MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG

Nr 3 / juni 2015

2 Sånn so dei gjorde før i tie…

Tysdag 9.juni hadde me på Hordabø skule besøk av nokre spreke damer frå Husflidslaget. Me samla alle elevane på biblioteket, og Aud Marit fortalde om korleis ein laga tau og snorer i gamle dagar. Då kunne ein ikkje berre gå på butikken og kjøpa nye tau og snorer.

Bollar var heller ikkje så lett å få tak i, så hadde ein lyst på noko godt laga ein stompekaker med sirup. Det var vel grunnen til at mange fekk plast-tenner til konfirmasjonen. Aud Marit fekk elevane til å lova å gå heim å pussa tennene godt etter endt skuledag. Elevane vart delte i tre grupper. Aud Marit tok med seg ein gjeng på kjøkkenet for å laga stompeka- ker. Dei fekk og innføring i korleis ein får sirup ut av boksen utan å søla. Stompekakene var fantas- tisk gode.

Ingrid fekk med seg ei gruppe ut for å læra å bruke slyngstokkar for å laga snorer og venskaps- band.

Reidunn tok med seg resten av elevane på formingsrommet . Dei tvinna seg kvar sitt hop- petau av gamle laken og dynetrekk ! Slik fekk elevane læra litt om gjen- bruk.

Dette har vore ein lærerik og kjekk dag for elevar og vaksne. Husflidlaget er hjarteleg velkomne tilbake når som helst. Takk for no.

Skreve av Torill Myrtveit Fjeld

OBS! Husflidslaget etter- lyser en slik reperbane som det er bilde av her. Noen som vet hvor den har tatt veien? 3

Torgdag i Hillesvågen

Laurdag 6. juni var det igjen klart for Torgdag i Hilles- vågen. Sola skein dei timane torgdagen vart halden og trass færre utstillarar enn året før var det godt frammøte av barn og vaksne. Nokre av utstillarane var nye. Sigurds økoplantar produserer økologiske urter og matplatar samt blomar. Han rapporterte om bra sal og interesser for produkta hans.

Samnøy Bøkkeri ved Endre Samnøy var også i Hilles- vågen . Det var mange som synte interesse for stolar, tønner, stampar med meir. Godt handverk er meir verdsett og etterspurd i dag enn tidlegare. Mange spur- te om namn og telefonnummer og han rekna med å litt også i etterkant av messa.

Som vanleg hadde torgdagen fleire barneaktivitet. Det blei laga snorar med slyngstokkar, ungane fekk prøva å karda ull med både kardema- skin og handkarder. Vigdis Valde synte korleis ein lagar garn av ull med handtein.

Ungane kunne og lage hoppetau med snordreiarar som på torgdagen tidligare år. Det var jamn på gang av barn som ville lage seg hoppetau. Bildet syner Yngve Valde, 7 år og Sivert Nytun Schulstad snart 8 år. Dei er verdas beste vennar. Sivert fortel at han er på torgda- gen kvart år og har og laga hoppetau før, Men det er første gongen for Yngve. Hoppetaua skal dei bruke litt og etterpå kanskje gje vekk.

Som vanleg hadde både broderinemnda og bunads- nemnd stand på messa som var godt besøkte.

4

Kurs Kursleiar Timar Start Stad Pris Linda Grinheim Helg Sylteflesk 10 Kr 700 92228974 21. nov Dale Vevkurs/Flatvev Aud Marit Halland 3. sep Grenda- kr 2 600 56373278 48 hus Lise Dyrhovden Helg Pilfletting Hillesvåg kr 900 56367257 14 16.-17.okt Skinnfell Kjersti Børilden 2016 kr 1 900 993 61 071 34 Hillesvåg Herrebunad Airin Espelid Dag/kveld Fallkanger kr 2 600 Nordhordlandsbunad 55240860 48 2. sept Strikkekurs og Ingrid Hopland 14. okt Hillesvåg kr 1.000 heklekurs 95887296 16 Tauverk Kaspar Hansen 8.-17. sep Flatøy kr 950 56178108 15 Oddvar Henisdal Helg Kipekurs 20 Kr 1.200 4148087 23.-25. okt Vigdis Valde Helg Spinnekurs 11 Hillesvåg Kr 750 977 40 380 23.-24. okt Arild Hagenes Helg Lefsekurs 16 Austrheim Kr 1.000 990 34 535 12.-13.sep Magnhild Runhovde Helg Plantefarging 17 Kr 1.050 90160004 18.-20. sep Hillesvåg

Gønnlandsperler Dagmar Lygre 18 3. nov Manger Kr 1.100

Anette Dyrbye Stene Biledvev 30 1. sep Kr 1.700 91761332 ungd.skul

Materialutgiftar kjem i tillegg til kursavgifta. Medlemmar i Nordhordland Husflidslag får 10% rabatt på kursavgifta. Påmelding på http://www.husflid.no/lokallag/hordaland eller på e-post: [email protected] eller på telefon til Gina Blomberg, tlf. 982 22 833. Påmelding til skinnfellkurset er 23. november.

Andre spørsmål/ynskjer/forslag ta kontakt med studieleiar Kirsti Abbedissen, tlf. 48135865 5

Vårtur. Me var ikkje mange som hadde meldt oss på, men me som kom fekk ein flott tur rundt Bogno med ei flott skute! Etterpå vart me frakta til Jektevi- ka. Der fekk me høyra om både bygginga av båten og note- bua. Me fekk servert fantastisk urtesuppe, med urtesmør og urtebrød til. Til slutt blei det kaf- fe/urtete og sjokoladekjeks med mynte. Som de ser var me maks heldig med været og hadde opplett på turen rundt Bogno. På vegen tilbake, vart det vått kan ein sei. Då kraup hei- le gjengen ned i byssa mens kaptein og man- skap losa oss trygt og sikkert til kai.

6

Invitasjon til å delta under sentrumsarrangementet «Smaken av……»

I perioden 12.-16.august 2015 arrangerer Nordhordland næringshage, Austrheim kommune, næringsli- vet i kommunesentrum og Kystlandsbyen ein sentrumsfestival med tittelen Smaken av……. Dette er samstundes med at den årlege Havsportveka vert arrangert i kommunen. Dei siste åra har denne trekt 7- 8000 mennesker til sine arrangement. Kommunen har eit stort tal tilreisande desse dagane, og difor ynskjer vi å få til enno meir aktivitet i sentrum av kommunen.

Like ved Mastrevik torg vil vi ha eit eige festivaltelt med diverse arrangement kvar dag, og inne på Mastrevik torg vert det rigga til marknadsplass med kunsthandverk og «bonedens marknad».

Vi ynskjer å invitera Nordhordland husflidslag sine medlemmer til å delta på marknadsplassen fredag 14.august og laurdag 15.august. Pris for å delta er kr. 250,- pr. dag pr. bord. Om nokon ynskjer å stå fleire dagar let dette seg sikkert gjera. Vi legg opp til trådlaust nettverk og straum for dei som har behov for dette.

Vi ynskjer at dette skal bli ein god marknad med gode og «ekte» produkt.

Påmelding til Nordhordland næringshage: Kate Bentzen, [email protected] eller mob. 48207257 - innan 01.07.15

Flott om du opplyser litt om kva du vil selja og kor mange bord du ynskjer.

Eventuelle spørsmål kan rettast til underteikna på mob 41662610

Vel møtt til gode marknadsdagar i Austrheim, 14.-15- august 2015 Helge Dyrkolbotn Austrheim kommune / Smaken av………….

Åpningstider på Husflidstova SA i sumar:

Minner om første handar- I tida 01.07.15 - 12.07.15 beidstreff i haust i Husflidens Man-fred: kl 09.00 - 16.00 hus i Hillesvågen mandag Lør: kl 10.00 - 14.00 7/9-2015 kl 18:00 Tema for kvelden vert truleg I tida 13.07.15 - 26.07.15: presentasjon og demonstra- Stengt pga ferieavvikling. sjon av Nøstebarn sine pro- dukt. I tida 27.07.15 - 09.08.15: Man - fred: kl 09.00 - 16.00 7 Lør: kl 10.00 - 14.00

E slåttateja. Litt forklaring væja: Du går så bratt ette allmannvæja Dativ av vegen å fint bli fare frå fotå din’ tæja: Meinn vi ska møtast e sommå tæja, Dativ av teigen når haustkvellsdåjja e skåra skin. skåra: (ljå)-skåret (dativ) Du trø e ståppå så stronk å strakjin, å stor e status, så stør kan bli. ståppå: dype spor i snøen; Meinn e trødd framme å kledd me nakjinn (Førstemann lager ståppå, å tedd me tuppåt e all mi ti. nestemann trør i ståppå.)

stronk å strakjin: Meinn når vi kjem innåt elvafara med løftet hode og rak rygg å kar’n me jåa he kvesst si klo, så ska du sjå at på kjerkegara tuppåt: der sett dem såt’ tå åss båe to. rart, tullet, barnslig

jåa: Å så æn mårgå ska såtåinn kastast, Dativ av ljå da blir det spørsmål om vakkert ver. såtåinn kastast: Fær løinn skår lyt e sikkert lastast. høysåtene skal spredes men får du høytørk fær fager fer? løinn skår: dårlig ljå-slått - mye står igjen Hans Hyldbakk fager fer: ad-ferd eller her: livsløp

Husflidstova SA Postboks 49 Telefon: 56 36 07 44 www.husflid.no/nordhordland Blombakken 1 [email protected] 5911 www.husflidstova.no POST TIL PRIMSTAVEN

Har de stoff til redaksjonen, som de trur kan vera av interesse for andre, ver snill å ta kontakt med oss: Kjersti Haugland, Risnes 74, 5937 Bøvågen. Tlf 97761061, e-post: [email protected] [email protected] eller [email protected] eller [email protected]

Utgjevar: Nordhordland Husflidslag. Returadr.: Arild Hagenes, postboks 42, 5931 Manger 8