranmæl, E. og L. Midttun 2005. Ungfiskundersøkelser i regulerte magasin i Tokke og Vinje kommune. Statkraft, rapport 54 s + vedlegg. Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Rapport 51 s + vedlegg

Vååi, frå Vann-Nett

Vassførekomst: 016-10-L Songavatn

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Stort vatn, kalkfattig, klart Tilstand 2008: Risiko, SMVF Området: Songavatnet (974 moh) er 30 kvadratkilometer stort og skapt ved oppdemming av fleire vatn til eitt stort magasin. Landskapsregion 15 Lågfjellet i Sør-Noreg. Nær vatnet er det ein del bjørkeskog, elles snaufjell. Viktige gyteelvar er Songa/Storhelleråi, Sterra, Valasjååi og Grønåi. Brukarinteresser: • Vasskraft • Fotturisme • Fiske • Reinsjakt og rypejakt

19 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Veg til Songadammen. • Kurssenter/brakkeleir tilhøyrande Statkraft. • Hyttebygging. • Båttrafikk/fiske på vatnet • Villreinjakt/rypejakt • Turisthytter (Tri opne hytter i Berunuten, høyrer til Vinje kommune) Fysisk påverknad: • Vatnet er regulert 35 m (opp 34,5 m, ned 0,5 m). Skal ha vore ein særs flott dal, med noko av det beste fisket i Sør-Noreg. Vasskvalitet: • God Biologisk påverknad: • Ørekyt Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • Ta vare på næringsgrunnlaget for aure • Ta vare på bestand av skjoldkreps • Redusere inntrykket av skjemmande eroderte strender i turistsesongen Korleis betre tilstanden? Vurdering: Songavatnet blir mykje bruka til fiske og som innfallsport for vidda vidare innover. Kommunen har ein større eigedom, Berunuten, på nordsida av vatnet. Anna fyllingsmønster i 2005-2006 kan ha redusert innslaget av skjoldkreps betydeleg. Ved låg vasstand fungerer dei tidlegare oppdemte vatna som eigne vatn, med dei gamle elvestrekningane imellom. Desse strekningane kan også gje vilkår for gyting i magasinet. Ulik reguleringsgrad frå vatn til vatn kan gje grunnlag for bevaring og ny kolonisering av skjoldkreps i resten av magasinet. Prøvefiske har konkludert med at rekrutteringa av aure er god. Fleire innspel om betre vilkår for ferdsel på magasinet og for utsetting og bruk av båt, manøvreringsreglement, merking og informasjon, opprydding, eroderte strender/skjemmande inntrykk. Forslag til tiltak: Ansvar: • Fyllingskrav NVE/Vilkårsrevisjonen

Grunnlag: Brabrand, Å. 2007. Virkning av lav sommervannstand på fisk i reguleringsmagasiner. LFI, Rapport 249, 54 s. Tranmæl, E. og L. Midttun 2005. Ungfiskundersøkelser i regulerte magasin i Tokke og Vinje kommune. Statkraft, rapport 54 s + vedlegg. Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Rapport 51 s + vedlegg

20 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Songavatnet, frå Vann-Nett

Vassførekomst: 016-164-R Songa

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Lita elv, kalkfattig, klart vatn Tilstand 2008: Risiko, SMVF Området: Songa kjem frå Songavatnet og renn ned til Totak. Fyrst gjennom eit platå med mykje myr, deretter det siste stykket gjennom ein trong og bratt dal. Landskapsregion 15 Lågfjellet i Sør-Noreg. Vegetasjonen er dominert av myrar og bjørkeskog. Brukarinteresser: • Vasskraft • Fotturisme • Beite Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Veg til Songadammen. • Riksveg 362 kryssar elva nede i enden mot Totak • Hyttebygging. • Turistløype opp dalen forbi Urdbøglupen Fysisk påverknad: • Sterkt redusert vassføring. • Riksveg 362 kryssar elva i bru. Vasskvalitet: • God Biologisk påverknad: • Ørekyt Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • Betre fiskeelv • Betre synsinntrykk Korleis betre tilstanden?

21 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Vurdering: Songa har eit naturleg vandringshinder som reduserer elva som gyte- og oppvekstområde for auren i Totak. Noko gyting kan skje i utlaupet av elva, men substratet er ikkje ideelt. Elva er lett tilgjengeleg og godt synleg frå riksveg 362. Innspel om tetting av lekkasje frå Urdbøtjønni til ura. Forslag til tiltak: Ansvar: • Minstevassføring NVE/Vilkårsrevisjonen

Grunnlag: Tranmæl, E. og L. Midttun 2005. Ungfiskundersøkelser i regulerte magasin i Tokke og Vinje kommune. Statkraft, rapport 54 s + vedlegg. Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Rapport 51 s + vedlegg

Songa, frå Vann-Nett

Vassførekomst: 016-12118-L Årmotvatni

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Lite – middels stort vatn, kalkfattig, klart Tilstand 2008: Ingen risiko Området: Årmotvatni ligg ca 1200 moh og er 1130 da stort. Landskapsregion 15 Lågfjellet i Sør-Noreg, Vestvidda. Snaufjell. Brukarinteresser: • Fiske • Fotturisme • Vasskraft Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Fotturisme • Jakt Fysisk påverknad: • Poddevatn er overført til Årmotvatni, som igjen er overført til Storhellervatnet og Songa. Utløpselva Bora er stengt med dam og det nedre Årmotvatnet er demt opp slik at det

22 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

heng saman med øvre Årmotvatn via ein kanal som er graven ut. Vasstanden blir ikkje manøvrert. Vasskvalitet: • God Biologisk påverknad: • Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • God økologisk tilstand Korleis betre tilstanden? Vurdering: Etter at elva mellom dei to vatna forsvann etter oppdemming er gytevilkåra heller dårlege. Bestanden er av god kvalitet, men avhengig av utsetting. Statkraft har eit årleg pålegg om utsetting av 500 einsomra settefisk. Innspel om sletting av anleggsveg Årmot - Prestegard Forslag til tiltak: Ansvar: • Ingen

Grunnlag: Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Rapport 51 s + vedlegg Tranmæl, E. og L. Midttun 2005. Ungfiskundersøkelser i regulerte magasin i Tokke og Vinje kommune. Statkraft, rapport 54 s. + vedlegg.

Årmotvatni, frå Vann-Nett

23 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Vassførekomst: 016-179-R Bora 1

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Lita, svært kalkfattig, klar elv Tilstand 2008: Risiko, SMVF Området: Elv mellom Årmotvatni og Bordalsvatn . Landskapsregion 15 Lågfjellet i Sør- Noreg, Vestvidda. Snaufjell med noko vier og dvergbjørk langs vassdraget. Ca 9,4 km Brukarinteresser: • Fiske • Fotturisme • Vasskraft Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Anleggsveg som ikkje lenger er i bruk Fysisk påverknad: • Redusert vassføring etter overføring til Songa. Ein del tilskot frå uregulerte delar av nedbørfeltet, som Mannevatn. Vasskvalitet: • God Biologisk påverknad: • Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • Betre fiske/meir attraktiv fiskeelv Korleis betre tilstanden? Vurdering: Bare den nedste delen av elva, ca 58 m frå Bordalsvatn ved HRV er brukbar som gyteelv for auren i Bordalsvatn. Eit mindre vatn, Sandvatn har redusert vasstand som følgje av reguleringa. Forslag til tiltak: Ansvar: • Terskel i utlaupet av Sandvatn NVE/Statkraft Grunnlag: Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Rapport 51 s + vedlegg Tranmæl, E. og L. Midttun 2005. Ungfiskundersøkelser i regulerte magasin i Tokke og Vinje kommune. Statkraft, rapport 54 s. + vedlegg.

24 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Bora, mellom Årmotvatni og Bordalsvatn

Vassførekomst: 016-55-L Bordalsvatn

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Stort vatn, kalkfattig, klart Tilstand 2008: Risiko, SMVF Området: Ved HRV ca 891 moh er vatnet 7690 da stort. Bratte fjellsider opp frå vatnet. Fjellbjørk opptil ca 950 moh. Lite lausmassar. Landskapsregion 15 Lågfjellet i Sør-Noreg, Vestvidda. Brukarinteresser: • Fiske • Fotturisme • Vasskraft Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Grusveg fram til vatnet frå sør. Fysisk påverknad: • Bordalsvatn er regulert 39 m (opp 28,8 m, ned 10,2 m). Vatnet er demt opp saman med Margittjønn, og ved låg vasstand er dei to vatna skilde frå kvarandre. Vasskvalitet: • God Biologisk påverknad: • Ørekyt påvist i 1982. Har seinare danna tette bestand. Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • Betre kvalitet og næringstilhøve for fisk • Godt økologisk potensial Korleis betre tilstanden? Vurdering: I 2006 gav uvanleg låg sommarvasstand utslag i eit vesentleg tilveksttap og redusert kvalitet på fisken i Bordalsvatn. Trass i dårlege gytevilkår synes det som om fiskebestanden er i

25 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal største laget i høve til næringsgrunnlaget. Fiskens diett i Bordalsvatn er dominert av planktonkreps og med lite innslag av større næringsdyr. Skjoldkreps er ikkje dokumentert. Ønskje om fyllingskrav. Inga fiskekortordning. Forslag til tiltak: Ansvar: • Krav til fylling/minste sommarvasstand NVE/Vilkårsrevisjonen, • Vurdere terskel mellom Margittjønn og manøvreringsreglement Bordalsvatn (bruk av Margittjønn som grunndam/terskeldam) Grunnlag: Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Rapport 51 s + vedlegg Tranmæl, E. og L. Midttun 2005. Ungfiskundersøkelser i regulerte magasin i Tokke og Vinje kommune. Statkraft, rapport 54 s. + vedlegg. Meland, A. 2008. Låg vasstand i Bordalsvatn sommaren 2006; Innverknad på vekst og kvalitet hjå aure (Salmo trutta). Masteroppgåve, UMB, 38 s.

Bordalsvatn, frå Vann-Nett

Vassførekomst: 016-180-R Bora 2

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Lita elv, kalkfattig, klart vatn Tilstand 2008: Risiko, SMVF Området: Frå Bordalsvatn til Venemo. Dal kledd med fjellbjørk. Lite lausmassar. Landskapsregion 15 Lågfjellet i Sør-Noreg, Vestvidda. Elva er ca 8,8 km lang. Brukarinteresser: • Fiske • Fotturisme (turløype) • Vasskraft

26 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Grusveg frå sør fram til Gjøsløys. Fysisk påverknad: • Redusert vassføring etter regulering av Bordalsvatn. Vasskvalitet: • God Biologisk påverknad: • Ørekyt Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • Gjera Bora til ei meir attraktiv fiskeelv. Korleis betre tilstanden? Vurdering: Denne delen av Bora er relativt lett tilgjengeleg for stuttare fotturar opp Gjøsløysdalen. Relativt slak elv med fleire potensielt fine kulpar og hylar for fisk. Elva vil med brukbar vassføring vera eit viktig element i landskap og ha stor opplevingsverdi. Det er ikkje gjort fiskeundersøkingar her. Eventuelle tiltak bør følgjast opp med krav om fiskekortordning. Forslag til tiltak: Ansvar: • Minstevassføring NVE/Vilkårsrevisjonen, manøvreringsreglement • Fysiske tiltak (habitatforbetring) Statkraft i samarbeid med NVE

Grunnlag: Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Rapport 51 s + vedlegg

Bora/Gjøsløysdalen, frå Vann-Nett

27 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Vassførekomst: 016-12653-L Venemo

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Lita elv, kalkfattig, klart vatn Tilstand 2008: SMVF Området: Kunstig vatn ca 1330 da stort ved HRV. Ca 700 moh. Bratt på nordsida. Her er det variert lauvskog og noko furu. Landskapsregion 12 Fjell- og dalbygder i Agder og Telemark. Brukarinteresser: • Vasskraft • Fotturisme Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Veg til Songa med avstikkar langs vatnet til Gjøsløys. Fysisk påverknad: • Inntaksmagasin for Kjelavassdraget, med vidare overføring til Totak. Regulert 37 m (oppdemt 37 m). Vasskvalitet: • God Biologisk påverknad: • Ørekyt og røye Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • Ta vare på produksjonsgrunnlaget for fisk tilsvarande andre regulerte vatn, dvs ei potensiell avkastning på vel 100 kg aure/år. • Godt økologisk potensial • Betre synsinntrykk Korleis betre tilstanden? Vurdering: Det er ikkje gitt nærare opplysningar om fisket i Venemodammen. Det er registrert ønskje om oppfylling av dammen, om utslepp av fisk og tiltak for utsett av båt. Forslag til tiltak: Ansvar: Biologiske undersøkingar (fisk) Statkraft/Fylkesmannen

Grunnlag: Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Rapport 51 s + vedlegg

28 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Venemodammen, frå Vann-Nett

Vassførekomst: 016-186-R Bora 3

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Lita elv, kalkfattig, klart vatn Tilstand 2008: SMVF Området: Frå Venemo til Edland. Ein del av elva gjeng i eit bratt gjel. Landskapsregion 12 Fjell- og dalbygder i Agder og Telemark. Ca 2,8 km lang elv. Brukarinteresser: • Vasskraft • Resipient Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Riksveg 362. • Fyllingar ned mot elva frå riksveg 362. • Den gamle E 134 mellom Edland og Haukeli • Avrenning/utslepp frå spreidd busetnad/Haukeli meieri • Utspyling/erosjon og massetransport nedover elva Fysisk påverknad: • Sterkt redusert vassføring nedanfor Venemo. Vasskvalitet: • Fyllingane oppe langs elva bør haldast under oppsikt for å unngå deponering av miljøfarleg avfall. Algevekst på steinar i dei nye terskeldammane. Biologisk påverknad: • Ørekyt Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • Betre synsinntrykk • Betre resipientkapasitet Korleis betre tilstanden?

29 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Vurdering: Statkraft utførte for eit par år sidan terskelbygging og anlegg av kulpar på ein strekning mellom riksveg 362 og E 134. Det har gitt eit betre visuelt inntrykk frå denne delen av elva, men vassføringa er svært lita. Tidlegare slepp frå tunnel frå Venemomagasinet gav pga uhell sterk erosjon og transport av masse nedover i elva. Episodar med utslepp av organisk ureining frå Haukeli meieri har vore registrert Forslag til tiltak: Ansvar: • Forlenge det arbeidet som er gjort med Statkraft fysiske tiltak i elva vidare oppover mot Haukeli • Minstevassføring NVE/Vilkårsrevisjonen • Sanere punktutslepp (spreidde avløp) Vinje kommune Grunnlag: Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Rapport 51 s + vedlegg

Bora, nedre del. Frå Vann-Nett

Vassførekomst: 016-182-R Rafdøla

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Lita elv, kalkfattig, klart vatn Tilstand 2008: Risiko, SMVF Området: Elv frå Margittjønn via Kliningtjønn til Kjela. Ca 100m fall og 5,6 km lang. Landskapsregion 15 Lågfjellet i Sør-Noreg. Bjørkeskog og myr. Brukarinteresser: • Vasskraft • Fotturisme • Hytter Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Veg til Margittjønn og Bordalsdammen.

30 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

• Kraftline til Bordalsdammen. • Hyttebygging. Fysisk påverknad: • Redusert vassføring etter at Margittjønn blei slegen saman med Bordalsvatn. Vasskvalitet: • God Biologisk påverknad: • Ørekyt Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • Godt økologisk potensial Korleis betre tilstanden? Vurdering: Det er ikkje gitt nærare opplysningar om elva. Ingen spesifikke krav/merknader er kjent. Minstevassføring vil krevje store kostnader til ombygging av dammen, som er ein steinfyllingsdam. Forslag til tiltak: Ansvar: • Fysiske tiltak (habitatforbetring) NVE/Vilkårsrevisjonen/Statkraft Grunnlag: Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Rapport 51 s + vedlegg

Rafdøla, frå Vann-Nett

Vassførekomst: 016-62-L Ståvatn/Ulevåvatn

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Stor innsjø, kalkfattig, klart vatn Tilstand 2008: Risiko, SMVF Området: Kjelavatn 978,5 moh er 6490 da stort og ligg i tregrensa med noko vier og bjørk i dei minst eksponerte delane av området. Landskapsregion 15 Lågfjellet i Sør-Noreg, Vestvidda. Vatnet er ved HRV samanhengande med Ulevåvatn via eit smalt sund.

31 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Brukarinteresser: • Fiske • Fotturisme • Vasskraft • Fjellfly Påverknad Menneskeleg aktivitet: • E 134 • Haukelisæter fjellstove • Turløyper Fysisk påverknad: • Vatnet er regulert 12,5 m (opp 7,0, ned 5,5 m). Vasskvalitet: • God Biologisk påverknad: • Ørekyt Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • Bevare innslaget av skjoldkreps som eit av dei viktigaste næringsdyra for fisken i vatnet. • Redusere inntrykket av eroderte strender i turistsesongen Korleis betre tilstanden? Vurdering: Av omsyn til turisttrafikken og Haukeliseter fjellstove blir vasstanden halden så nær opp til HRV som mogleg gjennom sommaren. Vekst og kondisjon hos auren er tydeleg betre enn i Kjelavatn og blir karakterisert som god. Rekrutteringa varierer frå år til år pga varierande klima. Skjoldkreps er ikkje funne i mageprøvene frå dei siste fiskeundersøkingane i vatnet. Praksis med høg sommarvasstand bør formaliserast som ein del av manøvreringsreglementet. Innspel under revisjonsprosessen om behov for oppussing langs strender og rundt damanlegg. Forslag til tiltak: Ansvar: • Pålegg om oppfylling til kote 977,5 NVE/Vilkårsrevisjonen frå 1. juli til 30. september.

Grunnlag: Brabrand, Å. 2007. Virkning av lav sommervannstand på fisk i reguleringsmagasiner. LFI, rapport 249, 54 s. Hekne, A. M. 2008. Effekter av lav sommervannstand på ørret (Salmo trutta) i reguleringsmagasinet Kjelavatn. Masteroppgåve. UMB, 35 s. Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Rapport 51 s + vedlegg Tranmæl, E. og L. Midttun 2005. Ungfiskundersøkelser i regulerte magasin i Tokke og Vinje kommune. Statkraft, rapport 54 s. + vedlegg.

32 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Ståvatn/Ulevåvatn, frå Vann-Nett

Vassførekomst: 016-225-R Kjela 1

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Lita elv, kalkfattig, klart vatn Tilstand 2008: SMVF Området: Øvre del av Kjela, 979 -944 moh, frå Ståvatn til Kjelavatn. Landskapsregion 15 Lågfjellet i Sør-Noreg, Vestvidda. Snaufjell med vier og dvergbjørk langs elva. Elva er ca 1,8 km lang. Brukarinteresser: • Fiske • Fotturisme • Vasskraft Påverknad Menneskeleg aktivitet: • E 134 • Turløyper Fysisk påverknad: • Ståvatn er regulert, og elva er derfor tørr i periodar. Inga minstevassføring. Anleggsveg kryssar elva litt nedanfor Ståvatn. Vasskvalitet: • God Biologisk påverknad: • Ørekyt Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • Betre vilkåra for bruk av elva som gyte- og oppvekstområde for auren i Kjelamagasinet

33 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Korleis betre tilstanden? Vurdering: Auren kan vandre ca 165 m frå HRV i Kjelavatnet. Fordi elva er tørr i lengre periodar er elva lite brukbar som gyte- og oppvekstområde. Fiskebestanden i Kjelavatn er karakterisert som overtett. Forslag til tiltak: Ansvar: • Minstevassføring NVE/Vilkårsrevisjonen

Grunnlag: Brabrand, Å. 2007. Virkning av lav sommervannstand på fisk i reguleringsmagasiner. LFI, rapport 249, 54 s. Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Rapport 51 s + vedlegg Tranmæl, E. og L. Midttun 2005. Ungfiskundersøkelser i regulerte magasin i Tokke og Vinje kommune. Statkraft, rapport 54 s. + vedlegg.

Øvre del av Kjela, frå Ståvatn til Kjelavatn, frå Vann-Nett

Vassførekomst: 016-61-L Kjelavatn

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Stort vatn, svært kalkfattig, klart Tilstand 2008: Risiko, SMVF Området: Kjelavatn er ca 5,3 km2 stort og ligg i landskapsregion 15 Lågfjellet i Sør-Noreg, Vestvidda. Snaufjell med vier og dvergbjørk langs vatnet. Brukarinteresser: • Fiske • Fotturisme • Vasskraft Påverknad Menneskeleg aktivitet: • E 134 • Turløyper

34 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Fysisk påverknad: • Kjelavatnet er regulert 26 m, med HRV 944 moh og LRV 918 moh. Etter vårflaum blir det slept 0,5 m3/s i minstevassføring frå magasinet. Vasskvalitet: • God Biologisk påverknad: • Ørekyt Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • Betre produksjonsgrunnlaget for fisk, tilsvarande ei potensiell avkastning på ca 500 kg/år. • Godt økologisk potensial • Redusere inntrykket av regulerte strender i turistsesongen Korleis betre tilstanden? Vurdering: Kjelavatnet ligg sentralt til på Hardangervidda langs E 134, og er lett synleg for dei som reiser forbi. Ei av dei viktigaste turistløypene i landet gjeng forbi vatnet. Tiltak bør derfor ha høg prioritet. Det er registert ønskje om opprydding og oppussing ved Ståvatn og Kjelavatn og ved damanlegga til desse to vatna. Fiskebestanden i Kjelavatn ber preg av å vera for stor. Forslag til tiltak: Ansvar: • Fyllingskrav NVE/Vilkårsrevisjonen • Oppussing Statkraft Grunnlag: Brabrand, Å. 2007. Virkning av lav sommervannstand på fisk i reguleringsmagasiner. LFI, rapport 249, 54 s. Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Rapport 51 s + vedlegg Tranmæl, E. og L. Midttun 2005. Ungfiskundersøkelser i regulerte magasin i Tokke og Vinje kommune. Statkraft, rapport 54 s. + vedlegg.

Kjelavatn, frå Vann-Nett

35 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Vassførekomst: 016-12640-L Eivindbuvatn

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Liten – middels stor innsjø, kalkfattig, klart vatn Tilstand 2008: Mogleg risiko Området: Eivindbuvatn 816 moh ligg i Kjela tett ved E 134. I sør bratt bjørkeli mot snaufjellet. Vatnet er grunt og med ein del øyar. Ca 560 da stort. Landskapsregion 14 Lågfjellet i Sør-Noreg. Brukarinteresser: • Fiske • Turisme • Vasskraft Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Hytter • Haukelifjell skisenter • Anleggsverksemd tyngre reiseliv (vegar osv) Fysisk påverknad: • Eivindbuvatn er ikkje regulert, men har redusert vassgjennomstrøyming som følgje av at Kjela er overført til Førsvatn. Vasskvalitet: • Påverknad frå hyttefelt og reinseanlegg har gitt verdiar av næringssalt over god tilstand. Biologisk påverknad: • Ørekyt, tett bestand Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • God økologisk tilstand • Meir attraktivt fiske Korleis betre tilstanden? Vurdering: Ørekyt synes å redusere rekruttering og næringstilbod for aure. Det synes å vera behov for å undersøke omfanget av sedimentasjon frå tunnelbygging. Forslag til tiltak: Ansvar: • Utfisking/tynning av ørekyt bør vurderast Vågsli grunneigarlag • Tiltak for oppfanging av slam Vinje kommune i samarbeid med Statkraft og utbyggar av hyttefelt Grunnlag: Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Rapport 51 s + vedlegg Tranmæl, E. og L. Midttun 2005. Ungfiskundersøkelser i regulerte magasin i Tokke og Vinje kommune. Statkraft, rapport 54 s. + vedlegg.

36 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Eivindbuvatn, frå Vann-Nett

Vassførekomst: 016-12666-L Arbuvatn

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Liten – middels stor innsjø, kalkfattig, klart vatn Tilstand 2008: Mogleg risiko Området: Arbuvatn 800 moh ligg i ein sving av Kjela sør for eit større, flatt og nokså myrlendt område. I sør bratt bjørkeli mot snaufjellet. Vatnet er grunt og med ein del øyar. Ca 640 da stort. Landskapsregion 14 Lågfjellet i Sør-Noreg. Brukarinteresser: • Fiske • Turisme • Vasskraft Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Hytter • Tyngre reiseliv • Hotell Fysisk påverknad: • Arbuvatn er ikkje regulert, men har redusert vassgjennomstrøyming som følgje av at Kjela er overført til Førsvatn. Vasskvalitet: • Påverknad frå hyttefelt og reinseanlegg har gitt verdiar av næringssalt over god tilstand. Eldre hyttefelt (Varmevollen) er ikkje tilkopla det kommunale reinseanlegget. Biologisk påverknad: • Ørekyt, tett bestand Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • God økologisk tilstand • Meir attraktivt fiske Korleis betre tilstanden?

37 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Vurdering: Ørekyt synes å redusere rekruttering og næringstilbod for aure. Forslag til tiltak: Ansvar: • Utfisking/tynning av ørekyt bør vurderast Vågsli grunneigarlag Grunnlag: Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Rapport 51 s + vedlegg Tranmæl, E. og L. Midttun 2005. Ungfiskundersøkelser i regulerte magasin i Tokke og Vinje kommune. Statkraft, rapport 54 s. + vedlegg.

Arbuvatn, frå Vann-Nett

Vassførekomst: 016.BEE3 Vågslivatn

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Liten – middels stor innsjø, kalkfattig, klart vatn Tilstand 2008: Mogleg risiko Området: Vågslivatn 797 moh ligg tett ved E 134. I nord bratt li mot Arbunosi (1200 moh) og i sør meir småkupert terreng med bjørkeskog. Landskapsregion 14 Lågfjellet i Sør-Noreg. Brukarinteresser: • Fiske • Turisme • Tyrveli vassverk • Vasskraft • Resipient Påverknad Menneskeleg aktivitet: • E 134 • Hytter • Hotell • Utløp reinseanlegg Fysisk påverknad: • Vågslivatn er ikkje regulert, men har redusert vassgjennomstrøyming som følgje av at

38 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Kjela er overført til Førsvatn. • E 134 Vasskvalitet: • Påverknad frå hyttefelt og reinseanlegg har gitt verdiar av næringssalt over god tilstand. Det er målt høgt innhald av fosfor (>10 mikrogram/l) i Tyrvelibekken. Anleggsaktivitet har gitt noko tilførsler av slam. Mogleg avrenning av salt og PAH med meir frå E-134 i periodar er ikkje nærare undersøkt. Biologisk påverknad: • Ørekyt. Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • God økologisk kvalitet • Meir attraktivt fiske Korleis betre tilstanden? Vurdering: Ørekyt synes å redusere rekruttering og næringstilbod for aure. Reinseanlegget har nyleg fått utvida kapasitet, til 5000 pe. Driftskontrollen viser god effekt, med sterk reduksjon av fosfor og organisk stoff frå reinseanlegget. Forslag til tiltak: Ansvar: • Utfisking/tynning av ørekyt bør vurderast Statkraft i samarbeid med Fylkesmannen og Vågsli grunneigarlag Grunnlag: Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Rapport 51 s + vedlegg Tranmæl, E. og L. Midttun 2005. Ungfiskundersøkelser i regulerte magasin i Tokke og Vinje kommune. Statkraft, rapport 54 s. + vedlegg.

Vågslivatn. Frå Vann-Nett

39 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Vassførekomst: 016-160-R Kjela frå Vågslivatn til og med Hyljelihylen

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Lita, kalkfattig, klar elv Tilstand 2008: Risiko, SMVF Området: Hyljelihylen (706 moh) ligg i Kjela ved terskelen til Hardangervidda. Landskapsregion 14 Lågfjellet i Sør-Noreg. Bjørk- og furuskog. Skogen breier seg sterkt etter redusert beitebruk. Brukarinteresser: • Vasskraft (minikraftverk på minstevassføringa frå Eikelihylen til Hyljeli) • Fiske • Turisme Påverknad Menneskeleg aktivitet: • E 134 • Hytter Fysisk påverknad: • Hyljelihylen fungerer som inntaksmagasin for Kjela med Førsvatn og Langesæ og vidare overføring til Venemo. Minstevassføring med 0,5 m3/s vinter og 2,0 m3/s om sommaren. Gradvis overgang mellom sommar og vintervassføring 1.10 – 31.10. Vatnet er regulert 3,60 m (opp 3,6 m). Ovanfor Hyljelihylen er det ei minstevassføring på 0,3/0,75 m3/s vinter/sommar. Vasskvalitet: • Vassprøver syner normale verdiar. Noko påverknad frå turistanlegg/byggeaktivitet på Vågsli med vidare. Biologisk påverknad: • Ørekyt. I Hyljelihylen også røye. Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • God økologisk tilstand • Landskapsestetiske omsyn (synsinntrykk) • Sportsfiske Korleis betre tilstanden? Vurdering: Det er registrert ønskje om tersklar og turvegar. Elva inneheld fleire strekningar med juv der det er vanskeleg å gjera noko. Nedanfor Vågslivatn er det eit naturleg vandringshinder. Eikelihylen er rekna som ein god fiskeplass. Forslag til tiltak: Ansvar: • Terskelplan Statkraft i samarbeid med NVE Grunnlag: Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Rapport 51 s + vedlegg Tranmæl, E. og L. Midttun 2005. Ungfiskundersøkelser i regulerte magasin i Tokke og Vinje kommune. Statkraft, rapport 54 s. + vedlegg.

40 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Kjela, frå Vann-Nett

Vassførekomst: 016.BEE11 Hyljelihylen

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Lita, kalkfattig, klar elv Tilstand 2008: Risiko, SMVF Området: Hyljelihylen (706 moh) ligg i Kjela ved terskelen til Hardangervidda. Landskapsregion 14 Lågfjellet i Sør-Noreg. Bjørk- og furuskog. Skogen breier seg sterkt etter redusert beitebruk. Brukarinteresser: • Vasskraft • Turisme Påverknad Menneskeleg aktivitet: • E 134 • Hytter Fysisk påverknad: • Hyljelihylen fungerer som inntaksmagasin for Kjela med Førsvatn og Langesæ og vidare overføring til Venemo. Minstevassføring med 0,5 m3/s vinter og 2,0 m3/s om sommaren. Gradvis overgang mellom sommar og vintervassføring 1.10 – 31.10. Vatnet er regulert 3,60 m (opp 3,6 m). Krav om minstevassføring gjer det viktig å halde jamn vasstand. Vasskvalitet: • Vassprøver syner normale verdiar Biologisk påverknad: • Ørekyt (og røye) Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • God økologisk tilstand • Ta vare på produksjonsgrunnlag for fisk • Landskapsestetiske omsyn (synsinntrykk) Korleis betre tilstanden?

41 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Vurdering: Periodevis stor gjennomstrøyming av vatn. Moderat regulering, men vassføringa er sterkt modifisert. Forslag til tiltak: Ansvar: • Ingen konkrete framlegg Grunnlag: Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Rapport 51 s + vedlegg Tranmæl, E. og L. Midttun 2005. Ungfiskundersøkelser i regulerte magasin i Tokke og Vinje kommune. Statkraft, rapport 54 s. + vedlegg.

Vassførekomst: 016-189-R Kjela (Flothylåi)

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Lita elv, kalkfattig, klart vatn Tilstand 2008: Risiko, SMVF Området: Den nedre delen av Kjela renn etter hovuddalføret frå Hyljelihylen til Tveitevatn. Landskapsregion 12 Fjell-og dalbygdene i Agder og Telemark. Trong dalføre med steile sider. Granskog som etter kvart gjeng over i meir bjørk og furuskog når ein nærmar seg fjellet. Elva er ca 20 km lang. Brukarinteresser: • Jord- og skogbruk • Beite (sau) • Fiske • Turisme • Resipient for spreidd busetnad Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Edland og Haukeli, handels- og servicesenter • E-134 og riksveg 9. • Gardsturisme, utleigehytter, camping Fysisk påverknad: • Vassføringa er redusert etter overføringa av Kjelaelva. Det er pålagt minstevassføring 2,0 m3/s utlaup Hyljelihylen 1.6. – 30.9. og 1.11. – 31.5. Frå 1.10. – 31.10. skal vassføringa trappast gradvis ned til vintervassføring. • E-134 med fyllingar ut til vassdraget. • Bru for riksveg 9 Vasskvalitet: • Prøver 2008 viste normale verdiar • Avrenning frå utette gjødselkjellarar og spreiing av husdyrgjødsel Biologisk påverknad: • Ørekyt Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • Gjera det lettare for utøving av fiske og anna friluftsliv knytt til elva.

42 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

• Redusere algevekst og anna uønskt tilgroing • God økologisk status Korleis betre tilstanden? Vurdering: Fiskeinteressene før ein kjem til Hyljeli synes å vera moderate. Tiltak bør konsentrere seg om vasskvalitet og synsinntrykk. Vidare må ein ta omsyn til vassdraget vidare nedover, særleg med omsyn til tilførsler av masse og næringsstoff. Det er vidare viktig å vera merksam på moglege verknader av utvasking av salt, polyaromatiske hydrokarbonar (PAH) og anna frå vegane, samt faren for utslepp etter biluhell. Det er registrert ønskje om fleire tersklar og meir vekt på det estetiske kring tersklar og dammar. Elva har ein del tersklar frå før, pålagde i skjønn. Forslag til tiltak: Ansvar: • Redusere avrenning av gjødselstoff frå Landbruksetaten Vinje kommune landbruket. • Redusere avrenning av salt og anna Statens vegkontor ureining frå E 134. • Strengare kontroll med gravearbeid og krav om slamlagunar med meir for å Vinje kommune hindre utvasking av jord i nedbørfeltet • Plan for avslutning av masseuttak i elva nedanfor Edland Grunneigar • Plan for tiltak i høve ulykker med miljøfarleg last på E 134 Statens vegkontor Grunnlag: Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Rapport 51 s + vedlegg

Kjela/Flothylåi, frå Vann-Nett

Vassførekomst: 016-57-L Langesæ

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Mellomstort vatn, kalkfattig, klart Tilstand 2008: Risiko, SMVF

43 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Området: Langesæ (1090 moh) ligg i eit høgfjellsterreng dominert av snaufjell og er 4,5 km2 stort. Landskapsregion 14 Lågfjellet i Sør-Noreg. Brukarinteresser: • Fiske • Vasskraft • Fornminne Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Lite ferdsel i området Fysisk påverknad: • Langesæ er regulert 23 m (opp 2,9 m, ned 20,1 m). Vasskvalitet: • Vassprøver er ikkje tekne Biologisk påverknad: • Ikkje kjent Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • Ta vare på produksjonsgrunnlaget for aure tilsvarande ei potensiell avkastning på ca 400 kg aure/år. • Godt økologisk potensial Korleis betre tilstanden? Vurdering: Ingen konkrete innspel under revisjonsprosessen. Ingen undersøkingar av fisket. Dårleg tilgang til fiske. Forslag til tiltak: Ansvar: • Ny undersøking av fisket er ønskjeleg Statkraft/Fylkesmannen Grunnlag: Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Rapport 51 s + vedlegg

Langesæ, frå Vann-Nett

44 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Vassførekomst: 016-190-R Langesæåi

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Lita elv, kalkfattig, klart vatn Tilstand 2008: Risiko, SMVF Området: Langesæåi har eit relativt langt parti med lite fall før ho siste stykket går bratt ned mot Førsvatn. Snaufjell i mesteparten av området, men bjørkeskog i nedre del. Landskapsregion 14 Lågfjellet i Sør-Noreg. Elva er ca 4,5 km lang. Brukarinteresser: • Fiske • Vasskraft • Fornminne (dyregraver) Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Lite ferdsel i området Fysisk påverknad: • Endra vassføring etter reguleringa av Langesæ. Nedtapping av Langesæ skjer gjennom Langesæåi. Vasskvalitet: • Vassprøver er ikkje tekne Biologisk påverknad: • Ikkje kjent Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • Godt økologisk potensial • Bevare vasstrengen som ein viktig del av landskapet og som grunnlag for naturleg fauna og flora. Korleis betre tilstanden? Vurdering: Ingen konkrete innspel under revisjonsprosessen. Elva synes å ha liten verdi som gyteområde for auren i Førsvatn. Det er bygd enkelte tersklar nedanfor Langesæ. Elva er vurdert som objekt for småkraftverk. Biologisk mangfald er undersøkt. Prosjektet er inntil vidare skrinlagt pga store kostnader til framføring av leidningar med vidare. Forslag til tiltak: Ansvar: • Terskelplan/andre tiltak for Statkraft i samarbeid med NVE habitatforbetring bør vurderast i felt Grunnlag: Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Rapport 51 s + vedlegg

45 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Langesæåi, frå Vann-Nett

Vassførekomst: 016-56-L Førsvatn

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Lite – middels stort vatn, kalkfattig, klart Tilstand 2008: Risiko, SMVF Området: Førsvatn ligg nede i ei hole, med skog av bjørk og furu ikring. Strendene er bratte. Landskapsregion 14 Lågfjellet i Sør-Noreg. Vatnet er 3350 da stort. Brukarinteresser: • Vasskraft Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Fysisk påverknad: • Førsvatn er regulert 62,6 m (opp 47,5 m, ned 15,1 m). På grunn av overføring frå Kjela og Langesæ er gjennomstrøyminga i vatnet meir enn 10-dobla. Vasskvalitet: • Vassprøver er ikkje tekne Biologisk påverknad: • Ørekyt Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • Godt økologisk potensial Korleis betre tilstanden? Vurdering: Innkomne merknader om behov for betre tilkomst og bruk av båt. Tynn bestand av aure, med varierande rekruttering. Det blir sett ut aure. Kvaliteten på fisken har vore god. Vatnet er det magasinet som er sterkast regulert, og ein må her truleg akseptere at dei økologiske vilkåra aldri vil bli gode.

46 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Forslag til tiltak: Ansvar: • Ingen konkrete framlegg Grunnlag: Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Rapport 51 s + vedlegg Tranmæl, E. og L. Midttun 2005. Ungfiskundersøkelser i regulerte magasin i Tokke og Vinje kommune. Statkraft, rapport 54 s. + vedlegg.

Førsvatn, frå Vann-Nett

Vassførekomst: 016-191-R Førsvassåi

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Lita elv, kalkfattig, klart vatn Tilstand 2008: Risiko, SMVF Området: Ca 1 km lang elvestrekning mellom Førsvatn og Hyljelihylen (Kjela). Landskapsregion 14 Lågfjellet i Sør-Noreg. Dalen elva renn i er skogkledd med bjørk og furu. Elva er ca 1,5 km lang. Brukarinteresser: • Hytter • Vasskraft Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Friluftsliv, nærområde for hytter Fysisk påverknad: • Sterkt redusert vassføring etter reguleringa av Førsvatn. Lite bidrag frå restnedbørfeltet. Vasskvalitet: • Vassprøver er ikkje tekne Biologisk påverknad: • Ikkje kjent Miljøgifter: • Ikkje målt.

47 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Miljømål: • Godt økologisk potensial Korleis betre tilstanden? Vurdering: Ingen konkrete innspel under revisjonsprosessen. Forslag til tiltak: Ansvar: • Ingen Grunnlag: Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Rapport 51 s + vedlegg

Førsvassåi, frå Vann-Nett

Vassførekomst: 016-194-R Grunnevassåi

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Lita elv, kalkfattig, klart vatn Tilstand 2008: Risiko, SMVF Området: Grunnevassåi renn frå Bykleheiane og ned til Flothyl. Landskapsregion 14 Lågfjellet i Sør-Noreg. Dalen elva renn i er skogkledd med bjørk og furu. Elva er ca 2,5 km lang. Brukarinteresser: • Beite (sau) • Jakt (villrein, småviltjakt) • Hytter • Vasskraft Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Friluftsliv Fysisk påverknad: • Grunnevassåi er overført til Førsvatn og har sterkt redusert vassføring frå Skinand og ned til Flothyl.

48 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Vasskvalitet: • Vassprøver er ikkje tekne Biologisk påverknad: • Ikkje kjent Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • Godt økologisk potensial Korleis betre tilstanden? Vurdering: Ingen konkrete innspel under revisjonsprosessen, bortsett frå ønskje om å rette noko på ålaupet ned mot Flothyl. Etter overføringa til Førsvatn er tilsiget redusert med 0,34 m3/s. Forslag til tiltak: Ansvar: • Ingen Grunnlag: Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Rapport 51 s + vedlegg

Grunnevassåi, frå Vann-Nett

Vassførekomst: 016-84-L Gurivatn

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Liten – middels stor innsjø, kalkfattig, klart vatn Tilstand 2008: Ingen risiko Området: Gurivatn er 770 da stort og ligg på eit platå med snaufjell ca 1050 moh sør for Tveitevatn. Landskapsregion 14 Lågfjellet i Sør-Noreg Brukarinteresser: • Beite (sau) • Fiske • Fotturisme (turløype)

49 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Enkelte gamle støylar • Merka turveg Fysisk påverknad: • Gurivatn er permanent oppdemt og stengt med dam mot Kolldalsbekken. Vatnet er i staden overført til Vrångevatn og vidare til Langeidmagasinet. For å lette overføringa til Vrångevatn er det laga kanal mellom Gurivatn og Gravtjønn. Vasskvalitet: • Vassprøver er ikkje tekne Biologisk påverknad: • Ingen kjente Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • God økologisk tilstand Korleis betre tilstanden? Vurdering: Dammen i Gurivatn var tidlegare ein tredam med ein viss lekkasje til Kolldalsbekken. Ny betongdam i 2008 er tett. Det er ønskje om ei viss gjennomstrøyming til Kolldalsbekken. Nedbørfeltet til Gurivatn er 4,43 km2 stort og med eit middeltilsig til Kolldalsbekken på 0,15 m3/s. Det er klaga på grums og skrot i skråningane og vanskar med å krysse kanalen mellom Gurivatn og Gravtjønn. Fiskebestanden er karakterisert som tynn og av dårleg kvalitet. Statkraft har hatt synfaring i området saman med landskapsarkitekt, som meiner at forsøk med opprydding kan forverre skadane. Forslag til tiltak: Ansvar: • Opprydding Statkraft • Bru over kanalen Statkraft Grunnlag: Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Rapport 51 s + vedlegg

50 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Gurivatn. Frå Vann-Nett.

Vassførekomst: 016-52-L Vrångevatn

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Liten – middels stor innsjø, kalkfattig, klart vatn Tilstand 2008: Ingen risiko Området: Vrångevatn er ca 800 da stort og ligg ca 900 moh aust for Langeidvatn og riksveg 9. Landskapsregion 14 Lågfjellet i Sør-Noreg Brukarinteresser: • Beite (sau) • Fiske • Fotturisme Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Enkelte gamle støylar Fysisk påverknad: • Vrångevatn har fått større vassgjennomstrøyming enn tidlegare pga overføring frå Gurivatn. Vasskvalitet: • Vassprøver er ikkje tekne Biologisk påverknad: • Ingen kjente Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • Reinare , med mindre organisk materiale, kvist osv. • God økologisk tilstand Korleis betre tilstanden? Vurdering: I samband med overføring og graving av kanal frå Gurivatn blei det skylt ut store mengder jord og humus i Vrångevatn. Det er også klage på kvist i vatnet som er til hinder for

51 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

garnfiske Forslag til tiltak: Ansvar: • Opprydding Statkraft Grunnlag: Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Rapport 51 s + vedlegg

Vrångevatn, frå Vann-Nett

Vassførekomst: 016-86-L Langeidvatn

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Stort vatn, kalkfattig, klart Tilstand 2008: Risiko, SMVF Området: Langeidmagasinet består av mellom anna Kvervesjåtjønni og Øvre og Nedre Langeidvatn. Vatnet ligg ca 880 moh langs riksveg 9 på Bykleheii. Landskapsregion 14 Lågfjellet i Sør-Noreg. Landskapet rundt det øvre vatnet er relativt flatt, med mykje myr. Noko brattare i nordenden av det nedre vatnet. Brukarinteresser: • Beite (sau) • Turisme • Jakt (villrein, småviltjakt) • Hytter • Vasskraft Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Friluftsliv • Hytter

52 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Fysisk påverknad: • Langeidvatn er regulert 7 m (opp 5,1, ned 1,9 m). Kvervesjåtjønni er mindre regulert. Vasskvalitet: • Vassprøver er ikkje tekne Biologisk påverknad: • Ørekyt (mykje) Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • Betre synsinntrykk • Betre naturleg rekruttering som gjer det unødvendig å sette ut fisk • Godt økologisk potensial Korleis betre tilstanden? Vurdering: Langeidvatn i eit område med mykje turisme og hytter. Området ligg også sentralt til i høve til villreintrekk mellom Setesdal Austhei og Setesdal Vesthei. Aurebestanden er karakterisert som noko tynn og i stor konkurranse med ørekyt. Gyteelvane Dokki og Slengja har mykje ørekyt og noko mangel på godt gytesubstrat. Elles er der registrert ønskje om å lette vilkåra for ferdsel og bruk av båt. Forslag til tiltak: Ansvar: • Utlegging av gytegrus på bekkane Statkraft • Tynning/utfisking av ørekyt kombinert med andre tiltak for å favorisere aure i Grunneigarane i samarbeid med Statkraft høve til ørekyt Grunnlag: Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Rapport 51 s + vedlegg Tranmæl. E. og L. Midttun 2005. Ungfiskundersøkelser i regulerte magasin i Tokke og Vinje kommune. Statkraft, rapport 54 s. + vedlegg.

53 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Langeidvatn, frå Vann-nett

Vassførekomst: 016-195-R Vatjønn

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Liten innsjø, kalkfattig, klart vatn Tilstand 2008: Mogleg risiko, SMVF Området: Vatjønn er ca 200 da stort og ligg 838 moh sør for Haukeli. Landskapsregion 14 Lågfjellet i Sør-Noreg Brukarinteresser: • Beite (sau) • Fiske • Fotturisme Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Turisme Fysisk påverknad: • Vatjønn er inntaksmagasin for Haukeli kraftverk og er regulert 3,0 m (opp 3 m, ned 0 m) Vasskvalitet: • Vassprøver er ikkje tekne Biologisk påverknad: • Ørekyt Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • God økologisk tilstand Korleis betre tilstanden? Vurdering: Ingen spesielle merknader er registrert. Forslag til tiltak: Ansvar: • Undersøking og nærare vurdering av Statkraft/Fylkesmannen økologisk tilstand, med forslag til eventuelle tiltak Grunnlag: Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Rapport 51 s + vedlegg

Vassførekomst: 016-195-R Kuvad

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Lita elv, kalkfattig, klart vatn Tilstand 2008: Mogleg risiko, SMVF Området: Smal kanal/elv frå utlaupet av Langeidvatn til Vatjønn. Landskapsregion 14 Lågfjellet i Sør-Noreg Brukarinteresser:

54 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

• Beite (sau) • Friluftsliv (turløype) Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Friluftsliv • Hytter (ca 120 stk) • Vasskraftproduksjon Fysisk påverknad: • Elva er nytta til overføring av vatn frå Langeidmagasinet til Haukeli kraftverk. Vasskvalitet: • Vassprøver er ikkje tekne Biologisk påverknad: • Ørekyt Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • God økologisk tilstand • Landskapsestetisk (synsinntrykk) Korleis betre tilstanden? Vurdering: Økologisk tilstand er dårleg kjent. Bør vurderast nærare. Forslag til tiltak: Ansvar: • Undersøking og nærare vurdering av Statkraft/Fylkesmannen økologisk tilstand, med forslag til eventuelle tiltak Grunnlag: Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Rapport 51 s + vedlegg

Vatjønn med Vaet og Kuvad, frå Vann-Nett

55 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Vassførekomst: 016-193-R Vae

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Lita elv, svært kalkfattig, klart vatn Tilstand 2008: Risiko, SMVF Området: Bratt elv frå utlaupet av Vatjønn og ned til Flothylåi, ca 960 m lang. Landskapsregion 14 Lågfjellet i Sør-Noreg Brukarinteresser: • Beite (sau) Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Vasskraftproduksjon Fysisk påverknad: • Elva er tørrlagt i samband med overføring til Haukeli kraftverk. Vasskvalitet: • Vassprøver er ikkje tekne Biologisk påverknad: • Ukjent Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • Godt økologisk potensial • Landskapsestetisk (synsinntrykk) Korleis betre tilstanden? Vurdering: Elva er bratt og er frå naturens side neppe utstyrt med gode kvalitetar for fisk. Elva er godt synleg frå E 134 (når det gjeng vatn i ho). Minstevassføring for å få fram fossefallet vil krevje mykje vatn. Forslag til tiltak: Ansvar: Ingen spesifikke tiltak Statkraft Grunnlag: Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Rapport 51 s + vedlegg

56 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Vae. Frå Vann-Nett.

Vassførekomst: 016-162-R Kolldalsbekken

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Lita elv, kalkfattig, klart vatn Tilstand 2008: Risiko, SMVF Området: Bekken kjem frå Gurivatn inne på fjellet sør for Tveitevatn. Bekken renn over eit platå med nokre småtjønnar og loner før han stupar ned mot skilet mellom Tveitevatn og Grungevatn. Landskapsregion 14 Lågfjellet i Sør-Noreg og region 12 Fjell og dalbygdene i Agder og Telemark. Bekken er ca 3,4 km lang. Brukarinteresser: • Beite (sau) • Fiske • Fotturisme (turløype) Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Enkelte gamle støylar • Merka turveg Fysisk påverknad: • Gurivatn er permanent oppdemt og stengt med dam mot Kolldalsbekken. Vatnet er i staden overført til Vrångevatn og vidare til Langeidmagasinet. Vasskvalitet: • Vassprøver er ikkje tekne Biologisk påverknad: • Ingen kjente Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • Betre vilkåra for fisk og botndyr knytte til elva og tjønnane • God økologisk tilstand • Attraktivt sportsfiske i øvre del av vassdraget Korleis betre tilstanden?

57 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Vurdering: Dammen i Gurivatn var tidlegare ein tredam med ein viss lekkasje til Kolldalsbekken. Ny betongdam i 2008 er tett. Det er ønskje om ei viss gjennomstrøyming til Kolldalsbekken. Nedbørfeltet til Gurivatn er 4,43 km2 stort og med eit middeltilsig til Kolldalsbekken på 0,15 m3/s. Forslag til tiltak: Ansvar: • Minstevassføring gjennom dammen i NVE/Vilkårsrevisjonen Gurivatn ca 15 l/s. Grunnlag: Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Rapport 51 s + vedlegg

Kolldalsbekken. Frå Vann-Nett.

Vassførekomst: 016-54-L Tveitevatn

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Lite – middels stort vatn, kalkfattig, klart Tilstand 2008: Mogleg risiko, SMVF. Området: Tveitevatn er 1830 da stort. Landskapsregion 12 Fjell-og dalbygdene i Agder og Telemark. Vatnet ligg grunt og langsmalt i botnen av hovuddalføret, som er relativt trongt og med steile sider. Brukarinteresser: • Jord- og skogbruk • Beite (sau) • Fiske • Turisme • Resipient for spreidd busetnad • Våtmarksområde for fugl Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Edland grend og spreidde gardsbruk

58 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

• E-134 kryssar vassdraget litt nord for vatnet. Lite kantvegetasjon. • Gardsturisme, utleigehytter, litt camping, badeplass ved Haukeli skianlegg Fysisk påverknad: • Vassføringa er redusert etter overføringa av Kjelaelva. Det er pålagt minstevassføring 2,0 m3/s utlaup Hyljelihylen 1.6. – 30.9. og 1.11. – 31.5. Frå 1.10. – 31.10. skal vassføringa trappast gradvis ned til vintervassføring. • Det er bygd terskel mellom Tveitevatn og Grungevatn. • E-134 med fyllingar ut til vassdraget. • Grustak og saltlager i elvekanten nedanfor Edland • Massetransport frå gravearbeid med vidare oppover i vassdraget Vasskvalitet: • Prøver 2008 viste normale verdiar • Avrenning frå utette gjødselkjellarar og spreiing av husdyrgjødsel • Lagunar for kloakkslam nær vassdraget Biologisk påverknad: • Ørekyt Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • Gjera det lettare for utøving av fiske og anna friluftsliv knytt til vatnet. • God økologisk tilstand Korleis betre tilstanden? Vurdering: Utanom hovudstraumen har vatnet blitt grunnare, og store flater med finare sediment har vakse til med elvesnelle. Botnen elles har også skifta karakter, med mykje organisk materiale. Årsaka til problema er truleg kompleks og tiltak må involvere fleire sektorar. Vatnet var tidlegare kjent for godt fiske, men har etterkvart også fått eit stort problem med ørekyt. Mykje vassvegetasjon er truleg også til fordel for ørekyta. Oppmudring/oppgraving av dei sedimenta som er ført ut i vatnet er kostnadskrevjande og kan føre til større stofftransport nedover i vassdraget. Forslag til tiltak: Ansvar: • Nærare kartlegging av økologisk tilstand Fylkesmannens miljøvernavdeling/Vinje må inn som ein fast del av kommune overvakingsprogrammet. • Avløp frå septiktankar og private Vinje kommune infiltrasjonsanlegg bør inn på kommunalt avlaupsnett og førast til reinsing. • Stoppe avrenning av gjødselstoff frå Landbruksetaten Vinje landbruket. kommune/Fylkesmannens landbruksavdeling • Redusere avrenning av salt og anna ureining frå E 134. Statens vegkontor/MESTA • Avslutte uttak av grus i Kjela nedanfor Edland. Grunneigar • Plan for tiltak i høve ulykker med miljøfarleg last på E 134 Statens vegkontor

• Opprydding i slamlagunar og gamle Vinje kommune fyllingar

59 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

• Etablere/ta vare på kantsonar mot Fleire vassdraget Grunnlag: Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Rapport 51 s + vedlegg

Tveitevatn, frå Vann-Nett

Vassførekomst: 016-53-L Grungevatn

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Lite – middels stort vatn, kalkfattig, klart Tilstand 2008: Mogleg risiko, SMVF Området: Grungevatn er 1620 da stort. Landskapsregion 12 Fjell-og dalbygdene i Agder og Telemark. Vatnet ligg grunt og langsmalt i botnen av hovuddalføret, som er relativt trongt og med steile sider. Brukarinteresser: • Landbruk • Fiske • Turisme • Resipient for spreidd busetnad • Våtmarksområde for fugl Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Resipient for spreidde avløp (moderat) • Jordbruksavrenning (moderat) • E-134 er etter omlegginga fleire stader lagt langt ut mot vatnet. • Gardsturisme, utleigehytter, litt camping Fysisk påverknad: • Vassføringa er redusert etter overføringa av Kjelaelva. Det er pålagt minstevassføring 2,0 m3/s utlaup Hyljelihylen 1.6. – 30.9. og 1.11. – 31.5. Frå 1.10. – 31.10. skal vassføringa trappast gradvis ned til vintervassføring. • Det er bygd terskel i utlaupet av Grungevatn og mellom Tveitevatn og Grungevatn. • Sedimentering, oppgrunning av vatnet på nordsida.

60 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Vasskvalitet: • Prøver 2008 viste normale verdiar. Det kan likevel vera ugunstig vasskvalitet lokalt i vatnet. Biologisk påverknad: • Ørekyt • Tilgroing (belte med elvesnelle, flotgras og noko krypsiv) Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • Gjera det lettare for utøving av fiske og anna friluftsliv knytt til vatnet. • God økologisk tilstand • Redusere tilgroing og sedimentering Korleis betre tilstanden? Vurdering: Utanom hovudstraumen har vatnet blitt grunnare, og store flater med finare sediment har vakse til med elvesnelle. Botnen elles har også skifta karakter, med mykje organisk materiale. Årsaka til problema er truleg kompleks og tiltak må involvere fleire sektorar. Vatnet var tidlegare kjent for godt fiske, men har etterkvart også fått eit stort problem med ørekyt. Mykje vassvegetasjon er truleg også til fordel for ørekyta. Oppmudring/oppgraving av dei sedimenta som er ført ut i vatnet er kostnadskrevjande og kan føre til større stofftransport nedover i vassdraget. Bør vurderast som tiltak i neste 6-års periode. Forslag til tiltak: Ansvar: • Nærare kartlegging av økologisk tilstand Fylkesmannens miljøvernavdeling/Vinje må inn som ein fast del av kommune overvakingsprogrammet. • Avløp frå septiktankar og private Vinje kommune infiltrasjonsanlegg bør inn på kommunalt avlaupsnett og førast til reinsing. • Redusere avrenning av gjødselstoff frå Vinje kommune/grunneigarane landbruket. • Redusere avrenning av salt og anna Statens vegkontor ureining frå E 134. • Plan for tiltak i høve ulykker med Statens vegkontor miljøfarleg last på E 134 Grunnlag: Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Rapport 51 s + vedlegg Kringlebu, E. 2008. Dei økologiske tilhøva i vasstrengen frå terskelen i enden av Grungevatn, Lonine og til kraftverket på Smørklepp. Notat. Mogane grendelag.

61 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Grungevatn, frå Vann-Nett

Vassførekomst: 016-189-R Smørkleppåi

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Lita elv, kalkfattig, klart vatn Tilstand 2008: Risiko, SMVF Området: Smørkleppåi er elva mellom Grungevatn og Vinjevatn og renn midt etter hovuddalføret. Undervegs får elva tilskot frå Klevastøylåi, som er uregulert. Relativt stilleflytande, med ei større lone (Lonine). Landskapsregion 12 Fjell-og dalbygdene i Agder og Telemark. Lengde ca 10 km. Brukarinteresser: • Jord- og skogbruk • Beite (sau) • Fiske • Turisme • Småkraftverk Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Avløp frå spreidd busetjing knytt til gardar i Smørklepp og på Mogane • Reiselivsnæring på Mjonøy • E 134 langs heile elva + veg frå Heie til Vinje bygdeheim på austsida av elva Fysisk påverknad: • Vassføringa er redusert etter overføringa av Kjelaelva. Det er pålagt minstevassføring 2,0 m3/s utlaup Hyljelihylen 1.6. – 30.9. og 1.11. – 31.5. Frå 1.10. – 31.10. skal vassføringa trappast gradvis ned til vintervassføring. • Det er bygd 3 tersklar frå og med utlaupet av Grungevatn til nedanfor Lonine. • Sedimentering/graving i elvekantane (Lonine) Vasskvalitet: • Prøver 2008 viste normale verdiar Biologisk påverknad: • Ørekyt

62 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

• Tilgroing

Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • Gjera elva meir attraktiv for bading og fiske, samt turgåing langs elva. • Sikre fiskens vandringsvilkår i heile elvestrekninga. • God økologisk tilstand Korleis betre tilstanden? Vurdering: Med bidraget frå Klevastøylåi er minstevassføringa i nedre del av Smørkleppåi nær 4 m3/s om sommaren. Problem med påvekstalgar og sly, i tillegg til høgare plantar som elvesnelle, flotgras og krypsiv. Årsaka bak er truleg kompleks. Nærare vurdering av den økologiske tilstanden synes nødvendig. Dam for Smørklepp kraftverk kan verke som vandringshinder for fisken i elva. Forslag til tiltak: Ansvar: • Nærare kartlegging av økologisk tilstand Fylkesmannens miljøvernavdeling/Vinje må inn som ein fast del av kommune overvakingsprogrammet. • Revurdere omfang og utforming av NVE i samarbeid med Statkraft tersklar • Reinske badestrender/badeplassar Mogane grendelag i samarbeid med Vinje • Vurdere tiltak for fiskens passasje forbi kommune og Statkraft dam til Smørklepp kraftverk. Fylkesmannen/NVE i samarbeid med eigaren av småkraftverket Grunnlag: Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Rapport 51 s + vedlegg Kringlebu, E. 2008. Dei økologiske tilhøva i vasstrengen frå terskelen i enden av Grungevatn, Lonine og til kraftverket på Smørklepp. Notat. Mogane grendelag.

Smørkleppåi, frå Vann-Nett

63 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Vassførekomst: 016-24-L Vinjevatn

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Liten – middels stor innsjø, kalkrik, klar Tilstand 2008: Risiko, SMVF Området: Vinjevatn er 3230 da stort ved HRV. Landskapsregion 12 Fjell-og dalbygdene i Agder og Telemark. Vatnet er langt og smalt. Fleire mindre bekkar relativt bratt ned til vatnet. Smørkleppåi er den desidert viktigaste tillaupselva. Brukarinteresser: • Landbruk • Fiske • Bading • Kulturminne Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Noko jordbruk i nordenden av vatnet og på Neset. • E 134 + skogsbilvegar • Vinje kraftverk • Vinje kyrkjegard Fysisk påverknad: • Vinjevatn er inntaksmagasin for Tokke kraftverk. Vatnet er også mottakar av vatnet frå Kjelavassdraget og Totak via Vinje kraftverk, noko som fører til stor vassgjennomstrøyming. Vatnet har også eit stort uregulert tilsig. Reguleringa er 3,5 m (opp 1,3 m og ned 2,2 m). Magasinet er døgn- og vekeregulert, med variasjonar mellom HRV og LRV i løpet av ei veke. Forsøk med hyppigare variasjonar har gitt stor erosjon i reguleringssona. • Bru over vatnet i Bukkevalihylen. Vasskvalitet: • Vatnet har stor gjennomstrøyming, og vasskvaliteten synes derfor å vera god trass i noko tilførsel frå jordbruk med vidare. Biologisk påverknad: • Ørekyt Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • Betre tilhøva for fisk i vatnet • Redusere utvasking og erosjon i strandsona • God økologisk tilstand • Legge betre til rette for utøving av fiske Korleis betre tilstanden? Vurdering: Statkraft hevdar det er nødvendig å variere vasstanden i vatnet ofte av omsyn til ulik slukeevne i Vinje og Tokke kraftverk, flaumdemping og variasjonar i kraftpris. Det blir klaga på at fisken i vatnet har hatt ei negativ utvikling. Hard regulering gjev vanskar for bruken av vatnet til fiske, bruk av båt og bading. Det kan også vera at botnen i vatnet har endra seg til å bli mindre gunstig for fisken. Statkraft prøvar å halde 50 millionar m3 dempingskapasitet

64 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal oppstraums Vinje kraftverk for flaumsituasjonar. Forslag til tiltak: Ansvar: • Utgreie vilkåra for å halde ein meir stabil Vilkårsrevisjonen/NVE vasstand i magasinet • Registrering og sikring av kulturminne Riksantikvaren/fylkeskommunen • Oppstelling/andre tiltak omkring tippen (arkeologiske kulturminne), Vinje kommune ved Vinje kraftverk Statkraft Grunnlag: Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Rapport 51 s + vedlegg

Vinjevatn, frå Vann-Nett

Vassførekomst: 016-82-L Våmarvatn

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Lite – middels stort vatn, kalkrikt, humuspåverka Tilstand 2008: Risiko, SMVF Området: Våmarvatn er 2860 da stort og ligg 670 moh. Nedbørfeltet er stort sett kledd med granskog og terrenget er småkupert. Landskapsregion 12 Fjell-og dalbygdene i Agder og Telemark. Brukarinteresser: • Vasskraft • Jord- og skogbruk • Beite (sau) • Fiske • Hytter Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Busetjing og gardsdrift på Våmartveit i nordenden av vatnet. • Veg rundt vatnet.

65 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Fysisk påverknad: • Vatnet er regulert 10,3 m (opp 7,9 m, ned 2,4 m). Vatnet har stor gjennomstrøyming grunna overføring av Kjelavassdraget og Totak. Vasskvalitet: • Prøver 2008 viste normale verdiar Biologisk påverknad: • Ørekyt, stingsild Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • Godt økologisk potensial • Auka naturleg rekruttering av aure, tilstrekkeleg til at behovet for utsetting kan falle bort Korleis betre tilstanden? Vurdering: Gytevilkåra i Våmarvatn synes å vera avgrensa. Ei potensielle gyteelv er Kinglandsåi. Tett bestand av ørekyt og problem med å passere rør under veg synes å kunne redusere gyte- og oppvekstvilkåra for aure. Krossbakkåi på austsida av vatnet i nordenden kan også vera brukbar. Utlegging av gytegrus i elva må vurderast. Vatnet har eit årleg utsettingspålegg på 4000 to sommar gammal aure. Det finst også røye i vatnet. Noko aure blir fiskeetande og storvaksen. Innkomne merknader på behov for tiltak mot utvasking, rydding av stubbar og rekved og plass for utsetting av båt. Forslag til tiltak: Ansvar: • Forbetring av kulverten under vegen til Grunneigarane/Vinje kommune/Statkraft Kingland, mellom anna senke røra og gjera kulpen nedunder djupare. • Legge ut gytegrus (pukk, grov grus) i Statkraft Kinglandsåi og Krossbakkåi. Grunnlag: Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Rapport 51 s + vedlegg Tranmæl, E. og L. Midttun 2005. Ungfiskundersøkelser i regulerte magasin i Tokke og Vinje kommune. Statkraft. Rapport 54 s + vedlegg.

Våmarvatn, frå Vann-nett

66 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Vassførekomst: 016-218-R Kåvsåi

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Lita elv, kalkrik, klar Tilstand 2008: Risiko, SMVF Området: Kåvsåi er elva frå Våmarvatn til Vinjevatn. Landskapsregion 12 Fjell-og dalbygdene i Agder og Telemark. Elva er ca 5 km lang. Fram til Bøgrend har elva lite fall og med mykje myrlende rundt. Her er det også ein del myrloner. Vidare nedover mot Vinjevatn er elva brattare og meir utilgjengeleg. Lengde ca 5,4 km. Brukarinteresser: • Vasskraft • Landbruk • Bading (Kåvsvatn) Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Jordbruk • Skogbruk • Spreidde avløp • E 134 kryssar elva Fysisk påverknad: • Sterkt redusert vassføring • E 134. Vasskvalitet: • Prøver tekne nær E 134 sommaren 2008 viser høge verdiar for kolibakteriar og total forsfor. Biologisk påverknad: • Ørekyt Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • Godt økologisk potensial Korleis betre tilstanden? Vurdering: Kåvsåi er relativt kalkrik, og med noko kravfull vegetasjon i tilkyting til åa. Dårleg vasskvalitet kan vera avgrensa til ein mindre del, i Bøgrend. Kjeldene til ureininga er ikkje identifisert. Nye prøver bør takast lenger opp i elva. Elva er lite tilgjengeleg nedanfor E 134. Kåvsåi skal også fungere som sauegjerde. Lokal badeplass i Temhylen. Forslag til tiltak: Ansvar: • Identifisere kjelder til ureining og ta i Fylkesmannen i Telemark/Vinje bruk dei verkemidla som høyrer inn kommune/landbruksetaten i Vinje under vedkomande sektors ansvarsområde Grunnlag: Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Rapport 51 s + vedlegg

67 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Kåvsåi, frå Vann-Nett

Vassførekomst: 016-9-L Totak

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Stor innsjø, kalkfattig, klar Tilstand 2008: Risiko, SMVF Området: Totak er 37,3 km2 stort ved HRV. Landskapsregion 12 Fjell-og dalbygdene i Agder og Telemark og region 14 Lågfjellet i Sør-Noreg. Småkupert terreng i søraust, med mykje granskog og myr. I nord og vest større område med steile fjellsider og snaufjell. Dei største tillaupselvane er Tansåi, Bitu og Songa. Brukarinteresser: • Vasskraft • Landbruk • Jakt • Reiseliv/turisme med mellom anna alpinanlegg • Kulturminne (mellom anna særs viktig helleristningsfelt på Sporaneset) Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Busetjing hovudsakleg konsentrert til austenden av vatnet og noko på Vå og i Arabygdi. Sørsida av vatnet har liten aktivitet. • Skianlegg • Riksveg 37 og riksveg 362 Fysisk påverknad: • Totak er regulert 7,3 m (ned 6,1 m, opp 1,2 m) og overført til Vinjevatn. Dam i Drymbeshylen og ovanfor Sagahylen. Tillaupselvane Songa, Vååi, Kvikke og Bitu har sterkt redusert vassføring. Tansåi og Gravdøla er uregulerte. Vatnet frå Kjela kraftverk er overført til Totak via Venemo. Isskuring har truga helleristningane på Sporaneset. Problem med erosjon langs kyrkjelandet i Raulandsgrend Vasskvalitet: • Det er rekna med ein mindre påverknad frå spreidd busetjing og jordbruk. Vassprøver syner god vasskvalitet. Biologisk påverknad: • Ørekyt og tripigga stingsild. • Anlegg for oppdrett av røye, med opne merdar i sørenden av vatnet.

68 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • Godt økologisk potensial • Legge betre til rette for utøving av fiske og båtliv • Sikre/ta vare på kulturminne Korleis betre tilstanden? Vurdering: Totak skal vera fylt til kote 686,00 i perioden 1.7. – 15.8. Statkraft har sjølvpålagt restriksjon å halde vatnet til kote 685,50 fram til 1.11. pga fiske og gyteoppgang i Tansåi og Bitu. Helle- ristningane på Sporaneset er unike, med motiv frå både fangst og jordbruk. Fleire ønskje om båtplassar/moloar. Det er teke kontakt med riksantikvaren om behov for registrering av arkeologiske kulturminne. Fiskeanlegget blir ikkje vurdert som noko problem med det omfanget drifta har i dag. Aurens gyte- og oppvekstvilkår er sterkt redusert pga tørrlegginga av Songa, Kvikke og Bitu, samt konkurranse med ørekyt og røye. Veksten er låg og stagnerer tidleg. Kondisjonsfaktoren er også låg. Enkelte individ gjeng over på fiskediett og kan bli svært store. Det blir i tillegg sett ut stor aure i vatnet. Innspel om behov for moloar/stader for båtutsett, badeplassar, gangvegar, plastring, tilrettelegging for fiske (for rørslehemma) med meir. Også ønskje om nøyare registrering av arkeologiske kulturminne. Pålegg om bruk av magasinet til flaumdemping kan gje problem for fyllingskrav. Forslag til tiltak: Ansvar: • Formalisering av friviljug praktisering av Vilkårsrevisjonen/NVE reguleringsreglement • Vurdering av behovet for sikring og registrering av arkeologiske kulturminne Riksantikvaren/Telemark fylkeskommune • Informasjon om reguleringa og gjeldande vasstand Statkraft • Legge til rette for båtliv, med hamner og utsettingsstader for båt Statkraft • Felles fiskekort for Totak Rauland turist i samarbeid med • Minstevassføring/fysiske tiltak i Bitu grunneigarane Vilkårsrevisjonen/Statkraft (regulerte elvar) • Gjeninnføring av fredningssone i Tansåi Fylkesmannen • Erosjonssikring, særleg langs Statkraft Kyrkjelandet i Raulandsgrend

• Betre tilgang til vatnet med turstigar og Statkraft i samarbeid med Vinje kommune og rasteplassar, særleg mellom Akademiet Rauland Turist og Rauland kyrkje Grunnlag: Solhøi, H. Fiskeressurser i regulerte vassdrag i Telemark. Fagrapport 02/96. Fylkesmannen i Telemark. Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Versjon desember 2005. Tranmæl, E. og L. Midttun 2005. Ungfiskundersøkelser i regulerte magasin i Tokke og Vinje kommune. Statkraft, rapport, 54 s + vedlegg.

69 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Totak, frå Vann-Nett

Vassførekomst: 016-214-R Tokkeåi

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Stor elv, kalkfattig, klar Tilstand 2008: Risiko, SMVF Området: Øvre del av vasstrengen, frå Totak til Åmot. Landskapsregion 12 Fjell-og dalbygdene i Agder og Telemark. Området langs elva er dominert av granskog. Fallet på den ca 7 km lange elvestrekninga frå Totak til Hyllandshylen er ca 120 m. Her er det også fleire store hylar. Deretter eit større fossefall, Hyllandsfossen ned mot Åmot. Elva er ca 10 km lang. Brukarinteresser: • Vasskraft • Skogbruk • Jakt • Reiseliv/turisme langs nedre del av elva • Kulturminne • Nærturområde for byggefelt i Åmot • Bading Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Byggefelt • Groven camping, Hylland camping • Riksveg 37 Fysisk påverknad: • Totak er regulert og overført til Våmarvatn. Minstevassføring er ikkje pålagt. Det uregulerte restfeltet (Leirli) er ca 62,7 km2 stort og gjev ei middelvassføring på 1,69 m3/s nede ved Åmot. Vasskvalitet: • Det er rekna med ein mindre påverknad frå spreidd busetjing og jordbruk. Vassprøver syner god vasskvalitet. Biologisk påverknad: • Ørekyt.

70 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • Godt økologisk potensial • Legge til rette for bruk av området som tur- og rekreasjonsområde for lokal busetjing og turistar • Sikre/ta vare på kulturminne og kulturmiljø Korleis betre tilstanden? Vurdering: Brukarinteressene utanom landbruk er stort sett konsentrert til den nedre delen av åa. Det synes å vera lite å hente ved å krevje auka vassføring. Tiltak bør i hovudsak gå på tilrettelegging for bading, turgåing og andre opplevingar. Forslag til tiltak: Ansvar: • Tersklar/badeplassar i Åmot NVE/Statkraft • Turvegar Vinje kommune i samarbeid med Statkraft • Informasjon om (kulturstig) og sikring av Vinje historielag/Vinje kommune kulturminne Grunnlag: Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Versjon desember 2005.

Tokke, frå Vann-Nett

Vassførekomst: 016-207-R Tokkeåi/Vinjeåi

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Lita elv, kalkfattig, klart vatn Tilstand 2008: Risiko, SMVF. Området: Elva omfattar det som er att av vassdraget frå Vinjevatn og Åmot og vidare ned til Lio kraftstasjon. Lengde ca 20 km. Delar av elva renn djupt ned i ein dal/kløft. Dalsidene er delvis prega av rik vegetasjon og ur. Landskapsregion 12 Dal og fjellbygdene i Agder og Telemark. Brukarinteresser: • Vasskraft

71 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

• Kulturminne etter fløtingsaktiviteten i vassdraget Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Kommunale avløp (frå Åmot og Dalen) • Spreidde avløp • Industri, ureina grunn • Gamle avfallsfyllingar, massetippar med meir • E-134 og riksveg 38 + riksveg 45 Fysisk påverknad: • Sterkt redusert vassføring. Terskelbygging/kanalisering • I Åmot er det laga tersklar i åi. • Skrådammar med meir frå tømmerfløtinga Vasskvalitet: • Elva er moderat påverka av tilførsler frå jordbruk, industri, avløp frå spreidd busetnad og kommunale anlegg og sig frå avfallsfyllingar. Høgt tal av kolibakteriar er registrert før Lio kraftverk. Akseptable verdiar lenger ned i elva. Biologisk påverknad: • Ørekyt Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • Godt økologisk potensiale, inkl. god badevasskvalitet Korleis betre tilstanden? Vurdering: Høgt bakterieinnhald er tidlegare registrert ovanfor Lio kraftstasjon. Eldre fyllingar i Åmot og på Hovdestad. Utnytting av masse frå gamle tippar kan opne problemavfall. Ved Åmot er det bygd terskel. Avtale om spyleflaum for å hindre dårleg vasskvalitet. Elva er rik på fløtingsrelaterte kulturminne. Forslag til tiltak: Ansvar: • Minstevassføring • Fysiske tiltak i elvelaupet, som NVE gjennom vilkårsrevisjonen innsnevring av elva, graving av kulpar, utlegging av stor stein med vidare, mest aktuelt i Mannås. Statkraft i samarbeid med NVE. Eventuelt • Spyleflaumar med tanke på betre etter pålegg gjennom vilkårsrevisjonen vasskvalitet i terskeldammar i Åmot • Fleire tersklar i Åmot Statkraft i samarbeid med NVE • Kartlegging og vurdering av kjelder og risiko for bakteriologisk og kjemisk Vinje kommune i samarbeid med ureining. Fylkesmannens miljøvernavdeling • Plan for å ta vare på kulturminne langs vassdraget. Vinje kommune/Telemark fylkeskommune (kulturminneavdelinga)/Tokke samfloting Grunnlag: Direktoratet for naturforvaltning. Naturbasen, http://dnweb5.dirnat.no/wnsdm/200 Kiland, H. 2008. Registrerte kulturminne langs Tokke. Notat, upublisert. Faun

72 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Naturforvaltning, Fyresdal, 2 s + vedlegg.

Tokkeåi/Vinjeåi, frå Vann-Nett

Vassførekomst: 016-144-R Tokkeåi nedanfor Lio kraftstasjon

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Stor elv, kalkrik, klar Tilstand 2008: Risiko, SMVF Området: Elva frå utlaupet av Lio kraftstasjon og ned til utlaupet i (i Bufjorden). Landskapsregion 12 Fjell og dalbygdene i Agder og Telemark. Bratte lier på nordsida av elva, med innslag av rik edellauvskog. Naturleg vandringshinder i hylen med utlaupet frå Lio kraftstasjon og mot utlaupet av Dalåi. Strekninga er ca 5 km lang og har lite fall nedover mot Bandak. Dei nedste 2 kilometrane er dominert av kommunesenteret Dalen. Brukarinteresser: • Vasskraft • Den kommunale vassforsyninga har drikkevassbrønn på ei av øyane i utlaupet frå elva • Gyteområde for ei av dei viktigaste storaurestammane i Telemark • Verneverdig deltaområde/våtmarksområde i utlaupet av elva i Bandak • Viktige naturtypar (gammal lauvskog, rik edellauvskog, rik vegetasjon) på nordsida av elva • Friluftsinteresser i form av turstigar og badeplassar • Kulturminne etter fløtingsaktiviteten i vassdraget Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Sentrumsfunksjonar på Dalen • Kommunale avløp (frå Åmot og Dalen) • Spreidde avløp • Industri • Gamle avfallsfyllingar • Riksveg 38 og riksveg 45

73 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Fysisk påverknad: • Sterkt redusert vassføring. Terskelbygging/kanalisering • Det er bygd fleire tersklar i nedre del av åi, på Dalen. • Bruer over elva riksveg 38 og riksveg 45 • Flaumførebyggande tiltak (voll) Vasskvalitet: • Større fortynning av vatnet etter utlaupet frå Lio kraftverk gjev brukbar vasskvalitet Biologisk påverknad: • Ørekyt, stingsild. Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • God økologisk tilstand • Auke elvas gytebestand av storaure frå dagens estimat på rundt 200 individ til > 400 individ Korleis betre tilstanden? Vurdering: Ved utlaupet i Bandak er årleg middelvassføring ca 20 m3/s, mot naturleg ca 88 m3/s. Ved stans på Lio kraftverk kan vassføringa gå ned til 0,5 m3/s. I gangstida for aure er vassføringa i storleiken 12 – 100 m3/s. Ein 50 års flaum er rekna til 475 m3/s og i Bandak 4 m over normal vasstand. Flaumutsett areal ved 10 års flaum er rekna til 547 da. Statkraft har sjølvpålagt restriksjon mot revisjonsstans 15.9. – 15.10. Sakte nedtrapping, 2 1/4 time ved stans for å hindre stranding av fisk. I samarbeid med Statkraft er det utført diverse miljøtiltak, som vandreruter og badeplassar. Tokke kommune har lansert planar for Vassfront Dalen, med tilrettelegging av fiskeplassar, badeplassar, turvegar osv. Det er registrert ønskje om å få gjennomført rehabilitering av ein del tersklar med tanke på betre utforming og mindre støy. Elvedeltaet i Bandak er under forandring, men ein ser det som lite ønskjeleg å gjennomføre tiltak for å hindre naturlege endringsprosessar. Statkraft har bestilt framlegg til tiltaksplan for storaure. Det blir også sett ut merka storaure i Bandak. Garnfiske i utlaupet av elva var tidlegare vurdert som eit problem, men synes neppe å vera nokon viktig faktor nå lenger. Gode gytevilkår, men ein del kan gjerast for å skaffe betre skjul for større fisk. Forslag til tiltak: Ansvar: • Pålegg om minstevassføring. Meir NVE/Vilkårsrevisjonen naturleg variasjon og pulsar under gytevandring. Ved revisjonsstans må reduksjonen kompenserast med slepp frå Vinjevatn. Sjølvpålagde tiltak bør formaliserast. • Tiltak for å førebygge flaumskadar, NVE/Statkraft spesielt på bru for riksveg 45. • Rehabilitering av eldre tersklar på Dalen Statkraft/NVE • Vern av storauren mot uønskt fiske under gytevandring og i gytetida Fylkesmannen (fiskereglar og fredingssone er vedteke) • Gjennomføre tiltak i samsvar med Statkraft/grunneigarane

74 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

tilråding i tiltaksplan for storaure

Grunnlag: Direktoratet for naturforvaltning. Naturbasen, http://dnweb5.dirnat.no/wnsdm/200 Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Versjon desember 2005. Tranmæl, E. og Midttun, L. 2005. Vandrings- og bestandsundersøkelser av ørret (salmo trutta) i et sterkt regulert elveøkosystem i Telemark. Masteroppgåve, Høgskulen i Telemark, 84 s. Traae, E., Øydvin, E. K., Pettersen, L. E. 2002. Flomsonekart, delprosjekt Dalen. NVE Rapport 6/2002, 38 s. + vedlegg Wollebæk, J., Thue, R., Heggenes, J. 2003. Valg av gyteplasser og karakterisering av gytegroper til storørret på elv – kvantitativ modellering av gytehabitat. LFI Rapport nr 224 – 2003, 46 s.

Tokkeåi frå Lio kraftverk til Bandak

Vassførekomst: 016-209-R Berdalsåi

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Lita elv, kalkfattig, klar Tilstand 2008: Risiko, SMVF Området: Berdalsåi er ca 8 km lang. Landskapsregion 12 Fjell-og dalbygdene i Agder og Telemark. Nedbørfeltet er skogkledd, vesentleg av gran og furu. Rikare vegetasjon finst i nordsida av dalen, der det også er innslag av varmekjære treslag. Elva renn til Tokkeåi ved grenda Nesland. Brukarinteresser: • Skogbruk • Beite, grasdyrking • Jakt Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Noko gardsdrift og busetnad, mellom anna på Berdal. Elles liten aktivitet. Fysisk påverknad: • Bekkeinntak til Vinjevatn ved Fossane.

75 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Vasskvalitet: • Ingen påverknad på vasskvaliteten er registrert. Biologisk påverknad: • Ingen kjente. Miljøgifter: • Ikkje målt. Miljømål: • God økologisk tilstand Korleis betre tilstanden? Vurdering: Reguleringa representerer eit tap i middelvassføring på 0,3 m3/s. Det utgjer likevel ein mindre del av nedbørfeltet. Badehyl er skjønnspålagt, men det blir klaga over plasseringa. Forslag til tiltak: Ansvar: • Ny badehyl der åa passerer berg, slik at Statkraft temperaturen blir betre Grunnlag: Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Versjon desember 2005.

Berdalsåi, frå Vann-Nett

Vassførekomst: 016-49-L Byrtevatn

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Lite – middels stort vatn, kalkfattig, klart Tilstand 2008: Risiko, SMVF Området: Byrtevatn er ved HRV 4770 da stort. Landskapsregion 12 Fjell-og dalbygdene i Agder og Telemark. Delar av nedbørfeltet gjeng opp i region 15 Lågfjellet i Sør-Noreg, med høgde opp i 1300 moh. Vatnet er ca 1 mil langt, med bratte fjell på båe sider. 446 moh. Brukarinteresser: • Vasskraft • Skogbruk • Husdyrbruk, beite, sau og geitar • Jakt • Badeplass (opparbeidd av Byrte Vel)

76 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

• Varig verna vassdrag (Byrteåi) Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Aktiv jordbruksbygd i Øvre Byrte • Skytebane for Tokke skyttarlag i Koren (enden av Byrtevatn) Fysisk påverknad: • Vatnet er regulert 18,3 m (opp 6,6 m, ned 11,7 m) • Fyllingskrav til kote 443,60 1. juli – 15. august Vasskvalitet: • Ingen påverknad på vasskvaliteten er registrert. Biologisk påverknad: • Ingen kjente. Vatnet har aure og sik. Miljøgifter: • Ikkje målt. Kulefangarane til skytebanen inneheld bly, men faren for avrenning er neppe særleg stor. Miljømål: • Betre produksjonsvilkåra for fisk ved mellom anna å sikre vilkåra for linsekreps • Redusere erosjon langs strendene. • Lette tilhøva for fiske. Korleis betre tilstanden? Vurdering: Det er klaga over erosjon langs strendene, særleg i samband med hyppigare endringar i vasstanden enn tidlegare. Tiltak er planlagt utført ved innløpet av Byrteåi. Det er reist spørsmål om vurdering av fiskebestanden og behov for utsetting av fisk. Rydding av røtar og stuvar vil lette tilhøva for garnfiske, men kan også skape meir erosjon. Reguleringa skapar vanskar for bruken av badeplass og for båtliv. Ønskje om båtplassar og molo. Forslag til tiltak: Ansvar: • Ingen

Grunnlag: Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Versjon desember 2005.

Byrtevatn, frå Vann-Nett

77 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Vassførekomst: 016-212-R Mosåi/Rukkeåi

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Lita, kalkfattig, klar elv Tilstand 2008: SMVF Området: Elva kjem frå Byrtevatn. Ned til Mosvatn ber ho namnet Mosåi, medan Rukkeåi er namnet frå Mosvatn og ned til Tokkeåi. Landskapsregion 12 Fjell-og dalbygdene i Agder og Telemark. Mosåi har lite fall. På sørsida av elva er det ein del jordbruk. Elles barskog. Rukkeåi gjeng etter kvart over i eit trongare dalføre og større fall. Elva er ca 8,8 km lang. Brukarinteresser: • Skogbruk • Fiske i Mosåi/Mosvatn • Kulturminne (murar og dammar etter tømmerfløting) Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Mosåi ligg sentralt i det gamle bygdesenteret i Mo, med noko spreidde avløp. • Noko avrenning frå jordbruk Fysisk påverknad: • Sterkt redusert vassføring. Inga minstevassføring. Statkraft har innsnevra åløpet i Mosåi og laga tersklar og kulpar. Nedanfor Mosvatn er det ikkje gjort noko. Vasskvalitet: • Ingen påverknad på vasskvaliteten er registrert. Biologisk påverknad: • Ingen kjente Miljøgifter: • Ikkje målt. Ingen spesifikke kjelder. Miljømål: • Godt økologisk potensial • Betre elva som habitat for fisk og gje rom for fisk større enn 25 cm. • Gjera elva meir attraktiv som sportsfiskeelv. • Gjera elva estetisk tiltalande, lett synleg som ho er frå Mo sentrum og vegen til Byrte • Ta vare på den gamle fløtingsdammen i Mosvatn. Korleis betre tilstanden? Vurdering: Tiltaka i øvre del av elva har ført til at det vesle vatnet som renn blir fordelt på eit mindre elveløp. Det er positivt, men ikkje tilstrekkeleg. Byrtevatn bidrog før regulering med eit middeltilsig på 3,31 m3/s. Slepp av minstevassføring kan gjera det nødvendig å pumpe vatn frå Byrtevatn. Forslag til tiltak: Ansvar: • Minstevassføring NVE/OED gjennom pålegg i vilkårsrevisjonen

Grunnlag: Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Versjon desember 2005.

78 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Mosåi/Rukkeåi, frå Vann-Nett

Vassførekomst: 016-219-R Bessåi

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Lita, kalkfattig, klar elv Tilstand 2008: Risiko, SMVF Området: Bessåi kjem frå Bessvatna og Tveitevatn. Landskapsregion 12 Fjell-og dalbygdene i Agder og Telemark. Etter inntaket på tunnelen frå Byrtevatn er elva godt bortgøymd. Brukarinteresser: • Skogbruk Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Mosåi ligg sentralt i det gamle bygdesenteret i Mo. Noko jordbruk, ikkje særleg intensivt Fysisk påverknad: • Bekkeinntaket er plassert like nedanfor Ljosåk. Den tørrlagde delen av elva er ca 700 m lang. Det gamle elvelaupet er lite synleg i dag. Vasskvalitet: • Ingen påverknad på vasskvaliteten er registrert. Biologisk påverknad: • Ingen kjente Miljøgifter: • Ikkje målt. Ingen spesifikke kjelder. Miljømål: • Godt økologisk potensial Korleis betre tilstanden? Vurdering: Små brukarinteresser, liten verdi for fiske og friluftsliv. Tidlegare middelvassføring frå Bessvatna 0,5 m3/s. Forslag til tiltak: Ansvar: • Ingen

79 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Grunnlag: Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Versjon desember 2005.

Bessåi, frå Vann-Nett

Vassførekomst: 016-13742-L Strandstøyldalsvatnet

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Lite, svært kalkfattig, klart vatn Tilstand 2008: Ingen risiko. Området: Vatnet er 360 da stort. Landskapsregion fjellskogen i Sør-Noreg, underregion Fyresdal og Setesdalsheiane. Nedbørfeltet er storkupert i vest, meir småkupert i aust. Fjellskog dominert av gran og bjørk langs vatnet. 763 moh. To innløpsbekkar; Flottåni og Nautebergåni som renn saman like før Strandstøyldalsvatnet. Brukarinteresser: • Gammalt støylsområde med viktige beiteområde for sau • Jakt (småvilt, villrein) • Friluftsinteresser, sommar og vinter Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Det er bygd veg fram til vatnet. Enkelte spreidde hytter. Fysisk påverknad: • Strandstøyldalsvatnet er permanent oppdemt og overført til Botnedalsvatnet. Utløpet Smogåni er tørrlagt og utan minstevassføring. Vasskvalitet: • Surt vatn kan tidlegare ha redusert naturleg rekruttering av aure Biologisk påverknad: • Aure er einaste fiskeart. Statkraft har hatt eit årleg utsettingspålegg på 1600 einsomra fisk Miljøgifter: • Ikkje målt. Ingen spesifikke kjelder. Miljømål: • God økologisk tilstand • Tilstrekkeleg naturleg rekruttering i høve til produksjonsgrunnlaget

80 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Korleis betre tilstanden? Vurdering: Undersøkingar av gytebekkane i 2005 gav lite resultat. Tilsynelatande gunstige gytevilkår i Flottåni. Begrensa vilkår i Nautebergåni, der mykje av elvebotnen også er dekt av mose. Prøvefiske i 1996 tyda på at fisken vaks godt, men at bestanden var svært låg. Betre vasskvalitet (mindre forsuring) kan gje lange og gode gytestrekningar. Forslag til tiltak: Ansvar: • Reinsk av gytebekkar Grunneigarane/Statkraft

Grunnlag: Solhøi, H. 1999. Fiskeressurser i regulerte vassdrag i Telemark. Rapport fra befaring fra Nesvatn, Lytingsvatn, Botnedalsvatn, Strandstøyldalsvatn og Sundsbarm. Fylkesmannen i Telemark. Tranmæl, E. og L. Midttun 2005. Ungfiskundersøkelser i regulerte magasin i Tokke og Vinje kommune. Statkraft, rapport 54 s + vedlegg.

Strandstøyldalsvatnet, frå Vann-Nett

Vassførekomst: 016-128-R Smogåi

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Lita, kalkfattig, klar elv Tilstand 2008: Risiko, SMVF Området: Smogåi kjem frå Strandstøyldalsvatnet. Landskapsregion fjellskogen i Sør-Noreg, underregion Fyresdal og Setesdalsheiane og region 12 Fjell-og dalbygdene i Agder og Telemark. Elva skjer seg ned i eit djupt dalføre; Smogåjuvet. Dalen er kledd med gran og bjørkeskog. Elva har eit fall på ca 450 m. Brukarinteresser: • Noko skogbruk i nedre del Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Lite menneskeleg aktivitet. Open bomveg fram til vegkrysset til Ripilen. Fysisk påverknad: • Strandstøyldalsvatnet er permanent oppdemt og overført til Botnedalsvatnet. Utløpet Smogåni er tørrlagt og utan minstevassføring.

81 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Vasskvalitet: • Ingen påverknader i nedbørfeltet bortsett frå sur nedbør. Vasskvaliteten er truleg god. Biologisk påverknad: • Ingen kjente Miljøgifter: • Ikkje målt. Ingen spesifikke kjelder. Miljømål: • Godt økologisk potensial Korleis betre tilstanden? Vurdering: Smogåi er relativt lite tilgjengeleg, i alle fall i øvre del. Brukarinteressene er derfor små. Etter at Strandstøyldalsvatnet blei overført til Botnedalen er middelvassføringa redusert med 2,53 m3/s. Forslag til tiltak: Ansvar: • Ingen.

Grunnlag: Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Versjon desember 2005.

Smogåi, Frolandsåi og Dalåi, frå Vann-Nett

Vassførekomst: 016-23-L Botnedalsvatnet

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Liten – middels stor innsjø, svært kalkfattig, klar Tilstand 2008: Risiko. SMVF. Området: Vatnet er ca 3120 da stort ved HRV. To gyteelvar: Hovundåi og Vendalsåi. Landskapsregion fjellskogen i Sør-Noreg, underregion Fyresdal og Setesdalsheiane. Nedbørfeltet er storkupert i vest, meir småkupert i aust. Fjellskog dominert av gran og bjørk langs vatnet. Brukarinteresser:

82 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

• Gammalt støylsområde med viktige beiteområde for sau • Jakt (småvilt, villrein) • Friluftsinteresser, sommar og vinter • Gamle støylar og restar etter fast busetjing (neddemt ca 39 eldre støylshus, hytter, løer og liknande) Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Hyttefelt på sørsida av vatnet. Enkelthytter på nordsida. • Veg på begge sider. Fysisk påverknad: • Total reguleringshøgde 35 m (31,5 m over og 4,5 m under naturleg vasstand, 709 moh). Overført vatn frå Strandstøyldalsvatnet. Ved oppdemming er vatnet 6,5 gonger så stort som det var før reguleringa. Vasskvalitet: • Forsuringsproblem på 1980-talet. Seinare betre vasskvalitet. Biologisk påverknad: • Ørekyt? Miljøgifter: • Ikkje målt. Ingen spesifikke kjelder. Miljømål: • Legge til rette for ei årleg avkastning på minst 300 kg aure pr år • Sikre vilkåra for viktige næringsdyr som linsekreps • Redusere skjemmande synsinntrykk på grunn av blottlagt erosjonssone i turistsesongen Korleis betre tilstanden? Vurdering: Botnedalsvatnet er kraftig regulert, og har i enkelte periodar også vore sterkt nedtappa om sommaren. I august 2006 var vasstanden ca 10 m under HRV. Det er rekna ut at det kan ha redusert produksjonen med ca 200 kg det året. Skjoldkreps er ikkje påvist, men linsekreps har vore eit viktig næringsdyr. Under konsesjonssaka i 1963 vart det kravd at magasinet skulle vera fylt til 1. juli. Det vart også kravd terskel i Fiskebergløken. Det ville spare ein del av magasinet for så sterk nedtapping som resten av vatnet og gje eit betre estetisk inntrykk. Ønskje om terskel der elva renn ut ved Hovundløken og krav om oppfylling er registrert. Forslag til tiltak: Ansvar: • Pålegg om fyllingsrestriksjonar (endra manøvreringsreglement) NVE gjennom vilkårsrevisjonen • Grunndam/terskel i Hovundløken • Informasjon om vasstand på internett Statkraft

Grunnlag: Brabrand, Å. 2007. Virkning av lav sommervannstand på fisk i reguleringsmagasiner. LFI, rapport nr 249. 54 s. Ingvaldsen, J. og T. Hoff, 1988. Fiskeribiologiske undersøkelser i Byrtevatn og Botnedalsvatn, Tokke kommune, september 1988. Statkraft, 13 s. St.prp. nr 124 (1963-64). Reguleringsbestemmelser for ytterligere regulering av Tokke- Vinjevassdraget med videre. Tranmæl, E. og L.Midttun 2005. Ungfiskundersøkelser i regulerte magasin i Tokke og Vinje kommune. Statkraft, rapport 54 s + vedlegg.

83 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Botnedalsvatn, frå Vann-Nett

Vassførekomst: 016-128-R Frolandsåi

Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Lita, kalkfattig, klar elv Tilstand 2008: Risiko, SMVF Området: Frolandsåi kjem frå Botnedalsvatnet. Landskapsregion fjellskogen i Sør-Noreg, underregion Fyresdal og Setesdalsheiane og region 12 Fjell-og dalbygdene i Agder og Telemark. Elva renn relativt roleg gjennom Frolandsdalføret før ho stupar ned mot Dalåi. Det totale fallet er på ca 400 m. I Froland er det store myrar og kulturbeite inntil elva. Brukarinteresser: • Vasskraft • Skogbruk • Jordbruk (Froland fellesbeite) • Kulturminne (kvernhus) Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Fast busetjing på gardar i Froland. Elva blir kryssa av veg 3 stader. • Mogleg avrenning frå fellesbeitet • Spreidd avløp frå hytter opp mot Botnedalsvatnet. Fysisk påverknad: • Etter reguleringa av Botnedalsvatnet har elva sterkt redusert vassføring. Noko overløp frå Botnedalsdammen i periodar med mykje tilsig. Enkelte mindre sidebekkar. Vasskvalitet: • Ikkje nærare undersøkt, men prøver frå Dalåi viser normale verdiar Biologisk påverknad: • Ingen kjente Miljøgifter: • Ikkje målt. Ingen spesifikke kjelder. Miljømål: • Godt økologisk potensial • Betre leveområde for fisk, også for fisk større enn 25 cm

84 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Korleis betre tilstanden? Vurdering: Frolandsåi er relativt lett tilgjengeleg. Fiskebestanden er ikkje undersøkt. Tiltak bør vurderast. Med reguleringa i Botnedalen har elva tapt eit nedbørfelt på 78,9 km2 og ei middelvassføring på 3,17 m3/s. Forslag til tiltak: Ansvar: • Minstevassføring varierande frå 150 l/s NVE/OED gjennom pålegg i om vinteren til 300 l/s om sommaren vilkårsrevisjonen målt ved brua i Froland.

Grunnlag: Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Versjon desember 2005.

Vassførekomst: 016-128-R Dalåi Vassområde: Tokke-Vinjevassdraget Vasstype: Lita, kalkfattig, klar elv Tilstand 2008: Risiko, SMVF Området: Dalåi er namnet på elva etter at Smogåi og Frolandsåi har møtt kvarandre. Landskapsregion 12 Fjell-og dalbygdene i Agder og Telemark. Elva renn relativt roleg nede i eit djupt dalføre med mykje skog i dalsidene. Skogen har mange stader innslag av høgstaudar og andre krevjande plantar. Elva får tilsig frå uregulerte område i sør. Elva er ca 9 km lang. Brukarinteresser: • Vasskraft • Skogbruk • Badeplassar i nedre del. • Fiske • Kulturminne (murar frå fløting og kvernhus med meir) Påverknad Menneskeleg aktivitet: • Dalføret er lite påverka av menneskeleg aktivitet utanom skogsdrift. Open bomveg følgjer heile elva på sørsida. På nordsida av elva er det også bilveg 4 – 5 km. Fysisk påverknad: • Sterkt redusert vassføring. Inga minstevassføring. Bortsett frå nedre del, der riksvegen kryssar brua, har elva eit urørt preg. Middelvassføring før møte med Tokkeåi er i storleiken 0,5 – 1 m3/s. Vasskvalitet: • Vassprøver i 2008 viser god kvalitet. Kommunal søppelfylling blir regelmessig kontrollert. Nokon påverknad frå fyllinga er hittil ikkje registrert. Biologisk påverknad: • Ingen kjente Miljøgifter: • Ikkje målt. Ingen spesifikke kjelder. Miljømål: • Betre leveområde også for større fisk. Korleis betre tilstanden?

85 Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal

Vurdering: Lett tilgjengeleg og fin elv. Naturleg fall i møtet med Tokkeåi hindrar oppgang av fisk frå den elva. Med reguleringa i Botnedalen er elva fråteke ei middelvassføring på ca 5,7 m3/s. Lite vatn spreidd utover eit breitt åløp gjer delar av elva mindre eigna som område for litt større fisk. Nytten av fysiske omformingstiltak må vegast opp mot omsynet til urørt elvenatur. Forslag til tiltak: Ansvar: • Minstevassføring saman med fysiske NVE/Vilkårsrevisjonen tiltak i åløpet. Grunnlag: Statkraft 2005. Tokke-Vinje reguleringa. Status 2005. Versjon desember 2005.

86